26.07.2013 Views

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Gruppe for ungdomsforsking har

som ambisjon å vere det sentrale

miljøet for forsking på ungdom i

Noreg. Gruppa dekkjer eit breitt

spekter av tema, men forsking på

rusmiddelbruk, vold og anna problemåtferd

utgjer likevel nokre

tyngdepunkt. Fleire forskarar arbeider

med ungdoms seksualitet,

og gruppa har i aukande grad retta

søkjeljoset mot etnisitet og fleirkulturelle

emne. Vidare finst det

prosjekt om skule, musikk, kreativitet,

friluftsliv, idrett og organisasjonsliv.

Eit gamalt satsingsområde

– som vil styrkjast ytterlegare

i åra som kjem – er natur og miljø.

Gruppa nyttar både kvalitative og

kvantitative metodar. Det har

dessutan vore tradisjon for longitudinell

metodikk, og i 2000 vart

den tredje oppfølginga av det opphavlege

«Ung i Norge»-prosjektet

– med første datainnsamling i

1992 – gjennomført med godt utfall.

Gruppa driv dessutan ei

rekkje lokale ungdomsundersøkingar

gjennom det såkalla UNGdatakonseptet.

Eit nytt prosjekt vil

rette merksemda mot ungdoms

medverknad og makt. Det skal

vidare gjennomførast ei ny stor

ungdomsundersøking med eit

nasjonalt representativt utval etter

mal av «Ung i Norge»-prosjektet.

På denne måten vil ein samle inn

basal kunnskap om ei rekkje

aspekt ved til dømes ungdoms

levekår, kultur og mentale helse.

Gruppa tok i 2000 initiativet til å

etablere eit nytt tidsskrift for ungdomsforsking.

Tidsskriftet har eit

nasjonalt siktemål og skal formidle

oppdatert ungdomsforsking

til forskarar, praktikarar og byråkratar

innan ungdomsfeltet.

Gruppa er tverrfagleg med vekt på

sosiologi, antropologi og psykologi.

Åtte av forskarane arbeider

med doktorgradsprosjekt, og ein

disputerte i 2000 for dr.polit.grada

ved Universitetet i Oslo. Det

er òg knytt fleire hovudfagsstudentar

til gruppa.

Gruppe for ungdomsforsking

MEDARBEIDARAR

Arild Hovland – forskar II / forskingsleiar (permisjon frå 01.08.)

Ann-Helen Bay – fungerande forskingsleiar frå 01.08.

Anders Bakken – forskar III / dr.gradsstipendiat

Øivind Fuglerud – forskar II (frå 16.08.)

Kristinn Hegna – forskar III

Hanne Cecilie Hougen – prosjektmedarbeidar (til 20.05.)

Olve Krange – forskar III / dr.gradsstipendiat

Jon Lauglo – forskar I (20 % bistilling – permisjon til 01.08.02.) /

professor ved NTNU

Geir H. Moshuus – forskar III / dr.gradsstipendiat

Hilde Pape – forskar II (permisjon til 17.09.01.)

Willy Pedersen – forskar I

Annick Prieur – forskar II (til 15.03.)

Marie Louise Seeberg – dr.gradsstipendiat (permisjon til 02.07.01.)

Ketil Skogen – forskar II

Elisabet E. Storvoll – forskar III / dr.gradsstipendiat (permisjon til 06.03.)

Åse Strandbu – forskar III (permisjon til 16.02.01.)

Leila Torgersen – forskar III

Viggo Vestel – forskar III / dr.gradsstipendiat

Lars Wichstrøm – forskar I (20 % bistilling) / professor ved NTNU

Guro Ødegård – prosjektmedarbeidar

Tormod Øia – forskar II (permisjon frå 13.10.)

NOVA Årsmelding 2000 13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!