14.07.2013 Views

Fredag 15. juni 2017 - Valdres

Fredag 15. juni 2017 - Valdres

Fredag 15. juni 2017 - Valdres

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

nyheiter

12 Valdresbladet fredag 15. juni 2017

Fagernes – vital 160-

Etter å ha styrt Fagernes Handelsstand gjennom

snart 14 år er Heidi Arnesen framleis like

entusiastisk og oppglødd når det blir prat om

utviklinga i byen. – Det at me i 2007 fekk bystatus,

var faktisk avgjerande for den utviklinga me har

sett i tiåret etterpå, seier ho.

Og utviklinga har sanneleg vore

stor for ein som hugsar korleis

det var for ti år sidan. Største

forskjellen er at bilkaoset i sentrum

no heilt er borte. Etter at den

nye traseen med tunnel utanom

sentrum endeleg vart ferdig i

fjor, er det berre nyttekjøring

som er lov i bykjernen. Ja, by

og by – mange dreg vel framleis

på smilebandet og meiner dette

er jåleri, seier Heidi. Men med

bystatus vart det midlar å hente

til byutvikling. Dette gav oss

høve til å snu sentrumsfokuset

mot Fagernesparken og gjorde

oss til ein ”grøn by”. Det ser ut

til at mange utflytte ungdommar

finn det meir attraktivt å koma

attende med ein slik triveleg by

i nærleiken. Ja, mange andre

òg, seier Heidi og siktar til den

relativt store folketilveksten dei

siste tre–fire åra. Dei koselege

sentrumsleilegheitene har gitt

byen vår eit nytt liv.

«Tour de Valdres» Det er særleg

som idrettsby og vassby at Fagernes

har sett seg på kartet. Det

heile starta kanskje med SNUprosjektet

som verkeleg fekk

valdresfotballen opp i divisjonane,

meiner Heidi. – Ja, no skal

dei jo møte Rosenborg komande

laurdag, og sjansen for ei cupbombe

er absolutt der. Kven ville ha

spådd det for ti år sidan! Så har

me sykkeltouren vår då, «Tour

de Valdres». Etter at me fekk ein

etappe i «Tour de France» for tre

år sidan, kom ideen om eit eige

lokalt løp her i Valdres. Her er det

terrengsyklistane som får boltre

seg. Dette sju etappar lange rittet

går på stigar, bygdevegar og stølsvegar

i alle valdreskommunane.

Med start og innkomst på Fagernes

har dette blitt ein stor folkefest.

Nettverket av stølsvegar gjer

at me kan variere med ulike etappar

kvart år – og er det ikkje veg,

kvir ikkje desse syklistane seg for

å ta terrenget i bruk. No i sumar er

det venta mellom 3 000 og 4 000

deltakarar, seier ho oppglødd. Ho

er sjølvsagt ein av dei.

Ny idrettsgrein. Ei anna populær

nyskaping er sykkelskyting. Dette

kan samanliknast med skiskyting,

men sidan jeger- og fiskeorgani-

sasjonane er med som arrangør,

er det viltfigurar og leirduer som

tener som blinkar. Det er særleg

i jegermiljøet denne nyskapinga

har slått an. I skibakken i Tveit

har det også blitt aktivitet att. I

den plastlagde traseen kan det

kjørast både sommar og vinter.

Stolheisen er populær også for dei

meir bedagelege, frå restauranten

oppe i Ranheimsbygda er utsikta

upåklageleg. Og om ein vil, er det

laga ein triveleg stig til spasertur

ned att.

Triveleg handelssentrum.

Men det er fyrst og fremst kombinasjonen

av handel, kafear,

kontorlokale, leilegheitsbygg og

aktivitetane i sentrumsområdet

Særleg etter at

TV2 tok til å sende

rakfisk-avstemminga

som eit direkte

underhaldningsshow,

har interessa for

festivalen og ulike

rakfiskprodukt teke

heilt av.

Heidi Arnesen

som gjer Fagernes til ein by. I

motsetning til dei store handelsbygga

på Leira er det mindre, men

trivelegare butikkar i Fagernes.

Her får du framifrå service, lokalkunnskapen

er god, og særpreget

gjer byen koseleg og spesiell.

Bondens marknad med utsal av

lokale produkt har slått bra an, og

kvar laurdag strøymer det ekstra

mange lokale matprodusentar og

handverkarar inn til torget for å

selja varene sine. Særleg er matvarer

frå dei stadig fleire økologiske

gardane ettertrakta. Utvalet

av små kafear og restaurantar er

godt, og grøne lunger skapar ekstra

trivsel. Her kan ein bilfritt vandre

gatelangs, og fleire opningar ned

mot fjorden innbyr til avslappande

kos nede ved Vesleøya

og Strøndafjorden. Pålebryggja

langs heile strandlina blir mykje

brukt. Her blomstrar romantikken

i svale sommarkveldar, forsikrar

Heidi. Båtlivet blomstrar også,

seglbåtane blir fleire og fleire

for kvart år. Båtplass ved ei av

båtbryggjene langs promenaden

er det blitt rift om. Fiskarane får

også sitt, langs fjorden er det lagt

til rette for fleire fiskeplassar, og

båtar kan dessutan leigast for alle

slags formål. Sommartid er båtrutene

innom dagleg og tek med

passasjerar oppover mot Fossheim

og Lomen.

Trim for alle. Ei spesiell naturløype

er det også blitt plass til.

Med naturen som hjelpemiddel

kan ein få utført ein gamaldags

sirkelgymnastikk her. Politikarane

og byråkratane i rådhuset

nyttar området til ei økt to gonger

i veka med rådmannen som leiar.

To sandvolleyballbanar er dessutan

hyppig i bruk om sommaren.

Nedgravne fryseelement gjer at

det vinterstid atter er mogleg å gå

på skøyter i parken. – Utruleg kva

ein kan få ut av den flotte parken

no når bilane er borte. Heidi Arnesen

siktar til det nye parkeringsbygget

oppe ved FK-senteret.

– Med seks etasjar under bakken

og tre over blir Fagernes nesten

ein bilfri by, smiler ho. Bysyklar

og hestedrosjer står til disposisjon

for dei som treng ein kjapp eller

behageleg byrunde.

Neselva trekkplaster. Vidare

er vassenteret frå Kvitvellafossen

og nedover til fjorden heilt unikt,

og mange småbyar misunner oss

dette, fortel Heidi. Her har me

eit minikraftverk med gjennomsiktige

tilførselsrøyr, eit gamalt

vasshjul går jamt og trutt, og oppe

ved fossen som er sikra ei god

minstevassføring, står det to trivelege

vindmøller og skøyter på

med ekstra kraft. – Godt at Fagernessnoa

kan nyttast til noko fornuftig,

seier Heidi. Fisking i elva

har blitt populært, og frå sidelina,

i glastunnelen under bakken, kan

publikum følgje med på om fisken

bit. Eit stort panoramvindauge er

støypt inn ved beste kulpen.

Høgskuletilbod. – Etter at politikarane

fekk i stand høgskuletilbod

innanfor bygdeutvikling og

miljø og helse her på Fagernes,

har me atter fått studentar i nærmiljøet.

Den nye avdelinga til

Universitetet Innlandet på Fagernes

er også eit godt tilskot både

for arbeidsplassar og studentar.

Sjølvsagt har hybelelevane frå

vidaregåande på Leira alltid vore

her, men noko vaksnare studentar

skaper eit anna liv, ikkje minst på

kveldstid, meiner Arnesen.

Rakfiskfestivalen

Akkurat no om dagen er Heidi

Arnesen faktisk oppteken med

planlegging av Rakfiskfestivalen.

Sjølv om det nesten ikkje er

nødvendig med marknadsføring

lenger – folk kjem uansett

program – er det mykje

tilrettelegging og kvalitetssikring.

Særleg etter at TV2 tok til å

sende rakfiskavstemminga som

eit direkte underhaldningsshow,

har interessa for festivalen og

ulike rakfiskprodukt teke heilt

av. Største utfordringa er å

skaffe husvære for alle. – Hadde

Fagernes lege ved sjøen, kunne

me leigt inn eit stort cruiseskip

til gjestene våre, men eit par

store sjøfly har blitt populære

overnattingsfartøy. Elles nyttar

me mobile brakkebyar og store

sovetelt. Om det på mange måtar

er tragisk med klimaendringane,

passar det milde haustvêret

rakfiskfestivalen og vår enkle

infrastruktur godt. Idrettslaget

tener også gode pengar på å vera

vaktmannskap. Elles har salet av

det «kongelege» rakfiskbestikket

vore ein stor suksess. Ari Behn

våga seg endeleg frampå att som

designar, og det vart endåa ein gong

braksal – trass forståsegpåarar

som tok fram slaktekniven.

Folkehotellet. Alle byar treng eit

flott og freistande hotell. Her har

Fagernes Hotell stått fram som

flaggskipet i alle år. Etter at ekte-

paret Ellen og Kjell Arne Berntsen

flytta inn med Aktiviteket og

også kom inn på driftssida, har

hotellet blitt vidareutvikla som ei

perle i byen. Her kjenner alle seg

heime, både VIP-gjester og bygdafolk.

For mange er Fagernes

Hotell sjølve helsehotellet, og her

har Ellen Berntsen utvikla eit produkt

som kombinerer fysisk aktivitet

med rett mat og velvære.

Alltid på farten: Heidi nyttar gjerne sykkelen i arbeidet sitt.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!