14.07.2013 Views

Fredag 15. juni 2017 - Valdres

Fredag 15. juni 2017 - Valdres

Fredag 15. juni 2017 - Valdres

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

Valdresbladet fredag 15. juni 2017

Flott arbeidsplass: Jon Eggen

har i alle år hatt utsikt til

Skutshødn frå kontorplassen

sin.

Då Valdres Natur- og Kulturpark vart oppretta for

ti år sidan, var det omtrent berre vangsgjeldingane

som hadde ein viss skepsis til nyordninga. Med store

eigedomar både heime og i fjella, var dei redde for at

staten kom til å setja restriksjonar mot ein del former

for utnytting av ressursgrunnlaget. Det var særleg

parknemninga som gjorde at mistrua var sterk.

No ti år etter vil dei fleste, også

i Vang, meine at dette har gått

retteleg godt. I starten var det

nok ein tendens til at det meste

skulle inn i ein felles Valdresmal,

noko særleg vangsgjeldingane

meinte var unødvendig. På fleire

felt var dei i denne kommunen

langt framme, både takka vera

gode kraftinntekter og framtenkte

føregangsfolk. Om ein mal skulle

leggjast vart det difor helst til at

eigen vangsmodell vart valt. Å

dra gjennom kommunen no er

ei estetisk reise ikkje berre av

naturopplevinga, men vel så mykje

på grunn av alle dei velstelte hus

og gardstun ein passerer. I Vang

tok dei tidleg eit tak for å samle

inn metallsøppel og bilvrak som

låg og rak og fekk rydda godt opp

både på gardstun og langs vegane.

Støtte til restaurering av gamle

hus var eit anna tiltak som gav god

effekt. Eit lite gulrotbeløp i støtte

var for mange puffet som skulle

til for at eit gamalt falleferdig

bygg fekk nye leveår.

Mangfaldige Vang

Still Vangsmjøs: Vindsenteret på Neset kan så absolutt også opplevast ein vindstill dag. Kvamskleiva til venstre og Grindadn midt i mot.

ungdommen attende. Tidlegare

kultursjef og skulesjef i kommunen,

Jon Eggen, har mykje av

æra for den positive utviklinga.

Sjølv påpeikar han at ingen ting

kunne vore gjort utan god støtte

blant politikarane. Han meiner

elles at arbeidet som vart starta

for eit par tiår attende, har gjort

folk meir bevisste på korleis det

ser ut både i nærmiljøet og kommunen

elles. Særleg minnest Jon

med glede prosjektet med turhandboka

og turkartet. Her vart

det samla mykje lokal kunnskap

om natur og kultur, og merking

og vedlikehald av stigane gav

sumarjobb til mang ein vangsungdom.

Det gjev oss også høve

til å kommentere ungdomssatsinga

i Vang som no ser ut til å gje

resultat i stor tilbakeflytting. – Ja,

me hadde ei bevisst haldning om

å gje ungdommane våre ei kommune

å bli glade i. Midlar til ungdomstiltak

er ein ting, viktig var

det og å skape møteplassar der dei

kunne kome i lag. No ser me at

svært mange etter endt utdanning

søkjer seg heimover att. Heldigvis

kan dei fleste finne seg ein god

arbeidsplass her. Mange har også

utvikla eigen arbeidspalass som

dei med dagens kommunikasjon

kan utføre uavhengig av kvar dei

bur. Og saknar dei bylivet, har me

jo Fagernes, smiler Jon.

Tilrettelagte verneområde.

Frå naturen si side er Vang raust

utrusta. I følgje lokalpoeten Olav

Gullik Bø skulle Vårherre ha

sagt «det siste varst det beste»,

då han for frå Vang, ferdig med

skaparverket. Sant eller ikkje,

mange har i alle fall fått augo

opp for vangsnaturen. Seks

verneområde og ein snipp av

Jotunheimen nasjonalpark kan

kommunen skilte med. Takka

vera lokal forvalting ligg dei slett

ikkje urørte og utilgjengelege.

Gjennom nøye planlegging

og tilrettelegging styrer

parkoppsynet den til tider store

tilstrøyminga av plante-, fugle-

og kvartærgeologisk interesserte

tilreisande. Urvalmua skal mange

sjå og under vårtrekket byr

Lomendeltaet som kommunen

deler med Vestre Slidre, på yrande

fugleliv. Frå eit oppsett fugletårn

kan hobbyornitologane studere

våtmarksfugl i teleskop. Elles har

Tyin Fjellsenter laga vekeskurs

der studentar kan studere korleis

isen har arbeidd med lausmassar

i Smådaladn naturreservat,

fjellfloraen ved Helin plantepark

og fuglelivet nedved Øynadn

naturreservat. Ein tur innom

edellauvskogen ved Tøso og Uri

barskogsreservat ved Leine blir

det gjerne også.

Vangsvinden. Det siste nye no

er at vangsvinden blir utnytta i eit

opplevingssenter på Neset. Det

gamle ysteriet har blitt heilt renovert

og med armert panoramavindauge

mot vest, kan ein her trygt

og godt oppleve naturkreftene

piske Vangsmjøse så vassprøyten

står himmelhøgt. Vil ein derimot

kjenne vindkrafta og vassprøyten

på kroppen, er det tilrettelagt for

det på takterrassen. Eit solid nett

i bakkant fangar opp dei som lyt

gje tapt for naturkreftene. Tilstrøyminga

er stor når sterk vind

er varsla. Og er det ikkje vind,

bles gjerne Fjellblom Musikklag

opp for deg. Terrassen blir

nytta som friluftsscene der lokale

musikk- og teaterkrefter stiller

opp gjennom sommaren. Senteret

gjev elles er informasjon om det

meste av det Vang har å by på og

forsyner både seg sjølv og nabolaget

med vindkraft. Båtruta til

Tindulv Grindo startar utanfor her

og Kvam, Sørre Hemsing og Øylo

Gjestgiveri vekslar på å traktere

både båtpassasjerar og besøkande

turistar gjennom sesongen.

21

Hyttebygging. Det var godt at

parken tidleg skjønte at me var

seks ulike kommunar, meiner

Jon. Det var rom for å dyrke

eigenarten, det betydde berre at

mangfaldet vart større. Sjølvsagt

er me også ein lagspelar og ser

absolutt nytta av å samarbeide for

å oppnå resultat til felles beste.

Spør me han om det ikkje er noko

ved utviklinga han er negativ til,

får me eit kjapt svar. – Hadde du

spurt for fire-fem år sidan ville

eg utvilsamt ha drege fram den

ukritiske gigantutbygginga i fjellheimen

vår. Hyttene vart store

gigantpalass utan rot i kva folk

verkeleg hadde behov for. Dette

var i høgste grad eit velferdsfenomen

der ein i mange tilfelle fekk

inntrykk av at hyttene vart spontanbestilt

og skulle leverast med

nøkkel i døra. Mange hadde ikkje

eingong eit forhold til fjellet, hyttene

var meir eit uttrykk for kor

rik og vellykka du var. No har det

kome ein sunn motreaksjon på

dette, det skal ikkje lenger forbrukast

meir enn det som er forsvarleg.

Folk vil ha enklare hytter,

dyrkar meir friluftslivet og tek del

i dei lokalt baserte aktivitetane i

natur- og kulturparken. Kanskje

er det nettopp parken og verdigrunnlaget

her som har vore med

og snudd trenden, avsluttar han.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!