28.07.2013 Views

Menneske først! - Udir.no

Menneske først! - Udir.no

Menneske først! - Udir.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

«Hands!» Det er fullt på fotballbana. I duskregnet høyrer vi kor dei

hiv etter pusten medan dei kappspring etter ballen. Det ringjer inn, og

snart er klasserommet fullt. Vi samlast i kroken, nokre halvt liggjande

i sofaen, andre på stolar. Fire raude skipslys lagar ein litt annleis atmosfære

enn i andre klasserom. Her har vi skapt ei sone for refleksjon og ettertanke.

Vi får ro og har god tid. Då kjem også tankane og merksemda.

Vi prøver å få fram verdien i det vanlege, det kvardagslege. Har dokke

opplevde nokke godt sidan sist vi var i lag? spør eg.

Mathias startar. Eg var på trial-trening med pappa i går. Etterpå tok

eg ein sykkeltur. Då møtte eg Andor og fekk vere med på flytur. Vi flaug

i eit 2-mannsfly i nesten ein time.

Eg var inne heile kvelden, fortel Anette. Eg kosa meg med katten

min. Ingrid har spelt fotball, og fortel om kampen. Slik får alle forgylle

litt ettermiddagssol og gjenskape gode kjensler. Vi kjenner på at det

ikkje alltid må skje noko rundt oss. Ofte kan det vere godt å kunne gle

seg over små ting, kunne stoppe opp frå ein opphakka kvardag.

Etterpå går vi over på livet utanfor Grytestranda. Kva har skjedd

utanfor bygda vår?

Hendene viftar ivrige, dei mest glødande brukar begge for å bli sett.

Det er viktig å vere først. Det er så lett å gløyme når andre snakkar. Det

har vore flaum i Gudbrandsdalen, seier Steven. Kvifor det? spør eg. Det

har vore varmt. Difor har snøen smelta så fort. Svaret kjem frå Andreas

før eg rekk å spørje. Flott, seier eg. De har blitt flinke til å sjå samanhengar.

I Irak har soldatane torturert fangar, kjem det stilt frå Ingrid. Så viser

det seg at dei fleste har tankar om invasjonen i Irak. Vi reflekterer i lag

til diskusjonen dabbar av. Så startar skuledagen. Gloseprøve! Famling

etter blyant, låning av viskeler, somling; våre elevar er akkurat slik som

andre elevar rundt i Noregs land.

Bygda og skulen

«Ej he ein parabol som ej ikkje bruka. Kan skulen ha nytte av den? Ej

kan få med nokre karar ein kveld å sette han opp.» Slik kontaktar ein far

skulen. Grytestranda skule er bygda sin viktigaste fellesskapsarena, og

bygda støttar opp om det meste som skjer her. Saman med grenda er her

laga ein flott skulehage, leirplass med ei røff grillhytte og ei Grendastove

der det meste av møteaktivitet for lag og organisasjonar går føre seg.

Siste fredag i månaden lager 6. og 7. klasse kafé, der det har møtt 50-60

personar i alle aldrar kvar gong. Kafeen er organisert som elevbedrift.

I løpet av eit skuleår initierer skulen ulike samkome. På hausten har

vi kunstkafé i skuletida. Her møter om lag 200 menneske opp kvar

gong. Foreldre tar seg fri frå arbeid, her vert det handla formingsprodukt,

grønsaker frå skulehagen, saft, syltetøy og anna som er laga på

101

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!