Telegrafverket 2. halvår 1960 - Statistisk sentralbyrå

ssb.no

Telegrafverket 2. halvår 1960 - Statistisk sentralbyrå

Sjå utgåva for 1959-60.

I. Telegrafverkets arbeidsoppgåver.

II. Administrasjon.

2.1. Telegrafverkets organisasjon.

1. juli 1960 blei Hammerfest og Havøysund kontrollkrinsar slegne saman til ein kontrollkrins

med Hammerfest som kontrollstasjon.

1. september 1960 blei Rogaland radio opna for telegramtrafikk på kortbølgje til og frå skip*

Frå same dagen blei den tilsvarande telegrafitenesta ved Bergen radio nedlagd.

1. oktober 1960 blei Tønsberg Telefonforening overteken av Telegrafverket.

Sjå elles utgåva for 1959-60.

2.2. Deltaking i internasjonalt samarbeid.

Mote i Den internasjonale komitéen for telegrafi og telefoni (CCITT):

Plenarforsamlinga.

Plenarforsamlinga kom saman i New Delhi i tida 8.-16. desember 1960. Frå Noreg møtte

telegrafdirektør Sv. Rynning-Tønnesen, avdelingsdirektør J. Ringstad og kontorsjef A. Strand.

Studie- og underkommisjonar.

I Geneve mate konsulent P. Rabbås i ein underkommisjon i tida 11.-16. juli 1960, kontorsjef

A. Strand i ein studiekommisjon i dagane 21.-23. juli 1960 og inspektør E. Jensen i ein

studiekommisjon i tida 5.-17. september 1960.

I New Delhi var det i tida 21. november-7. desember 1960 møte i ein studiekommisjon og to

underkommisjonar der avdelingsdirektør J. Ringstad og kontorsjef A. Strand møtte som norske

utsendingar.

Andre mote.

Bau-Tagung (byggjekongress).

Avdelingsdirektør Leif Larsen møtte på Bau-Tagung i Wien i tida 13.-18. september 1960.

Den europeiske konferansen for post- og telekommunikasjonsadministrasjonane (CEPT).

CEPT hadde mote i Paris i tida 19.-29. oktober 1960. Frå Noreg møtte telegrafdirektør

Sv. Rynning-Tønnesen og avdelingsdirek tør Leif Larsen.

Institution of Electrical Engineers (IEE).

I London var det ein konferanse i IEE i dagane 22.-24. november 1960 der sjefingeniør

K. Lagset møtte frå Noreg.

More magazines by this user
Similar magazines