22.07.2013 Views

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Sagbladet

Norsk Bygdesagforening

arrangerte konferansen for

å setje fokus på verdikjeda

frå skogeigaren og fram til

ferdig produkt til restaureringsføremål.

Temaet er

svært aktuelt då det er bestemt

at alle freda bygningar

skal restaurerast innan 2020.

Dette byr på ein stor marknad

for bygdesagene.

Tekst/foto: Inger-Marie Svingeset.

At 90 deltakarar møtte opp på konferansen

syner og at aktørane i

næringa for øvrig meinar dette er

eit spennande og viktig tema å

diskutere. Det er kjent i næringa

at det er behov for meir kompetanse

og kommunikasjon på dette

området og konferansen var svært

nyttig med omsyn på å få belyst

dei utfordringane vi står overfor.

At bestillar av material har den

kunnskap som skal til for å kunne

definere ein kvalitet må vere eit

minimum. Vidare må produsentar

som sagbruk og skogeigarar har

same kompetanse og forståing for

Rolf Maartmann presenterte Glommen

Skog sitt arbeid med uttak av spesialtømmer.

Konferansen “ Frå

skogeigar til stavkyrkje”

dei ulike materialkvalitetane. Vi

fekk eksempel på bestillingar frå

byggansvarlege som er biologisk

umoglege å oppfylle. Dette er dagens

tilstand.

Foredragshaldarane hadde gode

innleiingar og vi fekk belyst at vi

på mange områder har ulike oppfatningar

både på kvalitet og kva

som er dei største utfordringane.

Utfordringane synast likevel ikkje

så store at vi ikkje kan finne løysingar,

men det må skje i fellesskap

mellom ledda i verdikjeda. Konferansen

var lagt opp slik at alle innleiarane

representerte eit ledd i

verdikjeda, der Riksantikvaren starta

med å vise ulike produkt som dei

etterspør. Vidare fekk vi eit glimt

inn i skogeigarens verden med

omsetning av spesialvirke. Rolf

Maartmann hjå Glommen Skog B/A

har arbeidd med omsetning av

spesialtømmer i 10 år. I denne skogeigarforeininga

har dei egne skogbruksleiarar

som vurderer kva kvalitetar

som finns hjå kvar enkelt

skogeigar. Målsetjinga hos Glommen

Skog er høgast mogleg virkesutnytting.

På årsbasis omset denne

foreininga om lag 60.000 kubikkmeter

med spesialvirke. Hovudsakleg

er dette stolpetømmer. Maartmann

understreka at marknaden

har endra seg mykje etter at skogeigarane

i stor grad slutta å drive

skogen sjølve. Dette har ført til eit

stort tap av kunnskap når lite

tømmer vert felt manuelt. Dette

fører til at spesialtømmeret er vanskelig

å plukke ut for maskinentreprenørane

og må difor blinkast ut

på førehand og takast ut manuelt,

når det er trong for det. Dette fører

til at ein igjen må regne med noko

lenger bestillingstid på denne type

virke og prisen går dermed opp.

Andre faktorar som påverkar prisen

på tømmeret er at dei grøvste stokkane

gjerne står langt opp i liene

der det er mangel på veg og vanskelege

driftsforhold. Det er likevel

fullt mogleg å drive ut dette tømmeret

om kunden er villeg til å betale

det som det kostar, poengterte

salskonsulenten i Glommen Skog

B/A. For å kunne ta ut eit så høgt

kvantum som 60.000 kubikkmeter

pr. år har denne skogeigarforeininga

6 personar som er kvalifisert

til å blinke ut tømmeret. Desse har

høg kompetanse på dette fagfeltet.

Dei har halvårs-kontrakter med sine

kjøparar og har utarbeidde spesifikasjonar

på tømmeret i forhold

til sluttproduktet. Spesifikasjonane

er på enkelte produkt så ”sære” at

dei må plukke enkeltstokkar. Glommen

Skog har lukkast i å levere

spesialtømmer og Maartmann påpeikar

at god kommunikasjon og

felles oppfatning av kvalitetskrav

med kunden er heilt avgjerande

for å kunne levere spesialkvalitetar

til sagbruka. Dei har og eigne tømmerterminalar

for spesialvirke der

kjøparane kan kome å sjå på kvalitetane

før dei kjøper. Prisen på

spesialvirke varierer med 50-750 kr.

i tillegg på vanleg skurtømmerpris.

Entreprenørane får og ekstra betalt

for å ta ut spesialtømmer.

Maartmann meinar hovudutfordringane

deira er å få gode nok kvalitetsbeskrivingar

på ”tømmerspråk”.

Skal ein for eksempel ha tømmer

til golvbord, må ein ha beskrivingar

i forhold til alder og årringtetthet

på tømmerspråket. Ein må få god

nok kompetanse på materialkvalitet

i alle ledd i tillegg til betre kommunikasjon.

Eit siste hjartesukk er

leveringstider. Skal ein ha spesielle

kvalitetar må bestillarane ha forståing

for at dette tek tid. Her må

inn ei holdningsendring, meinar

ein engasjert Maartmann til slutt.

”Kvalitetskog til tradisjonshandverk”

Prosjektleiar for Trevekst i Oppland

gav oss ei god innføring i sitt prosjekt

som har som hovudmål å auke

trebruken i Oppland, samt å auke

verdiskapinga innanfor trenæringa.

Prosjektet er ein del av eit nasjonalt

trenettverk. Eit av delprosjekta som

skal gjennomførast har fått namnet

”Tradisjonstre for fremtiden”.

Prosjektet er godt i gang og kan

blant anna vise til ein fagdag som

vart arrangert i november 09, som

er presentert for seg i dette

bladet.

www.sag.no 5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!