29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Farang er eit ord somme brukar den dag i dag. Det har vore brukt om

forkjøling, andre brukar det om smittsam diare, renneskite (magefarang).

Folkelege ord som dette har svært usikker tyding. Farang er

«slikt som går». Ivar Aasen (23) skriv om farang: «Omgangssyge;

Sygdom som angriber flere paa een Gang, enten ved Smitte eller af

anden Aarsag, f. Ex. ved en hastig Forandring i Veiret».

Gust er eit anna av desse orda med upresis tyding. Det har vore brukt

om skabb, eksem, brennkoppar, elveblest etc. Dei meinte mykje at gust

kom av jordduns(t), damp frå jorda.

Noreslå. Dette namn har her på kantane vore brukt om helveteseld (zoster),

men ordet har vore brukt om andre slags utslett også. Ivar Aasen

meiner at «naarisla» har vore brukt om skarlagensfeber.

Narkotikamisbruk kan vel vera «smittsamt» det og, på sin måte. Vi

nemner det her fordi dette heller ikkje er nytt under sola. Berre høyr kva

distrikslækjar R. Brodtkorb klagar over i 1888: «– at der i de senere Aar

saavel iblandt Byens, som og hos Landsbefolkningen findes en voxende

Tilbøyelighed til Brugen af Nafta og tildels af Kamfer».

Kvifor sjukdomane vart borte

Det er naturleg å reise spørsmålet: Kvifor vart desse sjukdomane borte,

eller vart mest ufarleg her hos oss? Det er nok fleire grunnar til dette.

For det første at vi lærde meir om årsakane, kvifor ein fekk infeksjonar.

Etter at dei hadde greidd å laga mikroskop, kom det ein gullalder i bakteriologien.

I ein kort periode vart ei heil rekkje bakteriar oppdaga:

Leprabasillen av Gerhard Armauer Hansen i 1871–73

Tyfoidbasillen av Eberth i 1880 eller 1883

Tuberkelbasillen av Robert Koch i 1882

Difteribasillen av Friedrich Løffler i 1884

Koleravibrionen av Robert Koch i 1884

Pestbasillen av Yersin og Kitasato i 1894

Dysenteribasillen av Shiga i 1898 og Kruse 1900

28 Gammalt frå Fræna 1984

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!