Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

nm.no

Norsk Tidend 5-11 - Noregs Mållag

– Stundom kan ein kjenne seg

litt trøytt og lei. Då treng ein

interessante og utfordrande

roller.

Liv Bernhoft Osa har kome opp i ein alder

der kvinnelege skodespelarar stort sett skal

støtte opp om hovudpersonen. Gjerne som

mora.

– Det er stort å vere med på dei store

juleproduksjonane før jul, med salen full av

forventningsfulle ungar. Det er eit privilegert

yrke eg har, og dette er ein fantastisk arbeidsplass.

Men stundom som å vere i fabrikk, og

barneteater kan vere full av eindimensjonale

rollefigurar. Det er dei gode og det er dei

vonde. Då kan ein kjenne at ein blir trøytt av

det heile. Og treng litt meir utfordrande eller

interessante roller, seier Osa.

– Om lag som eg opplevde det tredje dagen

på russerevyen?

– Om lag. Bortsett frå at me gjer dette

heile tida, og somme stykke kan ha 100

framsyningar. Då treng eg å gjere noko anna,

spele roller som utfordrar meg på ein annan

måte.

Fru Fåttnok

Rolla som Fru Fåttnok i Uskyld av Dea Loher

var noko anna. Rollefiguren livnærer seg

på andre si ulukke og legg ikkje to pinnar i

kross for å få merksemda retta mot seg sjølv.

Ho er som er på utsida, ein einstøing, noko

som vart understreka med ein heilt særeigen

måte å røre seg på.

– Utanfor scena kunne eg nesten ikkje

røre meg. På scena var det som om rollefiguren

byrja å røre på seg av seg sjølv. På førehand

er ein alltid nervøs om ein greier å få

liv karakteren, og det var ikkje annleis denne

gongen. Men her var det som om karakteren

fekk liv i meg. Det er stort å få oppleve at ein

får det til.

Og ho fekk det til. I haust vart hennar tolking

av Fru Fåttnok heidra med Hedda-prisen

for beste kvinnelege birolle. For å understreke

at dette var nokon som stod på utsida,

gav Osa henne vossadialekt.

– Det var veldig kjekt å få pris, og det i ei

rolle der eg nytta min eigen dialekt. Det er

tjue år sidan sist eg kunne nytte dialekten

min på scena her. Og når eg nyttar dialekt,

så spelar eg anten åndssvak, hore eller kriminell.

Men det er heilt greitt. Vossadialekten

er markant og høver ikkje i alle stykke. I eit

forsøk på halde på han, så har eg heller slege

heilt over til bokmål.

Meir dialekt i teatera

– Men har det hendt noko med dialektbruk

i teatera? Eg får inntrykk av det har blitt

meir?

– Å, ja. Du høyrer det særleg på Det Norske

Teatret, for no er det så mange som spelar

med ein med dialekttone. Eg såg oppsetjinga

av Unge Werthers lidingar, med Torbjørn

Eriksen og Tobias Santelmann. Eg trudde

verkeleg at han Santelmann var frå Øystese,

men så var det nokon som fortalde meg at

han berre hadde lært seg dialekten.

– I stykket slo dei av og til over til den

stive nynorsken me tidlegare måtte høyre på

teateret; oslofolk som tala om røynd, Noreg

og varsemd. Når ein sette denne konstruerte

seiemåten opp mot dei naturlege tonane i di-

Norsk TideNd Nr. 5 – 2011

intervjuet folk

alektane som dei elles nytta, så vart det berre

stivt og latterleg. Så eg er glad for at nynorsk

teater har kome seg vidare.

– Ja, for det har vore stivt språk der? Det er

har ikkje berre vore ein fordom?

– Eg har vridd meg i stolen av noko det

eg høyrt. Det er nesten som om det hadde

vore betre at dei berre brukte bokmål. Det

er jo ingen som snakkar slik, og det har gått

ut over mange stykke. Det blir stivt og rart.

Men særleg dei nye generasjonane med skodespelarar

er blitt mykje flinkare, og det ser

ein gode døme på på Det Norske. Om dei ikkje

har ein dialekt i utgangspunktet, så lærer

dei seg ein. På teaterhøgskulen er det språkovergang,

noko som eg hadde då eg gjekk der

òg. Me kom med dialekt, og måtte lære oss

å snakke skikkeleg. No må dei lære seg ein

dialekt, og dei gjer det utan motstand.

– Samstundes må ein gjere dette med ei

viss finkjensle. Alle kan jo ikkje snakke ulike

dialektar i eit stykke. Det må jo vere ein slags

logikk der. Då Det Norske spelte Namnet av

Jon Fosse, med m.a. Hildegunn Rise, snakka

alle i stykket som var i familie med henne,

hardangerdialekt. Dei hadde eit fellesskap,

dei høyrde saman. Ein som kom utanfrå,

snakka ein annan dialekt. Og dermed var det

ein logikk.

Samkjensle

– Burde ikkje du eigentleg ha vore på Det

Norske i staden for Nationaltheateret?

– Eg var heilt sikker på at eg skulle ende

Minnepris til Bø

Ola E. Bø har fått Aksel

Waldemars minnepris

2011 for særleg innsats

for nynorsk som scenespråk.

Norsk teater- og

orkesterforening deler

ut prisen.

Beste kvinnelege birolle

Foto: Bjørn Moe

heDDaPrisvinnar: – Det var veldig kjekt å få pris, og det i ei rolle der eg nytta min eigen dialekt.

Det er tjue år sidan sist eg kunne nytte dialekten min på scena her, seier Liv Bernhoft Osa. Foto: Bjørn Moe

Liv Bernhoft osa

◆ Skodespelar ved Nationaltheateret

◆ Fekk i haust Hedda-prisen for beste

kvinnelege birolle som Fru Fåttnok i Uskyld

av Dea Loher.

opp der, men det var ikkje rette tida.

– For deg eller for teateret?

– Det var vel ei slags ulukkeleg kjærleikshistorie.

Eg vart tilsett på National i 1979

midt i ei opprivande tid, med oppseiingar og

politisk strid mellom ulike skodespelarforbund.

Då eg kom hit var det knapt ei sjel under

30, og eg var ei blond jente frå vestlandet.

Så det var ei tøff tid.

– I byrjinga av 80-talet var eg med på ei

oppsetjing på det gamle Norske, og tykte det

var stor stas. Det vart snakka litt om at eg

burde byte arbeidsplass, men teateret skulle

byggje nytt og det var tilsetjingsstopp. Så det

vart ikkje noko av.

– Men no er eg utruleg glad for at eg

hamna her, og for at eg har fått vore her så

lenge. Eg kunne vel tenkt meg at det var litt

større utveksling av skodespelarar mellom

teatera, men det er dette som er mitt teater.

Det er noko heilt eige å kjenne fellesskapet

når det nærmar seg premiere på eit stykke og

korleis alle lyfter i flokk. Nei, verkeleg. Dette

er verdas beste arbeidsplass.

Kjartan Helleve

kjartan.helleve@nm.no

Foto: Juristmållaget, UiS/NIFS

Foto: Lom kommune

Mestad heidra for

nynorsk rettsmål

Årets målpris frå Juristmållaget går

til prof. dr. juris Ola Mestad. Han

har vore ein ivrig nynorskbrukar

og -forkjempar gjennom heile si

juristkarriere. Mestad får først og

fremst prisen for innsatsen sin

for nynorsk som rettsmål både

som forretningsadvokat og som

professor ved Juridisk fakultet ved

Universitetet i Oslo (UiO).

Bjørgen får ny jobb

som kulturvernar

Simen Bjørgen begynte 1. oktober

som ny direktør for den ideelle

stiftinga Norsk Kulturarv.

Bjørgen er tidlegare ordførar i

Lom kommune. Styreleiar Inger-

Lise Skarstein opplyser i ei pressemelding

at ho på vegner av styret

i stiftinga er sikker på at tilsetjinga

vil føre til ei positiv utvikling for

Norsk Kulturarv. (LNK)

Stedje fekk den første

Lutt-heidersprisen

I september fekk Olav Stedje Luttprisen.

Det er første gong Lutt sin

heiderspris vert delt ut. Prisen skal

gå til musikarar frå Sogn og Fjordane

som over tid har vist kvalitet,

nyskaping, speleglede og som

har fått merksemd både lokalt og

nasjonalt.

«Men Olav Stedje er meir

enn det – han er rett og slett ein

heidersmann. Han er – på alle tenkjelege

måtar – både som artist og

menneske – eit stort førebilete, og

heldigvis har han tenkt å drive på

lenge enno», meinte juryen.

3

More magazines by this user
Similar magazines