I kongens klær Side 2 - Vikaskarven
I kongens klær Side 2 - Vikaskarven
I kongens klær Side 2 - Vikaskarven
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
vikaS karven

lokalavis for Vik i Øygarden

1. mai – 2012 Nr.1 – 12. årgong Utgjevar: Vik Grendalag www.vikaskarven.net

I kongens

klær Side 2

Vil ha meir engasjement

i Knappen

Bjørn Smauget beundrar

dugnadsånda hos vikamannen.

Side 4-5

Klar for skulen

20 elevar møtte til innskriving

på Toftøy skule.

Side 3

Toftøydagen

under planlegging

Ny Toftøydag vert arrangert

10. juni. 10 år etter første gong.

Side 7
2

Når gjestar skal ha

audiens hos kongen,

er det Pernille Vik

som tek i mot dei.

Pernille Vik som er oppvaksen

i Knappen, er ei jente

som set seg mål og likar

nye utfordringar. Andre året

på videregåande skule sette

ho kursen for Mexico som

ein del av den videregående

utdanninga. Ho kom til ein

vertsfamilie som kun snakka

spansk, men Pernille let seg

ikkje skrema.

Ikkje nok med engelsk

– Eg må hiva meg rundt og

lære språket fortast mogleg,

tenkte ho.

– Her dugar det ikkje berre

med engelsk.

Vertsfamilien var veldig

Pernille gjer teneste

i Kongens garde

hjelpsam og gav god støtte.

– Heldigvis har eg lett for å

læra språk, seier Pernille som

har planar om å læra seg både

russisk og fransk.

Tek i mot statsbesøk

I august 2011 fekk ho innkalling

til militærteneste, og etter ein

månad som rekrutt, vart ho overført

til Garden. Sidan vart ho

plukka ut som ein av tre i kullet

til å vera slottsordonans.

– Den utfordringa sa eg ikkje

nei takk til. Eg er nysgjerrig av

natur, og det ville koma vel med

øygarden

elektriske as

i møte med med nye menneske.

Dagen på Slottet startar ca kl.

08.00 i nystrøken uniform. Pernille

har i oppdrag å leia personar

som har fått audiens hos Kongen,

fram til rommet på Slottet

der Kongen møter gjestane sine.

Dette kan vere einskildpersonar

eller statsbesøk frå utlandet.

Rundt juletre med Sonja

Då Vikaskarven snakka med

Pernille, var ho heime til jule-

og nyttårsfeiring. Men før ho

reiste frå Oslo, var ho med på

juleball på Slottet der ho gjekk

rundt juletreet og held Dronning

Sonja i handa.

– Det var stas å kunna syngja

julesongar saman med dronninga.

Dette er eit minne eg seint vil

gløyma.

Ho ser likevel ikkje for seg ei

framtid i forsvaret, og legg difor

uniformen på hylla i august.

– Det er havet som lokkar meg.

Med Austevolls- og Øygardsblod

i årene, må eg sjå sjø, og

helst ha arbeidet mitt på sjøen,

avsluttar Pernille.

Tlf. 5638 9424 Faks: 5638 8040

Øygardsvegen - 5336 Tjeldstø

Epost: post@oygarden-elektriske.no
BYRJAR TIL HAUSTEN: Alisa, Emilie, Victoria, Stefan, Michael, Andrea, Karina Rebekka,

Rowena, Sarah Emilie, Tobias, Andrea, Lukas, Sandra, Julie, Ralfs, Nils Petter, Johannes, Varg,

Tordar, Isak.

KIWI mini

pris

3

Fulle av

forventning

20 forventningsfulle

born møtte opp

på Toftøy skule for

innskriving til 1. klasse.

Spenninga var stor både

mellom dei nye elevane

og foreldra, då dei kom

til innskriving tysdag 14.

mars. Etter at rektor Elise

Nyborg Christensen presenterte

seg og skulen, og

alle elevane fekk sei navna

sine, bar det til klasserommet.

Foreldra fekk informasjon

frå rektor medan Åse-

May Solsvik Blom, som

skal vera kontaktlæraren til

den nye 1. klassen, aktiviserte

dei forventningsfulle

elevane.

Den engasjerte læraren

løyste opp dei spente

barnekroppane med kjent

allsang og leik. Enkle

”lekser” fekk dei nye elevene

prøva seg på også.

Når skulen startar i august

vil klassen ha auka

til 22 elevar, ifølgje rektor.
4

Formannen i Knappen

grendelag skulle ønskja

det var like god dugnadsånd

i Knappen som på

Vik.

– Det er til tider dårleg oppmøte

når me forsøkjer å få til felles

prosjekt her i Knappen. Det hadde

vore flott om folk tok seg tid til

å prioritera dugnadar og sosiale

hendingar, seier Bjørn Smauget,

formann i Knappen velforening.

Bjørn (39) har vore busett i Knappen

sidan 2000, og der bur han rett

ved Tjuvika saman med Christine

Nygård og dottera Hanne. Det er

ein engasjert velforeiningsleiar

som snakkar med Vikaskarven.

– I tillegg til større engasjement,

skulle eg også ønskja at me kunne

fått til fleire arrangement som

samlar folk.

Opprinneleg er Bjørn frå Fredrikstad,

men han har snart budd i bergensområdet

i tjue år.

– Eg jobba i Marinen frå 1994,

og i den tida traff eg Christine. Då

var det naturleg å flytta vestover.

Etter å ha budd i Sandviken og på

Knappskog på 90-talet, vart det

bygd hus i Knappen.

– Svigerfamilien min budde

allereie her, og då me fekk tilslag

på ein fin tomt med høve for båtplass,

var det eit enkelt val å flytta

til Knappen.

Viktig med sjøliv

Sjølivet har i lang tid vore viktig

for Bjørn, som er vant til båtlivet

frå oppveksten sin i Fredrikstad.

– Kystkulturen har alltid vore

viktig for meg. Landskapet er

forskjellig i Fredrikstad, der det

Ønskjer seg størr
e engasjement

typiske er blankskurte gule berg.

Her i Øygarden er det andre kjenneteikn

ved kystlandskapet, men

begge delar er like flott!

Bjørn har vald sjø som element

både når det gjeld jobb og fritid.

I åra 1992-94 var han fiskar, og

jobba då på ein båt med namn

«Onsøyværing».

– I denne tida, som var lenge

før eg flytta hit, vart eg kjent med

Per Tore Vik og Per Vik, og det er

mykje mimring om denne tida når

eg treff på dei.

Dei siste åra har han jobba med å

byggja fire oljeriggar i Kina, som

etter kvart vart forflytta til Noreg.

Transporten frå Kina til Noreg tok

tre månader. Ein av plattformane

har fått base i Ølen, og det er der

Bjørn no har tilhald når han jobbar.

Også på fritida er det viktig

med sjø, båtplass i Tjuvika har han

skaffa seg.

Uvanleg valprosess

Det var først i fjor at Bjørn vart

formann i Knappen velforening,

og han kan fortelja om ein noko

uvanleg valprosess.

– Eg vart faktisk vald til formann

under eit styremøte som eg ikkje

var til stades på. Det var først i

etterkant av møtet at eg fekk vita

at eg no var blitt formann, ler

Bjørn, som fortel vidare om nokre

av prosjekta for Knappen velforening.

– Me har fått bygd «Knappenskuret»,

og det er me nøgde med!

Dette er eit verktøyskur som også

fungerer som utgangspunkt og

møteplass for dugnadar. I samband

med «Knappenskuret» er det

også laga til bossplass.

Bjørn viser vidare til at planen

er å byggja tilsvarande bossplassar

også to andre stader i Knappen.

I tillegg står det på agendaen

ved framtidige dugnadar å byggja

blomsterbed med tilhøyrande mur

nede ved inngangen til byggjefeltet.

– Det er viktig at det ser fint ut,

og det gjeld særskild ved inngangen

til Knappen. Vidare er det ein

5

prioritert målsetnad å få bygd terrasse

i Tjuvika.

– Planane i Tjuvika er fortsatt

på planstadiet, men me håpar å få

godkjent planane slik at me kan

starta opp med terrassen allereie

no i vår. Når det gjeld ballbinge,

var dette lenge på agendaen, men

dessverre stranda planane på

grunn av mangel på tomt. Me har

likevel ikkje heilt gitt opp planane

om ballbinge, så om nokon har

forslag til tomt, så er me opne for

innspel!

Saknar engasjement

Bjørn saknar deltaking og engasjement

på dugnadane i Knappen.

– Me har forsøkt å lokka med

kake, brus og kaffi, men det ser

ikkje ut til å hjelpa noko særleg.

Sjølv om ein ikkje trur at ein er

så praktisk anlagt, så er eg sikker

på at alle likevel kan bidra! Kva

med vaffelsteiking, spør Bjørn.

Han viser vidare til at dugnad ikkje

berre handlar om arbeid, men

at det sosiale også er viktig der ein

kan bli kjent med naboar. Også dei

minste har interesse av dugnaden.

– Vedlikehald av leikeplassane

er viktig for å leggja til rette for

leiken til borna. Det er også kjekt

om me kan få til felles Lucia- og

jonsokfeiring.

Bjørn har inntrykk av at det er

fleire som engasjerer seg på Vik.

– Det virkar som om dei får

mykje til på Vik, og eg er imponert

over oppmøtet på ulike

arrangement, som til dømes den

årlege krabbefesten og jonsokfeiringa

på kaien og moloen.

Bjørn er klar på at han ser på Vik

som ein flott ressurs for Knappen.

– Eg forstår godt at Knappenfolk

deltek på arrangement på Vik.

Eg likar meg godt på Vik sjølv, og

eg har alltid mange å snakka med

når eg er på Vik. Samtidig ønskjer

me også å få til vellukka arrangement

her i Knappen, men det viser

seg at det er vanskelegare å få til.

Bjørn spekulerer i at årsakene til

dette kan vera yngre folk i Knappen

og mindre lokal tilknytning.
6

Familienytt

Til

Ola og Kari

Gebursdag

80 år

Per Landro

fødd 23. mai 1932

75 år

Magnus Vik

fødd 25. mai 1937

70 år

Norvald Harald Vik

fødd 7. juni 1942

65 år

Anders Vik

fødd 4. april 1947

Wenche Amundsen

fødd 26. mai 1947

55 år

Einar Torsvik

fødd 12. mai 1957

50 år

Johnny Arild Dåvøy

fødd 9. april 1962

45 år

Målfrid Vik Sønstabø

fødd 2. mai 1967

40 år

Ole Jakob Vik

fødd 1. juni 1972

Gitte Vik

fødd 2. juni 1972

Død

Bertha Vik Jensen

fødd 9. januar 1942

død 18. april 2012

Fødd

Jonathan Kleppe

fødd 27. februar 2012

foreldre Kine (Vik) og Andreas

Kleppe

Jakta på postar er i gong

No kan du leita etter

postar i heile Øygarden.

Denne gongen

kan du bruka smarttelefonen

som kart.

Kanskje var du ein av dei

som brukte kvar ledig

helg og kveld til å leita etter

postar på Toftøyna på

1980-talet?

No kan du på ny gå på

jakt etter postar, om enn

ikkje på heilt same måten

som då Toftøy IL sto bak

jakta.

– Sist måtte du bruka

tid heime og planleggja

turen, og du måtte bruka

kart og kompass for å

orientera deg fram. No

ligg postane i stiane, eller

rett utanfor stien. Det er

mykje enklare og meir

oversiktleg denne gongen,

seier Asbjørn Toft, leiar i

Toftøy Nærmiljøutval.

Jakta på postane vert arrangert

av nærmiljøutvala

i Øygarden saman med

kommunen. Postane er

plassert rundt om kring

i heile Øygarden, ikkje

berre på Toftøyna. Totalt

er det plassert ut 11 postar

frå Hellesøy i nord til

Toftøy i sør.

Postane er også merka

med GPS-koordinat, slik

at dei som har smarttelefon

kan bruka den

som navigasjonsverkty.

Slik kan jakta verta veldig

sutalaus. Alt du treng

gjera er å ta på deg skoa

og gå på tur.

– Målet med prosjektet

er å laga meir attraktive

turstiar slik at folk skal ta

med seg familien og reisa

rundt i kommunen og gå

på tur, seier Toft.

Dei som ikkje har fått

kart i postkassane eller

har mista kartet, kan henvenda

seg på servicetorget

på rådhuset på Rong for å

få nytt kart. Dei som har

klipp frå alle postane vert

med i trekninga av premiar

når jakta vert avslutta

til hausten.

Sist gong folk på

Toftøyna gjekk etter postar

vart det nærast ei folkerørsle

alle dreiv på med.

Asbjørn Toft hugsar godt

suksessen på 80-talet.

– Det var veldig stor

deltaking den gongen.

Det var sikkert 150 personar

som deltok.

Håpet er at jakta på po-

POSTAR: Norvald Vik demonstrerer korleis postane ser ut.

star vert ein minst like

stor suksess denne gongen,

og at fleire får oppleva

å koma i god form

i den fantastiske naturen i

Øygarden.
ÅRSMØTE: 15. mars hadde Vik Grendelag årsmøte. Kort fortald går grendelaget godt.

Klare for ny Toftøydag

10 år etter første

gong, er det klart

for ein ny Toftøydag.

Alle som har noko

å syna fram, vert

oppmoda om å delta.

Alt ligg til rette for folkefest

på Vik når det skal

arrangerast ny Toftøydag

10. juni.

Sist gong det vart arangert

Toftøydag, i 2002, var

det i underkant av 300

personar som møtte opp

rundt vågen på Vik. Den

gongen var høgdepunktet

dei 11 oselvarane bemanna

med fiskarar som

synte fram båtar, liner,

hummarteiner og anna

som høyrer fiskerikulturen

på øyna til.

– Ein slik kulturdag har

vore etterspurd nesten årleg

sidan me arrangerte

det den gongen. Det var

jo ein stor suksess, og dei

arrangerer jo festivalar

og kulturdagar i nord og

i sør. Då bør vel me på

Toftøyna også vera med,

seier Asbjørn Toft, leiar

i Toftøy nærmiljøutval,

som har fått ansvar for å

koordinera arrangementet.

Vil ha bidrag

Programmet for Toftøydagen

i år er ikkje spikra

enno, men det er klart at

det ikkje vert eit så sterkt

fokus på båtliv på vågen

som det var sist gong.

– Me skal ha aktivitet på

vågen, men sist gong var

det den store mønstringa.

No skal det vera litt meir

blanda, seier Asbjørn.

Hovudattraksjonen denne

gongen vert forhåpentleg

å få synt fram så mykje

som mogleg av det folk

lagar sjølv som har med

kulturen vår å gjera.

– Det skal vera ein

kultur- og marknadsdag.

Planen er å få folk som

lagar noko sjølv til å ha

utstillingsbodar. Der manglar

me litt enno, så dei

som har noko dei vil syna

fram eller selja, må berre

ta kontakt, seier Asbjørn.

I tillegg til salsbodar og

framsyningsbodar kjem

det også til å vera sal av

mat. Eit anna høgdepunkt

vert utstilling av gamle

bilete. Det er den same

utstillinga som vart stilt ut

på biblioteket for nokre år

sidan.

Vestgar kjem

Båten Vestgar kjem også

til Toftøydagen. Den

flotte veteranbåten var i

si tid flaggskipet til Øygardsbåtane

L/L. No

er den restaurert og på

Toftøydagen kjem den til

å ha open båt og servering

av lapskaus om bord.

Toftøy skulemusikkorps

kjem også til å opptre.

Aktivt grendelag

Vik Grendelag er også aktivt

med for å få til ein velukka

Toftøydag, og leiar

Thora Vik er på mange

måtar initiativtakar.

15. mars hadde Vik

Grendelag årsmøte der

det kom fram at grendelaget

hadde eit normalt

aktivt år i 2011.

60 hustander på Vik og

Knappen betalar kontingent

til grendelaget, og

økonomien er god.

Krabbefesten på kaien,

jentefesten i naustet til

Geir Atle Vik og jonsokfeiring

gav klingande

mynt i kassen.

Vikaskarven, som kjem

ut fire gongar i året, går

økonomisk i balanse.

Over 300 bygdebøker

er selde, men framleis er

det over 100 bøker att på

lager.

Grendelaget vil også

jobba med å få til eit landnotkast

i Svelgen. Dette

var eit årlig føretak på

våren for nokre tiår tilbake.

Svelgen var sjølve

”grautfatet” til vikamannen.

7

Vårdikt

Vår er best

ingen protest.

Vår er gøy

med masse støy.

Eg hoppar ut av glaset

og spring barbeint rundt i

graset.

Huff så mykje pollen

eg får så vondt i knollen.

Eg treffer vener uti sola

eg et is og slurper cola.

Dikt om våren

Ute er det fint og grønt.

Livet er fint og skjønt.

Det er våren som kommer

og snart er det sommer.

Sola er varm og fin,

det er fint når ho skin.

Blomane spring ut,

og fuglane syng så fint.

Vår

Vår i år

no skal vi ikkje bruka skia

det er feile tia.

Eg har ilt i eit lår

men no er det vår

så eg tenker ikkje på eit lår.

I vår skal eg gjera

alt muli

for

det er kuli.

Vår

Våren er her

På alle trær

Eg kjenner det på mine tær

Og får sår på mine knær.

Av med lue og sjal

Eg vil ut og spille fotball

Av: 4. klasse Meland skule
8

Ny sjark i

Vikavågen

Den pensjonerte fiskaren

Per B. Vik har kjøpt ny

sjark. Slik ser den ut.

Ingjersjåden

er riven ned

Eit tradisjonsrikt bygg

mellom butikken og lagerhuset

er no fjerna. Ingjersjåden

hadde utspelt

si rolle, og no er det lagt

brustein på tomten.

VikaSkarven

Adresse: 5337 Rong

Internettadresse:

vikaskarven.net

Epostadresse:

post@vikaskarven.net

Redaktør:

Øystein Vik

I redaksjonen:

Norvald Vik

John Solsvik

Nils Jakob Solsvik

Bjarte Vik

Fire nummer pr. år.

Trykkeri:

Bodoni Trykk

Returadresse: Vikaskarven

Norvald Vik

5337 Rong

Påskesuksess i bedehuset

Den tradisjonelle påskefrukosten

på Vik bedehus skjærtorsdag

samla fullt hus også i

år.

Heile 160 menneske tok turen innom

bedehuset og fekk oppleva

både påskefrukost og påskebodskapen.

Ein liten del av barnekoret song,

og det var mykje allsang med flotte

påskesongar.

I februar hadde bedehuset

årsmøte, og det går fram av årsmeldinga

at det er stor aktivitet

på huset. Nesten alle dagar i veka

er det ulike arrangement for born,

ungdom og vaksne.

Økonomien er brukbar, men det

er behov for fleire givarar skal aktiviten

haldast oppe. Det er Morten

Torsvik som er leiar for bedehuset.

Inderøy Taxi & Transport

Tlf. 905 99 059 – Toft, 5337 Rong

No og med minigravarutleige