Fredag 15. juni 2017 - Valdres
Fredag 15. juni 2017 - Valdres
Fredag 15. juni 2017 - Valdres
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
nyheiter

4 Valdresbladet fredag 15. juni 2017

Verda rundt: Ole Jørgen har eit vidt arbeidsfelt. Pingvinane i Antarktis er fascinerande fuglar synest han.

Med naturfokus

på Valdres

Ole Jørgen Liodden er ein travel kar. Med ti bøker bak seg og fotokurs og

ekspedisjonar frå Vassfaret til Antarktis er det reine flaksen at me treffer han

heime i det gamle skulehuset sør i Hedalen.

Snart tjue år har gått sidan han

etablerte seg som naturfotograf

og bokforfattar. Det var i 1998 at

verksemda Naturfokus kom som

eit friskt tilskot til næringslivet i

Valdres. Med målretta fokus gjekk

det fort rette vegen, og praktboka

om Valdres som kom i 2005, bana

veg for ein eventyrleg suksess.

Marknadsteft. – Det er viktig

å heile tida vera i forkant og ha

nase for kva marknaden vil etterspørja,

seier Ole Jørgen. – Skal

ein overleva i fotobransjen i dag,

er ein nøydd til å tilpasse seg,

så får ein heller dyrke spesielle

interesser som ein hobby. Det har

det diverre ikkje blitt mykje tid

til, men heldigvis har marknaden

og eg hatt nokså lik smak, så

dette har vore berre moro. Like

viktig som marknadsteft er det

sjølvsagt at Liodden set kvalitet

og grundig arbeid høgt og ikkje

leverer varer han veit kunne vore

gjorde betre.

Familieverksemd. Praten går

lett med denne fotoglade hedølen

som sysselset heile familien med

verksemda si. Kona Kirsti er

fulltidstilsett, og dei fire borna

hjelper til når ekstra innsats er

nødvendig. –

Og så gjer det jo seg med ungar og

folk på mange motiv, smiler han.

Men i periodar ser ikkje familien

så mykje til han, og dei må styre

bedrifta åleine. Fotokurs, eller

workshops som Liodden kallar

det, har blitt ein viktig syssel.

Han har også farta verda rundt på

ekspedisjonar med kameraet sitt.

Men no vender han nasen meir og

meir til heimlege trakter. Valdres

er jo kjempespennande og byr

på mange interessante tema for

workshops, hevdar han.

Hyttevaldrisar. Med betre

bustandard på hytta enn i heimen

har mykje av hyttefolket blitt

meir eller mindre bufaste i dalen.

Trenden no er eit rolegare liv der

friluftsliv og naturopplevingar

har teke over for internettmas

og mediekjør. Fotografering,

derimot, er blitt meir og meir

populært både for dokumenta-

sjon og kreativ utfalding. Mange

av hyttevaldrisane etterspør

kurs i digital fotografering. Dei

har god råd til å kjøpe seg dyrt

utstyr, men manglar kunnskap til

å bruke det skikkeleg. Boka mi

om dette temaet ligg nok i dei

fleste hyttene, meiner Liodden,

men direkte formidling er meir

populært, og kursa er fullteikna

lang tid i førevegen. Like viktig

som å utnytte kameraet til å ta

gode bilde er handsaminga av

biletdeilene i etterkant. Kursa tek

difor også føre seg databehandling

og arkivering. Dette gjer at

bruksverdien av biletda aukar,

folk føler at fotografiapparatet

blir eit endå betre dokumentasjonsverktøy

når dei meistrar

heile prosessen. Mange lagar seg

flotte bøker av dei private fotoa,

andre nyttar dei på hytteheimesida

eller skriv dei ut og limer dei

i hyttedagboka.

Villmarks-workshop i Vassfaret.

Også ulike workshops med

tema som natur, kultur og land-

Konsentrert fokus: Ole Jørgen Liodden har gjennom

målretta satsing, lykkast godt med verksemda si.

bruk har slege godt an dei siste

to–tre åra. Særleg stølslivet på

Stølsvidda har hatt mange nærgåande

fotografar i fjøs og fotspor.

– Men alle er positive og synest

det er moro at noko skjer, seier

Ole Jørgen. Vassfaret har også

fått ei spesiell tiltrekning no når

bjørnen er tilbake. Sjølv om dei

færraste får sjå bamsen, er spenninga

eit viktig trekkplaster. Men

i denne skogdalen er det mangt

anna å fotografere. Brøtningen

om våren er dramatisk og flott,

gamle buplassar og spor etter

gangne tider gjev utfordringar

for fantasien, og naturstemningar

finst over alt.

Ny Valdres-bok. Til hausten

kjem Liodden endeleg bok

nummer to frå Valdres. – Alt fekk

jo ikkje plass i boka som kom for

tolv år sidan, seier Ole Jørgen,

og eg oppdagar stadig nye perler

som fleire bør vite om. Dessutan

er boka på moten att, folk vil

heller kose seg med ei bok enn

å sjå på alle desse reklamekanalane.

Mange nyttar elles den

Vassfaret har også fått

ei spesiell tiltrekning

no når bjørnen er

tilbake. Sjølv om

dei færraste får sjå

bamsen, er spenninga

eit viktig trekkplaster.

Ole Jørgen Liodden

store LCD-skjermen som eit

skiftande kunstverk. Sjølv har eg

laga fleire biletdeseriar som folk

kan abonnere på, der biletda glir

over kvarandre med visse mellomrom.

Folk kan velja fotoserie

etter kva stemning dei er i eller

vil inn i. Kombinert med musikk

og lyssetjing gjev dette ei god

oppleving attåt god mat og godt

drikke.

Honnør til regionen. Ole

Jørgen minnest godt tida for ti år

sidan då natur- og kulturparken

vart etablert. Det var eit svært

viktig signal som regionråd og

politikarar rundt om i kommunane

gav den gongen, meiner

han. – Sats lokalt og utvikle dei

ressursane me har i Valdres, var

parolen. Me ser no at dette var

rette oppskrifta, det har verkeleg

blomstra på mange felt etterpå.

Ikkje alle har vore like framtidsbevisste.

Sjå berre på hallingane,

dei klarte ikkje å einast om ei

felles plattform, og mykje av det

lokale er blitt borte.