NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

n.kf.org

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

Stølsdrifta

Olav Randen (Fra boka “I steinbu og snaufjell i øvre Hallingdal”)

Norges fremste ekspert på stølsbruk, historikaren

Lars Reinton (1896-1987) frå Hol, som

blant anna har skrive trebindsverket Sæterbruket

i Noreg, definerer støls- eller sæterbruk

slik: 13

Sæterbruk er det når ein gard (ein fast vinterbustad)

har krøtera sine i sumarbeite på ein

stad eit stykke frå garden der det er husvære

og fast personale, så ein kan nytte ut større vidder

til beite, som regel òg til slått og onnor fôrsanking,

og så ein kan spara på heimemarkene

og nå i betre beite, føde fleire krøter over vinteren

og skaffe forråd til levemåten på den faste

bustaden (garden).

Slik Reinton og dei fleste forskarar bruker

omgrepet, er altså bustadhus og folk som bur

der delar av året, det avgjerande. Eit vår- eller

haustfjøs der folk går til og frå med mjølk eller

tillaga mjølkeprodukt, er ikkje ein støl.

Stølsdrift er slett ikkje særnorsk. Dei dreiv på

om lag same måten i delar av Sverige, i nyare

tid også i Finland. Islendingane hadde stølar, i

heile 20 islendingesoger er stølar nemnde. Kanskje

kom skikken dit med dei norske busetjarane.

Dei tok iallfall med seg skikken til Grønland.

Me finn også stølsdrift på dei britiske

øyane, i Alpane, i Karpatane, rundt Kaukasus

og mange stader i Afrika, Asia og i Sør-Amerika.

Men knapt i noko land har stølsdrift vore ein

så sentral del av landbruket som i Norge. I alle

delar av landet utanom Jæren har stølsdrift vore

det vanlege.

Økologi og ressursutnytting

Frå yngre steinalder 5000-6000 år sidan har

folk i vårt land dyrka planter. Dei har drive

landbruk, brukt land. Og dei har hatt tamme

dyr, husdyr, og brukt dei til å omdanne gras til

menneskeføde, slik som mjølk og kjøt og flesk

og egg.

Årstidene og skiftet mellom sommar og vinter

er grunnlaget for å forstå særtrekka ved landbruket

i denne delen av verda. Vår natur, og

6

aller mest naturen i innland og fjellområde og

nord i landet, har ein stutt og hektisk, nesten

eksplosiv, vekstsesong og ein lang vintersesong

når plantene ligg i dvale under snø og frost.

Difor har landbruket her handla om å utnytte

dei få vekstdagane maksimalt for å byggje opp

helsa både for dyr og menneske, for å samle

matlager for folk og fôrlager for dyra til den

lange, ikkje-produktive vintersesongen.

På innmarka skulle det helst vere korn, viss

jorda låg slik til at det var von om at kornet

mognast der. Mykje av krøterfôret henta dei frå

utmarka. Dei hadde utmarksslåttar, og dei brukte

mose, lauv, bjørkeris (kvistar), storr og skav

(bork, gjerne av bjørk) som attåtfôr. Tilgangen

på vinterfôr avgjorde kor mange dyr dei kunne

ha. Sommarbeite var det så rikeleg av i fjellet at

dei kunne leige med seg meir dyr utanfrå, såleis

frå nedre bygder på Austlandet og frå Vestlandet.

Vinterhalvåret var altså dvaletid. Då skulle dyra

berre overleve og produsere nytt avkom. Bondens

mål var å få dyra velberga gjennom, slik

at dei kunne feite seg opp og gi avdrått i ein ny

vekstsesong. Ofte var det så vidt dyra kunne stå

på føtene når dei slapp ut på vårbeite.

Om fjella har det rikelegaste og saftigaste graset

av alt landskap i nokre sommarmånader, er

det også slik at fjella er så vêrharde at folk og

husdyr vanskeleg kan leve der vinteren over.

Og graset og anna dyrefôr i fjellet er spreidd.

Det kan sankast av dyremular, men lite av det er

så konsentrert at det kan haustast av menneske

utan ein veldig arbeidsinnsats. Difor var det å

ha to tilhaldsstader, ein vinterstad i lågareliggjande

område og ein sommarstad i fjellet, ei

tenleg tilpassing.

Forholdet med overflod av sommarbeite og

knappheit på vinterfôr stod ved lag til dess

kunstgjødsla, maskinane og kunnskapar om

myrgrøfting kom i bruk i første halvdel av

1900-talet. Då vart det meir lønsamt å produsere

landbruksprodukta på heimefôr og å ha dyra

heime. Stølane vart mindre viktige i bondens

13 Reinton 1955 s. 2

More magazines by this user
Similar magazines