Spør deg sjølv kvifor du berre har ein munn, men to øyre - Vestfold

dksvestfold.no

Spør deg sjølv kvifor du berre har ein munn, men to øyre - Vestfold

Spør deg sjølv

kvifor du berre

har ein munn,

men to øyre

2013/2014


Ikkje høyr på

far din, opplev

det sjølv

VIDAREGÅANDE


4

Medverkande:

Stein Inge Brækhus John,

Mponda, Anania Ngolija,

Tor Yttredal, Jørn Øien

Produsent:

DKS Rogaland

Tidspunkt:

Veke 47 og 48, 2013

Stad:

På skulane (gymsal/aula)

Publikum per konsert:

Avhengig av lokalet

Konsertar per dag:

Tre

Varer:

45 minutt

TAZANO

Tazano er eit band med fem tanzanianske og norske musikarar. Med drivande rytmar

og fengande melodiar tek bandet publikum med til ei spennande musikalsk verd.

Tanzania er eit land fattig på pengar, men rikt på kultur, og det vert prova til fulle

under denne konserten.

Musikarane er Stein Inge Brækhus (perkusjon), John Mponda (song, tanzanianske

trommer og norsk seljefløyte), Anania Ngolija (tommelpiano og song), Tor Yttredal

(saksofonar) og Jørn Øien (tangentar). Desse har spelt saman over fleire år, og gitt

konsertar både i Tanzania og Noreg, inkludert den kritikarroste opningskonserten

på MaiJazz i 2010.

Fotograf: Alliance Française Dar es Salaam

Fotograf: Ingrid Kjosavik

SONgbird

Medverkande:

Ingrid Kjosavik, Svein Olav

Hyttebakk, Knut Aabø

Produsent:

DKS Rogaland

Tidspunkt:

Haust 2013 – Vår 2014

Stad:

På skulane (gymsal/aula)

Publikum per konsert:

120

Konsertar per dag:

To

Varer:

45 minutt

Eva Cassidy er den amerikanske songfuglen med den klokkeklåre røysta. Ho slo gjennom

som artist først etter at ho døydde i 1996, berre 33 år gammal. Eigenarta tolkingar av

kjende låtar var det som var hennar store styrke. I dag er det kanskje først og fremst

hennar versjon av Over the Rainbow som er kjend, ikkje originalen med Judy Garland.

I denne konserten gjev songaren Ingrid Kjosavik liv til Eva Cassidy sine musikalske tolkingar

av eit knippe kjende låtar, akkompagnert av musikarane Svein Olav Hyttebakk

og Knut Aabø.

5


Fotograf: Andy Bell

Medverkande:

Petter Frost Fadnes,

Ståle Birkeland,

Chris Sharkey,

Dag Egil Njaa,

Eirik Bekkeheien (lyd)

Produsent:

DKS Rogaland

Tidspunkt:

Veke 6 og 7, 2014

Stad:

På skulane

Publikum per framsyning:

Avhengig av lokalet

Framsyningar per dag:

To

Varer:

40 minutt

SPEiL

Speil er ei framsyning elevane er med på å skapa, samansett

av levande musikk og videokunst. Eit par veker før konserten

kan elevane lasta opp korte videofiler frå skulen sin på ei eiga

nettside. Mattetime, skuleteater, fotballtrening, eller samtalar

og små kvardagssituasjonar - alt som kan vera med på å skapa

eit bilete av livet på skulen.

Opptaka kan gjerast med utstyr som elevane har tilgjengeleg,

som smarttelefon, nettbrett eller videokamera. På førehand

vil ein av utøvarane vitja nokre klassar på kvar skule for

å introdusera prosjektet, visa korleis opptaka skal brukast

og korleis dei lett kan lastast opp på nettsida.

Dag Egil Njaa vil skapa opptaka om til videokunst under

framsyninga, medan musikarane i trioen The Geordie Approach

skapar eit lydbilete med element frå mellom anna housemusikk,

rock, jazz og samtidsmusikk. Noko av musikken er

komponert på førehand, og noko vert improvisert der og då.

Framsyninga vert dermed unik for kvar skule.

7


8

Medverkande:

Didrik Ingvaldsen, Anders

Gjerde, Dag Magnus

Narvesen

Produsent:

DKS Rogaland

Tidspunkt:

Haust 2013 – Vår 2014

Stad:

På skulane (blenda aula)

eller på næraste kino

Publikum per framsyning:

Avhengig av lokalet

Framsyningar per dag:

To

Varer:

80 minutt

METrOPOLiS

Metropolis er ein science-fiction film som vart laga i Tyskland

i 1925 av Fritz Lang. Handlinga i filmen er lagt til den oppdikta

byen Metropolis i 2026.

Metropolis har gjennom dei siste tiåra inspirert filmskaparar

og kunstnarar, noko som kan sjåast i musikkvideoar som

Madonnas Express Yourself og Queens Radio Ga Ga.

Korleis såg ein filmskapar i mellomkrigstidas Tyskland for seg

framtida? Filmen er spekka med spesialeffektar som framleis

kan ta pusten frå oss. Men Fritz Lang sin framtids-visjon er

òg full av peikarar mot han som skulle bli Tysklands sterke

mann og starta andre verdskrig.

Metropolis er ein stumfilm, og DKS Rogaland har fått komponert

ny musikk som speglar filmens science fictionsjanger i vår

eiga tid. Musikken vert framført live av ein trio under leiing

av Didrik Ingvaldsen.


Fotograf: Elisabeth Krey Jenssen, SSO

Medverkande:

Stavanger Symfoniorkester,

Boya Bøckman

Produsent:

Stavanger Symfoniorkester

Tidspunkt:

25. og 26. september 2013

Stad:

Stavanger Konserthus, Zetlitz

Publikum per konsert:

600

Konsertar per dag:

To

Varer:

40 minutt

MANYWOrLdS – 3d-FiLM

Vi kan observera fire dimensjonar: Høgd, breidd og lengd

— i tillegg til tid. Sjølv om vi ser verda rundt oss, er det også

mange ting vi ikkje kan oppdaga.

Den norske komponisten Rolf Wallin har gått saman med

videokunstnaren Boya Bøckman om å laga eit musikalsk

og visuelt univers basert på kvantefysikk og matematiske

formlar. Videokunsten er laga i 3D-film og viser oss ei verd

som vi elles ikkje kan sjå.

Wallin og Bøckman har tatt utgangspunkt i det som

i teoretisk fysikk blir referert til som ”string and membrane

theories”. Teorien legg til grunn at ”strenger” vibrerer i ulike

dimensjonar, og at dei avhengig av korleis dei vibrerer,

kan bli observert i tredimensjonalt rom som materie,

lys og gravitasjon. Feltet er under stadig utvikling med

vitskapsmenn som Stephen Hawking i spissen, og er av

enkelte kalla Theory of Everything.

11


Fotograf: Knut Bry

Medverkande:

Jørn Bjørn Fuller-Gee,

Ida Holten Worsøe

Produsent:

Jo Strømgren Kompani/

Hålogaland Teater

Tidspunkt:

Veke 44, 2013

Stad:

Kulturhus (eks: Festiviteten,

Suldal og Sandnes Kulturhus)

Publikum per framsyning:

Avhengig av lokalet

Framsyningar per dag:

To

Varer:

60 minutt

Verkstad varer:

Tre timar

grENSEN

Ein mann og ei kvinne deler ein arbeidsplass. Dei har gjensidig

respekt for kvarandre, men under overflata utspelar seg

ein kamp om territorium. Mannen og kvinna kjempar også

ein kamp mot kjenslemessig avhengighet, både overfor

kvarandre, spelet og den farlege blandinga av desse, noko

som ofte oppstår mellom to personar av motsett kjønn.

Gjennom tekst og rørsle, dans og teater, humor og sensualitet

utviklar seg ei fascinerande framsyning som stadig tek nye

vendingar. Med litt fantasi kan ein også sjå ei anna tolking:

Kan vanskane til dette paret også vera eit bilete på ein

klassisk grensekonflikt mellom to land?

danseverkstad

I tillegg til framsyninga får elevane tilbod om ein verkstad,

der dei kan få eit nærare innblikk i Jo Strømgren Kompanis

metode og form. Mange skodespelarar legg større vekt på

røysta enn kroppen. Jo Strømgren Kompani vil med denne

verkstaden visa korleis ein kan utvikla eit personleg kroppsspråk.

Passar særleg for elevar ved MDD, men også for andre som

er opne for å kasta seg utpå!

13


Fotograf: Jiri Jelinek

Medverkande:

Helder Deploige, Iva Moberg,

Kieran Edwards, Guri Glans,

Dagfinn Tutturen

Produsent:

NiE teater

Tidspunkt:

Haust 2013 - Vår 2014

Stad:

På skulen (gymsal, blackbox

eller stort klasserom).

Publikum per framsyning:

60

Framsyningar per dag:

To (Tre viss same skule fleire

dagar på rad)

Varer:

60 minutt, inkludert 10 minutt

i utstillinga

MiNNENES MUSEUM

Vi kan ikkje heilt stola på minna våre, og likevel eksisterer

det ingen annan røyndom enn det vi hugsar. Kvar augneblink

vi lever får meining gjennom fortida. Notid og framtid

ville missa all meining viss fortida var viska ut av minnet

vårt. Mellom oss sjølv og ingenting står evna til å hugsa.

Inne i eit rom fylt av minne rekonstruerer fem menneske eit

liv som er slutt. To brør, ein nabo, ein lærar og ein kjærast.

Med varme, musikk og humor fortel dei historier om ein

dei har mist.

Etter framsyninga opnar skuffene i arkivet seg og blir til eit

lite museum, eit refleksjonsrom med ulike sanseopplevingar

som kan vekka assosiasjonar til eige liv og eigne minne.

NiE vann Gullsekken for beste produksjon i 2011.

Stykket vert spelt på norsk og engelsk.

15


Medverkande:

Amund Sjølie Sveen

Produsent:

Amund Sjølie Sveen

Tidspunkt:

Haust 2013 - Vår 2014

Stad:

Skulen, auditorium eller

scene (ikkje gymsal)

Publikum per framsyning:

200

Framsyningar per dag:

To

Varer:

60 minutt (inkl samtale

etter framsyninga).

SOUNd OF FrEEdOM

Eit performance-foredrag om lydens fysikk, norsk våpeneksport og krigens evne til

å skapa meining. Slagverkar og komponist Amund Sjølie Sveen dissekerer det norske

sjølvbiletet og eigen kunstnarleg verksemd. Med lyd, musikk, bilete og ord vert publikum

tekne inn i ei av Noregs største noverande kontroversar: Fredsnasjonane som tener store

pengar på våpeneksport.

Dette er musikk på liv og død! Som major Hilding Runar seier det: ”Musikk kan endra

folks liv.” Eller som sersjant Mark Hadsell seier det: ”Om vi spelar heavy rock for deg

24 timar i strekk, byrjar hjerne- og kroppsfunksjonane dine å svikta, tankerekkene går

saktare, og viljen din blir broten ned.”

Fotograf: Elisabeth Høiberg

THE POWEr OF gLESbYgd

Medverkande:

Tomas Eriksson

Produsent:

Tomas Eriksson

Tidspunkt:

Haust 2013

Stad:

Helst auditorium,

evt klasserom.

Publikum per framsyning:

60-90

Framsyningar per dag:

To

Varer:

60 minutt

Tomas Eriksson er kunstnar med bakgrunn frå kunstakademiet i Trondheim og primus

motor bak HÅKKI-serien saman med Mats Stenslet og Bjørn Kowalski. For nokre år

sidan arbeidde han med å samla inn ”skrönor, bullshit och sanna historier” i eit prosjekt

kalla Berättarboden. Dette er eitt av resultata.

Med The Power of Glesbygd (Bygdas kraft) gir Tomas Eriksson oss fleire usensurerte

historier og tankar frå bygde-Sverige. Historiene vert serverte i form av god gammaldags

munnleg formidling, ein slags bygde-stand-up, krydra med litt film og lyd.

Vi oppdagar at vi lett identifiserer oss med historiene. Det spelar ikkje stor rolle om ein

er frå Stavanger, Hjelmeland eller Nesflaten. Det er ein rånar i dei fleste av oss!

Sound of freedom vert formidla på engelsk.

16 17

Fotograf: Tomas Eriksson


18

Medverkande:

Tove Skagestad

Produsent:

DKS Rogaland

Tidspunkt:

September 2013

Stad:

På skulane

Publikum per formidling:

Etter avtale med skulen

Varer:

60 minutt

TrO, HÅP Og rEVOLUSJON

Sedegheh vaks opp i Teheran medan Beatles og miniskjørt var på moten. Som radikal

student full av framtidsdraumar stod ho på barrikadane for å styrta den USA-venlege

sjahen i 1979. Venstreradikale og religiøse kjempa side om side, men i demokratiets

namn og med islam som våpen vann mullaene maktkampen etter revolusjonen,

og tidlegare støttespelarar vart forfølgde, torturerte og drepne. Sedegheh måtte leva

vidare under ei streng og bokstavtru tolking av sharialovene frå 600-talet.

Sedeghehs historie er om å leva eit dobbeltliv under eit fundamentalistisk prestestyre,

om flukt, sakn, lengsel og håp, og om å skapa seg eit nytt liv i eit nytt land. Med ein

traumatisert mann og to små søner klarte ho å arbeida seg opp frå å vera vaskehjelp

til å ta doktorgraden her i Noreg. Men kroppen gløymer aldri fortida.

Boka tar opp mange tema som går rett inn i dagens samfunnsdebatt, og ikkje minst

gjev den eit historisk bakteppe til det som no skjer i Midtausten, som ser ut til å bli ein

blåkopi av det som hende i Iran for meir enn 30 år sidan.

Foto: Tro, håp og revolusjon

Medverkande:

Sigri Sandberg Meløy

Produsent:

DKS Rogaland

Tidspunkt:

Haust 2013

Stad:

På skulane

Publikum per formidling:

120

Formidlingar per dag:

To - tre

Varer:

Ein eller to timar

POLArHELTiNNEr

«Wanny skaut ein isbjørn, Ellen fødde aleine i ei fangsthytte, Cecilie kryssa heile

Antarktis med rein muskelkraft.» Forfattaren av boka Polarheltinner, Sigri Sandberg Meløy,

som sjølv er busett på Svalbard, fortel frå boka om kvinnelagnader i Arktis. I etterkant

kan ein diskutera omgrepet helt. For kva er eigentleg ei heltinne? Og kva er ei bragd?

Boka fortel om sju kvinner som dei siste hundre åra har erobra plass i ei maskulin verd,

og prøver å gje innsikt i dragninga mot strabasar, kulde, ro og einsemd – og kjærleiken

til ein sårbar natur.

Etter formidlinga kan ein velja eit innføringskurs i journalistikk, med utgangspunkt

i historiene til desse kvinnene. Elevane får innføring i bruk av kjelder og intervjuteknikk.

Foto: Polarheltinner

19


20

Medverkande:

Lars Tønnessen (Atlars),

Ørjan Johansen, Roar Skjelbred

Produsent:

DKS Rogaland

Tidspunkt:

Haust 2013

Stad:

På skulane

Publikum per formidling:

Avhengig av lokalet

Formidlingar per dag:

To

Varer:

45 minutt

HELE rOgALANd LESEr

Med utgangspunkt i ein fersk antologi med tema makt, avmakt og likegyldigheit, presenterer

DKS to ulike formidlingar knytt opp mot denne boka. Kjende og meir ukjende forfattarar

knytt til Rogaland, uttaler seg om kven som eigentleg sit på makta i regionen vår. Kven har

makt, kven har ikkje, og kvifor er det så mange som ikkje bryr seg?

Hipp hopp og garborg

Rapparen Atlars, musikaren Roar Skjelbred og Ørjan Johansen frå Garborgsenteret

skal ut på vegen for å få skuleungdom nyfikne på politikk ved hjelp av rytme, skråblikk

og språkleik. Dei vil dra ei line frå samfunnskritikaren Garborgs tid til Atlars’ rap. Er Rogaland

det tiljubla oljesamfunnet me vil ha? Kor lenge kan det vara? Er det rett å nyta billige varer

laga av barn og andre under kummerlege vilkår i andre delar av verda? Korleis står det til

med ytringsfridomen? Religionsfridomen? Demokratiet? Likestillinga? Og går eigentleg

verda framover?

Medverkande:

Lene Ask, Bjørn Arild Ersland

Produsent:

DKS Rogaland

Tidspunkt:

Haust 2013

Stad:

På skulane

Publikum per formidling:

Avhengig av lokalet

Formidlingar per dag:

To

Varer:

45 minutt

Makt, avmakt og idiotar

Teikneserieforfattaren og illustratøren Lene Ask og forfattaren Bjørn Arild Ersland

skal for fyrste gong jobba saman. Det som bind produksjonen saman er tre ord:

Makt, avmakt og likesæle.

Lene og Bjørn Arild har det til felles at dei trass i eit lågmælt uttrykk ofte kjem med

skarpe samfunnskommentarar. Med foto, tekst, teikneseriar og biletbøker har dei kvar

på sin kant vore med på å tøya rammene for dei tradisjonelle sjangrane.

I møte med elevane har dei med seg ein ubrukt teikneblokk og ein god porsjon undring.

Slik vil dei nærma seg orda frå ulike kantar. Dette blir ein visuell og humoristisk

formidling som skal visa elevane kva politikk er og kan vera.

21


Foto: Til Ungdommen

Medverkande:

Tone Grøttjord (produsent)

Kari Anne Moe (regissør)

Produsent:

DKS Rogaland i samarbeid

med Sant & Usant

Tidspunkt:

Haust 2013 – Vår 2014

Stad:

På kino i Haugesund,

Stavanger, Sandnes,

Egersund eller Strand

Publikum per formidling:

Etter avtale med skulen

Formidlingar per dag:

To

Varer:

113 minutt + diskusjon

i etterkant

TiL UNgdOMMEN

Til Ungdommen er forteljinga om fire ungdommar som er

politisk aktive når terroren rammar Noreg. Sana, Henrik,

Haakon og Johanne er med i ulike ungdomsparti. Vi følgjer

desse fire fram mot og gjennom valkampen i 2011.

Når filmen startar, er ungdommane i ferd med å førebu

seg til haustens valkamp. Sana (16) øver seg på å ta ordet

framfor eit publikum, Henrik (19) er lei av å forsvara seg

mot radikale ungdommar som seier partiet hans er rasistisk.

Haakon (19) har ambisjonar om å bli vald inn i kommunestyret,

og Johanne (18) er i ferd med å trekka seg som

debattant i skulevalet fordi ho ikkje taklar presset.

Men så hender det noko som endrar alt. Oslo vert ramma

av terror. Regjeringskvartalet vert bomba og ein høgreekstrem

massemordar gjennomfører ein massakre under AUF sin

sommarleir på Utøya.

Etter filmen kjem regissør eller produsent til å vera til

stades for diskusjon.

23


24

Foto: Språk og strid- Per

A.D.Jynge

EVENTYrLANd

Medverkande:

Arild Østin Ommundsen/

andre medverkande

Produsent:

DKS Rogaland

Tidspunkt:

Haust 2013

Stad:

På skulane eller næraste kino

Publikum per framsyning:

Avhengig av lokalet

Framsyningar per dag:

To

Varer:

Tre timar

Ved eit uhell blir den småkriminelle Jenny innblanda i eit drap. Ho må sona fleire

år i fengsel. Vel ute etter soninga ventar det ho har gledd seg mest til: Å få vera

saman med den sju år gamle dottera. Men ute i livet finst også menneske frå livets

skuggeside – og frå fortida til Jenny – som ikkje har tenkt å la henne heilt utan vidare

starta eit nytt og betre liv.

Etter filmen får elevane møta regissøren Arild Østin Ommundsen, også kjend for

Mongoland, Monstertorsdag og Rottenetter. Han vil fortelja om den uvanlege

produksjonsmetoden han valde, der han sjølv har stått for både manus, foto

og klipp. Innspelinga av filmen har vore spreidd over eitt og eit halvt år med eit

minimalt budsjett. Dette har gjeve Arild eit heilt anna handlingsrom enn kva som

er vanleg i tradisjonell norsk filmproduksjon.

Medverkande:

To formidlarar/filmskaparar

Produsent:

DKS Rogaland i samarbeid

med KINOKINO

Tidspunkt:

13. november 2013

Stad:

KINOKINO – senter for

kunst og film, Sandnes

Publikum per framsyning:

175

Framsyningar per dag:

To

Varer:

145 minutt

KOrT PÅ KiNOKiNO – FiLMFESTiVAL

KORT viser det beste og mest nyskapande innan norsk og nordisk kortfilm.

Festivalen er ein møtestad for profesjonelle og ferske filmskaparar, ein kreativ og

pulserande arena for alle som arbeider med film og video. KORT på KINOKINO tilbyr

spennande føredrag av internasjonale utøvarar innan filmbransjen, aktuelle debattar,

verkstader m.m.

Tema for festivalen 2013 er LYD. Festivalen går føre seg 14. – 17. november.

KINOKINO – senter for kunst og film — tilbyr vidaregåande elevar smakebitar frå festivalen.

Elevane vert inviterte til VORSPIEL KORT – på dagtid før sjølve opningskvelden. Eitt av

kortfilmprogramma blir vist som eit VORSPIEL. Elevane vert inviterte til samtale om

kva som kjenneteiknar ein god kortfilm.

25


Medverkande:

Kenneth Varpe, Vegar Hoel

Produsent:

DKS Rogaland i samarbeid

med Screen City

Tidspunkt:

September/oktober 2013

Stad:

På skulane

Publikum per formidling:

30 elevar

Formidlingar per dag:

To

Varer:

90 minutt + 60 minutt

oppfølging

SCrEEN CiTY: bYEN SOM LErrET

Film din by på eitt minutt

Skodespelar og filmskapar Vegar Hoel og biletkunstnar Kenneth Varpe vil gje elevane

ein introduksjon til film- og videomediets historiske og teknologiske utvikling.

Kenneth og Vegar vil sjå på korleis vi kan bruka levande bilete utanfor den tradisjonelle

filmen. Fokus ligg på kunstfeltet og det offentlige rom. Elevane lærer å skriva, produsera

og ferdigstilla ein film på sine eigne mobiltelefonar.

Elevane skal ta utgangspunkt i byen og bruka han som lerret til historieforteljing. Dei vil

også få delta i ein konkurranse der vinnarane får vist verka sine under Screen City Festivalen

i Stavanger i oktober/november 2013. Deltakarane vil òg kunna få tilbakemelding av

Vegar og Kenneth før innlevering.

Medverkande:

Formidlarar frå Nuart

Produsent:

Nuart

Tidspunkt:

15. september

– 17. oktober 2013

Stad:

Tou Scene

Publikum per formidling:

30

Formidlingar per dag:

Tre

Varer:

90 minutt

STrEETS AHEAd

Nuart er igjen klar til å ta over gater og galleri med urban art, ei av verdas nyaste

og mest dynamiske kunstformer. Årets utstillingsprogram er sett saman av ei utstilling

på Tou Scene og fleire verk utandørs, sosiale mediekanalar og ei tilrettelagt Tumblr,

der elevane kan lasta opp eigne arbeid. Elevane får ein presentasjon av kunstverka og

kan delta aktivt i å produsera sitt eige innhald.

Elevane vert inviterte til å dokumentera street art for vår Nuart biletblogg. Dei kan

mellom anna nytta smarttelefonar, lesebrett, Instagram, Tumblr, Facebook, Twitter

og bloggar for å dokumentera og distribuera kreativt.

For meir informasjon sjå www.screencity.no.

26 27


PUbLiC ArT SCrEENS

Produsent:

i/o-lab

Tidspunkt:

Haust 2013 – Vår 2014

Stad:

På skulane

Public Art Screens er ein ny og unik formidlingskanal for samtidskunst til skulane.

Aktuell videokunst, animasjon og foto, laga av profesjonelle nasjonale og internasjonale

kunstnarar, vert formidla på kunstskjermar.

Ved hjelp av dei touchbaserte kunstskjermane vil elevane kunna gjera seg kjende med

samtidskunst heile døgnet, alle dagar. Kunstskjermane kan koplast til lyd, og ein kan

nytta hovudtelefonar om ein ønskjer ei meir diskret oppleving. Det er behov for tilgang

til straum og internett. Skjermane vert leverte og monterte på skulen, og dei kan vera

på skulen etter avtale. Det vert utarbeidd eit hefte som omhandlar dei aktuelle

kunstverka til bruk for lærarane.

Medverkande:

Lise-Marte Vikse Kallåk

Produsent:

Haugesund Billedgalleri

Tidspunkt:

Oktober 2013

Stad:

Haugesund Billedgalleri

Publikum per formidling:

30 (2 x 15)

Formidlingar per dag:

To

Varer:

120 minutt

LESS iS MOrE

Less is more er ei utstilling av haugesundskunstnaren Trygve Goa (1925-2013), der

linoleumssnittet er reindyrka. Bileta er kjenneteikna av eit eineståande samsvar mellom

form, innhald og teknikk. Alt som ikkje er naudsynt, er skore bort. Tilbake står reine,

svarte flater og liner mot kvitt papir. Goa er omtalt som meister i forenkling.

Goa var oppteken av maktmisbruk og avmakt, einsemd, liding og naud. Tema for denne

produksjonen er «Det ondes problem».

Gjennom formidling, samtale og verkstad vil elevane bli kjende med kunstnaren

og teknikken han nytta.

28 29


Medverkande:

Lise-Marte Vikse Kallåk

Produsent:

Haugesund Billedgalleri

Tidspunkt:

16. januar – 2. mars 2014

Stad:

Haugesund Billedgalleri

Publikum per formidling:

30

Formidlingar per dag:

To

Varer:

90 minutt

EVENTYrLig. gAMLE FOrTELLiNgEr

i NY drAKT

I samband med 200-årsjubiléet for eventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe, har

Nasjonalmuséet for kunst, arkitektur og design utvikla ei utstilling inspirert av muséets

eiga samling av eventyrteikningar. Illustrasjonane til dei norske eventyra er ein viktig

del av vår felles kulturarv og eit høgdepunkt i norsk illustrasjonskunsts historie.

Gjennom formidling og verkstad vert elevane kjende med mellom andre

Theodor Kittelsen og Erik Werenskiold sine illustrasjonar til folkeeventyra.

Medverkande:

Formidlar ved

Garborgsenteret

Produsent:

MediaFarm/DKS Rogaland/

Garborgsenteret

Tidspunkt:

Haust 2013 – Vår 2014

Stad:

Garborgsenteret

Publikum per formidling:

12-20

Formidlingar per dag:

To

Varer:

90 minutt

SPrÅK Og STrid

Strid er eit interaktivt rollespel der elevane blir presenterte for Heimland. Her skal det

vera ei folkeavrøysting om engelsk som nytt offisielt språk. Deltakarane jobbar gruppevis

for å vinna folkeavrøystinga, dei svarer på e-post og telefonar, gjer oppgåver, samlar

argument og førebur debatt. Undervegs møter dei dramatiske nyhende og får gjennom

meiningsmålingar sjå korleis dei ligg an. Heilt til slutt er det debatt og folkeavrøysting.

Rollespelet Strid vekker konkurranseinstinktet, og medan klokka tikkar ned, forstår

elevane at språk er meir enn berre ord. Både identitet, likestilling, demokrati, rettferd

og kultur blir viktige moment i spelet, som i det verkelege livet.

30 31

Fotograf: Per A.D.Jynge


Foto: MineSpråk

Medverkande:

Terje Torkildsen,

Fredrik Brimsø,

Lars Tønnessen (Atlars)

Produsent:

Nynorsk kultursentrum

Tidspunkt:

Haust 2013 - Vår 2014

Stad:

På skulane

Publikum per formidling:

30

Formidlingar per dag:

To

Varer:

90 minutt

MiNE SPrÅK

Haldning til språk og leik med språk står sentralt i produksjonen

Mine språk, som er inspirert av stand-up-sjangerens form

og verkemiddel.

Framsyninga har form som ein humoristisk undervisningsdialog

mellom ein språkekspert og assistenten hans. Her får

elevane servert kuriøse fakta om nynorsk, overraskande

tankerekkjer om ulike språk i verda og leikande formidling om

korleis vi brukar språket til å uttrykkja oss.

Etter framsyninga får elevane god rettleiing i å laga sketsjar

som viser aktiv språkbruk i praksis. Timane blir avslutta med

framsyning av sketsjane til kommentarar frå formidlarane.

33


Den kulturelle skulesekken

Rogaland Fylkeskommune, kulturseksjonen

Postboks 130, 4001 Stavanger

t: 51 51 68 70

w: skolesekken-rogaland.no

Similar magazines