26.07.2013 Views

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

pdf - 1,6 MB - Nova

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Status for dei strategiske instituttprogramma – SIP-ane

SIP I «VELFERDSTJENESTER I ENDRING»

Dette strategiske instituttprogrammet skal vere med å styrkje NOVA sin kompetanse når det gjeld å studere

tenesteyting og tenesteytande organisasjonar i førstelinjetenesta. Programmet er avgrensa til tre område: helseog

sosialsektoren, barnevernet og trygdesystemet. Tema kan samanfattast i tre punkt:

• organisering og innhald i tenestene

• tenesteytarar og brukarar

• velferdstenester i forløpsperspektiv

Desse prosjekta fekk midlar i 2000:

- «Hjemmetjenestene for eldre i nordisk komparativt perspektiv»

- «Integrerte omsorgsformer»

- «Brukerperspektiv på kommersielle tjenester»

- «Velferdstjenester i et moderniseringsperspektiv»

- «Barn som klienter»

- «Arbeidsdeling i endring. Forholdet mellom hjelpepleiere og sykepleiere»

I løpet av året har det vore tilskipa interne faglege seminar med presentasjon av dei einskilde prosjekta. To

inviterte forskarar har hatt eigne seminar.

I tillegg til prosjekta nemnde ovanfor har tre forskarar vore faste medlemer i programgruppa. Forskinga deira

er finansiert frå andre kjelder, men gjennom det tematiske nedslagsfeltet høyrer dei heime i gruppa. Desse

prosjekta er:

- «Saksbehandlers vurderingskriterier ved skjønnsmessige beslutninger om yrkesmessig attføring»

- «Praktikere på kvalitetskurs. Om kvalitetsledelse i hjemmetjenesten»

- «Velferdsstat og velferdskommune. Evaluering av handlingsplan for eldreomsorgen i 1998–2000»

SIP-koordinator: Tor Inge Romøren

SIP II «FORSØRGINGSKILDER I ET LIVSLØPS- OG GENERASJONSPERSPEKTIV»

I dette strategiske instituttprogrammet set ein søkjeljoset på samspelet mellom forsørgingsinstitusjonar i

samfunnet og forsørgingsplikter innan familie og slekt. Programmet byggjer på og fører vidare forsking som

har vore utført ved NOVA tidlegare. Tema kan samanfattast i følgjande tre punkt:

• familien som forsørgingsinstitusjon – med særleg vekt på forsørgingsformer, -ansvar og -normer,

forvalting av formue og overføringar mellom generasjonane

• samspelet mellom private og offentlege forsørgingsinstitusjonar – med særleg vekt på åtferda, haldningane

og normene til private, individuelle aktørar

• fordelingsverknader – med særleg vekt på fordelingsprinsipp og -prosessar og det fordelingsresultatet som

er utgangen av dei tilpassingane folk gjer til dei gjeldande forsørgingsinstitusjonane

Desse prosjekta fekk midlar i 2000:

- «Familien og velferdsstaten – samspillet mellom offentlig og privat forsørging og fordeling»

- «Inntekts- og formuesforhold for fedre som betaler barnebidrag»

- «Familien som forsørgingsinstitusjon»

I 2000 har mykje av tida gått med til å førebu ei landsomfattande datainnsamling som vil verte utført i januar

og februar 2001. Elleser det lagt vekt på å halde kontakt med personar og miljø – både her heime og

internasjonalt – som arbeider med liknande problemstillingar.

I 2001 vil arbeidet med å analysere dei nye data leggje beslag på det meste av tida. Ein planlegg òg å leggje

fram resultat av desse analysane på internasjonale konferansar.

SIP-koordinator: Åsmund Langsether

NOVA Årsmelding 2000 31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!