30.07.2013 Views

Panorama - KKPorsgrunnvgs

Panorama - KKPorsgrunnvgs

Panorama - KKPorsgrunnvgs

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Lytteoppgåver

Basis 17

1 Aktiv lytting

Deltakarar: A, B + observatør

Samtale om gitt emne. F.eks.: Kva skal du gjere i sommarferien?

A får ordet, maks 3–5 setningar

B får ordet og framfører sine planer. B innleier med å gjenta den siste frasen A

har sagt. Dette mønstret blir brukt gjennom heile samtalen.

Observatøren lyttar og passar på at ingen tar ordet utan å ha oppfylt kravet om

gjentaking.

Eksempel:

A: Til sommaren skal eg reise til Australia. Eg kvir meg litt, for eg er redd for å

fly.

B: Eg kvir meg litt, for eg er redd for å fly. Men eg skal ikkje med fly til Australia

i sommar. Eg skal arbeide i eit gartneri. Eg treng pengane.

A: Du treng pengane. Ja, kven treng ikkje pengar. Men eg skal heller jobbe kvar

einaste helg til hausten.

B: Men du skal jobbe kvar einaste helg. Blir ikkje det …

Når du får betre øving, kan du omformulere det som blir gjentatt, slik at det passar

i dialogen.

2 Overføring av informasjon

Arbeid parvis. Finn forskjellar mellom to bilete ved å snakke med og lytte til

kvarandre, utan å sjå på den andre sitt bilde.

Liknande oppgåve kan gjerast med utgangspunkt i tekst.

3 «Viktig melding»

Deltakarar: A, B + observatør

A gir B viktige opplysningar om fluktruta ei gruppe må følgje over grensa. Desse

opplysningane skal B bringe vidare til flyktningane. På grunn av risikoen kan han

ikkje notere ned noko, men må hugse alt så nøye som mogleg. B gir opplysningane

vidare til observatøren, som får rolla som flyktning.

Merka observatøren noko som B gløymde? Hadde B problem/ikkje problem med

å oppfatte alle opplysningar? Fekk A presist fram informasjonen? Vurder innhald,

understreking av nøkkelord, artikulasjon, taletempo, pausar.

4 «God hukommelse»

– Kopier forteljinga. (Kopieringsoriginal side xxx.) Eitt eksemplar per gruppe.

Klipp forteljinga opp slik at det blir ei setning eller eit kort avsnitt på kvar

lapp.

– Del klassen i grupper på 8–10. Del ut lappane i gruppene.

Elevane les sine setningar høgt, og saman skal gruppa bli einig om korleis forteljinga

som heilskap skal vere. Dei får ikkje bruke penn og papir.

Først når dei er einige om korleis forteljinga skal vere, får dei vise fram setningane

til kvarandre.

Dei les forteljinga høgt i gruppa.

Til slutt diskuterer dei løysingar på dilemmaet i forteljinga.

Kven av de to brødrene hadde den beste hukommelsen? Han som spurte

«Hva», eller han som svarte «Honning»?

(teksten er frå J. Lundstrøm: Regnbuens fange. 50 dilemma-eventyr fra Afrika, 1988)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!