28.07.2013 Views

3. Rammeanalyser

3. Rammeanalyser

3. Rammeanalyser

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

nyttar symbol og metaforar for å forstå ulike kontekstar.

Goffman sitt fokus i rammeanalyse er formulert gjennom spørsmålet om korleis menneske

heile tida søkjer svar på kva som føregår i samhandling med andre. Han utvikla teori som

kunne forklare korleis personar finn svar på spørsmåla ”What’s going on here?” og ”Under

what circumstances do we think things are real?” (Goffman 1986:8).

Goffman hentar tankegods frå George H. Mead (1976) i utviklinga av teori rundt

meiningsutvikling, og tenking om korleis ein skaper meining i samspel med andre ved å

fokusere på det relasjonelle, det som skjer i samspel mellom to eller fleire. Goffman

vidarefører Mead si tenking, og legg vekt på å få eit grep på prosessane der dei involverte

både er tolkande og sjølvtolkande. Goffman byggjer også på Gregory Bateson (1972) sine

omgrep både i forhold til meiningsdanning og kontekstmerker.

For å forstå korleis dei involverte tenkjer om kvalitet i læringsprosessar, må ein ha analyser

som systematiserer samspelet i dagleg kvalitetsarbeid. Alle aktørane har rett til å bli høyrt

(SYNEVA.net 2007), og det er også ein føresetnad for at kvalitetsarbeid skal kunne utvikle

kunnskap om elevane sine læringsprosessar. Analyser av den organiserte elevsamtalen på

skulen kan gje innsyn på mikronivå. Dei utvalde skulane i datamaterialet mitt har årlege møte

der dei tilsette diskuterer data som fortel om kvalitet. Diskusjonane fell saman med arbeid

med planar for skulen sitt utviklingsarbeid, og korleis dei skal betre eigen praksis.

Ei hypotese vil vere at innsyn i meiningsdanning mellom aktørane i dei ulike aktivitetane i

skulane sitt kvalitetsarbeid (mikronivå), også vil gje innsyn i høve spørsmålet ”What’s going

on?” i det heilskaplege kvalitetsarbeidet (overordna nivå). Det som skjer av kvalitetsarbeid på

skular er i stor grad påverka av både nasjonale og internasjonale strøymingar, men mi meining

er at det som skjer på mikronivå har konsekvensar for utvikling av det nasjonale

kvalitetssystemet. I eit forskingsarbeid vil dette også vere eit spørsmål om å få eit analytisk

grep om læring i organisasjonen.

Problemstillinga mi er:

Kan Goffman sin teori om rammeanalyse gje grunnlag for forståing av

samhandlingsprosessar i vurderingsarbeid i skulen?

I presentasjon og konkretisering av omgrepa til Goffman nyttar eg eit konkret utgangspunkt i

frå eigen empiri. Utgangspunktet beskriv korleis ein skuleleiar og ein skule tenkjer når dei har

jamlege møte med der dei diskuterer kvalitet. Eit intervjusitat frå rektoren fortel om korleis

dei meiner dei skal lære gjennom kvalitetsarbeid. Eg ønskjer å sjå på dette utgangspunktet

som ei ’fokusert hending’, eit omgrep som er henta frå Goffman.

Konkret vil bruk av Goffman sin teori og omgrepa hans vere analyse av kva som er dei

kontekstuelle rammene (frames) for eit utval aktørar (lærarar, elvar og leiing ved skular).

Kjernen vil vere innramming av samhandlings-situasjonar (framing) der ein arbeider med

kvalitetsspørsmål.

Eg nyttar også eit nyare norsk forskingsarbeid som brukar Goffman sitt omgrepsapparat

(Thomassen 2005). Arbeidet analyserer institusjonaliserte samtalar i helserelatert arbeid, og

4

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!