Norsk Tidend 3-11 - Noregs Mållag

nm.no

Norsk Tidend 3-11 - Noregs Mållag

Nynorskpris til

Njord V. Svendsen

Njord V. Svendsen får Kulturdepartementet

sin nynorskpris for

journalistar i 2011.

– Det er den beste pennen

som får prisen i år, seier leiaren for

juryen Gry Molvær.

Utan å vite det stikk juryen

med denne tildelinga handa inn

i den aktuelle debatten om mellombels

tilsette i media. Svendsen

har vore det han kallar «ufast»

medarbeidar i Bergens Tidende i

fem–seks år, fekk ikkje halde fram

og slutta i BT ei veke før juryen

hadde møte og gav han prisen.

Etter år som vikar og frilansar byrja

han i fast arbeid 2. mai, som kommunikasjonsrådgjevar

for NIFES

– Nasjonalt Institutt for ernærings-

og sjømatforsking i Bergen.

– Dette endrar ikkje på tildelinga

vår. Svendsen får prisen for

det han har gjort som journalist,

seier Gry Molvær. Med seg i juryen

har ho sjefredaktør Tom Hetland i

Stavanger Aftenblad og forfattar

Olaug Nilssen. Magni Øvrebotten,

i NRK Nynorsk mediesenter, er se-

Færre nynorskelevar

Bortsett frå Sogn og Fjordane,

der nynorskprosenten dei ti

siste åra har lege stabilt på 97,2

prosent, er det ein svak nedgang

i alle dei ni fylka som er medlemer

av Landssamanslutninga av

nynorskkommunar (LNK), fortel

organisasjonen på nettsida si.

LNK har henta inn tala frå

Grunnskolens informasjonssystem

(GSI). Tala viser at til saman

12,96 prosent av elevane frå

første til tiande klasse hadde ny-

4

NYHENDE!

Sivlesongbok!

60 sider, hefta og omslag

i fargar. 30 songar, kort

biografi, ordforklaringar.

Ting boka ved å skrive til:

Køppen Forlag

Pb 1031

3704 Skien

eller koeppenforlag@hotmail.com

målnytt

Njord Vegard Svendsen Foto: Teresa Grøtan

kretær for juryen. Prisen vert delt

ut under Dei nynorske festspela i

Ørsta 24. juni.

Føremålet med Kulturdepartementet

sin nynorskpris for journalistar

er å fremje bruk av nynorsk

i media, og årleg ære ein dyktig

journalist som er eit føredøme for

andre.

Prisen går til ein journalist som

har utmerka seg med bruk av

levande og god nynorsk i media,

og som gjennom arbeidet sitt har

gjeve nynorsk innpass på nye

område.

Tidlegare vinnarar av denne

prisen er Linda Eide, NRK, Kjell-Erik

Kallset, Dagsavisen (no Klassekampen),

Odd Reidar Solem, TV 2,

Ronny Brede Aase, NRK og Astrid

Brekken, NRK. (Pressemelding)

norsk som hovudmål i skuleåret

2010/2011. Det er ein nedgang

på 0,22 prosent frå i fj or og 0,39

prosent frå skuleåret 2008/2009.

Etter Sogn og Fjordane er det

Møre og Romsdal som ligg høgast

på statistikken. Her har 52,5

prosent av elevane i år nynorsk

som hovudmål, mot 53,2 prosent

i fj or. Hordaland kjem på tredjeplass

med 39,7 prosent, mot 40,1

prosent i fj or. (NPK)

Ny barnebok

av Knut Hauge

I samband med 100-årsjubileet

for Knut Hauge har Kvitvella Forlag gjeve ut Lasse frå

Lærdal, eit gjenoppdaga bokmanus av Knut Hauge.

Ein eventyrroman for barn i alle aldrar. Kr 199,-.

Kjøp i bokhandelen eller bestill via

www.nm.no/lag/nord-aurdal

eller frå Kvitvella Forlag, 2910 Aurdal,

tlf. 959 17 390.

Nyhende!

Kr 198,-

(pluss porto

kr 27,-)

Klart språk på nye vognkort

Breva frå Statens vegvesen skal bli

lettare å forstå. Først ut er vognkortet,

som går til ein million bileigarar

kvart år.

– Verken vi eller brukarane våre

skal kaste bort tid på eit uforståeleg

språk. Som ein av dei største brevskrivarane

i landet både pliktar og

HISTORISK NYNORSK: Bak tredjeklassingane som går studiespesialisering, ser vi to av veggavisene som har blitt

produserte dette skuleåret. Her er det gjort greie for fl eire historiske hendingar og periodar. Det som gjer dei litt

utanom det vanlege, er at dei er på nynorsk. Sitjande frå v.: Ida Marie Larsen, Marte Gravrok, lærar May Johanne

Molund og Ingvild Myrvang. Bak frå v.: Marte Helgesen, Marie Grønvold, Gina Berg Fredheim, Therese Solvang, Marlene

Myrlund, Tom-Erik Aarøen, Katrine Ursvik og Martin Jonassen. Ikkje alle i klassen var til stades då biletet vart teke.

Foto: Kari Anne Skoglund/Nye Troms

Historieprosjekt med meirverdi

Historietimane fekk

i år ein litt ny vri for

tredjeklassingar som

går studiespesialisering

ved Bardufoss Høgtun

videregående skole.

Elevane har nemleg hatt lærebøker

på nynorsk, og læraren har

brukt sidemålet i undervisninga.

Skriftlege oppgåver og prøver har

dei levert med nynorske svar, og i

alt av munnlege framlegg har dei

nytta sidemålet.

Nye innfallsvinklar

– Det har gått over all forventning,

og vi har berre positive

erfaringar med å ha nynorsk i

historietimane. Det er viktig å ha

nynorsk med nye innfallsvinklar,

for det er eit fag vi blir fort lei av,

seier Ingvild Myrvang.

I staden for å bli meir lei sidemålet,

har klassen blitt meir

motivert for å løyse oppgåvene i

både historie og nynorsk. Dette

prosjektet er fi nansiert og støtta

av nynorsksenteret ved Høgskolen

i Volda.

Motvillig i starten

Læreboka er den same som tidlegare,

men denne er skriven på

ønskjer vi å gjere oss forstått, seier

kommunikasjonsdirektør Sissel Faller

i Statens vegvesen.

Vognkortet er ein av dei største

utsendingane til Statens vegvesen.

Kortet inneheld viktig informasjon,

og mange får i dag ikkje med seg

denne informasjonen fordi språket

sidemålet. Sjølv om elevane er

nøgde med prosjektet i historietimane,

var dei ikkje like positivt

innstilte då tanken vart lansert.

– Vi diskuterte det på førehand,

og dei gjekk litt motvillig

med på prøveprosjektet. Men sidan

har klassen vore motivert og

positive til å ha nynorsk i historietimane,

fortel lærer May Johanne

Molund.

– Sjølv om dei fl este av oss har

ein dialekt som er nærare nynorsk

enn bokmål, så har vi ei automatisk

dårleg innstilling til sidemålet,

seier Gina Berg Fredheim.

Mange vil nok kjenne seg igjen

i skildringa om at det var ille å

måtte skrive oppgåver på nynorsk.

Men klassen gjekk med på

prøveprosjektet, og alle elevane

var positivt overraska over resultatet.

Resultat i nynorsk

Historielæraren er også klassen

sin norsklærer. Ho fortel at

gjennomsnittseleven opplever at

nynorskkarakteren går ned frå

andreklasse til tredjeklasse.

– Det er naturleg i og med at

krava går opp, forklarer Molund.

Men ikkje for denne klassen,

og det synest læraren og elevane

er artig å sjå.

– Vi har forbetra karakteren

i vognkortet og følgjebrevet er for

vanskeleg.

Den nye versjonen tek vare på

det juridiske samtidig som språket er

enkelt og forståeleg. Byråkratispråket

og faguttrykka er tekne vekk, og inn

er det kome ord som vert brukt i daglegtalen.

(NPK)

vår i nynorsk, og karakteren i

faget har gått opp for dei fl este.

No fl yt det betre når vi skriv nynorsk,

og fl eire får betre karakterar

i nynorsk enn bokmål, seier

Marte Gravrok. Historietimane

har framleis vore historietimar, og

rettskriving har ikkje fått mykje

merksemd.

– Det som har vore fi nt, er at

sjølve faget har hovudfokuset, og

ikkje rettskrivinga. Og det har

vore motiverande å sjå at det har

gitt resultat på nynorskoppgåvene,

seier Marte Helgesen.

– Gjer det igjen

Enn så lenge har ikkje skulen

nokon planar om å vidareføre

nynorsk i historietimane. Men

dei har materialet dei treng med

bøkene, og det er ikkje heilt utenkjeleg

at dei blir tekne i bruk att.

Avgangselevane oppfordrar fl eire

klassar til å ønskje seg historietimar

med nynorskvri.

– Det har vore eit bra tiltak,

og andre burde gjere det same og

kanskje i fl eire fag, seier Gina, og

resten av klassen er heilt samd.

KARI ANNE SKOGLUND/

NYE TROMS

karianne.skoglund@nye-troms.no

NORSK TIDEND NR. 3 – 2011

More magazines by this user
Similar magazines