klikk her

mash.as

klikk her

Trondheim 11/1 Lillestrøm 13/1

ATTKOMA ATTKOMA TORE

TORE

HUNDS.

HUNDS.

Høyr, høyr

frå ein som aldri døyr !

Eg er i himmelens

høge salar.

Det er eg, Tore hund som talar.

Sist eg vitja Trøndelag

då natt tok dag

då sjølve sola kvervde

eg farga Stiklestads jord

til Odinsfest ;

attom meg lå raude spor.

Kristmenn vi saman krossa

Olav trønder trossa

å halda blot.

Eg hadde tungt å hevne.

Glad eg gjekk

til valkyriers stevne.

Den ville Valkyriesong

eg høyrde gong etter gong

då falne menn vart henta.

Då hjalla Valhalls sigersljod.

“Selshevnaren” hadde funne veg.

Spjotets kvasse tunge slikka kongeblod.

Kvasst eg augo i Olav brende

før eg han til Valhall sende.

Lo då “Selshevnaren” høgt

i Odinsgilde

då var hevntørsten i olavsblodet sløkt :

Det vart Valkyriefest etter Odins vilje.

OLA OLAV OLA V VERT

VERT

HEILAGE

HEILAGE

Trugne kongsmenn svor

saman med Harald halvbror

fylgjer kongen i kvart steg

frå Oppland og Ringerike.

Sverdglade menn

vil ikkje kongen svike.

Kongsmenn vann det tapte slag.

Sjølv Tore såg den dag

at kong Knuts styre

ikkje vart til jarls og herses ære.

Vikingtid var no til ende.

Tung er framandmakt å bere.

Olav maktglad og strid

vann då Noreg til evig tid.

Perpetuus rex Norvegiæ.

Fall for ein viking i reinfell

Reiste kongemakt.

Lyst heilag av Grimkel

AKB

Similar magazines