14.07.2013 Views

Fredag 15. juni 2017 - Valdres

Fredag 15. juni 2017 - Valdres

Fredag 15. juni 2017 - Valdres

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

nyheiter

22 Valdresbladet fredag 15. juni 2017

Falken II på Strøndafjorden, Kvikk II i Slidrefjorden og Tindulv Grindo på

Vangsmjøsen er no klare til å starte opp dei populære rutene. Det var lenge uvisst

om Tindulv Grindo ville koma på kjøl tidsnok etter den dramatiske kantringa

på seinhausten i fjor. Orkankastet som den gongen kasta båten rundt og innpå

land utanfor Leirhol, var årsak til store øydeleggingar. Heldigvis gjekk ikkje

menneskeliv tapt.

Båtrutene klare for

Sluse ved Fossheim. Kjell Ivar

Fossnes i Reisemål Valdres er

svært optimistisk framfor årets

sesong. Etter at tunnelen gjennom

Slidreåsen vart ferdig i fjor vår,

har interessa for ein roleg båttur

oppover Slidredalføret verkeleg

teke av. Når no slusesystemet

ved Fossheim også står klart, kan

turen dermed gå heilt opp til Riste

bru. Jahn Børe Jansen i driftsselskapet

«Valdresbåtane AS» er

svært nøgd med at regionen har

medverka til bygging av slusene

ved Fossheim. – Dette er noko

eg har ivra for i alle år, og det er

stort å sjå både Falken og Kvikk

på fjorden og i slusene. Og reiselivsaktørane

langs ruta har gjort

dette til eit eineståande produkt.

Tilbodet trefte marknaden godt

no når «slow-trenden» har blitt

så populær. Folk roar seg også

ekstra om bord på ein båt som glir

gjennom vakkert landskap og byr

på ekte vare langs ruta.

Historisk forankring. Falken

II er som kjent kalla opp etter

den fyrste Falken som gjekk

mellom Fagernes og Fossheim i

åra 1906–1921, den gongen som

nyttig vidaretransport for turistar

og bygdafolk som kom til

Fagernes med toget. Etter kvart

tok rutebilane over denne trafikken,

og båtruta vart innstilt.

På Slidrefjorden hadde Kvikk

si rute mellom Løken Hotell og

Fossheim, men sidan båten var

alt anna enn kvikk, vart det med

berre ein sesong – sumaren 1911.

Men no opplever persontrafikken

på innsjøane våre ein renessanse.

Ein behageleg båttur der informasjon

om smått og stort langs ruta

blir formidla av kunnskapsrike

pensjonistar på godt bygdamål,

har vist seg å slå skikkeleg an. Me

har bestillingar og førespurnader

nesten kvar dag seier Fossnes i

Reisemål Valdres. Særleg er det

populært for bedrifter og grupper

å bestille midtsumarnattstur ved

fullmånetid. Også fritidsbåtane,

kajakk- og kanopadlarar nyt godt

av den nye slusa. Dei har merka

seg rutetidene og møter fram for å

bli med på «lasset» når båtane blir

slusa opp eller ned.

Opplevingstur. Falken II vil

starte opp komande laurdag frå

Leirasanden. Det blir sjølvsagt

stopp ved Fagernes og Ulnes før

båten legg inn til bryggja ved

Fossheim. Medan båten slusar

seg opp fossen, kan passasjerane

ta ein runde i opplevingssenteret

til Tine, utvikla av Hilde Solvin

gjennom mange år. Her kan ein

fylgje mjølka frå bås til bord

og elles nyte heile spekteret av

gode mjølkeprodukt. Sjølv om

særleg borna har vanskar med å

rive seg laus frå kyr, geit, sau og

hest og nokre meir eksotiske dyr,

går båtferda vidare oppover Slidrefjorden

etter ein times stopp.

Sume vel sjølvsagt å vera med

slidrebåten Kvikk II nedover att,

men dei fleste vil ha heile pakka.

Ikkje noko rart det, vakrare tur enn

Forgjengaren: Interessa

for båtturar var stor også

for hundre år sidan. Her

er Falken ved bryggja

utanfor Fagernes Hotell.

på Slidrefjorden må ein til Vang

for å finne! Det blir stopp ved

Tingsteinen og hjå Marit Anny si

vevstogo, før Falken II etter fem

timars ferd er ved endestasjonen

Hålimo camping. Her ventar rask

retur med buss eller om ein vil ha

med seg ein smak av vakre, ville

Vang, transport til Øylo hotell og

Sørre Hemsing. Her får ein tradisjonsmat

av beste slag, fleire

historier om gangne tider og elles

ein avstressande kveld i autentisk

miljø frå 1800-talet. Ei natt

på rommet som er dekorert av

Gerhard Munthe står høgt i kurs.

Ikkje minst fordi kjentfolk som

Grieg, Bjørnson og Nansen også

har overnatta i same seng.

Frå Øylo til Øye. Dagen etter

kan ferda fullførast med Tindulv

Grindo frå Neset til Øye. Båtruta

kom så smått i gang for fire år

sidan, og båten ber namnet til trollet

i Grindadn. Dramatiske fjell

og fossefall imponerer langs ruta,

likeins turen innom kvernene ved

Vennis. Ein tur innom kommunesenteret

med Vangssteinen og

gamalt hotell og butikkmiljø er

obligatorisk. I Øye er stavkyrkja

eit sjølvsagt mål. Dei fleste blir

med båten attende, men nokre vel

å gå siste etappen av Pilegrimsvegen

gjennom Rødalen fram til

Sankt Tomaskyrkja. Fyrste stopp

då er på den spektakulære brua

som fører E16 høgt og elegant

over Eltunsfossen.

Dukk!: Falken II kjem så vidt under Ulnesbrua ved normal vasstand.

Koseleg stopp: Båtturistane blir alltid tekne godt imot ved Marit

Anny si vevstogo.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!