Views
5 years ago

Strategisk Næringsplan 2013-2016 - Ål kommune

Strategisk Næringsplan 2013-2016 - Ål kommune

2 Innhald 1.

2 Innhald 1. Næringskommunen i Ål 1.1 Strategisk næringsplan 3 1.2 Kva er strategisk næringsplanlegging 4 1.3 Plan for profil og omdømme 4 1.4 Kommuneplan for Ål 5 2. strategi 2.1 Strategiske mål 6 2.2 Overordna strategi 6 2.3 Handlingar, Innsats av økonomiske ressursar 7 3. satsingsomrÅde, strategiar og mÅl 3.1 Generelt 8 3.2 Satsingsområde 2013-2016 8 4. Virkemiddel og bruk aV desse 4.1 Planverk 14 4.2 Lover og regelverk 14 4.3 Kommunale tenester- 14 Ål ein næringsvennleg kommune 5. andre Viktige aktørar 5.1 Næringslivet 15 5.2 Ål Utvikling AS 15 5.3 Hallingdal Etablerarsenter 15 5.4 Papirbredden Innovasjon 15 5.5 Innovasjon Norge og Buskerud fylkeskommune 15 5.6 Regionrådet 15

1. Næringskommunen i Ål 1.1.strategisk næringsplan Den første strategiske næringsplanen for Ål kommune (SNP) gjaldt for perioda 2001-2004, dei neste for 2005- 2008 og 2009-2012. Denne planen er for perioda 2013-2016. Strategisk næringsplan skal vere eit styringsverktøy for ein heilskapleg næringspolitikk og vere grunnlag for dei prioriteringar kommunen gjer i planperioden. I tillegg gir det aktørane innafor næringslivet signal om kva for prioriteringar kommunen legg til grunn for vidare utvikling. Ål kommune definerer si rolle til å vera med å leggja til rette for næringsutvikling generelt og på dei områda som er vedtekne i planen spesielt. Dette vert gjort gjennom økonomisk støtte, rådgjeving, politisk arbeid, kommunale investeringar og sakshandsaming og plan- og rammeverk. Næringslivet har vore med på å leggja basis for SNP gjennom høyring. Ål Utvikling AS er den sentrale aktøren i møtet mellom næringsliv og kommune. Når det gjeld landbruket, som pr. i dag er lite med i Ål Utvikling, samarbeider kommunen med faglag og interesseorganisasjonar. Den strategiske delen av planen gjeld for 4 år, medan handlingsprogram skal reviderast årleg i samband med budsjetthandsaminga. Visjon og hovudmål kan reviderast samstundes med kommuneplanen, ein gong i kvar kommunevalperiode. Med ”strategisk” meiner me at planen har klart definerte mål og klare konkrete tiltak for å nå måla. Visjonen skal vera ei samlande og motiverande målsetjing me kan strekke oss etter. Hovudmålet skal gje retninga for kor me vil, det skal vera langsiktig og målbart med tanke på gjennomføring. Arbeidet med rullering av Strategisk Næringsplan har vorte leia av næringsstyret med følgjande medlemmer: Ivar Brevik, ordførar og styre leiar i næringsstyret Harald Varlid, kommunestyremedlem og styremedlem i næringsstyret Inge Løkensgard, representant frå næringslivet og styremedlem i næringsstyret Kari Grete Kleivstøl, representant frå næringslivet og styremedlem i næringsstyret Astrid Sonerud, representant frå næringslivet og styremedlem i næringsstyret Kjell Åge Sire, Innovasjon Norge og rådgjevar i næringsstyret Are Fosse, næringskonsulent Ål kommune. I tillegg har fungerande rådmann Karsten Dideriksen, leiar for utviklingsavdelinga Reidun Aaker, kultursjef Hilde L. Bjørnsvik og Jordbruksforvaltar Marit T. Nerol vore med frå administrasjonen. 3

Strategisk næringsplan - Asker kommune
Plattform for frivillighet i Sarpsborg 2013 - 2016 - Sarpsborg kommune
Handlingsprogrammet 2013-2016 - Asker kommune
landbruksmelding for gjøvik kommune 2013 - 2016 - BIRI.NO
Vedtatt handlingsprogram for 2013 - 2016 - Lier kommune
Arnstein Flaskerud Strategisk Forretningsutvikler, Fjordkraft
Økonomiplan 2013 - 2016 vedtatt (pdf) - Drammen kommune
Rammeplan 2013-2016 - Politiske saker
Strategisk plan 2010-2020 - Det utdanningsvitenskapelige fakultet
Samfunnsdel - utvikling av samfunn og tjenester - Sandnes Kommune
Strategisk plan Sunnaas sykehus HF 2012-2020 (pdf)
Forskningsplan del 1 2013-2016 - Forsvarets forskningsinstitutt
strategisk plan for perioden 2012 - 2015. - Fylkesmannen.no
RÃ¥dmannens budsjettforslag 2013.pdf - Halden kommune
Bilag 7 - Årsberetning 2013 - Københavns Kommune
BÃ¥tsaumen nr 4-2013 - Bindal kommune
Graveinstruks, revidert februar 2013 - Fredrikstad kommune
mai - juni 2013 Den kulturelle spaserstokken - Trondheim kommune
Mål og strategier for 2009-2012 - Tromsø kommune
Skoleåret 2012 - 2013 Kulturformidling i skolen - Porsgrunn Kommune
Kulturkalender f.hemmede VÅR 2013 - PDF - Ringsaker kommune