Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013, fylkesdelplan

hordaland.no

Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013, fylkesdelplan

Tannhelsetenester i

Hordaland 2010-2013

FYLKESDELPLAN


Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 2


INNHALD

Innhald .............................................................................................................................................................. 3

Innleiing............................................................................................................................................................. 4

2. Lovgrunnlag og andre offentlege dokument, fylkeskommunalt ansvar ................................................. 5

2.2. Fylkeskommunalt ansvar......................................................................................................................... 6

3. Utvikling og måloppnåing i den førre planperioden................................................................................. 7

3.1 Tannhelseutvikling ................................................................................................................................... 7

3.2 Rekrutterings- og stabiliseringstiltak ...................................................................................................... 8

3.3 Tannklinikkstruktur.................................................................................................................................. 8

3.4 Førebyggande folkehelsearbeid................................................................................................................ 8

3.5 Samarbeidsavtalar .................................................................................................................................... 8

3.6 Befolkningsutvikling................................................................................................................................ 8

4. Dagens situasjon ......................................................................................................................................... 10

4.1 Tannhelseutviklinga ............................................................................................................................... 10

4.2 Tannhelsetilbodet i Hordaland ............................................................................................................... 10

4.3 Den offentlige tannhelsetenesta - Organisering, personell og økonomi ................................................ 10

4.4 Rekruttering og stabilisering .................................................................................................................. 12

4.5 Folkehelsearbeid..................................................................................................................................... 13

4.6 Spesialisttenester .................................................................................................................................... 13

5. Mål for tannhelsearbeidet 2010 - 2013 ..................................................................................................... 15

5.1 Visjon ..................................................................................................................................................... 15

5.2. Overordna mål....................................................................................................................................... 15

5.3 Andre målsetningar ................................................................................................................................ 15

6. Hovudutfordringar i planperioden........................................................................................................... 17

6.1 Sikre eit godt tannhelsetilbod................................................................................................................. 17

6.2 Rasjonell klinikkstruktur ........................................................................................................................ 18

6.3 Folkehelsearbeidet.................................................................................................................................. 19

6.4 Utvikling av eit godt samarbeid ............................................................................................................. 19

6.5 Nye reformer og ny lov om tannhelsetenester ....................................................................................... 20

6.6 IKT – Overføring av driftsansvaret frå Helse Vest IKT til Hordaland fylkeskommune ...................... 20

7. Handlingsplan............................................................................................................................................. 21

7.1 Sikre eit godt tannhelsetilbod................................................................................................................. 21

7.2. Rasjonell klinikkstruktur ....................................................................................................................... 24

7.3 Folkehelsearbeid..................................................................................................................................... 30

7.4 Samarbeid med kommunale tenester, private tannlegar og andre organisasjonar ................................. 31

7.5 Nye reformer .......................................................................................................................................... 33

7.6 IKT – Overføring av driftsansvaret frå Helse Vest IKT til Hordaland fylkeskommune ...................... 33

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 3


INNLEIING

Fylkesutvalet vedtok i sak 293/2008 å utarbeide ny «Plan for tanhelsetenester 2010 - 2013». Guro Haraldsen

Fosse (AP) vart valt til saksordførar .

Frå administrasjonen vart arbeidsgruppa samansett slik:

Fylkestannlege Inge Magnus Bruvik, Leiar for styringsgruppa:

Overtannlege Stein O Moe, Medlem

Klinikksjef Atle Fjelltveit, Medlem

Tillitsvalt Mona Aardal Medlem

Seksjonsleiar Anne Høgestøl Sekretær for utvalet

Målet med ein ny plan for 2010-2013 er å:

sikre stabile tannhelsetenester med god kvalitet.

sikre likeverdig tilgang på tannhelsetenester.

sikre god rekruttering og stabilisering av tannhelsepersonell, særleg til tannklinikkar i utkantstrok.

sikre hensiktsmessig oppgåvefordeling mellom yrkesgruppene i tannhelsetenesta.

sikre effektiv og rasjonell drift.

sikre at folkehelsearbeidet vert styrka.

Planen vart vedteke i Fylkestinget 09.03.2010 sak 05/2010.

VEDTAK

Fylkestinget sluttar seg til Plan for tannhelsetenester med følgjande endring:

1. Før eit tilbod vert lagt ned skal kvar enkelt klinikk vurderast som eiga sak.

2. Det bør i tilfelle der det er føremålsteneleg forhandlast med dei kommunane som vert involverte. Dette

for å sjå på mogelegheit for å finna ei felles løysing. Her må økonomi så vel som rekruttering av personale

verta vurdert.

3. Utvalet ser det som viktig at tilbodet til rusavhengige – målgruppe E – vert teke i vare.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 4


2. LOVGRUNNLAG OG ANDRE

OFFENTLEGE DOKUMENT,

FYLKESKOMMUNALT ANSVAR

2.1.1 Lover og forskrifter

Lov om tannhelsetjenesten

Lov om helsepersonell

Lov om pasientrettigheter

Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten

Lov om legemidler

Lov om vern mot smittsomme sykdommer

Folketrygdlova

Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten

Forskrift om internkontroll i soaial- og helsetjenesten

Lov om medisinsk utstyr

Lov om behandling av personopplysninger

Lov om helseregistre og behandling av helseopplysninger

2.1.2 Andre dokument

NOU 2005:11 Det offentlige engasjement på tannhelsefeltet.

St meld.16 (2002 – 2003) Resept for et sunnere Norge

St.meld.35 (2006 – 2007) Tilgjengelighet, kompetanse og sosial utjevning

St.meld.20 (2006 – 2007) Nasjonal strategi for utjevning av sosiale helseforskjeller

2.1.3 Andre fylkeskommunale vedtak

Etablering av regionalt odontologisk kompetansesenter i helseregion vest (FU 2007).

Godkjenning av forhandlingar om overtaking av odontologisk klinikk (FU des. 2008).

Budsjett – Økonomiplan for Hordaland fylkeskommune (2009 – 2012).

Strategiplan for folkehelse (DOT Hordaland 2007).

2.1.4 Samfunnsendringar

Befolkningsutvikling

Infrastruktur – vegbygging, tunnelar bruer m. v

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 5


2.2. FYLKESKOMMUNALT ANSVAR

2.2.1 Ansvaret etter Lov om tannhelsetenesta

1-1. Fylkeskommunen sitt ansvar for tannhelsetenester

Fylkeskommunen skal syte for at tannhelsetenester, herunder spesialisttenester, i rimelig grad er tilgjengelege

for alle som bur eller mellombels oppheld seg i fylket. Fylkeskommunen har ansvaret for Den offentlige

tannhelsetenesta.

Den offentlege tannhelsetenesta yter tannhelsetenester til gruppene som er nemnt i § 1-3, anten ved fylkeskommunen

sine tilsette eller ved privatpraktiserande tannlegar som har inngått avtale med fylkeskommunen

etter § 4-1.

§ 1-2. Tannhelsetenesta sitt formål

Fylkeskommunen skal fremme tannhelsa i befolkninga og syte for nødvendig førebygging og behandling.

Den skal spreie opplysning om, og auke interessa for, kva den einskilde sjølv og samfunnet kan gjere for å

fremme tannhelsa.

§ 1-3. Omfanget av Den offentlege tannhelsetenesta

Den offentlige tannhelsetenesta skal organisere førebyggande tiltak for heile befolkninga. Ho skal gje eit

regelbunde og oppsøkjande tilbod til:

a Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år.

b. Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon.

c. Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie.

d. Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret.

e. Andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritere.

I tillegg til dei prioriterte oppgåvene kan Den offentlige tannhelsetenesta yte tenester til betalende klientell.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 6


3. UTVIKLING OG MÅLOPPNÅING I DEN

FØRRE PLANPERIODEN

3.1 TANNHELSEUTVIKLING

Det har dei siste åra skjedd ei positiv utvikling i tannhelsa til prioriterte grupper. Tabell 1 syner at tannhelseutviklinga

i perioden 2004 – 2008, med unntak for 12-åringar, var betre enn målsetninga i tannhelseplanen.

Tabell 1: Tannhelseutvikling, mål- og resultat

Tannhelseplan 2004 – 2007

Mål for tannhelsa i Hordaland 2007

Resultat 2008

5- åringar 65% kariesfrie 78% kariesfrie

12-åringar Gjennomsnittleg DMFT: 1,5 Gjennomsnittleg DMFT: 1,6

18-åringar Gjennomsnittleg DMFT: 5,5 Gjennomsnittleg DMFT: 5,3

Tannhelsa til 5-, 12- og 18-åringar i Hordaland har

heilt sidan målingane starta i 1985 vore litt dårlegare

enn snittet for resten av landet, men i 2008 er

tannhelsa til 5- åringane i Hordaland kome på nivå

med landsgjennomsnittet.

Den positive tannhelseutviklinga for 5-åringane

heldt fram for sjuande året på rad, og det har ikkje

vore så mange 5-åringar utan hol i tennene i Hordaland

sidan målingane starta.

Småbarn i Hordaland har no like god tannhelse

som gjennomsnittet i resten av landet. Det er vanskeleg

å peike på einskilde årsaker som kan forklare

denne gledelege utviklinga fullt ut. Sidan ein ser

same tendens over heile landet, er det meir enn

lokale faktorar som ligg til grunn.

Tannhelsa til 12-åringane

12-åringane i Hordaland hadde i 2007 i gjennomsnitt

1,6 DMFT (summen av tenner med hol, tenner

trekt pga hol og tenner med fylling), og 42,5 % av

årskullet hadde feilfrie tenner.

Målet i Plan for tannhelsetenester i Hordaland

2004-2007 var eit gjennomsnitt på 1,5 DMFT i

2007, så målet er nesten nådd.

Tannhelsa til 18-åringane

har betra seg gradvis dei siste åra og er no på det

lågaste nivået sidan målingane starta. 12,5 % av

18-åringane i Hordaland hadde ingen tenner med

hol eller fylling, og ingen tenner som var trekt pga

hol.

Målet for tannhelsa til 18-åringane i 2007 var eit

gjennomsnitt på 5,5 DMFT, og resultatet for 2008

er litt betre enn dette. Men avstanden til landsgjennomsnittet

er størst for 18-åringane, og det er derfor

ei utfordring for tannhelsetenesta å betre tannhelsa

hjå ungdommen i Hordaland.

Tannhelsa gruppe c

Det er ingen undersøking som viser utviklinga

i tannhelsa til eldre, langtidssjuke i institusjon

og heimesjukepleie. Men stadig fleire eldre har

eigne tenner og får dermed eit større behov for

førebyggjande tannbehandling for at ikkje

tannhelsa skal bli svekka medan dei er på insti-

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 7


tusjon eller har trong for omsorgstenester i

heimen.

3.2 REKRUTTERINGS- OG

STABILISERINGSTILTAK

Det har dei siste 15 åra vore vanskeleg å rekruttere

og behalde tannlegar og tannpleiarar på klinikkar i

utkantstrok, og mange stillingar har stått ledige

over lang tid. Situasjonen har vore verst i Sunnhordland,

Hardanger og Voss, men det har og i

periodar vore vanskeleg å rekruttere tannlegar til

Nordhordland.

Hyppige skifte av tannhelsepersonell gjev over tid

negative budsjettmessige konsekvensar tap av fagleg

kompetanse.

Tannhelsetenesta har delt inn fylket i to soner.

Sone 1 omfattar Bergen og nærliggjande kommunar.

Sone 2 omfattar regionane Sunnhordland, Hardanger,

Voss og enkelte kommunar som ligg utanfor

pendlaravstand til Bergen. Dette er område det

har vist seg vanskeleg å rekruttere tannlegar til.

Det er sett i verk tiltak både for å betre rekrutteringa

til klinikkar i sone 2 og for å halde på personellet

i heile fylket.

Det er i planperioden innført følgjande rekrutterings-

og stabiliseringstiltak:

Høgare løn til tannlegar i sone 2 enn i sone 1.

Rekrutteringstillegg til nytilsette tannpleiarar i

sone 2 på kr 10 000 per år.

Tannlegar i sone 2 får eit fast, årleg tilskot til

faglege kurs på kr 8000 per år.

Stipend til tannlege og tannpleiar under utdanning

mot bindingstid (ikkje praktisert enno).

Trippel konkurranseansiennitet for tannlegar

etter 3 år i sone 2.

Frivillig provisjonsavtale med særskilte vilkår

for tannlegar i distrikta.

Frivillig innsatsbasert avtale for tannpleiarar.

I tillegg har tannhelsetenesta satsa mykje på opplæring

og kompetanseutvikling. Tannhelsetenesta

nytta i 2008 om lag 3 millionar til opplæring. Dette

utgjer 1,8% av samla nettobudsjett eller i snitt kr.

8500 pr. tilsett.

3.3 TANNKLINIKKSTRUKTUR

Forslaget til ny tannklinikkstruktur som vart lagt

fram for fylkestinget i oktober 2003 vart ikkje vedteken.

Etter forhandlingar med kommunane som

var råka av forslaget vart dei fleste små klinikkane

i distrikta oppretthaldne.

3.4 FØREBYGGANDE FOLKE-

HELSEARBEID

I 2006 oppretta tannhelseavdelinga ei 50 % stilling

som tannhelserådgivar. Bakgrunnen for dette var

eit ynskje om å få systematisert og samordna det

førebyggande folkehelsearbeidet i DOT Hordaland

i tråd med st. meld. nr. 35 (2006-2007) ”Tilgjengelighet,

kompetanse og sosial utjevning. Framtidas

tannhelsetjenester.”

Hordaland fylkeskommune, avdeling for Strategi

og næring, utarbeida i 2007 eit ”Handlingsprogram

for folkehelse” (2007-2008). Tannhelsetenesta var

delaktig i utarbeidinga av programmet og står som

ansvarleg for gjennomføring av fleire tiltak, spesielt

dei som er kosthaldsrelaterte.

Som eit ledd i vidareutviklinga av folkehelsearbeidet

i tannhelsetenesta blei det i 2008 utarbeidd ein

Strategiplan for folkehelsearbeid i DOT Hordaland.

I planperioden har talet på tannpleiarar i DOT

auka, og talet på tannlegar har gått ned. Betringa i

tannhelsa og auka satsing på førebyggande arbeid,

har gjort dette mogeleg. Målet om ein tannpleier

for kvar tredje tannlege er likevel ikkje nådd i alle

tannhelsedistrikt.

3.5 SAMARBEIDSAVTALAR

Den offentlege tannhelsenesta har inngått samarbeidsavtalar

med pleie- og omsorgstenestene og

sosialtenesta i dei fleste kommunane i Hordaland.

Det er og inngått avtalar med andre kommunale

tenester, men det står framleis att ein del på desse

områda (helsestasjonar, PU-tenesta m. v).

3.6 BEFOLKNINGSUTVIKLING

Det har i planperioden skjedd ei sentralisert folketalsutvikling.

I Tannhelsedistrikt Aust har folketalet

blitt redusert med 744, medan dei distrikta som

omfattar Bergen og kommunane rundt Bergen har

hatt ei samla auke i folketalet på 20 853.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 8


Tabell 2: Endring av folketal i planperioden fordelt på distrikt (sjå punkt 4.4)

År/distrikt Aust Sør Sentrum Nord Vest Totalt

01.01 2004

0-19 10 570 15 418 38 265 24 550 32 929 121 732

20-66 23 371 30 057 93 648 51 394 70 775 269 245

67- 79 4 478 4 112 12 655 6 935 8 398 36 578

80 + 2 977 2 352 8 204 3 452 3 772 20 757

Totalt 41 396 51 939 152772 86 331 115 874 448 312

01.01 2009

0-19 10 203 15 427 40 125 26 135 33 702 125 592

20-66 23 036 30 626 104 871 52 689 73 566 284 788

67- 79 4 399 4 688 12 172 7 446 9 111 37 816

80 + 3 014 2 478 8 232 3 301 3 944 20 969

Totalt 40 652 53 219 165 400 89 571 120 323 469 165

Endring

0-19 -367 9 1 860 1 585 773 38 60

20-66 -335 569 11 223 1 295 2 791 15 543

67- 79 -79 576 -483 511 713 1 201

80 + 37 126 28 -151 172 212

Totalt -744 1 280 12 628 3 240 4 449 20 853

Folketalet i Bergen kommune har i perioden 2004 – 2009 auka med 12 506 innbyggarar. Dette er om lag

60% av den totale auken i folketalet i Hordaland i perioden.

Auken har vore størst blant personar mellom 20 og 66 år, dvs den delen av befolkninga som i liten grad tilhøyrer

våre prioriterte grupper. Auke i talet som tilhøyrer våre prioriterte grupper tilsvarer om lag 1,5 tannlegeårsverk.

Auken har vore størst i bydelane Fana, Ytrebygda og Bergenhus.

Tabell 3: Endring av folketal – bydelar i Bergen

ÅR/

Bydel

Bergenhus

Årstad Fana

Ytrebygda

Fyllingsdalen

Laksevåg Åsane Arna Totalt

01.01.2004

0-19 5 248 6 671 10716 7 434 7 574 9 336 10 871 3 298 61 148

20-66 23 244 21 435 19694 12 832 16 988 22 933 23 329 7 056 147 511

67-79 2 698 3 334 2884 1 482 2 590 2 687 3 042 1 127 19 844

80 + 2 280 2 467 1495 643 1 054 1 137 1 090 540 10 706

Totalt

01.01.2009

33 470 33 907 34789 22 391 28 206 36 093 38 332 12 021 239 209

0-19 5 559 7 024 11186 7 955 7 222 9 469 10 687 3 370 62 472

20-66 26 720 24 146 21346 14 450 17 021 23 682 23 445 7 257 158 067

67-79 2 742 2 729 2770 1 602 2 885 2 816 3 354 1 177 20 075

80 + 2 052 2 451 1649 753 1 160 1 148 1 316 572 11 101

Totalt

Endring

37 073 36 350 36951 24 760 28 288 37 115 38 802 12 376 251 715

0-19 311 353 470 521 -352 133 -184 72 1 324

20-66 3 476 2 711 1652 1 618 33 749 116 201 10 556

67-79 44 -605 -114 120 295 129 312 50 231

80 + -228 -16 154 110 106 11 226 32 395

Totalt 3 603 2 443 2162 2 369 82 1 022 470 355 12 506

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 9


4. DAGENS SITUASJON

4.1 TANNHELSEUTVIKLINGA

Tannhelsa til heile befolkninga har blitt vesentleg

betre dei siste åra. Det vert vist til punkt 3.1, tabell

1. Dette har ført til at intervalla mellom tannhelsekontrollane

for barn og ungdom har auka.

4.2 TANNHELSETILBODET I

HORDALAND

Tannhelsetenesta i Hordaland består av ein privat

og ein offentleg sektor. Den private sektoren er

best utbygd i og omkring Bergen. DOT gjev eit

oppsøkjande tilbod til prioritert klientell i heile

fylket. Dei fleste klinikkane tilbyr også behandling

av vaksne betalande pasientar, og omfanget er

størst i landdistrikta.

4.3 DEN OFFENTLIGE TANN-

HELSETENESTA - ORGANISE-

RING, PERSONELL OG

ØKONOMI

4.3.1 Organisering

DOT har 345 tilsette fordelt på administrativ seksjon

og fem tannhelsedistrikt med til saman 72

tannklinikkar. Fylkestannlegen er administrativt og

fagleg ansvarleg for heile verksemdsområdet, medan

overtannlegane er administrativt og fagleg

ansvarlege i sine tannhelsedistrikt. Tannhelsedistrikta

er delt inn i klinikkområde med klinikksjef

som leiar.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 10


4.3.1.1 Administrativ seksjon

Administrativ seksjon har ein todelt funksjon. Seksjonen

er tillagt oppgåver som vedkjem heile Den

offentlege tannhelsetenesta, samstundes som seksjonen

er distrikta si felles administrative eining.

Seksjonen vert leia av seksjonsleiar.

4.3.1.2 Distriktsstruktur

Den offentlege tannhelsetenesta er delt i fem tannhelsedistrikt

og 22 klinikkområde med til saman 70

tannklinikkar.

Vest tannhelsedistrikt:

Omfattar i Bergen: bydelane Fyllingsdalen, Laksevåg

og Loddefjord. I tillegg høyrer kommunane

Askøy, Øygarden, Fjell og Sund til distriktet. Distriktet

er delt inn i fire klinikkområde.

Nord tannhelsedistrikt

Omfattar i Bergen: bydelane Åsane og Arna. I tillegg

høyrer kommunane Lindås, Meland, Austrheim,

Radøy, Osterøy, Modalen og Fedje til distriktet.

Distriktet er delt inn i fem klinikkområde.

Sentrum tannhelsedistrikt

Omfattar i Bergen kommune: Bydelane Sandviken,

Årstad, Fana og Ytrebygda. I tillegg høyrer kommunane

Austevoll, Os, Tysnes, Fusa, Samnanger

og Hatlestrand i Kvinnherad kommune til distriktet.

Distriktet er delt inn i sju klinikkområde.

Sør tannhelsedistrikt

Distriktet omfattar kommunane: Stord, Fitjar,

Sveio, Kvinnherad og Etne. Distriktet er delt inn i

tre klinikkområde.

Aust tannhelsedistrikt

Distriktet omfattar kommunane: Dale, Voss, Kvam,

Jondal, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og

Odda. Distriktet er delt inn i tre klinikkområde.

4.3.2 Klinikkstruktur og klinikkstandard

Talet på klinikkar varierer frå distrikt til distrikt.

Til saman driv tannhelsetenesta 70 ; 48 klinikkar

som er opne kvar dag. Desse har frå eitt til sju

behandlingsrom. I tillegg er 15 klinikkar med eitt

behandlingsrom er opne frå ein til tre dagar i veka.

Sju klinikkar er lokalisert på institusjon og behandlar

berre pasientar i gruppe c eller e.

Kvart behandlingsrom er utstyrt med ein behandlingsstol.

I tillegg er klinikkane utstyrt med ein

eller fleire kompressorar, sugemotorar, autoklavar

og røntgenapparat. Journal- og røntgensystem er

digitalisert og knytt saman i eit nettverk med sentral

servar som blir drifta av Helse Vest IKT.

Det er viktig å ha ein klinikkstruktur som sikrar

effektiv drift og stabile tenester til brukarane.

Tannhelsedistrikta er derfor delt inn i klinikkområde

med ein sentralklinikk i kvart klinikkområde.

Større klinikkområde er ein buffer mot vakante

stillingar ved enkeltklinikkar og sikrar at personellressursane

blir fordelt slik at alle deler av fylket er

sikra eit minimumstilbod.

Tabell 4: Oversikt over distrikt og klinikkar 31.12.2008 (tal i parentes er 01.01.2003)

Distrikt

Open kvar

dag

Redusert Opningstid

Institusjons-

Klinikk

Tal behandlingsrom

Vest 9 (10) 0 2 (2) 45 (42)

Nord * 14 (14) 2 (3) 2 (2) 44 (46)

Sentrum 13 (16) 2 (2) 3 (4) 57 (60)

Sør 7 (9) 4 (2) 0 (1) 37 (37)

Aust * 5 (7) 7 (6) 0 (2) 29 (32)

Totalt 48 (56) 15 (13) 7 ( 11) 212 (217)

* Det er og tilsett C-tannlegar i Nord (2) og Aust (1). Dette er tannlegar med eigen, privat praksis som behandlar

prioriterte grupper for DOT.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 11


4.3.3 Personell

4.4.3.1 Fordeling av og tal tilsette i tannhelsedistrikta – endringar 2003-2008

Tabell 4 viser tall tilsette i 2003 og 2008. Det har i perioden skjedd ein reduksjon både i talet på

årsverk og i talet på tilsette.

Tabell 5: Endringar i årsverk og talet på tilsette i perioden 31.12.2002 – 31.12.2008

Over-

Tannlegar/ Kjøp av Tann- Tannhelse-

År Tilsette tannlegar Spesialistar klin.sjefar tenester Pleiarar sekretærar Totalt

2002 Årsverk 9 3,7 118,9 1,5 28,3 141 302,4

Tilsette 9 7 134 3 40 161 354

Årsverk 5 3,1 113,9 1,5 37,5 135,6 296,6

2008 Tilsette 5 6 133 3 46 153 346

Endring Årsverk -4 -0,6 -5 0 9,2 -5,4 -5,8

Tilsette -4 -1 -1 0 6 -8 -8

Reduksjon i tal tilsette / årsverk har i hovudsak

skjedd ved at ledige stillingar ikkje har blitt lyst ut.

Tala viser ein større reduksjon i talet på tilsette enn

i talet på årsverk. Dette skuldast i hovudsak ein

reduksjon i talet på deltidsstillingar.

Det var i planperioden ein større reduksjon i talet

på tannhelsesekretærar enn i talet på tannlegar.

Naturleg avgang har ført til at talet på tannlegeårsverk

og talet på tannhelsesekretærårsverk har blitt

tilnærma likt. Talet på tannlegestillingar i distrikta

er på grunn av redusert folketal og færre klinikkar

blitt redusert i perioden. Samstundes har befolkningsvekst

og nye oppgåver ,til dømes behandlingstilbod

til rusavhengige, gitt auke i talet på

tannlegar i Bergen. Tannhelsetenesta har i tråd med

målsetjinga auka talet på tannpleiarar i perioden.

Ved utgangen av 2008 var 62,9 % av dei tilsette i

tannhelsetenesta 50 år eller meir.

4.3.4 Økonomi

Budsjett og økonomiplan, vedteke av Fylkestinget,

er dei viktigaste styringsdokumenta for

DOT.

Tannhelsetenesta hadde eit budsjettoverskot i åra

2005-2007. I 2008 gjekk DOT samla med eit underskot

på 0,976 mill. kroner. Revidert rekneskap

2008 viser 0 i avvik for alle budsjetteiningane samla

og distriktsvis, etter at tannhelsetenesta har nytta

bundne fondsmidlar og disposisjonsfond for å dekke

eit samla underskot.

Tannhelseavdelinga fekk i 2009 redusert budsjettet

med 3 mill. kroner i høve til 2008. For å tilpasse

drifta til strengare økonomiske rammer vert vidare

effektivisering av tannhelsetenesta svært viktig.

4.4 REKRUTTERING OG

STABILISERING

Det er få søkjarar til tannpleiar- og tannlegestillingar

i utkantstrok, og dei som tek imot slike stillingar,

søker seg som regel inn mot Bergen eller

bynære strok etter kort tid. Ved tannklinikken på

Bømlo var alle tannlegestillingane vakante fyrste

halvår 2008.

I Hardanger og Sunnhordland har DOT i stor grad

rekruttert tannlegar med utanlandsk bakgrunn til

ledige stillingar. DOT hadde pr. 31.12.2008 tilsette

frå 14 ulike nasjonar.

Tannlegar i sone 2 vert generelt løna høgare enn

andre tannlegar for å motivere tannlegar til å ta

stillingar her og bli værande. Det vert elles vist til

punkt 3.2.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 12


4.5 FOLKEHELSEARBEID

4.5.1 Tiltak som er sett i verk

4.5.1.1 Frå behandling til førebygging,

Dei siste 10 –20 åra har hovudfokus i den offentlege

tannhelsetenesta vore retta mot behandling, og

førebyggande arbeid har delvis vore nedprioritert.

Når innsatsen no skal aukast på det helsefremmande

og førebyggande arbeidet, krev det ei omprioritering

av ressursar og tid.

Folkehelsearbeid er eit tidkrevjande arbeid. Om ein

skal lukkast innan området, må ein arbeide systematisk,

langsiktig og på tvers av fag og sektorar.

Som eit ledd i å systematisere folkehelsearbeidet,

utarbeider no kvar klinikk årsplanar for det førebyggande

arbeidet i sitt område. Vidare har ein

fokus på t godt samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar.

Samarbeidet vert formalisert gjennom

skriftlege samarbeidsavtalar.

4.5.1.2 Kompetanseheving / vidareutdanning

DOT Hordaland årleg sendt minimum 3 tilsette på

etterutdanning i folkehelse ved Høgskolen i Akershus.

I tillegg har folkehelse vore tema på mange

kurs og samlingar i DOT.

For å sikre at dei tilsette føler seg trygge på å møte

utfordringane folkehelsearbeidet fører mrd seg har

alle tannpleiarane fått eit fagleg løft i form av kurs i

ernæring og i presentasjonsteknikk med Powerpoint.

I kjølvatnet av kursa har tannpleiarane utarbeida

fleire foredrag retta mot ulike pasientgrupper.

Presentasjonane ligg samla på tannhelsetenesta sitt

datasystem og kan soleis nyttast av alle i DOT.

4.5.1.3 Stimuleringsmidlar

For å bidra til nytenking og kreativitet har det internt

i DOT dei siste åra vore utlyst stimuleringsmidlar

til nyvinnande folkehelsetiltak.

4.5.1.4 Vatn som tyrstedrikk

Vassautomatar er installert på dei fleste vidaregåande

skular, delfinansiert av tannhelsetenesta, og

på dei fleste offentlege tannklinikkar i fylket.

4.6 SPESIALISTTENESTER

4.6.1 Spesialitetar i tannhelsetenesta

Det finst i alt 7 spesialitetar for tannlegar.

4.6.1.1 Oral kirurgi

Det er 10 spesialistar i oral kirurgi i Hordaland. 8

av desse er knytt til Odontologisk klinikk, Institutt

for klinisk odontologi eller Kjevekirurgisk avdeling

ved Haukeland universitetssjukehus. 3 kirurgar driv

privat praksis og ein er tilsatt i Den offentlige tannhelsetenesta

med arbeidsstad Odontologisk klinikk.

4.6.1.2 Periodonti (tannkjøttsjukdom)

Det er 15 spesialistar i periodonti i Hordaland. 9

spesialistar er tilsett ved Odontologisk klinikk eller

Institutt for klinisk odontologi. 5 arbeider i privat

praksis i kombinasjon med odontologisk allmennpraksis,

mens ein er tilsett som overtannlege i den

offentlege tannhelsetenesta. Ein spesialist er og

tilsett i ei vanleg tannlegestilling i DOT.

4.6.1.3 Kjeveortopedi (tannregulering)

Det er 20 spesialistar i kjeveortopedi i Hordaland. 8

er tilsett ved Institutt for klinisk odontologi, Odontologisk

klinikk eller ved Leppe-, kjeve- og ganespaltesenteret

i Bergen.

12 driv privat praksis og ein er tilsatt i den offentlege

tannhelsetenesta i Hordaland.

4.6.1.4 Endodonti (rotfylling)

Det er 10 spesialistar i endodonti i Hordaland. 6 av

desse er tilsett ved Odontologisk klinikk eller Institutt

for klinisk odontologi. 4 arbeider i privat praksis

i kombinasjon med allmennodontologi.

4.6.1.5 Protetikk (kroner, bruer og protesar)

Det er 13 spesialistar i oral protetikk i Hordaland. 7

av desse er tilsett ved Odontologisk klinikk eller

Institutt for klinisk odontologi. 5 spesialistar driv

privat praksis i kombinasjon med allmenn odontologi.

Ein tannlege ved Haukeland universitetssjukehus

arbeider spesielt med implantatprotetikk og spesialprotesar

for kreftpasientar.

4.6.1.6 Pedodonti (barnetannpleie)

Det er fire spesialistar i pedodonti i Hordaland,

men berre ein av desse arbeider innan fagområdet.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 13


4.6.1.7 Røntgen og ansiktsradiologi

Det er ein spesialist i Hordaland, og ein er for tida

under utdanning

4.6.2 Andre spesialfelt

4.6.2.1 Odontofobi (angst for tannbehandling)

Senter for odontofobi driv med tverrfagleg behandling

av pasientar med angst for tannbehandling.

DOT samarbeider med senteret og dekker løna for

to tannhelseteam i til saman 40% stilling, samt har

ansvar for deler av investeringsbudsjettet.

4.6.2.2 Lystgassbehandling/medikamentell

angstdemping

DOT har over 20 tannlegar med lystgassautorisasjon

og 10 tannklinikkar i DOT Hordaland tilbyr

lystgassbehandling i dag. Stadig fleire klinikkar

tilbyr behandling i medikamentell sedasjon. (demping

av angst og uro).

4.6.2.3 Narkosebehandling

Tannhelsetenesta har avtale om narkosebehandling

av pasientar med spesielle behov to dagar pr. veke

på Haukeland universitetssjukehus og ein dag pr.

veke ved Stord sjukehus. Behandling i narkose vert

på sjukehusa utført av tannhelsetenesta sine tilsette.

4.6.2.4 Sjeldne medisinske tilstander

DOT har eit team som gjer tilbod til pasientar med

sjeldne medisinske tilstander. Dei behandlar pasientar

ved Vestlund behandlingssenter i Fyllingsdalen

som tar imot pasientar frå heile fylket. Dette

teamet er og konsulentar for andre behandlarar som

berre ein sjeldan gong treff på slike pasientar.

Samarbeid med UiB om undervisning av studentar

i tannbehandling av personar med Sjeldne medisinske

tilstander er etablert.

4.6.2.5 Senter for behandling av pasientar

med leppe-, kjeve- og ganespalte.

Pasientar med leppe-, kjeve- og ganespalte frå regionane

Vest- ,Midt- og Nord-Noreg blir behandla

i Bergen. Den kjeveortopediske behandlinga blir

utført ved Odontologisk klinikk i Bergen. Personalet

er tilsett i DOT Hordaland, men DOT får dekt

lønsutgiftene gjennom refusjonar frå folketrygda.

4.6.2.6 Geografisk fordeling av spesialistar

Bortsett frå kjeveortopedi arbeider så godt som alle

spesialistar i Hordaland i Bergen kommune.

4.7 Kvalitetsarbeid

Kvalitetssystemet i DOT er bygd opp rundt ei kvalitetshandbok.

Denne fokuserer på helse-,

miljø- og tryggleiksarbeid (HMT-arbeid), kvalitetssikring

av faglege og administrative rutinar samt

kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid.

Eit tverrfagleg samansett kvalitetsutval er rådgjevande

for fylkestannlegen i spørsmål som vedkjem

kvalitetssikring / -utvikling. Hovudverneombodet i

DOT og fylkestannlegen er faste medlemmar. Utvalet

har som hovudoppgåve å stimulere til kvalitetsfremjande

arbeid i DOT.

Desse spesielle oppgåvene er elles lagt til utvalet:

Oppdatering av kvalitetshandboka

Informasjon, rådgjeving og erfaringsformidling

innanfor kvalitetsarbeidet

Registrering og oppfølging av avvikshendingar

Planlegging og gjennomføring av fellesmøte

mellom verneomboda og leiinga

Brukarundersøkingar

Ei 20 % stilling er avsett til funksjonen som kvalitetskoordinator

og sekretær for kvalitetsutvalet.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 14


5. MÅL FOR TANNHELSEARBEIDET

2010 - 2013

5.1 VISJON

Kvalitet, trivsel og omsorg til beste for alle

5.2. OVERORDNA MÅL

5.3 ANDRE MÅLSETNINGAR

5.3.1 Produktmål

Tannhelsetenesta i Hordaland skal vere best i landet.

5.3.2 Tannhelsemål

5.3.2.1 Mål for gruppe a ( 0-18 år).

Status for tannhelsa til barn og ungdom i dag

er skildra i kapittel 3.1

Mål for tannhelsa til 5-, 12- og 18-åringane i

2013:

5-åringar:

Over 80 % skal ikkje ha hatt tenner med hol

eller fylling

12-åringar:

Over 50% skal ikkje ha hatt tenner med hol

eller fylling

Minst 95 % skal ha færre enn 5 tenner med hol

eller fylling

18-åringar:

Over 20% skal ikkje ha hatt tenner med hol

eller fylling

Minst 95 % skal ha færre enn 10 tenner med

hol eller fylling

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 15


5.3.2.2 Mål for gruppe b (personar med

psykisk utviklingshemming)

Alle skal ha eit sosialt akseptabelt tannsett med god

tyggefunksjon, og alle skal ha god munnhygiene og

vere fri for smerter i tenner og kjevar.

5.3.2.3 Mål for gruppe C1 og C2 eldre, uføre

og langtidssjuke i institusjon eller i heimesjukepleie)

Alle skal ha eit sosialt akseptabelt tannsett med god

tyggefunksjon, og alle skal ha god munnhygiene og

vere fri for smerter i tenner og kjevar.

5.3.2.4 Mål for gruppe D (19- og 20-åringar)

Alle skal vere kjent med eiga tannhelse og korleis

dei skal ta vare på tannhelsa si. Alle skal vere kjent

med tannhelsetilbodet til vaksne, betalande pasientar.

Tannhelsedata skal ikkje vere vesentleg dårlegare

enn for 18-åringar.

5.3.2.5 Mål for gruppe E (rusavhengige etter

definisjon frå Helse- og Omsorgsdpt.)

Alle som blir tilvist skal få tilbod om nødvendig

behandling og førebygging.

5.3.2.6 Mål for gruppe F (vaksne, betalande

pasientar)

Alle skal ha eit tannhelsetilbod innan rimeleg avstand

i alle delar av fylket.

5.3.3 Mål for kvalitetsarbeidet

Tenester i samsvar med brukarane sin trong og

forventning.

Tenester som er kunnskapsbaserte og/eller i

samsvar med ålment aksepterte faglege normer.

Tenester som vert levert kostnadseffektivt.

5.3.4 Mål for universell utforming

• Innan utgangen av 2011 skal alle tannklinikkar

vere vurdert i forhold universell utforming.

5.3.5 Mål for miljøsertifisering

• Alle klinikkar i DOT skal vere miljøsertifisert

innan utgangen av 2011

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 16


6. HOVUDUTFORDRINGAR I PLANPERIODEN

Hordaland fylkeskommune har eit overordna ansvar for at alle som bur i fylket har rimeleg tilgang på tannehelsetenester

uavhengig av bustad. Tenestene skal ha høg kvalitet. Dette vil seie at tenestene er trygge og

sikre, at dei har effekt, at brukarane er involverte og at ressursane blir nytta på ein god måte.

I arbeidet med å sikre likeverdige tenester med høg

kvalitet står fylkeskommunen overfor fleire store

utfordringar i komande planperiode. Utfordringane

kan kort oppsummerast slik:

1. Sikre eit godt tannhelsetilbod gjennom å:

• bygge opp og behalde kompetanse og kvalitet

i tannhelsetenesta

• rekruttere og behalde tannhelsepersonell,

spesielt i utkantstrok

2. Sikre rasjonell og effektiv drift av tannhelsetenesta

3. Utvikle og systematisere folkehelsearbeidet

4. Utvikle eit godt samarbeid med kommunale

tenester, universitet og høgskular, helseføretak,

private tannlegepraksisar og ulike organisasjonar

og lag.

5. Setje i verk nye sentrale reformer

6. Overføring av driftsansvaret for IKT-systema

frå Helse Vest IKT til Hordaland fylkeskommune

6.1 SIKRE EIT GODT TANN-

HELSETILBOD

6.1.1 Bygge opp kompetanse og

kvalitet i tannhelsetenesta

Utøvinga av tannhelsetenestene i Noreg skal vere

kunnskapsbasert. Det er derfor viktig at det blir

utført forsking også innan den utøvande tannhelsetenesta.

Hittil har det meste av den kliniske forskinga

skjedd på universiteta.

I St.meld. nr 35 (2006-2007) signaliserer regjeringa

at ho vil bidra til at det vert etablert odontologiske

kompetansesentra i alle helseregionar. Helse- og

omsorgsdepartementet har løyvd midlar til å greie

ut eit kompetansesenter på Vestlandet. Hordaland,

Rogaland og Sogn og Fjordane er blitt samde om å

etablere eit kompetansesenter med avdelingar i

kvart fylke og eit administrativt sentrum i Bergen i

løpet av planperioden. På sikt skal dei odontologiske

kompetansesentra få ansvaret for regional forsking

og utdanning av tannlegespesialistar.

Kompetansesenteret skal også ha ansvar for etterutdanning

og fagleg rettleiing.

Skal tannhelsepersonellet i Hordaland levere tenester

med høg kvalitet, må DOT arbeide systematisk

med fagutvikling, og oppdatert kunnskap må liggja

til grunn for tenestene. Tilhøva må leggjast til rette

for at alle tilsette i DOT kan vedlikehalde og vidareutvikle

sin kompetanse i takt med den faglege

utviklinga innanfor odontologien, mellom anna

gjennom eit breitt, kontinuerleg kurstilbod i etaten

og rimeleg moglegheit til deltaking på kurs som

andre arrangerer.

Helse- og omsorgsdepartementet har utvikla eit sett

kvalitetsindikatorar for tannhelsetenesta i Noreg,

og ein del av dei vil bli tatt i bruk frå år 2010. Førebels

er det berre utarbeidd indikatorar for den

offentlege tannhelsetenesta.

6.1.2 Rekruttere og behalde tannhelsepersonell,

spesielt i utkantstrok

Den største utfordringa for Den offentlege tannhelsetenesta

i Hordaland (DOT) er å få tannlegar, og

til dels tannpleiarar, til å etablere seg fast i distrikta.

I ein organisasjon der om lag 63 % av dei tilsette

er over 50 år, vil det i åra som kjem vere behov

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 17


for rekruttering av arbeidstakarar i alle yrkesgrupper

i DOT.

DOT får som regel etter ei tid med vakanse tilsett

tannlegar i ledige stillingar i distrikta, men desse

flytter ofte til meir sentrale strøk så snart høvet byr

seg. Stadig skifte av tannlege gjev ustabile tenester

til brukarane og slitasje på det faste tannhelsepersonellet

i området. Hyppig skifte av tannlege fører

til auka kostnader, mellom anna på grunn av lågare

”produksjon”, tap av kompetanse og utgifter til

utlysing og annonsering.

Dyktige og motiverte tilsette er ein føresetnad for å

kunne gje dei prioriterte gruppene eit godt tannhelsetilbod.

Tannhelsetenesta konkurrerer med privatpraksis

om det same personalet. Unge nyutdanna

tannlegar legg stor vekt på å arbeide på klinikkar

med eit godt fagleg miljø, og med varierte arbeidsoppgåver.

Dei ønskjer i tillegg å jobbe på

større stader med fleire sosiale tilbod og større

sjanse for å finne arbeid til ektefelle eller sambuar.

Det vert difor viktig for framtidas offentlege tannhelseteneste

at vi kan tilby nytilsette konkurransedyktige

personlege vilkår, moderne klinikkar med

godt utstyr og eit godt fagleg miljø.

6.2 RASJONELL KLINIKK-

STRUKTUR

Det er i dag 70 offentlege tannklinikkar i drift i

Hordaland. 48 av klinikkane er i dagleg drift. Dei

minste klinikkane er berre opne eit par dagar i månaden.

(tabell 4)

Sjølv om talet på offentlege tannklinikkar har blitt

redusert dei siste åra, er det framleis fleire tilhøve

som talar for ei ytterlegare sentralisering av klinikkstrukturen

i Hordaland. Helse- og omsorgsdepartementet

har ved fleire høve, m.a. i St. meld nr

35(2006-2007), oppmoda fylkeskommunane til å

satse meir på færre og større tannklinikkar. Ein

slik klinikkstruktur er etter departementet si meining

ein føresetnad for:

1. Rasjonell oppgåvefordeling mellom tannlegar

og tannpleiarar

2. Rekruttering og stabilisering av tannhelsepersonell

3. Effektiv drift

6.2.1 Oppgåvefordeling mellom

tannlege og tannpleiar

I planperioden har talet på tannpleiarar i den offentleg

tannhelsetenesta auka og talet på tannlegar gått

ned. Tannhelseutviklinga og auka satsing på førebyggande

arbeid har gjort dette mogeleg. Men

framleis utførar tannlegar ein del oppgåver som

kunne vore utført av tannpleiar. Ein klinikkstruktur

med mange og små tannklinikkar er til hinder for ei

god oppgåvefordeling fordi tannpleiarstillingane

må fordelast på fleire klinikkar. Dette fører til urasjonell

drift og gjer det vanskeleg å rekruttere tannpleiarar.

6.2.2 Rekruttering og stabilisering

av tannlegar

Nyutdanna tannlegar legg stor vekt på å arbeide på

stader med eit godt fagleg og sosialt miljø. Ei undersøking

som nyleg er utført blant medlemmer i

Akademikarane viser at nesten ingen vil arbeide i

små kommunar. Dei aller fleste vil arbeide i store

kommunar som kan tilby breie fagmiljø. Det vert

elles vist til punkt 3.2, og til punkta 4.4 og 6.1.2

om rekruttering og stabilisering av tannhelsepersonell.

6.2.3 Effektiv drift

Færre klinikkar og behandlingsrom vil gje reduserte

driftsutgifter til husleige, nettleige, ambuleringskostnader,

elektrisitet, kommunale avgifter m.m.

Rekneskap viser at det går med rundt 10 millionar

kroner per år til å halde ved like og fornye alt utstyret

på tannklinikkane. Investerings- og driftskostnadane

er nesten like store anten tannklinikken er

open kvar dag eller ein dag i veka.

Eit anna tilhøve som talar for reduksjon i talet på

klinikkar er eit betra offentleg kommunikasjonsnett.

Fleire bruer og tunnelar og betre vegstandard

har gjort det enklare å reise enn før.

Tannhelsa har blitt betre dei siste 20 åra og intervalla

mellom kvart tannlege/tannpleiarbesøk har

som eit resultat av dette blitt lengre. I gjennomsnitt

er det i dag rundt 18 månader mellom kvar innkalling

til tannklinikk. Ulempene med lengre reiseveg

til næraste tannklinikk er derfor mindre i dag enn

tidlegare.

På den andre sida er det tilhøve som talar for ein

desentralisert klinikkstruktur. Noreg har eit desentralisert

busetjingsmønster og helsetenestene skal

understøtte dette. Vi ønskjer at alle skal få eit likeverdig

tannhelsetilbod uavhengig av kvar dei bur.

Med lange intervall mellom kvar tannhelsekontroll

og betre kommunikasjonstilhøve, vil det ikkje medføre

store ulemper for dei aller fleste å reise til

næraste tannklinikk, sjølv om avstanden blir litt

lengre. Men for personar som er lite mobile

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 18


og/eller treng fleire besøk, kan lengre reiseveg bli

eit problem. Det er særleg personar med stort behandlingsbehov

og rørslehemma med trong for

hjelp til transport som vil ha problem med lang

reiseveg til tannklinikk.

6.3 FOLKEHELSEARBEIDET

Tannhelsa til dei fleste grupper i befolkninga har

blitt betre dei siste tiåra, men det står att fleire utfordringar.

Sosiale forhold har innverknad på helsa,

og dessverre har dei sosiale helseskilnadene

auka dei siste åra. Det er eit overordna mål at helseskilnadane

skal reduserast utan at nokon får dårlegare

helse. Det er elles tre viktige utfordringar

som tannhelsetenesta vil møte i planperioden:

6.3.1 Systematisk planlegging av

folkehelsearbeidet

Tannhelsetenesta har i mange år drive med folkehelsearbeid,

men arbeidet har vore for lite systematisk

og målretta.

Tannhelsetenesta har ansvar for å fase ut gamal

kunnskap og ta i bruk ny. Mange av dei førebyggande

tiltaka som blir gjennomført i tannhelsetenesta

er basert på synsing, og effekten er ofte lite

dokumentert. Det er behov for meir systematisk

kunnskaps- og kompetanse-oppbygging for å finne

dei rette tiltaka.

DOT ynskjer difor nærare dialog og samarbeid

med forskingsinstitusjonar i den komande perioden.

6.3.2 Synleggjering av den offentlege

tannhelsetenesta

Den offentlege tannhelsetenesta har stor kompetanse

på fleire område og er ein naturleg aktør i folkehelsearbeidet,

men tannhelsetenesta er ikkje alltid

med på dei ulike arenaer der helse-politikken blir

diskutert og utforma. Gjennom synleggjering av

tannhelsetenesta og kompetansen vår vonar vi at

tannhelsetenesta blir meir involvert i det generelle

folkehelsearbeidet og blir ein naturleg samarbeidspartnar

på dette feltet.

6.3.3 Tverrfagleg samarbeid

Om samfunnet skal lukkast i arbeidet med å utjamne

dei sosiale helseskilnadane, kan ikkje dei enkelte

aktørane operere aleine. Det er difor nødvendig

å leggje vekt på eit heilskapleg, sektorovergripande

folkehelsearbeid.

Skriftlege, forpliktande samarbeidsavtalar er med

på å formalisera og systematisera folke-

helsearbeidet og sikra at alle aktørar jobbar mot

same mål. DOT har som mål å sikra gode gjensidige

avtalar der det tydeleg går fram kva som er ansvarsområda

til den enkelte aktør. Sjå elles pkt

6.4.4.

Hordaland har som eit av dei siste fylka i landet

blitt eit partnarskapsfylke. Stadig fleire kommunar

i fylket har inngått partnarskap med fylkeskommunen,

og har tilsett eigne folkehelsekoordinatorar.

DOT ynskjer å ha tett samarbeid med koordinatorane

i dei aktuelle kommunane

6.4 UTVIKLING AV EIT GODT

SAMARBEID

6.4.1. Dialog og samarbeid

DOT Hordaland har lenge hatt eit godt samarbeid

med statlege institusjonar og føretak, og med

kommunale helsetenester, omsorgstenester, sosialtenester

og skular/skulehelsetenesta. Dette er eit

samarbeid som i planperioden skal vidareutviklast

og gjerast betre.

6.4.2 Samarbeid med Universitetet

i Bergen

Overføring av Odontologisk studentklinikk frå universitetet

i Bergen til Hordaland fylkeskommune.

Universitetet i Bergen kontakta Hordaland fylkeskommune

hausten 2008 og spurde om fylkeskommunen

ville overta drifta av Odontologisk Klinikk.

Saka har vore handsama i Fylkesutvalet og i Universitetsstyret.

Fylkesråd-mannen og universitetsdirektøren

har fått fullmakt til å forhandle om ei

overføring av Odontologisk Klinikk til fylkeskommunen.

Saka vil bli behandla i fylkestinget og i universitetsstyret

sommaren 2010, og ei eventuell overføring

vil skje den 1.1.2011.

Det vert ei stor utfordring å finne fram til ei løysing

som begge partar kan godkjenne, og at integreringa

kan gå føre seg på ein måte som tar vare

på dei tilsette.

6.4.3 Samarbeid med Helse Bergen

og Helse Fonna

Narkosebehandling

Den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland tilbyr i

dag tannbehandling i narkose ved Haukeland Universitetssjukehus

og sjukehuset på Stord.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 19


Det er stor pågang til tannbehandling i narkose, og

tannhelsetenesta må i kvart enkelt tilfelle vurdere

om alternative tiltak kan bidra til å unngå bruk av

narkose. Det er likevel trong for å utvide tilbodet,

men det vil krevje auka tilgang til operasjonsstove

og anestesipersonell på Haukeland Universitetssjukehus.

Tannklinikken Haukeland Universitetssjukehus

DOT driv ein tannklinikk på Haukeland universitetssjukehus

der det blir utført protetisk tannbehandling,

mest implantatbehandling. Det er og

tilsett tannpleiarar som driv førebyggande arbeid,

spesielt i samband med kreftbehandling i hovud-

/halsregionen.

6.4.4 Samarbeid med kommunale

tenester, organisasjonar og lag

Den offentlege tannhelsetenesta har dei siste åra

samarbeidd med kommunale helse-, sosial- og

pleie- og omsorgstenester. Det er inngått samarbeidsavtalar

med dei fleste kommunane i Hordaland

om tannhelsetenester til born, eldre, uføre og

langtidssjuke, og til personar med rusproblem.

Oppfølging av avtalane har vore eit problem enkelte

stader. Det er derfor trong for å vidareutvikle

desse avtalane og forankre dei i kommuneleiinga.

Tannhelsetenesta kan spele ei større rolle i arbeidet

med å førebygge omsorgssvikt, vald og overgrep

mot barn. Det bør også utarbeidast samarbeidsavtaler

med andre tenester, som t.d. barnevernet, og det

er trong for å styrke samhandlinga med helsestasjonane.

6.4.5 Samarbeid med privat praksis

Regjeringa har i Stortingsmelding nr 35 gitt signal

om at privat praksis må delta meir i å løyse offentlege

oppgåver.

70% av norske tannlegar arbeider i privat praksis,

og denne ressursen kan bidra meir i behandlinga av

prioriterte grupper. Men det er eit problem at det

ikkje alltid finns private tannlegar der trongen for

hjelp frå privat praksis er størst.

Til no har det ikkje vore noko systematisk samarbeid

mellom offentleg og privat sektor i Hordaland

om prioriterte grupper.

6.5 NYE REFORMER OG NY

LOV OM TANNHELSE-

TENESTER

Regjeringa har i Stortingsmelding 35 (2006-2007)

varsla nye reformer og ei ny lov om tannhelsetenester

i 2011. Reformene vil først og fremst vere

knytt til områda geografisk utjamning, sosial utjamning,

kunnskaps- og kompetanse-heving og

auka satsing på folkehelsearbeidet.

6.6 IKT – OVERFØRING AV

DRIFTSANSVARET FRÅ HELSE

VEST IKT TIL HORDALAND

FYLKESKOMMUNE

Det har blitt utvika fleire felles administrative,

IKT-baserte system for Hordaland fylkeskommune

dei siste åra. Tannhelseavdelinga held til i fylkesbygget

og har tatt i bruk desse systema. Men tannhelsetenesta

sine fagsystem blir drifta av Helse

Vest IKT, og tannklinikkane er ein del av til Helse

Vest IKT sitt nettverk.

Tannhelsetenesta vil etterkvart bli meir integrert i

fylkeskommunen sine administrative system. Kontakten

mellom fylkeskommunen og Helse Vest IKT

sine nettverk har vore ustabil, og det er derfor vedtatt

at fagsystema og det administrative systemet

skal leggjast til ein felles plattform. Det vil medføre

at fagsystema som Helse Vest IKT drifter i dag

blir overført til fylkeskommunen si IKT-avdeling.

Det vil ta tid å gjennomføre ein slik overgang, og

Hordaland fylkeskommune må få på plass nødvendig

utstyr og kompetanse før det kan skje. Det vert

ei stor utfordring å få til ein overgang som fungerer

frå første dag.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 20


7. HANDLINGSPLAN

7.1 SIKRE EIT GODT TANNHELSETILBOD

Tannhelsetenesta har som mål å vere den beste i landet. For å nå målet er det viktig å levere likeverdige tenester

av høg kvalitet til rett tid til alle våre prioriterte grupper, uavhengig av bustad og sosiale tilhøve.

7.1.1 Bygge opp og behalde kompetanse og kvalitet i tannhelsetenesta

TILTAK :

Bygge opp og vedlikehalde fagleg høg kompetanse i alle ledd.

Spesielle

utfordringar

Relativt lang avstand mellom tilsette som bur i distrikta og undervisnings-

/kursstad

Sikre at alle tilsette held seg fagleg oppdatert

Finne tenelege tilleggs- og etterutdanningsordningar

Sjå til at tilsette får tilbod om, og gjennomfører etterutdanning som er kunnskapsbasert

og i tråd med DOT sine satsingsområde

Ansvar Fylkestannlege, overtannlege, klinikksjef og kvar einskild tilsett

Samarbeidspartnarar

Dei tilsette sine organisasjonar

Tilbydarar av etterutdanning

Kostnad Avhengig av omfang

7.1.2 Oppretting av regionalt kompetansesenter

TILTAK:

Etablering av Odontologisk kompetansesenter

Spesielle

utfordringar

Finne ein modell som tek vare på behova i heile regionen

Rekruttere personell med høg kompetanse (dobbeltkompetanse)

Ansvar Fylkeskommunane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland

Samarbeidspartnarar Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger

Kostnad Ikkje avklara

7.1.3 Kvalitetsutvikling

Kvalitetsutvikling skal være ein kontinuerleg prosess med Kvalitetsutvalet som pådrivar. Det er ønskjeleg å

utvide stillinga som kvalitetskoordinator i planperioden for å sikre kontinuitet i, og ressursar til, dette arbeidet.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 21


TILTAK 1:

Registrering og oppfølging av kvalitetsindikatorar som vert fastsett

av sentrale myndigheiter

Spesielle utfordringar

Ansvar Fylkestannlegen

Samarbeidspartnarar

Kostnad

Registrering av nødvendige data

Evaluering og oppfølging av resultata

Dei tilsette sine organisasjonar, andre fylkeskommunale instansar, kommunale

tenester

Løn for ytterlegare 30 % stilling som Kvalitetskoordinator

Andre kostnader må ein ta frå ordinært driftsbudsjett i distrikta og Tannhelseavdelinga

TILTAK 2:

Utvikle tenester i samsvar med brukarane sin trong og forventning

Spesielle utfordringar

Omsynet til avstand og reisetid når det er trong for mange konsultasjonar

Å få til ein god dialog med rette instansar til rett tid

Dårleg offentleg kommunikasjon i utkantstrok

Krav om brukarundersøkingar og brukarmedverknad

Ansvar Hordaland fylkeskommune, Fylkestannlege, overtannlege

Samarbeidspartnarar Kommunar, interesseorganisasjonar m. v

Kostnad Avheng av tiltak

7.1.4 Sikre eit godt tannhelsetilbod i distrikta

Skal tannhelsetenesta kunne tilby busette i distrikta eit likeverdig og godt tannhelsetilbod i framtida, er det

viktig at fylkeskommunen prioriterer tiltak retta mot å rekruttere og behalde tannhelsepersonell i distrikta.

Det vert og vist til punkta 3.2, 4.4 og 6.1.2..

Ei leiing med kompetanse på fag, organisasjon og personellhandsaming er og ein føresetnad for at tannhelsetenesta

skal nå dei mål som er sett for verksemda.

Med bakgrunn i trongen for ei god og stabil offentleg tannhelseteneste vert følgjande tiltak foreslått:

7.1.4.1 Rekruttering og stabilisering

TILTAK 1:

Tilby konkurransedyktig løn

Spesielle utfordringar Konkurranse med privat praksis og andre fylkeskommunar

Ansvar Fylkestannlege, overtannlege

Samarbeidspartnarar Fylkesrådmannen, Personaldirektøren

Kostnad Avhengig av tilbod

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 22


TILTAK 2:

Legge forholda til rette for bustad/barnehage, jobb for sambuar/ektefelle (sone 2)

Spesielle utfordringar

Fylkeskommunen disponerer ikkje eige husvære

Dialog med kommunar/private aktørar, samarbeid med NAV m. v

Finne jobb til ektefelle/ sambuar i utkantstrok

Ansvar Fylkestannlege, overtannlege, klinikksjef

Samarbeidspartnarar Kommunar, private aktørar m. v

Kostnad Vanskeleg å talfeste

TILTAK 3:

Legge om klinikkstrukturen i samsvar med punkt 7.2

Spesielle utfordringar

Få aksept for at eit fagleg godt og likeverdig tilbod til alle krev satsing på færre,

meir sentraliserte klinikkar

Ansvar Hordaland fylkeskommune

Samarbeidspartnarar

Kostnad Kostnadsreduksjon. Storleik er avhengig av omfang av endringa

TILTAK 4:

Tilby tannhelsepersonell i sone 2 årleg ekstra stønad til relevante kurs

Spesielle utfordringar

Sikre at tilsette bli verande i DOT også etter at dei har fått den fyrste erfaringa

med klinisk arbeid

Ansvar Tannhelsetenesta; Fylkestannlege, overtannlege, klinikksjef

Samarbeidspartnarar Tilbydarar av relevante kurs

Kostnad Kurskostnad samt lønskostnad og produksjonstap

TILTAK 5:

Kvart 4.år: Permisjon og dekning av utgifter til eit meir omfattande kurs for personell som arbeider

på klinikkar der det er vanskeleg og rekruttere og behalde personell (sone 2)

Spesielle utfordringar

Sikre at tilsette tek relevant opplæring og samtidig får ivaretatt interesse for spesielle

fagområde

Ansvar Fylkestannlege, overtannlege, klinikksjef

Samarbeidspartnarar Tilbydarar av relevante kurs

Kostnad Kurskostnad, lønskostnad og produksjonstap

TILTAK 6:

Tilby stipend til tannlege- og tannpleiarstudentar mot bindingstid i sone 2

Spesielle utfordringar Å sikre at mottakarane av stipenda tek stillingar som er vanskeleg å bemanne.

Ansvar Fylkestannlege, overtannlege, klinikksjef

Samarbeidspartnarar Kvar einskild student

Kostnad Stipendkostnad – vil variere

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 23


TILTAK 7:

Tilby gode personlege vilkår og interessante arbeidsoppgåver for å rekruttere og behalde gode

leiarar

Spesielle utfordringar

Ansvar Fylkestannlege

Sikre at tannhelsetenesta rekrutterar og beheld leiarar med høg formalkompetanse

og dei rette personlege eigenskapane

Samarbeidspartnarar Andre avdelingar i Hordaland fylkeskommune, eksterne aktørar m. v

Kostnad

Vil variere avhengig av type tiltak for å rekruttere og behalde inkl. konkurransedyktig

løn

7.2. RASJONELL KLINIKKSTRUKTUR

7.2.1 Endringar i klinikkstrukturen

DOT Hordaland har i dag 70 tannklinikkar med 1-

8 behandlingsrom, til saman 212 behandlingsrom.

Det vert elles vist til 4.3.2.

Det er trong for inn for ei ytterlegare sentralisering

av klinikkstrukturen, sjå pkt 6.2. Det vil sikre ei

meir stabil bemanning på klinikkane, og dermed eit

meir stabilt tannhelsetilbod til befolkninga, ettersom

klinikkane i utkantstrok stendig opplever vakanse

i stillingar og/eller hyppig utskifting av personell,

særleg tannlegar.

Forslaget til endringar i klinikkstrukturen tek utgangspunkt

i distriktsinndelinga i den offentlege

tannhelsetenesta i Hordaland per 1.1.2009.

Før ein klinikk vert lagt ned skal det der det er

føremålsteneleg forhandlast med dei kommunane

som vert involverte for å sjå på moglegheit for å

finna ei felles løysning som tek omsyn til både

personell og økonomi.

Klinikkstruktur

2009

Odda

Røldal

Utne

Lofthus

Eidfjord

Norheimsund

Strandebarm

Jondal

Voss

Granvin

Ulvik

Dalekvam

C-stilling Vaksdal

Merknadar

Røldal og Utne er i drift ein dag per

veke i 2009. Begge klinikkane vert

lagt ned i 2010.

Eidfjord vert lagt ned når Hardangerbrua

er ferdig

Ny tannklinikk Norheimsund, evt

utviding av gammal klinikk. Strandebarm

vert då lagt ned.

Granvin vert lagt ned i 2010. Prioritert

klientell i Granvin vert overført til

Voss.

7.2.1.1 Aust tannhelsedistrikt.

Aust tannhelsedistrikt har i dag 12 tannklinikkar i

drift. I tillegg har distriktet driftsavtale med ein

privatpraktiserande tannlege, C-tannlege. Tannklinikkane

Odda, Norheimsund og Voss er sentralklinikkar.

Det vert rådd til at tannklinikkane i Granvin, Utne

og Røldal vert lagt ned i 2010. Utne og Røldal er i

2009 i drift ein dag pr veke. Avstanden frå Voss til

Granvin er om lag 27 km. Frå Odda er avstanden

både til Røldal og Utne om lag 45 km. Når ny eller

utvida tannklinikk i Norheimsund er ferdig, rår ein

til at tannklinikken i Strandebarm blir lagt ned.

Avstanden frå Strandebarm til Norheimsund er om

lag 30 km.

Tannklinikken Jondal bør halde fram som biklinikk

under tannklinikken Norheimsund inntil Jondalstunnelen

er ferdig. Den vil etter dette bli lagt

ned.

Forslag til ny

klinikkstruktur

Odda

Lofthus

Norheimsund

Strandebarm

Jondal

Voss

Ulvik

Dalekvam

C-stilling

Vaksdal

Tilleggsopplysningar

Klientellet i Røldal og Utne

vil få behandling i Odda.

Klientellet frå Eidfjord blir

overført til Ulvik eller Voss

Tannklinikken Jondal vert

lagt ned når Jondalstunnelen

er ferdig. Klientellet vert då

overført til Odda

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 24


Endringsforslaget inneber ein endring av talet på tannklinikkar frå 12 til 7 tannklinikkar. Tannlege Cstillinga

i Vaksdal vert oppretthalden.

7.2.1.2 Sør tannhelsedistrikt.

Sør tannhelsedistrikt har i dag 10 tannklinikkar i

drift. Tannklinikkane Stord, Sveio og Husnes er

sentralklinikkar.

Det er planlagt vidare utbygging av lokala der

tannklinikken Stord er lokalisert. I samband med

utbygginga bør tannklinikken pussast opp og utvidast

med to behandlingsrom. Bemanninga bør aukast

på grunn av stor folketilvekst i området.

Tannklinikken i Fitjar vil bli vurdert lagt ned dersom

det vert vanskeleg å rekruttere ny tannlege når

tilsett tannlege sluttar i stillinga. Tannklinikken er i

2009 i drift tre dagar i veka for behandling av prioritert

klientell. Klientellet vil då vert overført til

Stord. Avstanden mellom Leirvik og Fitjar er i

underkant av 3 mil og vegstandarden er god. Talet

Klinikkstruktur

2009

Stord

Fitjar

Husnes

Sæbøvik

Rosendal

Etne

Skånevik

Sveio

Bremnes

Langevåg

Merknadar

Fitjar vil bli vurdert lagt ned

dersom rekrutteringsvanskar.

Arealet ved tannklinikken

på Fitjar skal reduserast.

Sæbøvik vert lagt ned ved

endring av bemanning.

Skånevik vert lagt ned ved

endring av bemanning

på behandlingsrom vil verte redusert frå 3 til 2 frå

2010.

Tannklinikken i Sæbøvik ligg i ein gamal murbygning

som er lite tenleg. Ved eventuell bemanningsendring

vert det rådd til at tannklinikken i

Sæbøvik blir lagt ned og klientellet overført til

tannklinikken Husnes. I 2008 vart Halsnøysambandet

opna, og det er nå rundt ei mil mellom Sæbøvik

og Husnes.

I Etne kommune vert det føreslått at tannklinikken i

Skånevik blir lagt ned ved eventuell bemanningsendring.

Tannklinikken har hatt stabil bemanning i

mange år, men det vil truleg bli vanskeleg å rekruttere

ny tannlege seinare. Avstanden mellom Skånevik

og Etne er 27 km.

Forslag til ny

klinikkstruktur

Stord

Husnes

Rosendal

Sæbøvik

Etne

Skånevik

Sveio

Bremnes

Langevåg

Tilleggsopplysningar

Klientellet på Fitjar vert overført

til Stord

Klientellet ved Sæbøvik blir

overført til Husnes ved ei evt.

nedlegging. Klientellet ved Skånevik

blir overført til Etne ved ei

evt. nedlegging

Endringsforslaget inneber ei endring i talet på klinikkar reduksjon av 2-3 tannklinikkar på lengre sikt.

7.2.1.3 Nord tannhelsedistrikt.

Nord tannhelsedistrikt har i dag 16 ordinære tannklinikkar,

ein institusjonsklinikk og ein klinikk i

Bergen fengsel. I tillegg har distriktet to tannlegar

med driftsavtalar, C-tannlegar. Tannklinikkane

Lindås, Knarvik, Flaktveit, U.Pihl og Rolland er

sentralklinikkar.

Ein ny tannklinikk med 8 behandlingsrom på

Hesthaugen som skal erstatte tannklinikkane Marikollen,

Flaktveit og Breistein, er under planlegging

og vil stå klar i byrjinga av 2010.

Tannklinikken Austrheim vert rådd til lagt ned i

2010. Tannklinikken Lindås har unytta behandlingsrom

og kan ta imot klientell og personell i

Austrheim utan større investeringar, og tannklinikken

Manger har og plass til deler av klientellet.

Avstanden frå Austrheim til Manger/Lindås er

omlag 20 km.

Tannklinikken Fedje har omlag 170 prioritert klientell,

men på grunn av lang reiseveg som inkluderer

ferje, vert klinikken oppretthalden som biklinikk.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 25


Tannklinikken Masfjordnes vil bli vurdert lagt ned

dersom det vert vanskeleg å rekruttere ny tannlege

når noverande tannlege sluttar. Pasientane vil då

kunne bli overført til Lindås eller Knarvik, eller ein

kan oppretthalde Masfjorden som ein biklinikk.

På Osterøy er det i 2009 to tannklinikkar, på Haus

og i Fotlandsvåg, og ein C-tannlege i Valestrands-

Klinikkstruktur

2009

Flaktveit

Breistein

Bergen Fengsel

U. Pihl

Marikollen

Midtbygda sjukeheim

Arna

Fotlandsvåg

Haus

Lindås

Austrheim

Fedje

Knarvik

Manger

Frekhaug

Modalen

Masfjorden

Rolland

C-tannlege

Alversund

C-tannlege

Valestrandsfossen

Merknadar

Breistein og Flaktveit blir lagt

ned i 2010 når den nye Hesthaugen

tannklinikk står ferdig

Marikollen vert lagt ned i 2010

når den nye Hesthaugen tannklinikk

står ferdig

fossen. Ny tannklinikk i lokala til den nye vidaregåande

skulen på Hauge/Lonevåg vil stå klar i august

2010, og klinikkane i Fotlandsvåg og Haus

vert lagt ned. C-tannlegestillinga bør vurderast i

samanheng med ny klinikk i Lonevåg når den noverande

C-tannlegen når pensjonsalder

Forslag til ny klinikkstruktur

Hesthaugen

Midtbygda sjukeheim

Bergen fengsel

U.Pihl

Arna

Hauge/Lonevåg

Austrheim vert lagd ned i 2010 Lindås

Fedje

Masfjorden vert dersom rekrutteringsroblem

vurdert lagd

ned, evt omgjort til biklinikk

ved stillingsendring.

Manger vert vurdert nedlagt

ved rekrutteringsproblem.

Knarvik

Frekhaug

Manger

Modalen

(Masfjorden)

Rolland

C-tannlege

Alversund

C-tannlege

Valestrandsfossen

Tilleggsopplysningar

Klientellet i Austrheim vert

overført til Lindås og Manger

Klientellet i Masfjorden vert

evt overført til Knarvik og

Lindås.

Klinikken i Knarvik må utvidast

ved evt nedl egging av

Manger

Endringsforslaget, inkludert vedteke endring av klinikkstruktur i Åsane og på Osterøy, inneber ei endring i

talet på tannklinikkar frå 18 (inkl. institusjonsklinikk og Bergen fengsel) til 13. I tillegg vil Masfjorden bli

vurdert nedlagd ved bemanningsendring, og Manger ved rekrutteringsproblem.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 26


7.2.1.4 Vest tannhelsedistrikt

Vest tannhelsedistrikt har i dag 10 ordinære tannklinikkar i drift. I tillegg har distriktet 2 institusjonsklinikkar.

Tannklinikkane Loddefjord, Kleppestø og Straume er sentralklinikkar.

Øygarden blir lagt ned i 2009 når Ågotnes er utvida.

Klinikkstruktur

Merknadar

2009

Loddefjord

Laksevåg

Sælen

Fyllingsdalen

Løvås

Betanien

Kleppestø

Florvåg

Straume

Skogsvåg

Ågotnes

Øygarden

Øygarden blir lagt ned når Ågotnes er

utvida hausten 2009

Det blir installert ein behandlingsstol på

Tednebakkane omsorgssenter.

Forslag til ny

klinikkstruktur

Loddefjord

Laksevåg

Sælen

Fyllingsdalen

Løvås

Betanien

Kleppestø

Florvåg

Straume

Skogsvåg

Ågotnes

Tilleggsopplysningar

Klientellet frå Øygarden

blir overført til Ågotnes

Utover vedteken nedlegging av tannklinikken i Øygarden vil det ikkje skje endringar i planperioden.

7.2.1.5 Sentrum tannhelsedistrikt

Sentrum tannhelsedistrikt har i dag 14 ordinære

tannklinikkar i drift. I tillegg har distriktet 3 institusjonsklinikkar

og drift av Tannlegevakten på

kveldstid. Tannklinikkane Årstad, Engen, Nesttun,

Sørås, Fana, Eikelandsosen og Os er sentralklinikkar.

I Bergen sentrum er ny sentralklinikk under planlegging.

Denne er lokalisert til det nye odontologibygget

i Bergen og vil stå ferdig i 2012. Klinikken

vil erstatte tannklinikkane Årstad, Kalfaret, Sandviken

og Tannlegevakten.

Plassmangel i den nye odontologibygget kan gjere

det aktuelt å forlenge drifta av noverande Årstad

tannklinikk og utvide lokala med 7 behandlingsrom.

Dette vil då bli ny sentralklinikk for Bergen

sentrum, og lokala som var tenkt til sentralklinikk i

det nye odontologibygget, kan bli brukt til kompetansesenter

med meir.

Folketalet i bydelane Fana og Ytrebygda har i perioden

2004 – 2009 auka med 4500 personar, og om

lag 1000 av desse tilhøyrer gruppe A og D. Tannhelsetenesta

må derfor auka bemanninga i dette

området . Allereie i dag tar desse to bydelane seg

av flest prioritert klientell per tannlege/tannpleiar i

fylket. Tannklinikken Sørås er ”sprengt” og bør

utvidast med to behandlingsrom i 2010.

Det er få prioritert klientell som soknar til tannklinikken

på Baldersheim, men klinikken har blitt

oppretthalden på grunn av stabil bemanning og

mangel på alternativ klinikkplass i mange år. Ein

del av klientellet frå Hatlestrand vert overført dit.

Klinikken vil bli foreslått lagt ned dersom det seinare

vert rekrutteringsvanskar. Ein føresetnad for å

leggje ned klinikken, er at tannklinikken på Eikelandsosen

er utvida med 1-2 behandlingsrom.

Tannklinikken Hatlestrand vert foreslått lagt ned i

2010. I dag ambulerer tannpleiar til klinikken to

dagar per månad og utførar tannhelsekontrollar og

førebyggande tenester.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 27


Klinikkstruktur

2009

Årstad

Sandviken

Røde kors sykehjem

Ladegården

Haukeland s.hus

Engen

Kalfaret Tannlegevakten

Merknadar

Årstad, Kalfaret og Sandviken

blir erstatta av ny klinikk i det

nye odontologibygget sommaren

2012.

Tannlegevakten kan og bli

flytta dit

Nesttun Nesttun

Sørås

Fana

Storebø

Eikelandsosen

Baldersheim

Tysse

Hatlestrand

Os

Tysnes

7.2.1.6 Oppsummering

Klinikken på Sørås blir utvida

i 2010 pga befolkningsvekst i

Fana og Ytrebygda

Baldersheim vert vurdert lagt

ned ved eventuell etablering

av ny klinikk i Eikelandsosen

Hatlestrand vert lagt ned i

2010

Forslag til ny klinikkstruktur

Ny sentralklinikk i

OK

Årstad

Haukeland sykehus

Engen

(Tannlegevakten)

Røde kors sykehjem

Tilleggsopplysningar

Tannklinikken Årstad kan

bli utvida til ny sentralklinikk

dersom det vert

plassmangel i odontologibygget

Sørås Tannpleiar- og tannlegebemanninga

må aukast

når klinikken er ferdig

Fana

Storebø

Eikelandsosen

Tysse

Baldersheim

Os

Tysnes

Klientellet i Baldersheim

og Hatlestrand blir evt.

overført til . Eikelandsosen

eller Rosendal

Endringsforslaget inneber ein reduksjon frå 17 tannklinikkar (inkl. institusjonsklinikkane) til 14/15 tannklinikkar.

Før eit tilbod vert lagt ned skal kvar enkelt tannklinikk vurderast som eiga sak.

7.2.2 Brukarperspektiv

7.2.2.1 Lang reiseveg

For transport til og frå tannbehandling der tannhelsetenesta

refunderer deler av utgiftene skal billigaste

transportmiddel nyttast. Bruk av kollektive

transportmidlar er ofte uhensiktsmessig i distrikta,

drosje eller privatbil vert alternativet for mange.

Meirkostnad for våre prioriterte brukarar vert difor

inntil kr. 250,- ved kvart besøk (eigendel pr juni

2009). Dette kan for nokre av pasientane med størst

behov for tannbehandling vere ei relativt høg utgift.

TILTAK :

Eigendel til transportutgiftar for pasientar prioriterte grupper skal ikkje overstige 500 kr. pr. år.

Spesielle utfordringar Å få inn naudsynt dokumentasjon på medgåtte utgifter

Ansvar Hordaland fylkeskommune

Samarbeidspartnarar Kvar einskild brukar

Kostnad Vanskeleg å talfeste

Det vil verte utarbeidd eigne retningsliner

for dekking av transportutgifter.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 28


7.2.2.2 Universell utforming

TILTAK :

Registrere alle tannklinikkar der HFK er leigetakar og vurdere trong for tiltak.

Spesielle utfordringar

Hordaland fylkeskommune er som leigetakar avhengig av samtykke frå utleigar

ved eventuelle bygningsmessige endringar.

Ansvar Hordaland fylkeskommune

Samarbeidspartnarar Utleigarar

Kostnad Vanskeleg å talfeste

7.2.3 Samandrag – endring av klinikkstruktur – trong for investeringar

Tabell 5: Endring i tannklinikkstruktur mellom 2009 og 2013

Storleik på klinikk

1 tannlege

2 tannlegar

Meir enn 2

Tannlegar

Alle typar

Tal klinikkar 2009 36 11 23 70

Tal klinikkar 2013 20-23* 10 24 55-58*

*Avhengig av om klinikken vert oppretthalde/mogleg å skaffe tannlege.

7.2.4 Investeringstrong

DOT Hordaland hadde i økonomiplanen 2004-

2007 ei årleg investeringsramme på 4 mill kroner

til nye klinikkar. Ramma er foreslått auka til 6 millionar

kroner årleg frå 2010.

Nedanfor er ei liste over aktuelle investeringsprosjekt

i perioden fram til 2013. Ny klinikk på Hesthaugen

i Åsane, Lonevåg på Osterøy og i det nye

odontologibygget på Årstad er alt vedtatt i fylkesutvalet.

Det er venta sterk auke i folketalet i Ytrebygda

bydel. Klinikken på Sørås er ”sprengt”, og det er

trong for auka bemanning i området. Klinikken på

Sørås bør derfor utvidast så snart som råd.

På Stord har det vore sterk auke i folketalet sidan

klinikken vart bygd, og prognosane viser framleis

stor vekst. Klinikken bør utvidast for å ta høgde for

veksten i folketalet og nedlegging av tannklinikken

Fitjar.

Klinikk Arbeid Årstal kostnad –2009 kr

Sørås Utviding 2010/2011 Usikkert

Åsane Ny klinikk (Hesthaugen) 2010 Om lag 6-7 millionar

Stord Utviding 2011 Usikkert

Osterøy Ny klinikk (Lonevåg) 2010 Om lag 6 millionar

Årstad

Ny sentralklinikk, evt behalde og utvide

noverande klinikk på Årstad

2012 6 millionar

Norheimsund Utviding Usikkert Usikkert

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 29


7.3 FOLKEHELSEARBEID

Fylkeskommunen har i St. meld nr 35 fått eit lovfesta ansvar for folkehelsearbeid.

Ansvaret er tenkt følgt opp slik:

7.3.1 Systematisk planlegging og rapportering av folkehelsetiltak

Alle klinikkar/ klinikkområde skal årleg utarbeide ein plan for folkehelsearbeidet. Ved utgangen av året skal

ein utarbeide årsmelding i høve til oppsett plan for folkehelsearbeidet .

TILTAK 1:

Gjennomføre systematisk planlegging og rapportering

Spesielle utfordringar

Finne standard oppsett for plan og rapportering

Finne tenelege indikatorar

Ansvar Fylkestannlege, overtannlege

Samarbeidspartnarar AMU, andre tilsette

Kostnad

Avhengig av tiltak

Lønekostnad og produksjonstap inntil tiltaka gir resultat i form av redusert trong

for behandling

TILTAK 2:

Rette fokus mot førebyggande tiltak og tverrfagleg samarbeid

Spesielle utfordringar

Få tilsette til å prioritere folkehelsearbeidet på lik linje med klinisk verksemd

Finne førebyggande tiltak med dokumentert effekt

Ansvar Fylkestannlege, overtannlege, klinikksjef, leiande tannpleiar

Samarbeidspartnarar Tannhelserådgjevar, tilsette, forskingsinstansar

Kostnad

Avhengig av tiltak

Lønskostnad og produksjonstap, spesielt før tiltak gir mindre behandlingsbehov

Våren 2010 er det igangsett eit arbeid som tek sikte på å utvikle samarbeidsavtalar mellom

asylmottak og tannhelestenesta for å sikre eit godt tilbod til prioritert klientell som er busett på mottaka.

7.3.2 Synleggjering av DOT

Tannhelsetenesta ønskjer i større grad å synleggjere

sine tiltak og sin kompetanse i folkehelsearbeidet,

slik at andre aktørar lettare kan sjå DOT som ein

naturleg samarbeidspartnar.

DOT må etablere kontakt med folkehelsekoordinatorane

i kommunane og arbeide aktivt for

å skape gode relasjonar til desse og andre eksterne

TILTAK :

Synleggjering av DOT i folkehelsearbeidet

Spesielle utfordringar Finne tenlege informasjonsmåtar

Ansvar Hordaland fylkeskommune, heile DOT

samarbeidspartnarar. Vidare må tannhelsetenesta

vere representert der folkehelse er tema, både lokalt,

regionalt og nasjonalt.

Eit anna ledd i synleggjeringa er å få lagt ut informasjon

om tannhelsetenesta på nettsidene til kommunane

og skulane i fylket.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 30


Samarbeidspartnarar Infotenesta på fylket, infotenesta i kommunar, media m. v

Kostnad Avhengig av tiltak

7.4 SAMARBEID MED KOMMUNALE TENESTER, PRIVATE TANN-

LEGAR OG ANDRE ORGANISASJONAR

7.4.1 Oppretting av regionalt kompetansesenter

TILTAK:

Etablering av Odontologisk kompetansesenter

Spesielle utfordringar

Finne ein modell som tek vare på behova i heile regionen

Rekruttere personell med høg kompetanse (helst dobbeltkompetanse)

Ansvar Fylkeskommunane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland

Samarbeidspartnarar Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger

Kostnad Ikkje avklara

7.4.2 Overføring av Odontologisk klinikk frå Universitetet i Bergen til

Hordaland fylkeskommune

Det er sett i gang forhandlingar med Universitetet i Bergen om overføring av Odontologisk Klinikk frå UiB

til Hordaland fylkeskommune. Forhandlingane er organisert som eit prosjekt der begge partar er likeverdig

representert.

Den offentlege tannhelsetenesta vil ha stor nytte av at forhandlingane fører fram til eit positivt resultat.

Tannhelsetenesta vil få betre kontakt med studentane, og studentane vil få betre kjennskap til den utøvande

tannhelsetenesta. Den offentlege tannhelsetenesta vil få betre kontakt med fagmiljøet ved universitetet, og

det vil gjere det lettare å samarbeide om fagutvikling og forsking.

TILTAK 1:

Overføring av Odontologisk klinikk til Den offentlege tannhelsetenesta, HFK

Spesielle utfordringar

Samordne to ulike organisasjonskulturar

Finne ein organisasjons- og driftsform som skaper ei ”vinn-vinn-løysing”

Ansvar Hordaland fylkeskommune, fylkestannlegen

Samarbeidspartnarar UiB, tillitsvalde UiB/DOT

Kostnad

Overføring av odontologisk klinikk til Hordaland fylkeskommune skal ikkje påføre

fylkeskommunen ekstra kostnader.

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 31


7.4.3 Utvikle og vidareføre samarbeid med helseføretak tannhelseteneste

TILTAK 1:

Utvikle samarbeidet med sjukehus i Helseregion vest (Haukeland og Stord)

om narkosebehandling

Spesielle utfordringar

Å få til ei god avtale med sjukehusa slik at trongen for behandling av pasientar

i narkose vert dekt

Ansvar Hordaland fylkeskommune, fylkestannlegen

Samarbeidspartnarar Helse Vest

Kostnad Om lag kr.2000,- pr. pasient

7.4.4 Få til eit godt samarbeid mellom privat og offentleg tannhelseteneste

TILTAK 2:

Samarbeid med Bergen tannlegeforening

Spesielle utfordringar

Finne samarbeidsområde med felles interesse og få til eit godt samarbeid

innan desse områda

Ansvar Fylkestannlege, overtannlege

Samarbeidspartnarar Bergen tannlegeforening

Kostnad Liten kostnad

7.4.5 Samarbeidsavtalar med kommunale tenester og frivillige

organisasjonar

Det skal utarbeidast overordna avtaler med våre

samarbeidspartnarar på kommunenivå i tillegg til

avtaler med dei enkelte institusjonar og tenester. I

tillegg til kommunale tenester som DOT allereie

har avtale med, t.d. sosialtenesta og pleie- og omsorgstenestene,

er barnevernet ein aktuell samarbeidspartnar.

Målet er å få til gode, gjensidig for-

TILTAK 1 :

Etablere samarbeid med andre offentlege tenester og institusjonar

Spesielle utfordringar

pliktande avtaler med alle kommunar i fylket der

det går tydeleg fram kven som har ansvaret for dei

ulike oppgåvene. Kontinuerleg kontakt mellom

tannhelsetenesta og samarbeidspartnarane må sikrast.

Tal kommunar som den offentlege tannhelsetenesta

har samarbeidsavtalar med skal frå 2010

rapporterast inn til KOSTRA.

Få til eit forpliktande samarbeid med kommunar, statlege etatar m. v om

planlegging og iverksetting av førebyggande tiltak

Finne tiltak ein veit gir effekt

Å få til stabile samarbeidsformer. Sikre informasjonsflyt når nye personar

kjem inn i stillingar

Ansvar Fylkestannlege, overtannlege, klinikksjef, leiande tannpleiar

Samarbeidspartnarar

Kostnad Liten kostnad

Kommunar, barnehagar, skular, omsorgstenesta, barnevernstenesta og organisasjonar

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 32


7.5 NYE REFORMER

Stortingsmelding 35 inneheld fleire forslag til reformer. Desse må setjast i verk etter kvart som det vert fatta

politiske vedtak om endringar.

7.6 IKT – OVERFØRING AV DRIFTSANSVARET FRÅ HELSE VEST

IKT TIL HORDALAND FYLKESKOMMUNE

TILTAK :

Overføring av IKT frå IKT Helse Vest til Hordaland fylkeskommune

Spesielle utfordringar

Sikre stabilt nettverk med tilstrekkeleg kapasitet til å handtere nødvendige

data

Sikre rask og god service og kundebehandling når driftsproblem oppstår

Sikre datatryggleiken, samstundes som det skal vere lett å få fram nødvendig

informasjon

Ansvar HFK IKT, Fylkestannlegen

Samarbeidspartnarar Helse Vest IKT

Kostnad Ikkje avklara

7.7 MILJØSERTIFISERING

TILTAK :

Miljøsertifisere alle tannklinikkar i DOT innan utgangen av 2011

Spesielle utfordringar

Ansvar HFK, Fylkestannlegen

Kommunane må vere miljøfytårnkommunar.

Å skape engasjement hos alle tilsette slik at sertifiseringa og oppføling av

denne vert følgt opp i alle ledd av organisasjonen.

Samarbeidspartnarar Kommunar og andre avdelingar i HFK

Kostnad Ikkje avklara

Hordaland fylkeskommune – Tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 - Fylkesdelplan 33


Tannhelseavdelinga

Agnes Mowinckels gt 5

Postboks 7900

N-5020 BERGEN

Telefon: 55 23 90 80

www.hordaland.no

More magazines by this user
Similar magazines