nr. 191 - Fjordhesten Danmark

fjordhest.dk

nr. 191 - Fjordhesten Danmark

Tankar etter hingsteutstillinga på Eid

Til avlsleiinga i Noregs Fjordhestavlslag.

Evaluering og tankar etter hingsteutstillinga

på Eid: skal fjordhesten innførast

som arbeidshest i landbruket?

av Sigmund Nesvik

Eg må berre seia det rett fram at eg blei både

skuffa og sers forundra: Her har eg drive på i

all mi tid å avla fram lette og ledige fjordhestar

med gode rørsler til bruk for ungdom.,

så skal ein oppleve slikt som resultatet på

Eid blei dette året! Er det arbeidshest ein

skal ha? Når ein ser på kvalitetshingstane,

kunne ein tru at det var slik. Ja, då trur eg me

gjer dei unge brukarane ein bjørneteneste.

Dette er heil feil signal dersom me ser på

desse tre som står i kvalitet. Då er det ikkje

merkeleg at mange ser seg etter andre lettare

raser med betre rørsler. Skal me få mange

slike år med slike typer i teten, trur eg at det

vil forsterka seg med mindre interesse for

fjordhesten. Sjå berre klasse 2 i år!

Eg blei og sers forundra over vurderinga i

eldste klassen då Frederik Skovå ikkje vart

verdsatt til 1. premie. Eg var sikker på at

dennes hesten skulle få 1. premie og stå

Spiss. Hingsten har aldri vore så god som

han var no Han har óg gjort det sers godt i

ridning, og han har vist at han alar godt. Det

er dårlege signal og ikkje gje ein slik hingst

1.premie. Eg får seia det slik som ein dansk

fjordhestdommar sa til meg etter utstillinga:

”Dei har gjort alt for å halda Frederik Skovå

nede, og gjort det motsette for å få fram

Mykletind.” Dette var heilt påfallande og

rett sagt av han.

Når det gjeld Spissen i 3-årsklassen, katalognr.

39 Merinas Emil, så fekk han desse

poenga: 10-9-7-7-8. Ja, ti poeng på type

synest å vera godt betalt når det vart sju

poeng på bein og rørsle. Denne hingsten

er i tillegg til å vera Spiss og utteken til å

vera seminhingst for denne sesongen. Er

det rett å verta rangert så høgt med berre

sju poeng for rørsler? Det er kjekt med fine

glansbilete, men det går ikkje an å leva av

dei. Nummer to i kvalitet, katalognr. 50

Benten, var ein djup, massiv hingst med

tungt hovud (ein god arbeidhest!) av gamaldags

type. Han fekk poenga: 8-8-8-9-8.

Sers gode poeng etter mi vurdering. Eg og

mange med meg hadde ikkje venta kåring

på ein slik gamaldags type hest. Så var det

nummer tre i kvalitet: nummer 29 Heros.

Denne fekk poenga: 9-8-7-8-8. Ein 9’ar

på type kan eg ikkje begripa kva kom frå.

Det var ein kjedeleg type med svært tung

frampart, samt lite reising. Danskane sa det

slik: ”Det er rett før han tippar framover”.

Elles var hingsten grei nok. Dette er altså

dei tre beste unghingstane me har i Noreg

dette året. Eg tykkjer det er dårlege signal til

hoppeeigarane, og eg trur ikkje dette er med

på å auka talet på bedekte fjordhestehopper

komande sesong.

Så litt om dei to Frederik-sønene som eg

ikkje nådde fram med. Katlognr. 27 Freddi

fekk poenga: 6-8-6-7-7. Ei forundeleg låg

poengliste! Denne fekk på Forus i 2007

poenga: 9-9-8-8-8. I tillegg vart han dagens

hest. Denne må ha forfalt noko forferdeleg!

Noko som eg slett ikkje har merka. Han vart

til og med bedømt av ein felles dommar båe

på Forus og Eid.

Katalognr. 28 Heiden Frederikson fekk desse

21

poenga: 7-8-7-7-7. Denne rangerte eg og

mange med meg som den beste av mine

3-årshingstar. Dette hadde danskane og

merka seg. Eg selde hingsten til Danmark i

det same eg kom ut av ringen. Var det for

mykje danskepreg på desse to hingstane

som var årsaka til at eg ikkje fekk kåring på

dei denne gongen?

Eg har gjort meg nokre tankar om lausmønstringa

på Eid. Viss ikkje dette skal vektleggjast

meir enn det ein gjer i dag, så kan ein

berre slutta med lausmønstringa. Det er

verkeleg når hesten spring fritt at ein ser kva

som ligg i hesten sine rørsler, og då tenkjer eg

til bruk i ridning. Hestar med gode rørsler

krev sers gode mønstrarar dersom ein skal

få fram det som ligg i hesten ved mønstring

i tøyler. Dersom ein mønstrar ikkje klarar å

følgja opp hesten, vil rørslene verta bundne,

stressa og avkorta. Dette må me kunne forstå

å ta omsyn til.

Etter fleire års haustmøter har det vorte

diskutert korleis me skal få hesten marknadsført

som ein sportshest. For spørsmålet har

vore kva kan ein gjera for å få fjordhesten

i bruk som sportshest? Svaret på dette har

vore at ein må produsera ein lett bevegeleg

hest med gode rørsler, samstundes som ein

skal bevara fjordhestpreget. Utfrå mine

hestar så meiner eg at ein må gje og ta for

å laga ein hest som kan nyttast til ridning

for ungdom. Det vil seia at ein må ta noko

av det staute fjordhestpreget for å få ein

smidig type hest som rideintereserte born

og ungdom vil ha.

Eg ynskjer med dette svar frå avlsleiinga i

Noregs Fjordhestlag.

Næppe var hingstekåringen i

Norge overstået, før en skuffet

udstiller skrev dette åbne brev

til avlsledelsen i Norges Fjordhestlag.

Vi fik det tilsendt som en artikel

til vort blad, og det har længe ligget

på ”Fjordhesten” online.

Nu kommer artiklen så også

i ’papirbladet’. – Det hører

med til historien, at Heiden

har været til ekstraordinær

hingstekåring i Danmark, se

omtale under avlen.

Birgit

More magazines by this user
Similar magazines