26.07.2013 Views

Kontakt nr 4 2009 - Meland kyrkjelyd

Kontakt nr 4 2009 - Meland kyrkjelyd

Kontakt nr 4 2009 - Meland kyrkjelyd

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Krinsen her høyrde tidlegare

til Herdla kommune. I krigsåra

der den tyske hærmakta bygde

vara skipsleia.

Alle kommunale kontor måtte

vigsla til kyrkje. Altertavla

som er i Herdlakyrkja no, vart

hang ei lita kyrkjeklokke.

Einar Tesdal var sokneprest,

han fekk husvære på Ryland

hjå lærarinna Anna Sundvor.

Å vera i lag med barn og ungar

likte han godt og han var svært

glad i å syngja.

Han fekk laga til samlingsstund

i bedehuset på julafta.

Det var lesing og mykje song,

Ein av songane var:

Syng no, klokkor! Jolebodet

ljome yver land og strand!

Fred i hugen, fred på jordi

godhug millom alle mann!

Ring inn jol i alle hjarto,

frygdarbod i kvart eit sinn!

Ljome lydt um englesongen,

Fader vår, lat himmelsongen

dagleg verta meire sann,

fred i hjarta, fred på jordi,

godhug millom alle mann!

Hatet du or hjarto brenne!

Livet gro i Kristi namn!

Alle hjarto freden kjenne,

freden i Guds faderfamn!

Lars Eskeland

Min julesalme.

Det var få vers og enkel

melodi, han var lett å læra

og syngja. Denne songen har

eg alltid vore glad i. Einar

Tesdal var lenge sokneprest

i Herdla, han gifta seg med

Solveig Førsund og dei var

begge glade songarar.

I småskulen hadde med Anna

Sundvor som lærarinne. Eit

koma Guds englar.” For at

me skulle læra den nye tonen

gjekk ho mellom pulteradene

og song når me hadde norsk

skriving. Songen har mange

vers så mesteparten av timen

vart nok ”dobbeltime.” Det er

ein salme av Blix, med åtte

vers. Første og siste er slik:

No koma Guds englar med

helsing i sky,

Guds fred og velsigning dei

bjoda.

No stig ifrå jordi ein helgasong

ny,

som skal gjennom himmelen

ljoda:

Guds fred og vel møtt,

du barn som er født!

Vår fredsfyrste høgt vere

lova!

Den freden meg fylgje frå

vogga til grav.

meg hugge i såraste suter!

So segjer eg når eg frå verdi

fer av

og døyande hovudet luter:

Guds fred og farvel!

No sovnar eg sæl.

Vår fredsfyrste høgt vera

lova!

Desse to songane – eller

salmane – er sjeldan å høyra

hjå meg vekkjer dei gode

minne frå barndommen. Som

vaksen er det salmen “Den

fagraste rosa” av Broson/Blix

som meir enn nokon er blitt

min julesalme.

Beste helsing

frå

Randi Skurtveit.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!