28.03.2013 Views

Norsk Tidend 3-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 3-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 3-11 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Vegard Markhus Foto: Eirik Svela

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris for

2010 vart Vegard Markhus for boka Timothy

mister seg sjølv! Han har både skrive og illustrert

boka som er gjeven ut på Aschehoug forlag.

I grunngjevinga står mellom anna dette:

«Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris

har i år oppdaga ei perle av ei biletbok. Det er

forfattaren si andre bok, og han har laga eit

surrealistisk univers som er stringent logisk og

burlesk på same tida.»

Juryen for Nynorsk barnelitteraturpris har

vore Anne Marit Godal, Eva Westvik og Ketil

Kolstad. Det er Noregs Mållag som deler ut

prisen på 30 000 kroner, og Vegard Markhus

kom sjølv til Suldal for å ta i mot prisen.

Stipend til Paleologos

og Mariell Øyre

Noregs Mållag har med støtte frå Kulturdepartementet

delt ut to nynorskstipend, kvart

av dei på 50 000 kroner. Dei to stipenda gjekk

i år til Andreas Paleologos og Mariell Øyre.

Tanken med desse

stipenda er at dei

skal få nynorsk i

bruk på område

der han ikkje har

så stort spelerom

frå før. Andreas

Paleologos får

stipendet for å

utvikle vidare mu-

sikkteaterframsyninga

Det beste

eg veit, og sende

henne på turné.

– Me har tru

på dette prosjektet. Det syner fram nynorsken

på ein ny og spanande måte som er retta mot

eit særs viktig publikum – nemleg små barn.

Framsyninga er leiken, levande og moderne,

seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Mariell Øyre har lenge fått mykje merksemd

for bloggen sin «Hjartesmil». Ho får

stipend for å lage Hjartemagasinet, som er eit

magasin basert på bloggen «Hjartesmil». Hjartesmil-bloggen

er populær og stadig å fi nne

på oversyna over dei mest lesne bloggane i

landet. Magasinet presenterer mellom anna

stoff og bilete frå eit knippe av dei mest lesne

bloggarane i Europa innanfor den sjangeren

«Hjartesmil» tilhøyrer. Den glansa vekeblad-

og magasinverda har sakna nynorskrøyster.

– Med det brennande engasjementet

for å nå ut har prisvinnaren slege den fyrste

kilen inn i bokmålsmonopolet som har prega

denne sjangeren. Noregs Mållag vonar at den

kilen står djupt og støtt, seier Øvregård.

8

ynorsk Barnelitteraturris

til Vegard Markhus

Mållagsleiaren og

stipendmottakar

Andreas Paleologos.

Foto: Kjartan Helleve

Landsmøtet

I Sand i Suldal fekk 160 utsendingar

og gjester oppleve

eit av dei mest vellukka landsmøta

på mange år. Det var god

stemning, men også skarpe,

viktige ordskifte.

– Den nye målstriden handlar ikkje berre

om norsk språk i Noreg, men også om minoritetsspråk

og framandspråk. Djupast

sett dreier det seg om å verdsetje språk,

fl eirspråkskunnskap og det at vi lever i eit

fl eirspråkleg samfunn, sa Håvard B. Øvregård

i leiartalen til landsmøtet.

Språkglede

– Målsaka er heilt avhengig av språkgleda.

Gleda i å lære språk er ein av våre beste

medspelarar. Mange foreldre er språkfi endar.

Vaksne trur gjerne at ungar lærer like

tregt som dei sjølve. Og så fôrar dei ungane

med negative språkhaldningar, sa Øvregård,

og kom også inn på kor viktig dette er

i sidemålsordskiftet.

– Sidemålsordskiftet handlar om drap

på gleda i å lære språk. Ei sjølvoppfyllande

førestilling om elevane si manglande interesse

for sidemål, som i dette ordskiftet

konsekvent tyder nynorsk, reduserer evna

og viljen elevane har til å lære både nynorsk

og bokmål i skulen.

Rettskrivingsdebatt

Det var fl eire spennande debattar, men det

var saka om framlegg til ny nynorskrettskriving

som fekk mest merksemd. Styret

i Noregs Mållag hadde levert høyring til

rettskrivingsnemnda i februar, basert på

landsmøtevedtaket frå 2008. Styret bad

difor landsmøtet om ikkje å fatte vedtak i

saka. Fleire var usamde med styret i dette.

I dei utsende landsmøtepapira hadde

Arvid Langeland, leiar i Voss Mållag, utforma

eit framlegg som opna slik:

– Framlegget til ny rettskriving for det

nynorske skriftmålet opnar i urovekkjande

grad for tilnærming til eller reint samanfall

med bokmål. Det er ikkje vorte ei tydeleg,

enkel og stram norm. Noregs mållag bed

difor om at framlegget vert gjennomgjenge

på nytt, heitte det i framlegg til vedtak.

Mange ulike syn

Det var fl eire som var sterkt kritiske til

framlegget til nemnda, men det var mange

som tvilte på om det var rett å byrje prosessen

ein gong til.

Astrid Myhre, leiar i Aust-Agder Mållag,

ynskte å avvise framlegget til rettskriving.

Men hennar utgangspunkt var at ho

var usamd i at nemnda gjorde framlegg om

å ta ut fl eire bokmålsnære ord som er viktige

for nynorsken lokalt på Agder. Også

Margit Ims, frå Bø Mållag i Telemark, ytra

seg kritisk til nemnda si innstilling til ny

rettskriving, med bakgrunn i at ordtilfanget

som det er naturleg å bruke i austlandsnynorsk,

vert teke vekk.

Spennande røysting

Siste dag var det knytt stor spenning til

Nynorsk litteraturpris til Jan Roar Leikvoll

«Leikvoll er ein av dei dristigaste og mest interessante

forfattarane i norsk samtidslitteratur», skriv

juryen i grunngjevinga for Nynorsk litteraturpris

2010.

Jan Roar Leikvoll fekk prisen for boka Fiolinane

som er gjeven ut på Samlaget. Det er Noregs

røystinga i saka. Det skulle no røystast

over fl eire framlegg, og det var 124 røyster

i salen. Fyrst var det røysting for framlegget

frå Voss Mållag, som vart sett opp mot

eit framlegg frå Sigbjørn Hjelmbrekke:

Landsmøtet i Noregs mållag ynskjer å

oppretthalda skiljet mellom hovudformer

og sideformer.

I denne røystinga fekk Voss Mållag 48

røyster og Hjelmbrekke sitt framlegg fekk

25 røyster. I neste røysting vart framlegget

frå Voss Mållag sett opp mot eit framlegg

frå Astrid Myhre og Vegard Sætervadet:

Landsmøtet avviser rettskrivingsnemnda

sitt forslag til ny nynorsk rettskriving og

bed om ny gjennomgang av nynorsknorma.

I denne røystinga fekk Voss Mållag

52 røyster og Myhre/Sætervadet fekk

14. Resten var fråhaldne. Deretter vart

Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret

som står bak prisen. Han vart fyrste gong delt ut i

1982 og er på 30 000 kroner og eit diplom. Juryen

har vore Vidar Lund og Margunn Vikingstad.

Leikvoll kom til opninga av landsmøtet og tok i

mot prisen. Han vart veldig glad for tildelinga.

Sullikt landsmøte i

RØYSTING: Det var knytt stor spenning til utfallet av røystingane om rettskrivinga i nynorsk. Her

røystar mellom andre Marie Morken og Kari Pedersen frå Meland Mållag og Arvid Langeland og

Lars Kvamsdal frå Voss Mållag. Foto: Hege Lothe

framlegget frå Voss Mållag sett opp mot eit

framlegg frå Rogaland Mållag: Framlegget

til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet

opnar i nokon grad for tilnærming

til eller reint samanfall med bokmål, men

Noregs Mållag aksepterer at ein viss grad

av valfridom må verta oppretthalden for

at nynorsk framleis skal kunna ha ei brei,

geografi sk utbreiing.

I denne røystinga fekk Voss Mållag 48

røyster og Rogaland Mållag 78 røyster.

Deretter vart det eit lengre ordskifte om

røysterekkjefølgja. Resultatet vart at framlegget

frå Rogaland Mållag vart sett opp

mot framlegget frå styret om ikkje å vedta

noko. I denne røystinga var det 51 som

ikkje ville vedta fråsegna og 49 som ville

vedta henne, og resten var fråhaldande.

Dermed valde eit fl eirtal på landsmøtet ik-

NORSK TIDEND NR. 3 – 2011

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!