17.07.2013 Views

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Sjølvsagt vert ho ikkje nemnt;

og serskilt er alle samstellte

um aa tegja med det, at det

er ho som hev sett Arbeide

i Gang; utan henne hadde

Inkje vori gjort i Spelsaki

enno.» Arne Garborg såg seg meir enn

éin gong forarga på at arbeidet til kona

hans blei oversett. Når Det Norske Teatret

var komme godt i gjenge, syntest

han det var påfallande kor sjeldan ho

fekk anerkjenning for innsatsen sin.

«Maalbladi nemnde henne no og daa,

naar dei ikkje kunde sleppe fraa det; ein

av grunnane hev vel vore den, at Hulda

var Bymenneskje, ja Austlands-Bymenneskje.»

Han hadde truleg funne noko

av svaret. I alle fall kunne dette langt på

veg forklara den underlege kritikken ho

blei utsett for i Gula Tidend i 1916.

Romanen Gaaden av Hulda Garborg

kom den hausten, og endå ein gong var

det Klikken og 1880-talet ho vender

tilbake til i ein tilnærma brevroman med

undertittelen Efter Præstedatteren Else

Marie Lindes Optægnelser. Romanen

er ei frigjeringsforteljing der impulsane

frå både Brandes, Ingersoll, Krapotkin

og Turgenjev er eksplisitt på plass, og

Harriet Backer har fått eit fint portrett

teikna i kunstnaren Henny Herder. Også

utanlandsreisene som høyrde med i utviklingsromanar,

er der, men til forskjell

frå klassikarane i sjangeren er altså den

kunstnaren som utviklar seg, ei kvinne.

Romanen var den beste Hulda Garborg

hadde skrive til då, og ho fekk mykje og

uventa ros for han. Folk stoppa henne

på gata for å fortelja kor sterkt inntrykk

boka hadde gjort, og den store svenske

Ellen Key skreiv eit langt brev der ho

betrudde Hulda Garborg at akkurat slik

som Else Maries store krise var skildra i

12

Forsvinning

syn def all

I 1916 var ikkje fri vandring fram og tilbake

over språklege grenser noko alle tok lett på.

Det fekk Hulda Garborg merke.

HULDA GARBORG

◆ 1862–1934, fødd på Stange

◆ grunnla Det Norske Teatret i 1912

◆ gav ut ei rekkje bøker, mellom anna

den første kokeboka på nynorsk

På Nordisk forfattarkongress i København i

1919. Frå høgre: Hulda Garborg, Barbbra Ring

og Regine Normann. Foto frå boka: Akershus Fylkesmuseum

romanen, slik hadde også Ellen Key lidd

og tenkt då ho bestemte seg for å leva

resten av livet sitt åleine. «Sida101–103

har jag nästan ordagrant själv upplevat,

och vi alla, barnlösa, ogifta Kvinnor som

hållit oss andlig og kroppslig friska ha vel

haft något liknande.»

«Yvergang til riksmaalet»

Meldaren «-n»i Gula Tidend, som var

den største landsmålsavisa på Vestlandet,

la særleg vekt på at boka var ei

skildringa av kvinna som «veks gjenom

vandskar og vonbrot». Meldinga peika

også på kor sentralt forfattaren lét heimen

stå også i denne boka. «Eg hev

berre eit evangelium, eg trur paa no»,

siterte meldaren frå Else Maries lange

brev, «det er heimsens. Men heimen

det er barnet.» Det påfallande i teksten

var at «-n.» hadde omsett desse sitata.

Språket i Gaaden var riksmål, noko

Gula-lesaren ikkje fekk beskjed om før

redaktør og avisgrunnleggjar Johannes

Lavik fleire veker seinare melde novellesamlinga

Mens hjulene staar av Oskar

Braaten. Braaten var litterær rådgjevar

ved Det Norske Teatret og hadde skrive

dei første bøkene sine på landsmål. «Det

er likt me lyt føra upp ein ny yvergang til

riksmaalet,» skreiv Lavik og lét dette temaet

fylla meir enn halve bokmeldinga.

Braaten var visst ikkje åleine. «Fru Garborg

er og paa vegen til dansken. Alle

siste romanane hennar hev vore paa det

maalet. Det er tvo me soleis har mist.

Og næst fyre deim gjekk prof. Koht som

visst helder ikkje kjem att meir.» Målskiftet

kom nok til å lønna seg for dei,

ironiserte Lavik.

Vest mot aust

Gjennom denne dystopien fortalde

Lavik ikkje berre at dei tre forfattarane

denne hausten hadde gjeve ut bøker

på riksmål. Han viste også at tilliten

hans til dei to byaustlendingane og til

tromsøværingen Koht var tynn. Dette

overraska neppe dei som hadde følgt

med på splittinga i målrørsla i åra etter

stiftinga av Noregs Mållag i 1906. Ivar

Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og

Arne Garborg hadde under skapinga av

landsmålet vandra ledig og fritt mellom

landsmålet og dansk-norsken utan krav

til konsekvens. Hulda Garborg hadde

skrive drama på dialekt, dansk-norsk

og landsmål om kvarandre frå midten

av 1890-talet, og ho var ikkje åleine om

denne frie flyttinga mellom språklege

«nasjonar». I Fedraheimen, Den 17de

Mai og dei andre landsmålsavisene var

toleransen for ulike landsmålsvariantar

stor, men nå kom det nye tider. Med

Laviks Gula Tidend var det frå 1905

komme ei landsmålsavis som tok stilling

ikkje berre i politikken, men også i

ein intern strid i Noregs Mållag. Usemja

gjaldt rettskriving, men også mykje

meir. I grove trekk gjekk skiljet i denne

debatten mellom målfolk på Vestlandet

og resten. Vestpå ville dei halda seg til

Aasen-normalen, og der var Lavik i Gula

den fremste talsmannen. På den fløya

som ville ta inn fleire former frå aust- og

innlandsnorsk, sto krefter i Den 17de

Mai og Koht og dei fekk mykje kjeft.

Oscar Braaten fekk nok av å bli skulda

for å «skitne til landsmålet» med «rennesteinsmål».

I eit kraftig oppgjer i Den

17de Mai takka han for seg som landsmålsforfattar

i 1917.

Fundamentalistar

Med den indre polariseringa leid ikkje

berre den språklege fornyinga. Også den

Norsk TideNd Nr. 5 – 2011

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!