Fredag 15. juni 2017 - Valdres
Fredag 15. juni 2017 - Valdres
Fredag 15. juni 2017 - Valdres
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
Valdresbladet fredag 15. juni 2017

Blide karar: Oddgeir Melbybråten og Torger Juel Fosse er fornøgde med utviklinga av slakteriet i Rogne.

Valdresukse til Paris

Det er ikkje berre natur- og kulturparken som har

tiårsjubileum i desse dagar. Også Helle slakteri i

Øystre Slidre kan markere at eit tiår er tilbakelagt

sidan storutbygginga i 2007

Ei flott tiårsgåve var det i så måte

at fjelluksen frå Valdres no har

hamna på menylista til Michelin

sine trestjernes restaurantar i Paris.

Dagleg leiar Oddgeir Melbybråten

og styreleiar Torger Juel Fosse er

synleg stolte over statusen denne

spesialiteten no har fått. Det

var etter stjernekokktreffet på

Beitostølen no i påska at eit par av

dei franske storkokkane verkeleg

fekk smaken på det saftige og

velsmakande kastratkjøtet frå

fjelltraktene våre. Kontakt vart

oppretta, og etter ein test blant dei

kresne parisarane var leveransen

sikra.

Sumarbeita er nøkkelen.

- Førebels er det ikkje dei store

kvanta som blir eksporterte, seier

Melbybråten, men eg ser ikkje

bort frå at etterspurnaden kan

spreie seg til andre byar både i

Frankrike og elles i Europa. Paris

er jo trendsetjande når det gjeld

nye matretter. Valdresbøndene

bør nok difor alt no merke seg

dette, det tek jo om lag to år frå

fødsel til ferdig slakt med denne

ekstensive produksjonen. Det er

dei flotte sumarbeita i fjellområda

våre som gjer kjøtet så smakfullt.

At me også har fått taket på foredlinga

lokalt med rett mørning

og handsaming, tel også med. Eit

heilstøypt valdresprodukt med

andre ord.

Lokal foredling. Praten går om

mangt frå dei ti åra etter at aksjeselskapet

Helle vart stifta. Styreleiar

Torger Juel Fosse nemner

alle signal om nedbygging av

landbruket som svært frustrerande

i starten. Landbruksoppgjera var

elendige, og internasjonalt var

det eit sterkt press for å redusere

tilskota til bøndene til fordel for

produksjon og import frå fattigare

land. Mange bønder gav opp,

og det såg unekteleg litt dystert

ut ei stund. Men så kom vendepunktet.

Lokal jordbruksproduk-

Gode fjellbeite: Fjellgraset i Valdres fell i smak både hjå Valdresuksen og

kresne parisarar.

sjon basert på ressursane på kvar

enkelt gard vart som me hugsar,

den nye og nødvendige trenden

også for bestemmande politikarar.

Her passa Helle sin strategi

perfekt inn. Målsetjinga om å

vera eit reint valdresslakteri som i

stor grad foredla råvarene sjølve,

slo godt an. Frå at dei i starten

sende ein tredel av slakta uforedla

vidare, greier slakteriet no å ta ut

ein meirverdi av nesten 80 prosent

av slaktedyra. I tiårsperioden har

arbeidsstokken auka frå 18 til 30

årsverk, og kapasiteten på 2 000

tonn i året er snart sprengd.

Vellykka varemerkebygging

– Valdres er for lite til at me kan satse

på nokon stor volumproduksjon,

seier Melbybråten, men med

nisjeprodukt konkurrerer me godt

påi marknaden. Gardbrukarane i

Valdres er flinke til å støtte opp

om oss, og det er difor moro å

kunne gje noko attende i form av

høgare utbetaling når produkta no

sel så godt. Varemerkebygginga

har lykkast over all forventning,

og det nye sporingssystemet gjer

at kundane no kan sjå kvar kjøtet

kjem frå. Særleg er hyttefolket

ivrige etter å få tak i produkt frå

dyr som har beita i nærleiken

av hytta deira. Me kan spore

heilt ned til leverandør, men har

valt å fokusere på geografiske

område. Med produktet følgjer

også historia til dyret fram til

slaktemoden alder.

Veksande marknad. Mat dreier

seg mykje om kultur, seier Oddgeir.

Hjå oss går det i små serieproduksjonar

som er berekna

på den lokale marknaden. Ved å

satse på verdiskaping i alle ledd

får me mykje ut av det leverandørane

skaffar oss. Nokre produkt

har slått godt an også utanfor Valdres.

Hellekurven og Hellekakene

er det stadig stigande etterspurnad

etter, og Helleskinka tek også til å

koma i siget. Utsalet me har fått

avtale med i hovudstaden, treng

stadig oftare påfyll av produkta

våre. Me vurderer liknande utsal

i fleire andre norske byar, fortel

han. Elles har salsbilen vår vorte

populær. Kvar fredag køyrer han

runda i hyttefelta i dalen og med

kyrbjøller og raut i høgtalaren

skjønar alle kven som kjem. Også

internetthandelen aukar, mange

synest det er lettvint å bestille på

den måten. Det verkar som folk

no prioriterer meir av økonomien

sin på mat. Me merka det særleg

etter at det vart restriksjonar på

flyreiser. Folk har difor no meir

oppdaga sitt eige land som feriemål.

Trenden er også at dei roar

seg meir når dei er på ferie og tek

seg tid til å bli betre kjende med

området dei ferierer i.

Matdag i mai. Etter den særs

vellykka opninga i mai 2007 har

Helle hatt ei årleg markering med

eit stadig veksande besøk. I år

kom jammen både landbruksministeren

og bygdeutviklingsministeren

innom arrangementet.

Det er jo val til hausten, og eit

besøk her er nok godt for stemmetala

frå distrikta. – At eg skulle få

oppleva busslaster med folk som

kjem for å vera med på matdagen

vår, hadde eg nok ikkje trudd i

2007, seier Oddgeir. Me har også

måtta ta i bruk eit par jorde til

alle bilane. Moro er det at både

bønder og byfolk treffest til hyg-

3

Her passa Helle sin

strategi perfekt inn.

Målsetjinga om å vera

eit reint valdresslakteri

som i stor grad foredla

råvarene sjølve, slo

godt an.

Oddegeir Melbybråten

geleg prat ved grillen eller rundt

dei ulike dyreinnhegningane.

Noko underhaldning har me òg,

men det viktigaste er at folk får

møtast. Særleg synest hyttefolket

det er stas å få møte folka bak produkta

dei kjøper. Mange blir med

på ein runde i slakteriet eller stikk

innom leverandørkroken. Her har

me samla leverandørar frå alle

valdreskommunane som kan fortelja

interesserte om garden og

produksjonen sin.

Tamrein. Oddgeir nemner til slutt

reinsdyra som eit spesielt Helleprodukt.

Dei to reinslaga i Vang

får fram noko av det beste reinskjøtet

me kan finne her i landet.

Produkta våre sel godt, og sjølve

slakteprosessen med inndriving

av dyr og avliving og slakting ute

i fjellheimen har blitt ein attraksjon.

Også det å få vera med

reinsgjetarane ein dag har blitt

ein nisje for dei aktive reinlaga.

Sjølve gjetinga har forresten blitt

meir krevjande med den veksande

rovviltstamma, men tapa har til

no heldigvis vore avgrensa.

Godt forsprang. Styreleiar og

dagleg leiar er samde om at det

har vore krevjande, men interessante

år etter nyopninga av Helle

Valdres. Optimismen er generelt

mykje større no enn for ti–tolv år

sidan. Opprettinga av natur- og

kulturparken betydde nok meir

enn me skjønte i starten. Me fekk

eit forsprang på andre område og

dalføre som me har klart å utnytte

godt fram til no, men konkurransen

har blitt sterkare, så her er det

berre å stå på framover!