Årsmelding - Noregs Mållag

nm.no

Årsmelding - Noregs Mållag

Det nye treårige arbeidsprogrammet som vart vedteke

sumaren 2001, gjorde ikkje store omprioriteringar

i arbeidsoppgåvene til Noregs Mållag. Styret har i

arbeidsbolken difor vidareført og vidareutvikla arbeid

med dei same sakene som har vore pri o ri ter te før. Saka

om medlemsjuks i Norsk Mål ung dom som kom opp i

oktober 2002, har òg sett sitt tydelege merke på arbeidet på

seinhausten og vinteren.

Vellukka satsing på dei minste

Våren 2002 gjekk Pirion, Blåmann Barnebokklubb, Norsk

Barneblad og Magasinett saman om å lage fl ygebladet

Ny norsk barndom – nynorsk for liten, nynorsk for stor.

Lokallaga som hadde aksjonsdag om barnekultur i fjor,

brukte det nye fl y ge bla det saman med nytt aksjonstilfang

frå No regs Mål lag.

Mange lokallag har gjort eit godt arbeid med

bokkveldar og verveaksjonar for Blåmann Barnebokklubb.

Vervearbeidet har stått sentralt i mange lokallag i tilknyting

til or ga ni sa sjons sat sin ga og har vore ein god innfallsport

til ordskifte om ny norsk og språkval med sambygdingar.

Bokklubben meir enn dobla medlemstalet i 2002, og

lokallaga i Noregs Mållag har vore svært aktive støttespelarar

for det gode resultatet.

Stilt på skulemålsfronten

Det har berre vore éi røysting om skulemålet i perioden.

Røys tin ga var ved Rollag skule i Rollag etter krav frå

bokmålsfolket, og bokmålet fekk 122 røyster medan nynorsk

fekk 112 røyster.

Hausten 2002 kom det i gang 15 nye parallellklassar

ved bokmålsskular. Røynslene viser at der det vert arbeidd

jamt med å få til nye klassar, får vi også resultat.

I vinter kom det framlegg frå Utdannings- og for skings -

de par te men tet om endringar i opplæringslova. I endringane

er det lagt opp til at klasseomgrepet vert fjerna frå lova og

at skulane skal kunne operere med meir fl eksible grupper

i un der vis in ga. Noregs Mållag er uroleg for kva dette kan

6

Samandrag

føre til på sikt når det gjeld retten til parallellklassar, og

følgjer saka nøye.

Endeleg nynorske lærebøker for alle

Denne sumaren konsentrerte Noregs Mållag arbeidet med

svar te lis ta til dei mellomstore faga og dei nye studieretningane

Sal og service og Media og kommunikasjon. Arbeidet avslørte

at det var særleg problem med dei nye studieretningane

avdi det ikkje var lyst ut friske midlar til produksjon av

parallellutgåver. Forlaga ville ikkje gje ut bøkene utan lovnad

om økonomisk støtte.

Då det ikkje kom signal om pengar i revidert

na sjo nal bud sjett, valde Noregs Mållag å skipe til eit

rundebordsmøte med alle dei involverte aktørane. Saka

løyste seg diverre ikkje i tide til skulestart. I møte med

departementet i august lova stats se kre tæ ren at sommel

med løyvingar ikkje skulle hindra ny norsk bø ke ne i å vere

på plass til skulestart seinare år. På hausten kom det endeleg

pengar til dei nye studieretningane, og ny norsk bø ke ne er

no i arbeid.

I mars 2003 vert det endeleg lansert eit læreverk på

ny norsk for framandspråklege. Det har lenge vore ei viktig

sak for Noregs Mållag at også innvandrarar i nynorskområde

må få opplæring på nynorsk, slik sambygdingane deira får.

Det nye læreverket NynorskPluss+ er eit viktig gjennomslag

for ny norsk som eit fullverdig opplæringsmål for alle.

Nyskapande sidemålsforsøk

Våren 2002 tok Noregs Mållag initiativ til eit sidemålsforsøk

i Åndalsnes. Forsøket går kort og godt ut på at ein klasse har

all undervisinga og sku le bø ke ne på nynorsk, i eit anna fag enn

norsk. Forsøket vert gjort i samarbeid med norsk fagsmil jø et

ved Høgskulen i Volda. Fø re må let er å fi nne ut om auka

bruk av ny norsk fø rer til betre kunnskap i nynorsk. Om

lag 20 andre skular frå heile landet har meldt in ter es se for å

gjennomføre same for sø ket som er sett i gang i Ån dals nes.

Vonleg vil forsøket vere eit viktig tilskot til betre kunn skap

om styr kar og veik ska par ved si de måls un der vis nin ga slik ho

til vanleg vert gjen nom ført i dag.

Microsoft gav etter for nynorskkrav

Det viktigaste som har hendt på IT-fron ten i arbeidsåret, er

at Microsoft har vedteke å gje ut den neste programvarepakka

si, Offi ce 11, på nynorsk. Programvara skal liggje klar for sal

hausten 2003. Nynorsk er det 35. språket Microsoft omset

pro gram va re til, og det er ein siger for mål rørs la som også

har fått mykje internasjonal merksemd. I fyrste omgang vil

ikkje hjel pe tekst ane vere på plass, men Mi cro soft har lova at

både dei og tid leg are programvareversjonar kjem på nynorsk

så snart tida tillet det.

Noregs Mållag har lenge kravt å få på plass

More magazines by this user
Similar magazines