GRO LOKØY BRYNJULF ANKERHEIM - Gyldendal Norsk Forlag

web2.gyldendal.no

GRO LOKØY BRYNJULF ANKERHEIM - Gyldendal Norsk Forlag

grammaire

22 vingt-deux C’est la rentrée

Uregelrette verb i presens

På fransk finst det ca. 100 uregelrette verb, men mange av dei blir brukte berre ein

sjeldan gong. Dei aller viktigaste har vi samla i ei verbliste lengst bak i boka (s. 334).

Det som gjer desse verba uregelrette, er at dei ikkje (eller berre delvis) følgjer dei

bøyingsmønstra du har øvd på så langt (s. 11 og 19). Du vil også oppdage at nokre

verb er meir uregelrette enn andre.

aavvooiirr (å ha) er eit viktig uregelrett verb. Det blir brukt i mange faste uttrykk og er

det vanlegaste verbet når vi skal lage fortid (passé composé) på fransk. Du kan repetere

korleis vi bøyer verbet i presens i verblista bak i boka (s. 334). Legg merke til at

på fransk bruker vi av og til avoir der vi på norsk bruker å vere.

Døme avoir 16 ans (å vere 16 år), avoir faim et soif (å vere svolten og tyrst)

23 Fyll inn rett presensform av avoir i setningane nedanfor.

Prøv så å setje dei om til norsk.

a J’ ________ 16 ans.

b Tu ________ quel âge ?

c Pierre _______ faim.

d Thérèse _______ soif.

e Nous __________ envie de lire sur la plage.

f Vous __________ deux frères.

g Les garçons _________ un ballon.

h Anne et Sophie __________ beaucoup de livres.

êêttrree (å vere) er også eit viktig verb å lære seg tidleg. Dette verbet treng du når du

skal lage fortid. Du kan repetere bøyinga av verbet i presens i verblista bak i boka

(s. 337).

24 Fyll inn rett presensform av être i setningane nedanfor.

Prøv så å setje dei om til norsk.

a Je ______ en vacances avec ma famille.

b Tu ________ en vacances avec des amis ?

c Mehmet _________ au Maroc.

d Ma mère _________ dans le restaurant.

e Nous ____________ dans la voiture.

f Vous ___________ sur la plage.

g Mes frères ___________ à Paris.

h Les filles ____________ lycéennes.

More magazines by this user
Similar magazines