Norsk Tidend 3-11 - Noregs Mållag

nm.no

Norsk Tidend 3-11 - Noregs Mållag

IKKJE GRAMMATIKK, TAKK: – Eg trur det er fullt mogleg å lære seg ganske mykje nynorsk ved å lese det, ved å

høyre det og ved å bli kjent med det, utan at ein har lært seg bøying av verb, seier Elisabeth Aspaker, utdanningspolitisk

talskvinne i Høgre. Foto: Høgre/CF-Wesenberg

kjenner seg usikre reint fagleg,

men det kan og vere at dei hugsar

attende til sin eigen skulegang.

Det er sikkert todelt det der.

– Men då går jo haldningane i

arv, og nynorsk blir nesten som

ei arvesynd ein aldri kjem i frå.

spørsmålet om valfritt eller obligatorisk

sidemål verte eit emne

ved handsaminga av stortingsvalprogrammet

om to år.

Ikkje gjennomtenkt

Hjeltnes og Henden meiner at

dette vedtaket ikkje er godt nok

gjennomtenkt.

– Dette vedtaket er heilt klart

ei lettvint løysing. Eg meiner det

kan få parodiske konsekvensar.

Og eg trur ikkje det er fullt så lett

å setje det ut i livet som tilhengjarane

vil ha det til, seier Hjeltnes.

– Ei anna side ved vedtaket er

at nynorskelevar skal kunne velje

vekk bokmål. Skal ein då kunne

NORSK TIDEND NR. 3 – 2011

– Ein kjem jo ikkje unna den

fundamentale problemstillinga

om kvifor elevane skal lære seg

to skriftspråk så lenge alle i Noreg

skjønar begge språka. Vegen til eit

levande nynorsk språk går gjennom

dei som har det som hovud-

bruke nynorsk i alle samanhengar,

også på redaksjonell plass i

VG og Dagbladet? spør Henden.

Kunnskapsparti

– Det er viktig for meg å seie at

Høgre er eit kunnskapsparti. Resolusjonen

heiter jo også «Kunnskap

i skolen», og då vert det feil

at vi skal gå imot at elevane skal

få meir kunnskap. Vi seier i same

resolusjon at vi vil at elevane skal

lære eit andre framandspråk i

grunnskulen, og dersom vi meiner

at dei greier det, så må vi også

tru at dei kan lære nynorsk, seier

Henden.

– Eg likar heller ikkje prin-

mål og som veks opp i dei områda

av landa der språket er rotfest.

Det er dei som er dei fremste til

bere kvaliteten vidare.

– No blir det færre og færre

av dei som har nynorsk som hovudmål.

sippet med å ta vekk kunnskap

– sjølv om eg ser at det kan vere

vanskeleg for elevane å lære nynorsk

dersom dei trur dei ikkje får

bruk for det, seier Hjeltnes.

Spennande

Mange elevar tykkjer det er kjedeleg

å lære nynorsk. Både Hjeltnes

og Henden er opptekne av at faget

må vere noko anna enn pugging

og grammatikk, og at fornyingsarbeid

i skulen er viktig.

– Eg reiser mykje rundt på

skulane, og eg møter mange lærarar

og elevar som tykkjer nynorsk

er vanskeleg å arbeide med.

Men eg meiner det er mykje som

– Ja, bli det det? Ligg det ikkje

nokolunde stabilt på om lag tretten

prosent?

– Jo, men der ein har opna

for valfridom, ved at elevane

kan velje hovudmål ved overgangen

til den vidaregåande

skulen, der ser ein at mange

fell i frå. Særleg ser ein dette i

randsonene. Nynorskbrukarar

er ikkje ein eigen etnisitet, det

er ikkje noko ein fell attende på.

Det er ei politisk avgjerd at me

skal ha to språk her til lands, og

spørsmålet er korleis ein legg

best til rette for det.

– Då må ein jo sjå nærare på

tiltak som kan rette på dette, korleis

ein kan setje inn ekstraordinære

midlar i dei delane av landet

der dette er eit problem. Men

det å påtvinge elevane skriftleg

nynorsk i resten av landet, er ikkje

det som reddar nynorsken.

Blant dei fylka der nynorsken står

sterkt, er òg fylke med auke i folketalet.

Så eg vil ikkje spå at talet

på nynorskelevar vil gå ned. Og så

må me sjå nærare på kvifor elevar

vel vekk nynorsk når dei kjem

på den vidaregåande skulen, det

burde vore mogleg å forske seg til.

– Eg blir litt skeptisk når

du no snakkar om forsking

og stimulering. Kva konkrete

framlegg tiltak har Høgre for å

styrkje nynorsken sin posisjon

i skulen?

– Oppgradere litteraturdelen,

lese meir og ta nynorsken inn i

andre fag. Det trur eg vil gje bokmålselevar

eit heilt anna forhold

til språket og det blir ikkje lenger

ein sidedisiplin i norskfaget.

Mange av bokmålselevane høyrer

nok ein del nynorsk, men ser det

knapt på trykk. Eg skulle gjerne

sett at me hadde ei meir liberal

presse som var meir open, og at

det var råd å skrive på den målforma

ein sjølv ville i t.d. Dagbladet,

VG og Aftenposten.

– Er de opne for dette, eller

vil de arbeide for det?

– Me må tenkje heilt nytt. Ny-

kan gjerast med faget for å få det

meir humørfylt. Og det er mange

fl inke nynorske forfattarar som

skulle vore endå meir brukte,

smiler Hjeltnes. Han legg til at det

er viktig at elevane møter nynorsk

tidleg.

– Det er viktig at elevane byrjar

med nynorsk endå tidlegare i skulen.

Tidleg start gjer det lettare å

lære eit anna språk, seier han.

– I fj or sommar var eg i ein

landsby i Zambia. I den landsbyen

hadde dei sju språk. Når dei greier

det, då bør vi greie å handtere nynorsk

og bokmål her i landet, legg

Henden til.

HEGE LOTHE

norsk må bli ein meir naturleg del

av kvardagen for store delar av

ålmenta, og ingen har noko har

noko å tape på dette, alle minst

nynorsken. Det er eg overtydd

om.

– Kva tykkjer du om dei som

seier «om sidemålet skal bli

valfritt, skal algebra bli valfritt

òg»?

– Hadde me hatt to matematikkfag,

så kunne me sikkert hatt

den diskusjonen.

– Men norsk er vel berre eitt

fag?

– Ja, eller to skriftspråk då.

Me har ikkje to typar algebra, me

har ikkje bokmålsalgebra og nynorskalgebra.

– Forstår elevane kvifor dei

må ha algebra?

– Det er sjølvsagt ei utfordring

i mange fag. Dei fl este skjønar at

dei må lære seg matematikk og

engelsk, men mange har problem

med å skjøne kvifor dei skal lære

seg to skriftspråk. Det vil jo sikkert

gjelde for dei som har bokmål

som sidemål òg.

– Nynorskelevar blir eksponerte

for bokmål på ein heilt

annan måte og er i praksis tospråklege.

– Ja, men det treng ikkje bety

at dei må skrive det. Du kan jo

opparbeide kunnskapar med å

lese og høyre eit språk. Det er

slik me har tenkt når me har gjort

framlegg om eit ekstra framandspråk

i grunnskulen. Ein skal lære

språket å kjenne, utan at det er

naudsynt å skrive det.

KJARTAN HELLEVE

kjartan.helleve@nm.no

Milevis unna

UiO oppfyller ingen av Språkrådet

sine krav til bruk av nynorsk,

melder studentavisa Universitas.

– Det er ikkje noko nytt at UiO

bryt mållova. Vi er likevel veldig

skuff a. Det er dumt for studentane

at det ikkje oppfyller krava,

og lover er jo til for å bli fylgde,

seier Tina Fauskanger, leiar i Studentmållaget

i Oslo.

Berre 2 av 115 dokument som

UiO rapporterte inn til Språkrådet

i 2010 låg føre på båe målformer.

UiO greidde heller ikkje å nå opp

til nokre av dei andre krava i mållova.

7

More magazines by this user
Similar magazines