seminar 05.qxd

i4.inarchive.com

seminar 05.qxd

sjon heilt fram til 1500-1600-talet (Baug 2001:59f.). I nyare

tid gjekk utvinninga i Hyllestad føre seg med krut, og denne

produksjonen heldt fram heilt til rundt 1930. Det har altså

vore produksjon av kvernstein i Hyllestad i godt over 1000

år, og steinane vart eksportert over store område.

UTSKIPINGSPLASSAR OG

TRANSPORTSONER

Kvernstein frå Hyllestad vart transportert sjøvegen, og leia

rundt kysten og fjordane innover i landet var viktige kontaktnett

for distribusjon. I nyare tid vart kvernsteinane transportert

frå steinbrota til sjøen ved hjelp av kvennakvist. Denne

transportreiskapen var i bruk heilt fram til slutten av 1800talet

i Hyllestad, men metoden kan gå langt tilbake i tid.

I Hyllestad har det vore fleire utskipingsplassar for kvernstein,

og to område som skil seg ut er Aurgota og Otringsneset

på Rønset. Her er det så djupt vatn at skipa kunne laste

om bord kvernstein ved svaberga. Både på Aurgota og

Otringsneset er det store mengder kvernstein i sjøen. Ein del

av desse stammar nok frå produksjon i strandkanten, men

nokre kan òg vere mista eller kassert under sjølve utskipinga.

Namnet Otringsneset knyter truleg staden til ein bestemt

båttype, åttringen (Hansen 1997:60). På Otringsneset kan du

også finne to fortøyingshol hogd ut i svaberget med ein

avstand på 9,25 meter som skulle kunne passe bra med storleiken

til ein åttring. Vi veit likevel ikkje om ein verkeleg

har nytta åtteåra opne båtar til kvernsteinstransport. Den

storstilte langdistanseeksporten av kvernstein frå Hyllestad

tyder på at det var skip med større lasteevne enn ein åttring

som vart brukt til dette.

SKIPSFORLIS MED KVERNSTEIN

Det er funne fire kvernsteinslaster med hyllestadstein som

stammar frå skipsforlis. Desse er funne i Alverstraumen i

Lindås kommune, Bukken i Sund kommune, Leiaskjæret

ved Kvitsøy og ved Håøya utanfor Grimstad. Dessverre er

berre kvernsteinane og nokre steinpinnar bevart, og ein har

ikkje funne skipsrestar som kan datere funna. Alle dei fire

skipslastene inneheld både handkvernstein og vasskvernstein,

og må i allefall stamme frå tida etter at vasskverner

vart teke i bruk i Skandinavia, sannsynlegvis på 1100-talet

(Hansen 1992, 1997, Baug 2001:75f.).

Den hittil største sjøfunne kvernsteinslasta i Noreg er lasta

frå Alverstraumen nord for Bergen. Lasta omfatta 505

kvernsteinar frå Hyllestad, med ei vekt på litt over 13 tonn

(Hansen 1997:61). Funnet viser at kvernsteinslasta er frakta

indre leia frå Hyllestad og sørover mot Bergen, og lasta var

truleg på veg til Bergen for eventuell vidare omlasting. Ein

del av steinane frå Alverstraumen er tekne opp, og befinn

seg i dag i Hyllestad.

Allereie i byrjinga av vikingtida var det fullt mogleg for

eit handelsskip å frakta denne 13 tonn tunge lasta. Dei

minste handelsskipa frå vikingtid og mellomalder kunne

vere frå 11-15 meter lange (Crumlin-Pedersen 1991:76). Dei

kunne sannsynlegvis lett legge til ved ulike utskipingsstader

i Hyllestad, og truleg var det slike skip som vart nytta under

utskipinga av kvernstein alt i vikingtid.

HANDEL MED KVERNSTEIN

På grunn av særtrekka på bergarten i Hyllestad har det vore

mogleg med relativt stor visse å opphavsbestemme kvernstein

frå Hyllestad reint visuelt, utan bruk av meir inngåande

geologiske undersøkingar. I vikingtid og mellomalder har

kvernsteinsbrota levert produkt utover den lokale marknaden,

og kvernstein frå Hyllestad vart eksportert over store

område.

Kvernsteinsfunn av hyllestadstein på Bryggen i Bergen er

datert på bakgrunn av brannlaget dei er funne i. Dei eldste

kvernsteinane kom til Bryggen før brannen i 1198, men etter

7

More magazines by this user
Similar magazines