yout 1 - Fagbokforlaget
yout 1 - Fagbokforlaget
yout 1 - Fagbokforlaget
Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!
Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.
TEMA

Å ferdast

i fjellet er

ikke farefritt;

gjennom

tronge juv

og over

strie elvar.

«Frå

Kvinnherad

(UBB,

Clemment O.

Skilbeck)

Det

farlege

landskapet

JOSTEIN BAKKE, ENDRE SKAAR

OG INGE AARSETH

Store nedbørmengder i bratte

fjellsider gjer landskapet på

Folgefonnhalvøya til ein fare for

folk som bur og ferdast her, og

sjølve Folgefonna, kneisande høgt

over folk og fe, sender stundom

rasande flaumar og skred ned

mot fjorden. Menneska kring den

store breen lærte å tolka landskapet

og busette seg berre der

naturen gav dei lov. Gjennom

tusenåra har livsrytmen vore den

same i dei brattlendte fjordbygdene

heilt opp til vår tid.

Når snøen heng tung i fjellsidene,

går bonden ut på trappehella

og lyder i kveldsmørket:

Er det eit anna drag i lufta?

288 FOLGEFONNA

Idag er det menneska som rår,

ofte utan å ta omsyn til naturens

lover, og stundom kjem katastrofen

når veldige naturkrefter

slepper laus steinsprang, jordras eller

snøskred. Naturen vinn, gong på

gong, jamvel om millionar av kroner

blir nytta til rasførebyggjande arbeid.

Det beste vi kan gjera, er å få meir

kunnskap om naturen og dei farane

som råder, slik at konsekvensane av

eit våtare klima i framtida ikkje kjem

som ei overrasking. For skaparverket

står aldri i ro; landskapet er i stadig

omforming.

Naturens krefter

Flaumar og skred er del av dei naturlege

geologiske prosessane langs

fjorden og i fjella kring Folgefonna.

I dette landskapet spelar tyngdekrafta

ei vesentleg rolle, anten det gjeld

fjellskred,snøskred eller flaumskred.

Tyngdekrafta verkar sterkast i område

med bratte dalsider og fjordlier,

det vi på fagspråket kallar eit stort

relieff. Mellom istidene er det desse

prosessane som er dei viktigaste for

utviklinga av landskapet. I omgrepet

gravitasjonsdrivne prosessar inngår

all erosjon eller «oppsmuldring» av

landskapet, utført av elvar og skred –

dei skaper både raske og langsamare

rørsler. Det er uråd å sjå føre seg eit

landskap utan kreftene som grev og

sliper. Då den store breen drog seg

attende etter den siste istida, vart eit

ustabilt landskap liggjande i dagen.

Den tunge isen hadde grave og pressa

på fjell og dalar, og når dette presset

gradvis vart borte, førte det til mange

store fjellskred. Truleg kan mesteparten

av dei store fjellskreda kring

Folgefonna sporast attende til dei tidlege

tusenåra etter istida, ja kanskje

før det var kome folk ved fjorden.

Isbreane hadde gjort dalsidene bratte

og derfor fått dei ut av likevekt. Når

breen smelta ned, stod fjellsidene

blanke og berrsynte att, og likevektskreftene

byrja å forma landskapet.

Spora etter denne dramatiske tida kan

vi framleis sjå,og folket i fjordbygdene

er vane med steinurer langs fjellsidene.

Gjennom tidene har urene òg vore

nytta som ein ressurs. Somme stader

vart dei tekne i bruk som lokale

«spiskammers» under namnet «kaldeholer».

I historisk tid er det snøskred

og flaumar som har påverka folket

langs fjordane mest. Det er sterke

soger, der naturen har vore dommar

over liv og død for menneske og dyr.

Det er eit fascinerande kapittel i landskapssoga

å følgja dei naturkreftene

som verkar og har verka langs dei

stupbratte liene kring Folgefonna, i

den store og umerkelege omskapinga

av landskapet.

Steinurer

I artikkelen om korleis dalar og fjordar

vart danna (T77) ser vi at breforma

U-dalar og fjordar hadde brattare

fjellsider enn dei som tidlegare

var utgravne av elvar, jamvel om

sidene i dei yngste elvedalane òg kan

vera temmeleg bratte, slik som dalen

sør for Odda. Naturen arbeider alltid

for å koma i likevekt, men ingen av

dei bratte dalsidene på Folgefonnhalvøya

er i likevekt med miljøet og

klimaet som råder på staden i dag.

Ved foten av mange bratte dalsider

på halvøya ligg det no større eller

mindre steinurer. Dei fleste urene er

skapte av steinsprang, som eit resultat

av forvitring ved at frost eller

røter har utvida sprekkar i fjellet og

sprengt laus stykke av berggrunnen.

Steinurer danna ved frostsprenging

er mest aktive om hausten og om

våren, når temperaturen vekslar

kring 0°.Steinsprang er mindre masserørsler

med ei øvre volumgrense på

100 m 3 . Større massar enn dette blir

kalla steinskred (100–100 000 m 3 )

medan fjellskred omfattar massar på

over 100 000 m 3 . Norges geologiske

undersøkelser, NGU, har delt dei

største inn i små, middels, store og

ekstra store fjellskred, med 200 000

m 3 , 1 million m 3 og 5 millionar m 3

som grenseverdiar. Steinurer frå steinsprang

er ofte forma som éi eller

fleire raskjegler med nokolunde jamn

hellingsvinkel på ca. 34–38°. Utanfor

ura kan ein og annan stein ha rulla

vidare heilt til det er ein vinkel på

ca. 22° ned frå spissen av raskjegla.

Nedanfor rasskara kan vi òg finna

kjegleforma vifter. Dei er litt slakare

(20–25°) og skriv seg frå transport

med snøskred eller flaumskred ned

gjennom skara. I botnen av steinurer

er det ofte mykje fint materiale,anten

som resultat av forvitring av ura eller

at ura ligg på eit lag med finkorna

morenemassar. Under finmaterialet

sperrar berggrunnen for vidare

drenering, og mykje regn bløyter

opp det underliggjande jordlaget og

gjer heile ura labil. Då kan eit steinskred

som treffer ura, setja heile ura

i rørsle, og massane vil skli ned og

utover ein flat dalbotn. Det er nok at

10 000 m 3 stein fell ned og utløyser

ei ti gonger så stor steinur for å kalla

det heile eit fjellskred.

Fjellskred

Årsakene til fjellskred er ikkje dei

same som for steinsprang.Det er ikkje

nok at ei trerot eller eit par frostnetter

får herja i ein liten fjellsprekk.

Men relieffet er oftast det same der

fjellskred blir utløyste frå særs bratte

fjellsider. Når det kjem større eller

mindre fjellskred, er det oftast ein

kombinasjon av fleire omstende, til

dømes skrått sprekkeplan eller foliasjonsplan

i gneisen som kilar ut mot

dal- eller fjordsida, med ein litt mindre

vinkel enn sjølve fjellsida,og i tillegg

kryssande vertikale sprekkar som

kan kutta av massane i bakkant. Det

blir òg hevda at det kan oppstå eit

mottrykk frå fjellsida etter at trykket

frå breane forsvann,og at det er med

på å gjera fjellsida ustabil. Sjølvsagt er

det ikkje lett å avgjera om det reduserte

bergtrykket har samanheng med

fjerning av fjell eller bre.Derimot veit

vi at vatn er viktig i all masserørsle.

Der grunnvatnet kjem til i fjellsprekkar,

startar det ei kjemisk forvitring som

etter ei tid produserer leirmineral

som kan redusera friksjonen mellom

bergartane på kvar side av sprekken.

Grunnvatn i fjellsprekkar aukar det

hydrostatiske trykket i botnen av ein

stor vertikal sprekk og kan såleis vera

dropen som utløyser skredet. Jordskjelv

kan òg vera utløysande årsak

til fjellskred, jamvel om skjelva oftast

er svake på våre kantar. Mykje kan

tyda på at det var kraftigare jordskjelv

i Vest-Noreg i tida like etter at

innlandsisen smelta og jordskorpa

tok til å heva seg etter isåket. Hevinga

starta alt før isbreane byrja nedsmeltinga.

Vi veit elles at Sunnhordland

enno har relativt høg jordskjelvaktivitet,

med sentrum rundt Etne.

Særleg langs Sørfjorden og i Mauranger

finn vi spor etter større fjellskred

og ustabile fjellparti. Nokre av

desse områda ligg under Tokheimsnuten,

vedTorsnuten-Solnuten og ved

Svartenuten–Grimenuten. Der er det

observert utglidingsfenomen som

tyder på at større fjellparti er i rørsle,

og at det ein gong i framtida kan

koma større fjellskred. Det er ikkje

gjort systematiske registreringar av

slike fjellparti på Folgefonnhalvøya,

men dette er det viktig å få gjennomført

no, ettersom klimaforskarane

meiner at vi kan venta meir såkalla

ekstremvêr i framtida. Slikt vêr kan

skunda på dei geologiske prosessane

som leier fram til dei katastrofehendingane

fjellskreda er. I området

sør for Sandvinvatnet i Odda, oppover

langs riksveg 47, ser vi fleire

stader enorme steinblokker ute på

den flate elvesletta. Somme stader,

som ovanfor Hildal og nedanfor

FOLGEFONNA 289

Frå

Gygrastolen

ser vi mot

Myrdalsvatn

og Rosendal –

eit brattlendt

og skredutsett

landskap.

(Svein Nord)
Ved bustadfeltet

sør for

Aga gjev eit

par holer

mellom kjempeblokkene

kjærkomne

leikeplassar

for ungane

frå barnehagen.

Her er

det bord og

benker og til

og med

vegger med

vindauga

som reduserer

kald trekk

mellom

steinane.

(Svein Nord)

Låtefossen, er det tydeleg at det har

gått fleire fjellskred. Store steinblokker

må ha kryssa elva og kome heilt

over på motsett side. Relieffet langs

dalen har samanheng med at Storelva

har erodert langs hovudforkastinga

der fjellet no dannar ei knusingssone.

Erosjonen vart intensivert etter

at isbreane hadde grave ut Sørfjorden

og flytt havnivået heilt frå kysten og

inn til Odda.

Kring Maurangsfjorden er det òg

eit stort relieff, og berggrunnen

inneheld ei rekkje sprekkesoner.Ved

foten av fjellsidene finn vi her

bekkevifter og steinurer som vitnar

om stor skredaktivitet, særleg av

flaumskred, men òg av snøskred og

steinsprang.

I Bondhusdalen er steinurene annleis.

Vassura demmer opp vatnet

nedanfor Bondhusbrea,slik at det no

har avrenning gjennom den kjempeura

som kryssar dalen her. Det er

tydeleg at det største fjellskredet har

losna langs fjellkammen rett nord for

området der Keisarstigen klatrar

opp mot Breidablikk, men òg frå fjellsida

sør for Husafjellet, har det gått

eit par fjellskred som ligg ein kilometer

lenger nede i dalen. Sør for

Bondhusvatnet er det likeins store

skredmassar frå fjellskred, like nedanfor

dei hundre år gamle moreneryggene

framfor breen.Skredmassane

i Bondhusdalen demonstrerer skilnaden

mellom steinsprang og fjell-

290 FOLGEFONNA

skred. Dei mange steinurene nedanfor

fjellsidene har normal hellingsvinkel

(ca. 35°). Fjellskredet har

kasta blokkene i Vassura tvers over

dalen, og vi ser dei i dag som fleire

haugar med groper mellom. Her er

òg eit døme på stadnamnet Kaldaholet,

kaldlufta frå breen samlar seg i

holromma mellom dei enorme steinblokkene.

Fjellsprekkar

Samstundes med at dei første norske

geologane gjorde sine geologiske

nedteikningar, var ein ung tysk geolog,

CARL FRIEDRICH NAUMANN (1797–

1873) i tre somrar på reise i Sør-

Noreg (1821– 1823). Han gav ut to

bind i 1824 der han mellom mykje

anna skriv om sprekkane ytst på

kanten av fjellet «Aganuten» (Solnuten,

1551 moh.). Den norske geologen

Hans Reusch, som reiste

gjennom området 70 år seinare, har

gjort ei fri omsetjing av Naumann

sitt avsnitt om denne staden:

De fryktelige sprekkedannelser på

skraaningen der hvor den gaar ned

til sjøen er merkelige.De ydre partier

af fjeldet er blevne berøvet sin støtte,

og derved er der opstaaet store afløsninger

og bristninger; der har

dannet sig flere lange, alenbrede,

lodret nedgaaende kløfter;deres retning

langs skrenten og beskaffenheten

af deres sider viser at fjeldet

bogstavelig talt er sprukket itu, og

man maa vente at der engang vil

ske en alvorlig udrasning.Min fører

fortalte mig at gamle folk, som i

mange aar havde holdt øie med

sprækkerne, mente at de tiltok

baade i længde og bredde. Det er

ogsaa naturligt at en plutselig og

frygtelig ødelæggelse kan være

forberedt her paa disse skrænter

som er 4000 fod høie og udsatt for

atmosfærerns gradvis ødelæggende

indvirkning (forvitring). Vi

maa antage, at disse gabende afgrunde

profeterer om at der vil finde

sted en destruksjon af betydelige

fjeldmasser engang i fremtiden.

Reusch finn òg sprekkar sør for

Jåstadstølen.Han har laga ei teikning

og fortel at dei to hovudsprekkane

er om lag 500 m lange og 0,5 m breie.

Djupna er over 30 m, og botnen er

dekt med rasmateriale. Fleire små

bekker forsvinn ned i desse sprekkane.

Fjellet på utsida av den eine

sprekken har alt sige 0,5 m. Forkastinga

langs Sørfjorden har tydeleg

ført til fleire nord-sør-gåande sprekkar

parallelt med fjorden. Når breen så

har grave ut fjorden, har sprekkane

opna seg meir. Om det då finst skråplan

som kiler ut i fjellsida lenger

nede, er faren for store fjellskred i

bygdene nede ved fjorden bokstavleg

tala overhengjande.

Rosendal

K v i n n h e r a d s f j o r d e n S i l d a f j o r d e n

Uskedalen

Uskedalen

Holmedal

M a t r e s f j o r d e n

Guddalsdalen

Dimmelsvik

Sunde

Matre

H i s s f j o r d e n

Åkra

Ænes

Ænesdalen

Kvanndal

M a t r e s f j o r d e n

Å k r a f j o r d e n

Jondal

Bondhusdalen

Sunndal

Eikemo

S a m l a f j o r d e n

Sørfonna

Svåsand

K r o s s d a l e n

Gjerde

Herand

Fjæra

Nordfonna

Midtfonna

Odda

Buerdalen

Vikebygd

Nordnes

Digranes

Aga

Utne

Tyssedal

Grimo

Haustveit

S ø r f j o r d e n

Skare

Snøskred

Jordskred

Fjellskred

Steinsprang

Potensielt fareområde

N

0 10 km

FOLGEFONNA 291

NGU har

oppretta ein

skreddatabase

som er

tilgjengeleg

på internett

(www.skred

nett.no) med

informasjon

om ulike

skred som er

registrerte

i heile Noreg.

Kartet syner

data frå

denne databasen

saman

med ein del

andre registrerte

ras på

Folgefonnhalvøya.

Det er langs

Sørfjorden vi

finn dei mest

aktive skredområda,

men

også andre

stader går det

hyppige skred.

Kunnskap og

registrering

av skredulukker

i fortid og

notid er

viktig for å

vera førebudd

på ei framtid

der vi kan

venta meir

ekstremt vêr

og auke i

store skred.

Dei raude

skraverte

områda er

vurderte til

å vera potensiellefareområde

i dag, og

særleg i framtida,

dersom

klimaet vert

våtare.

(Jostein Bakke?/

Eva Bjørseth)
Det er ikkje

uvanleg at

snøskreda går

heilt i fjorden.

Her er rasa på

Åkre, sett frå

Kråkevik ein

mild og våt

vinterdag. Det

maritime klimaet

her vest,

med varme

vintrar, gjev

mykje nedbør

og potensielt

stor snøskredfare

vinteren

gjennom.

Mange av dei

store skreda

som går langs

Sørfjorden er

uråd å stogga,

og den einaste

rassrikringa er

å lage eit

«leidegjerde»,

slik at snømassane

treffer

fjorden utan å

gjera skade.

(Hardanger

Folkemuseum,

Torstein O. Naa)

Rogda-ura

I gutedagane i byrjinga av 1960-åra var

Guttorm Rogdaberg vegvisar for ein

geologistudent frå Universitetet i

Bergen, JOHAN K. KVISTAD, som arbeidde

med ei hovudoppgåve i liene

langs Sørfjorden.Han var mellom anna

interessert i avsetningane i dette området.

I hovudoppgåva si skriv Kvistad

om dei kjempestore blokkene i

området rundt Langetjørni, Svortetjørni

og Ljosetjørni (Kvistad 1965).

Han meiner at det er moreneblokker

avsette av ein bre som kom frå fjellet

rett ovanfor. Han observerte òg fjellsprekkar,

og fann opp til 5 m breie

og 50 m lange sprekkar parallelt med

fjorden,25 m innanfor kanten av fjellet

Hest ovanfor Ravnaberg. Han kjem

fram til at det er isbreen som har

plukka steinblokkene langs desse

sprekkane og avsett dei som moreneblokker

i området nedanfor.

Stadnamna frå skredområdet fortel

at folk hadde kjennskap til det som

må ha skjedd her i førhistorisk tid:

Svorteskreda, Skreda, Urane, Klov-

292 FOLGEFONNA

ningen, Tormodhelleren, Innvortesholena,

Rogdaurane. Ravnabergura

byrjar i om lag 600 meters høgd heilt

oppe under Ravnaberget og når

somme stader heilt ned til fjorden.

Enkelte av blokkene kan vera opp

mot 15 m høge.Det er elles ikkje fast

fjell å sjå i heile området rundt Åsen

(314 moh.) før ein kjem nordover

mot bustadfeltet sør for Aga. Kvistad

fann ikkje fjell i dagen ovanfor 215

meters høgd vest for Rogdaberg.

Langetjørni (276 moh.), som ligg

høgast og lengst sør av dei tre tjørnene,

drenerer ut gjennom skredmassane.

Det same gjer Svortetjørni (269 moh.),

som ligg i same forsenkinga litt lenger

nord. Høgda aust for dei (Åsen) er

ikkje ein endemorene, slik Kvistad

trudde, men ei rastunge med roterte

skredmassar frå eit kjempeskred frå

fjellsida sør for Hest. På den tida var

kvartærgeologane fokuserte på avsetningar

frå isbreen,og skredmassar

av denne storleiken er ikkje vanleg.

Slike skredtunger er typiske for store

fjellskred som på grunn av den

enorme energien held fram lenger

enn steinblokker frå mindre skred.

Det er imponerande å sjå korleis

folket på Rogdo har rydda jorda mellom

store blokker i den sørlege delen

av området.Det meste av skredmarka

er likevel planta til med gran. Under

ura er det mange stader grunnvasskjelder,

t.d. Vasshelleren. GUTTORM

ROGDABERG fortel at det alltid tek tre

dagar frå eit kraftig regnvêr til vassmengdene

aukar i kjeldene lenger

nede. Nær bustadfeltet sør for Aga

gjev eit par holer mellom kjempeblokkene

kjærkomne leikeplassar for

ungane frå barnehagen. Her er det

bord og benker og til og med vegger

med vindaugo som reduserer kald

trekk mellom steinane. I området er

det fleire kaldeholer som vart nytta

til matlager i gamle dagar. Folk hjelpte

naturen ved å spa snø ned i holene

om vinteren, slik at dei vart effektive

kjøleskap gjennom heile sommaren.

Rogda-ura breier seg utover på berghylla

ovanfor Rogdaberg, både nord

og sør for Langetjørni,og dei massane

som når fjorden, breier seg òg ut på

sjøbotnen mellom Rogdaberg og

Børveneset. NGU har registrert skredmassar

i ei lengd av over to km på

fjordbotnen. Alderen på dette fjellskredet

er det ingen som veit, men

sidan skredmassane går ut i fjorden,

vil ein kunna datera dei ved ein kombinasjon

av seismiske profil og lange

sedimentkjernar. Det er såleis ikkje

tvil om at dette er eitt eller fleire store

fjellskred. Volumet av skredmassane

her er vanskeleg å slå fast, med det

er større enn fjellskredet på Fykse i

Kvam, som tidlegare var halde for å

vera det største i Hordaland (NVH s.

489).Sidan skredet gjekk ut i Sørfjorden,

genererte det nok ei større bølgje

(ein tsunami), som sikkert gjorde

stor skade langs strendene. Skulle det

gå liknande skred ut i fjorden i framtida,

vil nok konsekvensane bli heilt

andre og dramatiske for både folk,

bygningar og vegar langs Sørfjorden.

Ved å grava i skredvifter og ved å

studera sediment frå innsjøar der det

har gått skred, kan vi finna ut om

skredfrekvensar langt attende i tid.

Resultata syner at det var relativt

høg frekvens for alle typar skred dei

første 1000 åra etter at isen vart borte,

medan det var liten skredaktivitet i

den såkalla varmetida som følgde.

Skredfrekvensen tok seg opp att då

nedbørmengdene auka att for 6000

år sidan. Først auka frekvensen av

snøskred og jordskred, og jamvel om

datagrunnlaget er mindre, ser det ut

til at det enno gjekk eit par tusen år

før det vart meir steinsprang.Det kan

ha samanheng med at steinsprang

og fjellskred krev ei tid med forvitring

før prosessen blir vanleg.Dei aukande

nedbørmengdene i framtida vil derfor

utan tvil føra til større fare for

skred om eit par generasjonar.

Snøskred langs bratte fjordsider

Av skredtypar i landskapet kring Folgefonna

har truleg snøskred skapt mest

frykt i våre dagar. Få andre stader er

snøskreda meir årvisse enn langs vestsida

av Sørfjorden.Over Folgefonna er

vinternedbøren stor,og vestavêret blæs

mykje av snøen austover og byggjer

opp snøskavlar langs austkanten av

Folgefonna.I periodar med sterk vind

vil mykje snø òg blåsa over eggane

og falla ned i bratthenget øvst i fjordsidene.

Utpå ettervinteren blir skavlane

ofte så store og tunge at dei brest

og kjem nedover med stor kraft.

Det er to hovudtypar av snøskred:

flakskred og laussnøskred. Flakskred

blir utløyste langs ein lengre brotkant,

gjerne høgt oppe i fjellsida.Som

regel er det eit glidelag som dannar

golvet i skredet. Det ligg anten inne

i skredet eller i botnen, mot vegetasjonen

under snøen. Denne typen

skred går over breie område, med

store snøflak som etter kvart blir

knuste. Er snøen tung og våt, vil

farten i eit flakskred vanlegvis vera

10–30 m/sek (35–110 km/t). I tørr

snø kan flakskred gå mykje raskare.

Laussnøskred byrjar i eit punkt høgt

oppe i fjellsida og breier seg gjerne

utover som ei veksande kjegle. Startpunktet

kan vera ein snøskavl som

brest av si eiga tyngd, ofte etter ein

periode med mykje nedbør og oppsamla

snø som følgje av sterk vind.

Laussnøskred som byrjar høgt oppe

i skar og juv, er nokså vanlege. Desse

skreda følgjer elvefara og breier seg

gjerne ut på elvevifter ved fjorden,

og som oftast blir det ikkje større

skade utanom elvefaret. Sørpeskred

er ein variant som gjerne går langs

bekkefar i kraftig regnvêr.Slike skred

er ei tung blanding av vatn, snø og

stein. Skadane kan bli ekstra store,

ettersom sørpeskred kan nå lenger

ut på flate område enn andre skredtypar.

Hellinga i terrenget er viktig

når ein vil gjera seg opp ei meining

om skredfaren. Dersom hellingsvinkelen

er mindre enn 28°,blir det så

godt som aldri utløyst snøskred.I fjellsider

med meir enn 50° helling rasar

snøen gjerne unna etter kvart som

han fell. Dei mest skredutsette områda

finn vi derfor i bratte lier med

mellom 28° og 50° helling.

Somme stader er snøskreda årvisse,

og dei mest kjende er kanskje Velureskredene.

Ingen stad langs fjorden

går skreda så ofte som her. Langs

eggane frå Vardanuten og nordover

mot Rundenuten byggjer det seg opp

store snøskavlar når det er vestavind,

særleg med nordvesten. Når skavlane

losnar av si eiga tyngd, eller på grunn

av omslag til mildare vêr, sopar dei

med seg snøen i fjellsida ned mot

fjorden. Krafta i skreda kan vera

enorm,og skredvinden og snøfokket

kan blåsa mest tvers over fjorden.

Nede ved fjorden kan snømengdene

vera så store at dei blir liggjande heile

sommaren. Skog greier naturleg nok

ikkje å veksa i skredløypa, og berget

er blankt og reinskrapa.

Opp gjennom tidene har det vore

mange store skredulukker i bygdene

langs Sørfjorden. I gamle tingbøker

kan vi lesa at gardane ofte fekk nedsett

skatteskyld på grunn av skred

som hadde øydelagt hus og innmark.

Særleg på 1700-talet er det nemnt

mange slike hendingar, og OLAF

OLAFSEN (1907) refererer til 19 skred

i bygdene langs vestsida av fjorden

berre i dette hundreåret. Det verste

året var truleg 1726, då fekk gardane

Måge, Kråkevik, Rogdo, Aga og

Jåstad nedsett skatteskyld på grunn

av skred som hadde øydelagt hus,

skog og mykje innmark. Det aller

meste av skadane skreiv seg frå snøskred

så seint på året at det truleg

var sørpeskred. Gjetord om skred-

Puddersnøskred Flakskred Sørpesnøskred

ulukker i tidlegare tider har i ettertida

ofte vorte til segner om straffedom

frå troll og gygrar. Dei fleste

hadde nok likevel grunnfast tru på at

dei var sikre berre dei gjekk ofte nok

til kyrkje. I 1637 skriv presten at

«Lars Jørgensen Langesæter og Jon,

hans Granne, havde lovet Kirken i

Kinservik 1/2 pund Smør, fordi

Gud naadigen havde avvendt

Skreen og anden Farlighed for dem

sistleden April».

FOLGEFONNA 293

Ulike typar

snøskred er

definerte etter

korleis dei

losnar eller

«støkk», og

kva type snø

som vert

frakta med

skredet.

Både pudderskred,flatskred

og

sørpeskred

kan koma

kring

Folgefonna.

Kva type

skred det vert,

er avhengig

av temperaturen

i snøen.

(Endre Skaar/

Eva Bjørsethn)
Det ser ut til at folk sjeldan flytte

frå områda etter skredulukkene. Dei

bygde opp att husa, gjerne på same

hustuftene, jamvel om sogene er

fulle av dramatiske hendingar og

ulukker på grunn av skredfaren og

nærleiken til Folgefonna. Det som

batt dei til området, er kanskje det

Olafsen skriv i boka om Ullensvang:

«Alt, hvad Hardanger eier av

Skjønhed og Romantikk, finder

man her:Høit oppe mod Himmelen

den mægtige, straalende Bræ, foran

den stille Fjord, hvori de mægtige

Tinde speiler sig, rundt om en rig

og yppig Plantevækst og en Skog af

Frugttræer, hvorigjennom Bræelven

skummende styrter ned – hva

mer kan man forlange i Norden!»

I vår tid er det vel snøskredene i

1990-åra som har vore dei mest dramatiske

og som har fått dei største

konsekvensane. 17. januar 1993 vart

områda mellom Odda og Eitrheimsneset

råka av veldige snøskred. Det

hadde gått mange ras i dette området

før, men dette året kom det tre

store skred: Frå Ruklenuten kom

Klungersetskreda og frå Tokheimsnuten

Helleskreda og Husaskreda.Det

vart store materielle skadar, og eitt

menneske omkom. Året etter, 27.

januar, kom Bleieskreda (R308). Årsakene

til at slike snøskred kjem

somme år, er mange, men tre faktorar

kan likevel gje det meste av forklaringa.

Over Folgefonna fell det

meir vinternedbør enn nede i fjordbygdene.

Når det er regn i låglandet,

kjem nedbøren oftast som snø over

fonna. I periodar med mykje nedbør

er det òg ofte sterk vind frå ein

sørleg eller vestleg kant. Snøen blæs

austover, og når vinden er sterk, kan

vi sjå korleis snøròket fyk over fjellkanten.

Kvar denne snøen til slutt

blir liggjande, er oftast bestemt av

vindretninga. Ved vind frå sørvest

skavlar snøen seg ein annan stad enn

ved nordvestleg vind. Faren for snøskred

er òg større dersom det vinteren

før kom mykje snø som ikkje

smelta heilt bort sommaren etter.Den

nye snøen har dermed eit glattare

underlag og kan lettare gli ut.

Dei to skredulukkene på Tokheim i

januar 1993 og på Bleie i januar 1994

syner tydeleg korleis faren for snøskred

kan byggja seg opp over fleire

år. I fleire vintrar hadde det kome

store snømengder i fjella og på fonna.

Nedbørmengdene var alt frå vintrane

294 FOLGEFONNA

1988/89 og 1989/90 uvanleg store,

og på Vintertun (392 moh.), sør for

fonna, vart det målt snødjupner på

opptil 1,6 meter på flat mark. På

Kvåle i Jondal (342 moh.) var ikkje

snømengdene så store,men også her

vart dei målte til nær fire gonger

normalen.Sommarvêret desse åra var

dominert av skodde og regn, og

temperaturen var ofte mykje lågare

enn normalverdiane.

Vinteren 1990/91 var ikkje nedbørmengdene

like store, men det var

stabilt og kaldt vêr,og snøen låg heilt

ned i fjøra frå tidleg i november til ut

i mars.Vintrane 1991/92 og 1992/93

kom det på nytt mykje nedbør, og

snødjupna på Vintertun vart i mars

1993 målt til meir enn 2,3 m. Denne

vinteren kom altså skreda på Tokheim.

Resten av året 1993 var relativt

tørt, men i desember auka nedbøren

att, og denne månaden vart det målt

om lag like store nedbørmengder på

Kvåle som på Vintertun. Og i januar

1994 kom skredet på Bleie.

I denne perioden auka Folgefonna

i areal i fleire område.Fleire bretunger

voks, og breisen vart tjukkare. Kaldt

vêr i mai og juni førte til at smeltinga

gjekk seint, og mykje snø vart liggjande

over til neste år. I områda

rundt fonna var dette synleg i skare

og dalsøkk med lite sol. Vinteren

1992/93 kom det uvanleg store snømengder,

sæßrleg på den sørlege

delen av fonna. På Vintertun fall det i

alt i desember 531,1 mm. Det våtaste

døgnet var 15. desember, då det kom

115,4 mm. Her vart denne nedbøren

registrert som regn, men 200–300 m

høgare kom han som snø, og nedbørmengdene

auka med høgda.

Vinden i denne perioden var for det

meste kuling og opp i storm frå sørvest.

Januar heldt fram med vind og

mykje nedbør nesten kvar dag, og 16.

januar vart det målt 64,6 mm nedbør

og snødjupn på 1,5 m på Vintertun.

1993 var eit kaldt år. Frå mai og ut

året var middeltemperaturen under

normalen, men det kom relativt lite

nedbør. Også i første delen av

desember var det relativt tørt, og det

kom to korte periodar med mildvêr,

truleg med plussgrader høgt over

1000 m.I siste delen av desember og

i januar fall det atter mykje nedbør,

og vindretninga var no frå sør til søraust.

På Kvåle målte dei på det meste

100,4 mm 21. januar og 94,2 mm 22.

januar, og snødjupna auka raskt til

over 1 m. 24. januar bles det vestavind

som var oppe i orkans styrke.

Nedbør er eit resultat av nedkjøling

av fuktig luft. Nedkjølinga

skjer når lufta blir pressa til vêrs, til

dømes når vinden blæs mot bratte

fjellsider. Til sterkare vinden er, til

kraftigare blir nedbøren. Dei uvanleg

store snømengdene som kom i

områda på og rundt Folgefonna desse

vintrane, var eit resultat av stabil og

sterk vind som bles fuktig luft inn frå

sør og vest. Det meste kom på den

sørlege delen av fonna.Kjølige somrar

gjorde at lite is og snø smelta, slik at

fonna voks fram over eggane og danna

eit glatt underlag under dei uvanleg

store snømengdene neste vinter. Når

tyngda av den nye snøen vart stor

nok, losna alt frå underlaget og rasa

nedover. Det spesielle for Bleieskreda

kom, var dessutan dei store mengdene

med nysnø som kom samstundes

med kraftig vestavind som

bles snøen austover.

Flaumar frå Folgefonna

Skredene kjem i dei bratte dalsidene

kring Folgefonna, men store naturkatastrofar

har òg direkte samanheng

med breen. Ein stor masse av is og

snø som ligg høgt til fjells, er i seg

sjølv ein potensiell fare. Ikkje minst

har folket i fjordbygdene fått oppleva

verknaden av tappingar frå bredemte

sjøar og storstilte smelteflaumar.

Som vi har sett, har Folgefonna

variert mykje i storleik i løpet av dei

siste ti tusen åra. Det har ført til at

det ulike stader og til ulike tider har

vorte danna bredemte sjøar. Dette er

innsjøar som dannar seg fordi breen

demmer opp den naturlege dreneringa

for vassmassane. Når vasstrykket

i desse sjøane vert større enn

mottrykket frå breen, får vi det vi

kallar «Jøkulhlaup». Ordet har opphav

i islandsk og refererer til katastrofetappingar

av bredemte sjøar

under Vatnajökull. Det spesielle på

Island er at vulkansk aktivitet kan

smelta isen frå undersida og såleis

laga store innsjøar som ein ikkje ser

på overflata. Det siste store jøkulhlaupet

på Island var i 2004,då Grimsvatn

under Vatnajökull vart katastrofetappa.

Jøkullaup på Island har ført

til nokre av dei største flaumane

som er kjende på jorda, med flaumtoppar

som syner avrenning opp

mot 50 000 m 3/sek, det vil seia like

mykje som avrenninga i Amazonas-

elva. Alle bredekte område rundt om

i verda har eller har hatt bredemde

sjøar. Særleg i Himalaya er det grunn

til å syna aktsemd, for breane her

dreg seg mykje attende og dermed

endrar dreneringa seg internt i

breane. Som ei forkorting for tappingar

av glasiale innsjøar nyttar ein

akronymet «GLOF», som er ei forkorting

for «Glacial Lake Outburst

Flood».

Internasjonalt er det sett i gang

fleire store prosjekt for å overvaka

dei mange bredemde sjøane som

dukkar opp i samband med høgare

middeltemperatur verda over, med

etterfølgjande smelting av breis. I

Noreg er det registrert eit titals bredemde

sjøar som har vore aktive det

siste hundreåret. Dei mest kjende er

Strupbreen i Lyngen, Blåmanssisen i

Nordland, Brimkjelen på Jostedalsbreen,

Flatbreen i Fjærland, Demmevatn

på Hardangerjøkulen og Sauabreen/Austre

Blomstølskardbreen

på Folgefonna. Dei bredemde sjøane

i Noreg har ikkje noko med vulkansk

aktivitet å gjera, men skriv seg frå

endra drenering som følgje av framrykk

eller tilbakesmelting av isbrear.

Slike sjøar kan ha utløp som berre

opnar seg når vassnivået stig over ei

viss høgd, eller dei kan verta katastrofetappa

når vasstrykket overstig

motkreftene i isen. Dei raske uttappingane

skjer gjennom tunnelar

under isen som vert smelta større og

større etter kvart som flaumen utviklar

seg. Slike flaumar akselererer i

intensitet etter kvart som tunnelane

under breen smeltar og utvidar seg

på grunn av flaumen.

Mosnes i Åkrafjorden er kanskje den

staden kring breen der folk sterkast

har kjent på kroppen faren med å ha

ein bre hengjande over seg. Breelva

sine herjingar gjorde at den siste fastbuande

flytte derifrå i 1966 (B386).

I Jondalsvassdraget er det òg spor

etter dramatiske katastrofetappingar

av bredemde sjøar. Nord for Nordfonna

går det ein dal rett aust-vest

som heiter Jukladalen. Namnet har

han fått fordi det heng isjuklar over

dalen. I dag renn smeltevatnet frå

breen ned i fleire små vatn og vidare

ned i Dravladalsvatnet og ut i fjorden

ved Jondalsøyri.Men slik har det

ikkje alltid vore. I to periodar har

Folgefonna vore mykje større enn i

dag, og bretungene som no heng

høgt over Jukladalen, rykte fram og

sperra av dreneringa i vestleg retning.

Dette førte til at det danna seg ein

større innsjø i dalen mot aust. På eitt

tidspunkt har vasstrykket i denne

sjøen vorte så stort at brearmen frå

Nordfonna har flotna opp, slik at

katastrofetappinga har byrja. Kor

stor denne innsjøen har vore er ikkje

godt å seia, men ut frå dei spora vi

ser i landskapet nedover dalføret, er

det grunn til å tru at det har vore

mykje vatn. Dateringa av desse hendingane

stammar frå sedimentprøvar

i Vassdalsvatnet. Dei syner to flaumlag

i sedimenta, det eine for om lag

2000 år sidan og det andre for om lag

1000 år sidan. Truleg vart heile dalbotnen

både i Øvre og Nedre Krossdalen

påverka av desse katastrofehendingane.

I Øvre Krossdalen finst

det mange forteljingar om flaumar

utover jordbrukslandet også i historisk

tid. For å skapa meir stabile forhold

for bøndene, vart elva på 1980talet

plastra med stein og retta ut.

Saman med kraftutbygginga på 1970talet

gjer sitt til at dei som veks opp

i dag,aldri har sett noko til desse storflaumane,

som herja dalen i farne tider.

Eit anna område med spor etter

katastrofetappingar av bredemde

sjøar, i Buervatnet. Prøvar av botnsedimenta

her syner spor etter to store

flaumar, den eine i samband med

«Den vesle istida» på 1700-talet og

den andre for om lag 1000 år sidan.

Årsaka til desse flaumane finn vi ved

ein liten brearm som går ned frå breplatået

litt sør for Svartenut.Vatnet i

den bredemte sjøen drenerer under

breen og ut i ei elv som renn via

Buervatnet ned til gardane på Buer.

Då innsjøen ligg langt til fjells, er det

ikkje mange sikre observasjonar av

kor ofte og når han har vorte tappa i

tidlegare tider. Sidan jøkulhlaupet går

inn i Buervatnet, vert flaumtoppane

dempa og mindre synlege for folk

nede i dalen. Hausten 2002 vart det

oppdaga at innsjøen var tom, og at

alt som var att, var nokre store isblokker

på botnen. Truleg har ein

stad mellom 1 og 1,5 millionar m 3

vatn runne ut, og senka vatnet med

om lag 28 meter. På Buer gard hadde

dei observert stor vassføring og mykje

slam i elva over ein periode på to

veker i august månad. Kart frå 1959

syner at breen då var større og at

han dekte heile området der det i

dag er ein bredemt sjø. Dette syner

at sjøen har eksistert berre når brearmen

har hatt ein viss storleik. Dersom

brearmen vert mindre kan det

føra til at katastrofetappinga skjer

raskare, og farleg for folket i Buerdalen.

Dei er vane med flaumstore

elvar i Buerdalen også av andre grunnar.

Under Den vesle istida gjekk det

fleire gonger skred som demte opp

elva gjennom dalen, og når så desse

demningane brast, vart det storflaum.

Ein av dei største flaumane av denne

typen kom i 1856,då snø og is demde

opp Jordalselva.

I Blådalen ovanfor Matre i Kvinnherad

budde det i fleire generasjonar

folk på Bjødnabøle. Dei dreiv enkelt

jordbruk og fangst i fjellet. Ein av

pionerane i området var KRISTOFFER

FOLGEFONNA 295

Vegen langs

Maurangerfjorden

er

særs utsett

for flaumar

og skred.

Her må det

derfor synast

stor merksemd

på

mørke haustdagar.

Vatn

og snø tek

med seg stein

og grus som

ofte hamnar

i vegbanen.

Stundom vert

kreftene så

sterke at

vegen må

gje tapt for

naturkreftene.

Her er vegskulder

og

rekkverk

vaska

i fjorden.

(Jan Rabben)
Jukladalen på

sitt vakraste

i slutten av

«Den vesle

istida» (1931).

Brearmane

er her byrja

å smelta

attende, men

er likevel større

enn nokon

har sett dei

i vår tid.

Det er brearmen

lengst

borte i biletet

som tidlegare

har vore

årsaka til dei

gigantiske

flaumane

som har herja

nedetter

Jondalsvassdraget.

Når

breen vert

større, demmer

han opp

Jukladalen og

det vert ein

stor bredemt

sjø innover

dalen. Når

vasstrykket

overstig

styrken i

isdemninga,

kjem det ei

katastrofetapping,

eit såkalla

«Jøkullaup».

Då kan heile

vatnet verta

tappa berre i

løpet av nokre

få timar.

Siste gong

dette hende

var for om lag

1000 år sidan.

(Hardanger

Folkemuseum,

Jon A. Bleie)

BJØDNABØLET. Han var den første til å

driva med tamrein på Folgefonnhalvøya.

Historia om han er spennande

lesnad, som er godt dokumentert i

boka «Nådelaust Liv i gåvmilde

Hardanger». Også Kristoffer fekk

bittert læra kor lunefull Folgefonna

kan vera. Ved fleire høve oppdaga

han at breelva frå Vestre Blomstølskarbreen/Svelgjabreen

brått minka

i storleik. Nyfiken klatra han oppetter

elva og såg at fronten av breen

hadde kollapsa. Då visste han at det

var berre minuttar att før han kunne

venta ei flodbølgje, når is-demninga

brast. Gjennom åra vart husa på

Bjødnabøle stadig flytta lenger opp

på bøen, før Sunnhordland Kraftlag

la heile garden under vatn på 1960talet.

På Digranes i Sørfjorden har det

vore fleire hendingar med flaum frå

Lausavatnet, som ligg opp mot og

delvis under Folgefonna. Av og til

hende det at fonna kalva ned i vatnet

og laga så store flodbølgjer at dei

fløymde over kanten og nedover lia.

I 1742 kom det ei slik flodbølgje som

øydela det meste av innmarka. 19.

februar 1849 gjekk det eit snøskred

som stengde utløpet og demte opp

vatnet. Då demninga brast, kom det

eit stort skred som var ei blanding av

vatn og snø, og som øydela mykje

skog og innmark og tok med seg

hus. I ein protokoll som refererer

denne hendinga, står det at «3

296 FOLGEFONNA

Kvinder blev udgravet levende». Så

godt gjekk det ikkje på Måkastad i

1761. På vårtinget dette året opplyste

LARS TORSTEINSON MAKESTAD at

den 2. mars om ettermiddagen gjekk

det ei snøskrede frå høgaste fjellet.

Skredet tok med seg den gamle mor

hans, kona hans og ei lita dotter, alle

husa utanom løa, med alt som var i

husa, frårekna han sjølv og eit lite

barn som han hadde i armane og

som vart rive frå han. Han sjølv vart

nedgraven i snø til opp under armane,

så han kunne fortelja dei som kom

til, kvar barnet låg. Det vart grave

fram att i live. Om kvelden fann dei

òg mor hans i live, men først tre

dagar etterpå fann dei det andre

barnet under snøen, og åtte dagar

seinare fann dei òg kona. «Om denne

Tildragelighed og hans store Hjertesorg

har han begjært Almuens sandfærdige

Vitneprov ..»

Han bygde husa opp att på same

staden, men 7. februar 1808 kom det

ei ny snøskrede over garden. Denne

gongen miste også Lars livet. Lausavatnet

har også seinare synt seg å

vera farleg,og så seint som 19.februar

1973 gjekk det ei stor skrede ned frå

vatnet.Vi kan framleis tydeleg sjå det

blankspylte skarvet der skreda

brukar å gå.

Den største flaumen i moderne tid

kom den 7. september 1966. Denne

hadde samanheng med smelting av

breis, på grunn av varmt vêr i kombi-

nasjon med mykje nedbør. I Nordrepollen

kan ein i dag sjå korleis

flaumen endra elveløpet ved munninga

ved fjorden. Flaumen i 1966

var nemleg den siste store flaumen

før elva vart regulert og alt vatnet

ført til Mysevatn og vidare i tunnel

gjennom turbinane til Statkraft. Frykt

for flaum frå hissige breelvar har

vore det største trugsmålet mot jordbrukslandet

i mange dalar kring

Folgefonna. Etter kraftutbyggingane

på 1970-talet er mykje av farepotensialet

fjerna sidan demningar sørgjer

for at flaumtoppane vert dempa.

Vassføringa i Jondalsvassdraget er

redusert med heile 75 % i høve til

normal avrenning gjennom eit år.

Regnflaumar i bratte fjell

Det kan ikkje kallast flaum berre ein

ser at elvar og bekker går over sine

breidder. Hydrologane baserer sine

definisjonar av flaum på ei samanlikning

av dagleg målt vassføring frå

hydrologiske stasjonar. Norges vassdrags-

og energidirektorat (NVE) har

ansvaret for slike målingar i norske

elvar og bekker. I dag er desse stasjonane

utstyrte med instrument som

registrerer kontinuerleg vassføring.

Ein klassifiserer gjerne flaumane i

årsflaumar og middelflaumar. Definisjonen

på ein årsflaum er den høgaste

vassføringa som er registrert i ei elv

i løpet av eit år. Middelflaumen er

vidare gjennomsnittet av alle årsflau-

mane i elva i ein periode på mange

år. For å kunna definera flaumar, må

ein derfor ha daglege vasstandsregistreringar

over ein periode på minst

ti år. Storleiken på årsflaumane og

middelflaumane er ulik frå elv til elv,

men regelen er at til større elva er, til

større er den tillatne vassføringa før

ein talar om flaum.Dersom ei elv gjer

skade på liv, helse eller materiell,

vert det kalla ein skadeflaum.

I dag er det NVE som har den

nasjonale flaumvarslingstenesta og

ansvaret for prognosar med omsyn

til flaumar. Dei nyttar avanserte

metodar for å kunna gje nøyaktige

varsel.Desse metodane er baserte på

observasjonar frå målestasjonar i

elvar, snømålingar, satellittbilete, nedbørsprognosar

frå vêrvarslinga og

hydrologiske berekningsmodellar.

I utgangspunktet er dei bratte og

relativt korte vassdraga på Vestlandet

mindre utsette for skadeflaumar

enn dei lange og slake vassdraga

på Austlandet. Det hender

likevel frå tid til anna at elvane på

Folgefonnhalvøya går utover sine

breidder og løyser ut skadeflaumar.

Generelt kan vi seia at dei vanlegaste

årsakene til flaum på Folgefonnhalvøya

er kraftig regn eller langvarig

regn i kombinasjon med snøsmelting.

Det er sjeldan at berre regn eller

berre snøsmelting fører til skadeflaumar

i og med at dei bratte elvane

er effektive dreneringskanalar. Men

dei åra der snøsmelting og mykje

regn fell saman, kan oppleva skadeflaumar.

Dei største flaumane vi

kjenner i historisk tid i Noreg, har

alle kome om sommaren.

I oktober 2005 var det ein skadeflaum

i Buerelva, som eit resultat av

intensivt regn over ein lang periode.

Det som gjorde utslaget, var ein temperaturauke

som førte til at nysnøen

i fjellet byrja å smelta. Hausten 2005

gjekk det så hardt for seg i elva at

vegen i dalen vart stengd og Hagabrua

måtte utbetrast. OLA BUER, som

har budd heile sitt liv i dalen, fortalde

til Hardanger Folkeblad at flaumen i

oktober 2005 var større enn både

den i 1938 og den i 1962. Basert på

dette kan flaumen karakteriserast

som ein hundreårsflaum. Slike regnflaumar

må vi truleg gjera rekning

med å få fleire av i framtida, ettersom

klimamodellane syner at nedbøren

på Vestlandet vil auka fram

mot 2100.

Frå gudsfrykt til kunnskap

Kvifor valde folk å bu i desse rasfarlege

liene utan å gje opp gard og

grunn kvar gong skreda tok folk og

hus. Det er ikkje utan vidare enkelt å

svara på dette spørsmålet, men dei

grøderike områda langs fjorden var

ettertrakta land som ein nødig gav

opp, jamvel om det kunne vera tryggare

å busetja seg andre stader. Nærleiken

til fjorden gav kommunikasjon

og lettvint transport, og fiske

var ei viktig attåtnæring.

Her låg det strandflater, rett nok

ofte nokså små, men det var mogleg

å dyrka opp bakkar med næringsrik

morene- eller skredjord. Dessutan var

klimaet mildt. Det var vanleg å setja

på ein større buskap om hausten enn

det var samla inn vinterfôr til. Sørvende

bakkar, der graset vart tidleg

grønt, kunne derfor stå svært høgt i

kurs. Våren kom tidleg fordi det

sjeldan var nattefrost nær fjorden.

Ekstra tidlege var dei områda som i tillegg

var skjerma mot kaldlufta som

om vårnettene seig nedover frå snødekte

toppar og frå fonna. I historia

går gjerne slike eigedommar att i tinglysingar

av medgifte og ved skifte.Om

sommaren gav godt og varmt vêr

gode avlingar, og det var sjeldan

tørke. Dessutan skjerma fjella mot

sterk vind, og lite vind var ein viktig

føresetnad for fruktdyrking.

Synet på naturen var annleis enn i

vår tid. Den gongen var eit skred ei

svært dramatisk og nesten ufatteleg

hending og vart ofte sett på som eit

fenomen knytt til ein «styrelse» frå

høgare makter. Eit skred kom derfor

uventa og «der folk minst venta det».

Offergåver til prest og kyrkje, anten

som takkegåver for å vera sparte for

skred, eller som ei bøn om å verta

sparde, syner at trua på lagnaden var

stor.I dag er det mindre tru på lagnaden

men meir tru på at mennesket

kan vinna over naturkreftene. Det

trengst skredsikring av vegar og bustadområde,

men vi må aldri gløyma

at vi er gjester i dette landskapet, og

at naturen og dei geologiske prosessane

vil gå sin gang så lenge tyngdekrafta

får verka. Vi kan derfor aldri

gardera oss mot naturfarar,men auka

kunnskap og respekt for naturen kan

kanskje gjera livet mellom fjella tryggare

for det moderne mennesket. ❏

SKREDENE

PÅ ROGDO

Rett nedanfor tunet på

Rogdo, på sørsida, ligg det

ein stor stein, 15 meter lang,

7– 8 meter brei og 5–6 meter

høg (bilete s. 260). Soga om

korleis denne steinen vart

liggjande her er dramatisk

nok, og ho som fortalde

om det til etterslekta,

Brita Kristensdotter Rogdo,

var 12 år gammal

då dette hende.

I midten av februar 1868

hadde det snøa tett i tre veker,

og det var så mykje snø på

hustaka at karane måtte opp

fleire gonger og måka snøen

vekk, så ikkje taka skulle

brotna. Så ein dag kom skredene.

Leirdalsskredo gjekk rett

før middag, sør for tunet. Husa

skalv og rista, og folka sprang

ut i tunet, for dei trudde husa

ville fara.Men bygningane stod.

Folk kunne sjå ei kjempeskrede

som hadde losna inne

i Leirdalen, og då skredvinden

stilna og snøgòvet hadde lagt

seg, gjekk dagen vidare.

Vel ferdige med middagskvilda

eit par timar seinare,

kom Husaskredo. Denne går

på nordsida av tunet og kjem

oftare enn Leirdalsskredo.

Oftast kjem Husaskredo berre

ned mot tunet og stoggar eit

stykke oppe. Men denne dagen

kom snømassane kom langt

nedanfor tunet og gjekk saman

med Leirdalsskredo på nedsida,

slik at Rogdatunet låg

som ei øy i snøhavet.

Gode to månader seinare, då

snøen byrja å bråna i vårsola,

kom den store steinen fram

som hadde følgt med Leirdalsskredo,

av storleik som eit hus

– den største steinblokka vi

kjenner til som er blitt transportert

av ei snøskrede. Ingen

har gjort noko med steinen,

som no har lege i fred i 140 år

nede på bakkane.

FOLGEFONNA 297