03.08.2013 Views

Samlaget hausten 2011 SKJØNNLITTERATUR: Romanar ... - Cision

Samlaget hausten 2011 SKJØNNLITTERATUR: Romanar ... - Cision

Samlaget hausten 2011 SKJØNNLITTERATUR: Romanar ... - Cision

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

SKJØNNLITTERATUR:

Romanar og noveller

Samlaget hausten 2011

HILDE MYKLEBUST: GLØDEPUNKT

Poetisk industrirealisme

Det ligg ei summing over Steinsetbygda. Ei dirrande summing av

røyster og kaos og fektande tankar. Heile bygda gløder mørkt og

sugande, som ein nyuttrekt femtoms spikar, varm og brennheit av

overført energi frå ein tilstand til ein annan.

Guttorm jobbar ved bergverksbedrifta Mineral Vest. Han og kona

Margunn prøver å halde liv i ekteskapet sitt, men det er så mykje

som gneg: Overtida, det altfortærande brotet som trugar

vennskap og barndomsminne, sandstøvet i lungene, barnet dei ikkje får. Når bedrifta får

tidenes største ordre på sand til eit belgisk jarnverk, skyt aktivitetsnivået fart, dagbrotet veks

og arbeidarane vert drivne til brestepunktet. Hjelpa kjem i form av finske leigearbeidarar,

som også er eit kjærkome innslag for unge jenter med lengt bort frå bygda. Ein vert sugd inn

i denne forteljinga, der arbeidet byrjar tidleg om morgonen med ein tørr finger mot ein kald

brytar, slik det alltid har gjort, men endar tragisk og blodraudt.

Forfattaren lar denne vesle bygda med steinbrotet bli eit bilde på korleis storsamfunnet

fungerer. Hilde Myklebust tek med dette steget frå poesien til romanen. Ho har med seg det

presise og fargerike språket sitt inn i ei forteljing som både er sitrande spennande og

rørande.

HILDE MYKLEBUST (f. 1979) er frå Syltedalen, i Vanylven på Sunnmøre. Ho debuterte med

diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge

lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange

julenatta – ei varm, vakker og jordnær forteljing for barn.

ROMAN | Pris ca. kr 329,- | ISBN 9788252179262 | I sal

BRIT BILDØEN: ADAM HIORTHS VEG

Ein syklande Don Quijote i sprek miljøroman!

Den kjende miljøvernaren Jon Utskott legg ut på sin årlege

sykkeltur frå aust til vest, og tek svært motvillig med seg den

unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth. Som vår tids Don

Quijote og Sancho Panza legg dei ut i teneste for det gode, men

hamnar fort i eit blodig torgslag. På ferda gjennom Noregs indre

ventar mange eventyr: Dei badar i ein forheksa sjø, drikk med

Døden og hans muntre følgje, og allslags folk kjem til dei med

sine historier. Den unge Hiorth har mykje å lære av sin eldre

turkamerat, ikkje minst på damefronten. Jon Utskott på si side har begynt å vakle: Han

grunnar på kva det er han har fått utretta gjennom sin livslange kamp for miljøet. Vegen er

ikkje så bein som han ein gong var. Spørsmåla har ingen enkle svar, og det mørknar i

horisonten. Kor mange motbakkar og kor mykje juling vil dei to klare å takle før ferda endar?

Brit Bildøen: (f. 1962) er forfattar og forlagskonsulent. Ho har i år tjueårsjubileum

som forfattar. Bildøen har gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay.

Mellom anna romanane Landfastlykke og Alt som er og essaysamlinga Litterær

salong.

ROMAN | Pris ca. kr 359,- | ISBN: 9788252177688 | Utg. september

MARIT EIKEMO: SAMTALE VENTAR

Drivande godt om å falle utanfor

Elisabeth Brenner er eksjournalist på attføring. Gjennom NAV får

ho

ein ny sjanse i arbeidslivet: ho skal samle dialektprøvar på

industristaden Einvik. Hit kjem ho ein mørk kveld i november og

flyttar inn på arbeidarbrakka. Dei som bur i denne vesle byen

er nysgjerrige og ivrige etter å hjelpe, og ho blir snart kjend med

mange. Men arbeidet er verken godt eller effektivt. Brenner

greier ikkje skilje jobb og privatliv, og får stadig større problem

med relasjonane på staden. Folk stiller seg meir og meir tvilande til kven ho

er og kva ho driv med. Brenner fattar interesse for den sære, lokale forfattaren Sveinung Sel,

og oppsøker han først for eit intervju, seinare av grunnar ho ikkje sjølv heilt forstår. Eikemo

fører vidare prosjektet frå dei første to romanane sine, når ho tematiserer einsemd

og lengsle etter - og ambivalens til - ein større fellesskap.

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda. Ho gav ut sin første roman, Mellom oss sagt, i 2006. Den

kritikarroste oppfølgjaren, Arbeid pågår, kom i 2009. Marit Eikemo har vore informajonssjef,

journalist og redaktør (Syn og Segn). Ho er no leiar for Litteratursymposiet i Odda.

ROMAN | Pris ca. kr 349,- | ISBN: 9788252179088 | Utg. september

JON FOSSE: KORTARE PROSA

Jon Fosse har gjennom åra gjeve ut tre kortprosabøker: To

forteljingar frå 1993, året etter Prosa frå ein oppvekst og i

1998 Eldre kortare prosa. Desse bøkene er no samla og kan

vera ein god

veg inn i Fosses forfattarskap.

Dei to forteljingane No kan hunden komme og Lines hår frå

1993 rommar både galskap og vemod. Hundehistoria handlar

om ein mann som tek livet av ein sambygding etter han har

drepe

hunden hans, noko hundeelskaren Fosse har sagt at han godt

kan forstå.

Prosa frå ein oppvekst står heilt for seg sjølv i forfattarskapen til Fosse, det er ei «lykkeleg

bok» som ikkje liknar på noko anna han har skrive. Fosse skriv frå eigen oppvekst. Det

handlar om fjord og sauer, besteforeldre og raspeballar, danseband og rus. Det handlar om

gleda ved å samla på bussbillettar, men òg å oppdaga at døden finst.

Eldre kortare prosa opnar med ein heilt sentral Fosse-tekst, nemleg novella Han. Fosse

debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, men sjølv reknar Fosse novella

Han fra 1981

som sin eigentlege skjønnlitterære debut. Novella vart trykt første gong i Studvest i 1981

som vinnarbidrag i ein novellekonkurranse.

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans

er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp snart 1000 gonger over heile verda.

Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som

det 21.

hundreårets Beckett.

PROSA | Pris ca kr 299,- | ISBN: 9788252179699 | Utg. september

RAGNAR HOVLAND: STILLE NATT

Ny, etterlengta roman frå Ragnar Hovland!

I Ragnar Hovlands nye roman følgjer vi ein forfattar i trøbbel.

Han er ein av til saman fem brør, den eine er advokat og sit i

fengsel etter noko advokatjuks, den andre har det skjedd noko

mystisk med og sit stort sett berre inne i leilegheita si, mens dei

to siste, vel, ingen veit kor det blei av dei. Først og fremst

prøver forfattaren å leve eit så skikkeleg liv som mogleg,

komme seg opp før halv elleve, drikke eit par koppar kaffi med

fløyte før han set seg ved maskina for å arbeide. Men så ein dag

blir han oppringd av Tomas D., som vil at han skal komme heim

til Vik, heimbygda. Og han kastar seg i bilen og køyrer til

Vestlandet. Det er mellom anna her han hentar stoffet til romanane sine, og vi får høyre

mykje kjekt om forfattarlivet. Men snart begynner underlege ting å skje. Tilbake i byen blir

forfattaren etter kvart heimsøkt av sine eigne karakterar, og han blir dratt meir og meir inn i

mysteriet med kva som skjedde broren den gongen.

Ragnar Hovland (f. 1952) er forfattar, humorist, skribent og ukulelespelar. Full av spenstige

innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut

meir enn 40 bøker i alle sjangrar.

ROMAN | Pris ca. kr 359,- | ISBN: 9788252176377 | Utg. oktober

METTE KARLSVIK: BLI BJÖRK

Sterk roman om Islands største stjerne

Denne vidunderleg originale romanen om den mest profilerte

familien på Island, startar med far til Björk, som er elektrikarlærling

og seinare fagforeiningsmann. Den strekkjer seg fram til Björks

ungdomstid og hennar internasjonale gjennombrot. Med stor og

begåva innleving skildrar Karlsvik personane og samspelet deira

med naturen og kvarandre. I eit elektrisk, musikalsk og humoristisk

språk får vi oppleve naturen, kulturen og samfunnet på Island på andre halvdel av 1900-

talet. Dei små, daglegdagse hendingane i romanen blir fletta inn i dei store internasjonale, og

teiknar til saman eit fascinerande portrett av eit geografisk isolert men internasjonalt viktig

land. Bli Björk er ein familieroman utanom det vanlege, og i sentrum av alt dette står Björks

veg frå barndom til stordom.

METTE KARLSVIK (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot

fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og

vaksne. Karlsvik er frå Frei på Nordmøre og bur i Oslo.

ROMAN | Pris ca. kr 349,- | ISBN: 9788252178623 | Utg. oktober

TORE KVÆVEN [DEBUTANT]: HARD ER MITT LANDS LOV

Eventyrleg vikingroman

Det norske skipet Havjerven ligg til hamn i Roma då høvdingen

blir utfordra og drepen i sverdkamp av grønlendingen Ulfr. Ulfr tar

høvdingtittelen på skipet og lokkar mannskapet med seg på ei vill

havferd nedover kysten av Store Serkland (Afrika), vidare opp

Kongo-elva og mot det indre av Afrika. Skildringa av ferda over

havet og innover i jungelen har slektskap med klassiske romanar

som Moby Dick og Heart of Darkness. Det skal visa seg at Ulfr ikkje

er heilt den han har gjeve seg ut for og at mannskapet ikkje anar

målet for reisa før det er for seint.

Debutanten Tore Kvæven har skrive ein forrykande og spennande historisk roman. Inspirert

av islendingssogene og med eit vell av historisk kunnskap tar han lesaren med på

eit uforgløymeleg tokt.

TORE KVÆVEN (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Hard er mitt lands lov er debutboka hans.

ROMAN | Pris ca. kr 379,- | ISBN 9788252176063 | Utg. oktober

EDMUND AUSTIGARD: SOLSKINSBUSSEN

Eit oppgjer med tyskarane, himagardar og dårleg samvit

1944. Det er krig. Løytnant Bønarflott og laget hans blir flydd over

Nordsjøen av RAF. Etter 17 år i Chicago svevar han mot

gamlelandet i fallskjerm. Landinga blir mjuk, han borar seg ned i

svartjordmyr. Blir ståande fast som levande blink langt oppe i

ryfylkeheiane. Hans einaste håp er at pøsregnet gjer jordmyra så

laus at ho slepp taket. Samtidig spør han seg sjølv kva som

verkeleg er verdt å daude for? Konge, fedreland, ei fri verd, ære?

Eller er det berre kjærleik?

Solskinsbussen er ein frittståande oppfølgjar til Edmund Austigards kritikarroste

debutroman, Krinsereglane. Aldri før har vi – gjennom ei inngåande skildring av Bønarflåtfamilien

frå Årdal i Ryfylke – fått ei slik innføring i uskrivne reglar for kva som gjeld og ikkje

gjeld i eit bygdesamfunn i endring.

Edmund Austigard: (f. 1964) debuterte i 2005 med romanen Krinsereglane og følgde opp

med Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu i 2008. Ved sidan av å skrive

bøker arbeider Austigard i dag som direktør for Den Norske Bokdatabasen. Austigard voks

opp i Årdal i Ryfylke og bur i Oslo.

ROMAN | Pris ca kr. 349,- | ISBN: 9788252179255 | Utg. august

ROLF SAGEN: FAR OG SON (SOGA OM PJAKK)

Dette er forteljinga om ei helsing. Pjakk kjøper ein bubil og legg

ut ei reise, kanskje mest for å overlevere ei helsing til ein dei

kallar Ole Pudder. Men Ole Pudder viser seg vanskeleg å spore

opp. Pjakk blir rundlurt av ei kvinne han møter på vegen. Han

blir arrestert og kasta i fengsel, mistenkt, men han får ikkje vite

for kva.

Ein burlesk roman frå Rolf Sagen, som ikkje står tilbake for det

beste av det han har skrive, i hans særeigne kombinasjon av det

absurde og lyriske.

Rolf Sagen (f. 21. desember 1940) har gitt ut ei lang rekkje romanar, noveller, dikt og

barnebøker. Han har markert seg sterkt i det norske litterære landskapet frå han i debuterte

i 1968. Romanen Mørkets gjerninger, fekk Kritikarprisen i 1976. I 1986 kom den elleville

Springfart ved fjorden, og i 1990 kom Lyden av vatn, som mange reknar som eit høgdepunkt.

ROMAN | Pris ca kr 329,- | ISBN: 9788252179620 | Utg. september

ERLEND FLORNES SKARET [DEBUTANT]: WROCŁAV

Stilsikker og spennande debutroman

Vi følgjer ein omreisande mann i trettiåra gjennom to døgn i

den polske byen Wrocław, der han gradvis blir ført til mentale

utpostar og fysiske avkrokar i den elles vakre byen. Han møter

personar som utfordrar identiteten og grensene hans,

mellom anna nabokvinna på hotellet som på utstudert vis

innlemmar han i eit trekantdrama som skal vise seg å bli

avgjerande for opphaldet hans. Skaret bygger opp romanen

gjennom indre monologar, refleksjonar og minne, mens den ytre handlinga avgrensar seg til

scener frå hotellet og området rundt. Wrocław er ein spennande og stilsikker roman

som fangar lesaren i byen, hotellet og i hovudet til hovudpersonen, og ikkje slepp taket.

Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo, og bur no i Oslo, der han arbeider som

sivilingeniør. Han har gått på forfattarstudiet i Bø.

ROMAN | Pris ca. kr 349,- | ISBN: 9788252179286 | Utg. september

SIGRUN SLAPGARD: PARADISHAGEN

Forboden kjærleik og ukjende historier frå krigen

Den norske regissøren Julie Dalgård oppsøkjer Melk kloster i

Austerrike for å lage ein dokumentarfilm. Ein avdød familievenn,

bibliotekaren Kurt Leonard, har avslørt delar av ei historie ho vil

finne ut av. Det viser seg at her er fleire ufortalde historier knytte

til krigen. Det at Leonard har ei fortid som Wehrmacht-soldat, er

berre starten. Dalgård går på jakt i hans og familiens fortid både i

Nord-Noreg og i Austerrike, og nærmar seg etterkvart nye versjonar av livshistorier ho har

kjent sidan barndommen. Med kva rett skal ho skape filmen som vil bli ståande som historia

om Kurt Leonard? Og kva versjon skal ho fortelje? I denne romanen får vi lese om forteiing i

den næraste familie, om kollektiv forteiing og om konsevensane av dette. Vi blir vitne til

korleis kjærleik og død kan slå inn i liv og korleis ulike liv og livshistorier flettar seg inn i

kvarandre.

SIGRUN SLAPGARD (f. 1953) er forfattar og arbeider også i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei

nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn. Ein biografi om Lise

Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset (Dikterdronningen, 2007).

Paradishagen er hennar første roman.

ROMAN| Pris ca. kr 349,- | ISBN: 9788252175806 | Utg. september

RUNE TIMBERLID: ST. SVITHUNS GÅTE

Knallsterk krim frå det mektige Vestkapp

Vår mann i vest, Rolf Randen, er på utlån frå lensmannskontoret i

Førde for å patruljere kysten i ein open gummibåt, på jakt etter

islamistiske terroristar som trugar nasjonen. Eit meiningslaust

oppdrag, tenkjer han og vil heller dykke ned til det gamle

hurtigruteskipet Sanct Svithun som blei bomba utanfor Ervika i

1943. Under eit dykk finn Randen ein død mann i sjøen ved ei

sandstrand nær Vestkapp. Samstundes forsvinn ei kvinne og

gamle gullmyntar dukkar opp. Rolf Randen er igjen i sentrum av

eit storslagent drama som har forgreiningar til Stalins Gulagleirar,

andre verdskrig og den spanske armada – og bak ligg den mektige naturen i Selje og

spelar med.

RUNE TIMBERLID (f. 1950) er journalist og kriminalforfattar. Han har, sidan debuten i 1991,

skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline (2006) og

Operasjon Siskin (2008). Timberlid er busett i Førde og arbeider som informasjonssjef i

Lotteri- og stiftelsestilsynet.

KRIM | Pris ca kr 349,- | ISBN: 9788252176001 | I sal

OMSETTE ROMANAR:

MARI JUNGSTEDT: DEN MØRKE ENGELEN

Ny krim frå Gotland

Vårvinden hyler over Gotland når Visbys nya kongresshall skal bli

invidd med pomp og prakt og over fem hundre

gjester. Festfiksaren Viktor Algård står bak det bokstavelig tala

glitrande arrangementet. Det skal bli hans siste fest. Dagen derpå

blir han funne myrda i bygningen.

Overbetjent Knutas er på saka og spora fører han mot ei

mishandlingssak i eit hardt tenåringsmiljø. Etterforskinga stiller

han i store dilemma, både som tenåringsfar og politimann.

Den mørke engelen er ein skremmande psykologisk thriller og ei djuplodda skildring av kor

øydeleggjande foreldre kan vere.

”Den mörka ängelen har en raffinert avslutning och uppösing som inte hämtar näring i det

spekulativa utan står stadig i myllan – den gotländska myllan.” GOTLANDS TIDNINGAR

”Det här är perfekt läsning för semestern… ”, SKÅNSKA DAGBLADET

KRIM | Pris ca kr 349,- | ISBN: 9788252177381| Utg. november

PIA TAFDRUP: STJERNE UTAN LAND

”Om kærlighed, passion, kunst, selvstændighed,

afhængighed, glæde, sorg, liv og død”

Pernille Lisborg, litteratursiden.dk

Den middelaldrande Andreas sit tilfeldigvis ved sidan av den

unge Rebecca i flyet til Barcelona. Ho ser han gråte og kjem i

snakk med han. Seinare besøker ho han i København der ho

kjem i snakk med Sophia, naboen hans. Andreas er fotograf og

vil ta bilete av den unge kvinna. Ho liknar den døde kona hans.

Dette blir oppstarten på eit stille drama, eit klaustrofobisk

mareritt som ender i ein tragedie. Andreas begynner å oppføre sig bisart overfor Rebecca, og

Sophia ser at han prøver å få henne til å likne på den første kona si som døde svært ung.

Pia Tafdrup (f. 1952) debuterte i 1981 med Når der går hul på en engel og har gitt ut elleve

diktsamlingar. For Dronningeporten fekk ho Nordisk Råds Litteraturpris i 1999. i 2005 kom

hennar første roman, Å gi seg bort, ut på norsk.

ROMAN | Pris ca kr 349,- | ISBN: 9788252175646 | Utg. oktober

WILLY KYRKLUND: POLYFEM FORVANDLA og

MEISTEREN MA

Svimlande vakker og særprega dobbeltutgiving

Polyfem forvandla er ved sida av Solange og Meisteren

Ma Willy Kyrklunds mest kjende verk. Romanen er ein

montasje av korte prosastykke der både greske mytar,

fablar og folkedikting, hinduistisk tradisjon og

visepastisjar

blir tatt i bruk. Polyfem, som vi møter i bokas første tekst, er kyklopen som hos Homer blir

rundlurt av Odyssevs,

og som no sit og ventar på at Ingen skal komme attende. Alt får plass mellom første og siste

side: Leiken, lengten, mordet og likesæla. Språket er poetisk, sekvensane er både komplekse

og djupt

humoristiske. Dette er ein svimlande roman, ein av nordisk litteraturs vakraste, som ber om

å bli lesen igjen og igjen.

Meisteren Ma er ein kinesisk vismann og tidlegare røvar frå eit fortidig dynasti. Sjølv enda

han sitt liv på jorda då han lét seg slynge ut i retning månen ved hjelp av ei mengd fyrverkeri.

Det som er att, er skriftene hans. Meisterens ytringar blir fortløpande kommenterte av dei to

andre karakterane i boka:

den jordnære kona Yao og den saklege tørrpinnen Li. Dei tre stemmene flettar saman ei heilt

original forteljing.

Omsett og med etterord av Gunstein Bakke.

ROMAN | Pris ca. kr 349,- | ISBN: 9788252177671 | Utg. oktober

ROMAN, POCKET:

NY POCKETSERIE MED GRYTTENS BØKER

Frode Grytten (f. 1960) er frå Odda. Han debuterte i 1983, og har skrive bøker i fleire

sjangrar. Grytten er ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg. Ein fellesnemnar

for tekstane til hans er at dei skildrar vanlege folks liv med ein uvanleg energi, både

medrivande barndomsskildringar og kompliserte kjærleikshistorier blir fortalde på ein varm

måte som gjer det mogleg å følgje karakterane inn i dei mest hudlause situasjonar. Han fekk

Brageprisen for Bikubesong i 1999 og blei for same bok nominert til Nordisk Råds

litteraturpris. Han blei tildelt Rivertonprisen for kriminalromanen Flytande bjørn i 2005, og

for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsomprisen i 2008. Teaterversjonen av

Bikubesong mottok strålande kritikk og trakk fulle hus både i Oslo og Bergen.

FRODE GRYTTEN: BIKUBESONG

Eitt år i Murboligen, ein arbeidarbustad i Odda.

”Noko nytt begynte no. Han kunne gå i kva retning han ville, kva veg

han sjølv ville. Han følte seg heilt fin, heilt finfin, som om han

endelig va r seg sjølv, som om han hadde vo re ein annan person og

no hadde komme til seg sjølv igjen. Han skulle gå langs vegen som

ein vanlig mann. Det var eigentlig alt han ønskte. Å gå langs vegen

som ein vanlig mann.”

Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra,

men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.

POCKET | Pris ca. kr 129,- | ISBN: 9788252179972 | Utg. september

FRODE GRYTTEN: FLYTANDE BJØRN

Mørk roman bada i norsk sommarlys

Hovudpersonen i Flytande bjørn er journalist på eit stille

lokalkontor i ein stille småby. Ei juninatt blir ein gut pressa på elva.

Alle trur dei veit kven som står bak.

”Lukta av sveitt småby. Stanken frå Volvoen min. Det var vittig. No

som Odda endelig var kvitt utsleppa frå verket, kjørte eg rundt i ein

bil som lukta død og pine. Eg rulla ned vindauget og svinga inn på

vegen ved Shell. Det varme rattet var klissete av blod.”

Flytande bjørn er ein mørk roman bada i norsk sommarlys.

POCKET | Pris ca. kr 129,- | ISBN: 9788252179989 | Utg. september

FRODE GRYTTEN: MEIR ENN REGN

Meir enn regn er sterke og intense noveller om vanlege folks

kjærleiksliv, kvardagsliv, ungdomsliv. Noveller som skildrar

avstanden mellom dei menneska som burde vere nærast.

”Sjøflyet heng over det kvite landskapet. Morgonsola har nettopp

komme opp på ein stålblank himmel. Alt er is og snø. Det er som om

frosten held alt oppe. Eg tenker at når regnet kjem, så vil heile verda

smelte og rase saman.”

POCKET | Pris ca. kr 129,- | ISBN: 9788252179996 | Utg. september

FRODE GRYTTEN: 80º AUST FOR BIRDLAND

80 º aust for Birdland har ein stor himmel over seg, vêr og vind og

den blå jazzen, blanda saman med livet i ein norsk småby.

”Monk spelte ein fantastisk konsert. Men det store, det store

skjedde først då han gikk av scena. For tonane slutta ikkje å

strømme ut av klave ret. Skjønner de kva eg seier? Monk gikk av

scena, bukka og gikk av scena. Men musikken bare kom fossande.

Tonane strømte ut av klaveret i fem–ti minutt etter at han gikk av

scena. Skjønner de? Det var magi. Rein magi.”

POCKET | Pris ca. kr 129,- | ISBN: 9788252180008 | Utg. september

LYRIKK OG DRAMA:

HELGE TORVUND OG MARIA BØRJA (RED.): DIKTKAMMERET

Gjennom ti år har Diktkammeret vore ein klekkje- og boltreplass

for ny poesi på nettet. Kvar månad blir det posta 6000 nye dikt på

Diktkammeret, og heilt sidan starten har det blitt kåra

«Månadens dikt». Helge Torvund har vore med og valt ut desse,

og gitt dei entusiastiske og innsiktsfulle kommentarane sine. Både

dikta og kommentarane er samla i denne boka.

Helge Torvund har vore med sidan starten og skrive leksjonar i

diktskriving. Desse er òg samla her, og utgjer ein eigen bolk om diktarkunsten. Boka inneheld

også nye intervju med nokre av dei mest aktive forfattarane på Diktkammeret.

HELGE TORVUND (f. 1951) er lyrikar, kritikar og psykolog. Han debuterte med Hendene i

byen i 1977 og har seinare gitt ut ei lang rekkje diktbøker. Torvund er diktlærar på

nettstaden Diktkammeret og var i mange år hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Han bur på

Ogna i Rogaland.

MARIA BØRJA (f. 1977) er journalist og forfattar. Ho debuterte med novellesamlinga

Voksenting i 2010. Børja har vore med i og redaktør for ei rekkje antologiar, og jobba i ti år

med Dagbladets litteratursatsing på nettet. Ho bur i Oslo.

LYRIKK | Pris ca. kr 349,- | ISBN: 9788252179552 | Utg. oktober

HILDEGUNN DALE: ARMANE MINE HANDLINGAR

Ei reise i grenselandet mellom den indre og ytre verda

I denne diktboka blir vi mellom anna tekne med til eit

bølgjekraftverk som er øydelagt av ei bølgje og lagt ope for

menneskeleg innsyn. Naturen er i ferd med å ta tilbake det

menneskeskapte. Kampen mellom språk og natur, mellom tid og

minne står sentralt. Gjennom tekst og fotografi gjer Hildegunn

Dale forskyvingar i tid, minne og geografi. Stadene tek farge av

sinnet, og ein stad lyser sterkare enn dei andre.

Industristaden Ågotnes: Enorme stålmaster veks og forsvinn. Eit helikopter bryt gjennom

tåka. Ein mur mot havet. Eit flyfoto i svart-kvitt skjelv. Skrape litt i overflata. Nye konturar trer

fram. Ein by med høghus, hukommelsestap, trappegang. Eg lyfter blikket over rattet, mister

sinnbildet av ein enno ikkje ferdig utgraven stad. Det sklir tilbake til kroppen. Ei hand av sand,

den skubbar jord over bilde.

Hildegunn Dale (f. 1974) Dale var i fleire år ein markant diktar i Bergens poetiske undergrunn

før den etterlengta debuten i 2003. Dale er frå Modalen og bur på Sotra utanfor Bergen. Ho

har hovudfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen og har gått på

Skrivekunstakademiet i Hordaland

LYRIKK | Pris ca. kr 249,- | ISBN: 9788252174113 | Utg. september

DANIEL DANIS: TRE STYKKE

Stor samtidsdramatikk for første gong på norsk

Stykka til Daniel Danis er forteljande og lesbare, men òg

underlege med eit draumeprega, brutalt og fantasirikt språk.

Danis dreg vekslar på den psykologiske dramatradisjonen så vel

som eldre forteljartradisjonar med tydelege spor av kanadisk

natur og

urfolktradisjon. Dramatikken hans har mellom anna fått

merkelappen minneteater. Danis skildrar ofte karakterar plaga

av kaos og minne frå tragiske hendingar som prøver å forsone

seg med ei samtidig verd som har mista sine symbolske

landemerke.

Dette er første gongen denne unike dramatikken blir presentert i bokform på norsk, og

omsetjar Margunn Vikingstad har samla tre av dei viktigaste stykka til Danis: Tungekyssa til

steinhundar, Seie-seiarens song og Oske av stein.

Daniel Danis (f. 1962, Canada) har sidan debuten i 1993 stått fram som ein av dei mest

særeigne dramatikarrøystene i verda. Stykka hans er mykje spelt og er blitt utmerka med

fleire prisar.

DRAMATIKK | Pris ca kr 249,- | ISBN: 9788252176148 | I sal

KRISTINA LEGANGER IVERSEN [DEBUTANT]:

HJARTEMEKANIKK

Sterke dikt om tap frå debutant

I den eine augeblinken er dei på veg til stranda for å bade, i

neste augeblink blir dei påkøyrde av ein bil. I denne

diktboka flyttar vi oss mellom fire tidsplan: Starten på ein

sambuarskap, ulykkesdagen, sjukehusopphaldet og tida

etterpå. I varierte tekstar, frå poetiske sekvensar til små

forteljingar og dialogar blir vi kasta att og fram mellom

kjærleik og sorg, glede og sakn. Hjartemekanikk er ei bok om det som kunne ha vore, og

om å vere den som blir åleine med minna.

telefonsvarar, det hender

eg ringer deg

det sprakar

håra reiser seg

mot trommehinna

når du løftar av røyret

hallo

Kristina Leganger Iversen (f. 1989) er frå Åsane, men bur no i Oslo. Ho studerer

litteraturvitskap ved UiO, er redaktør av litteraturtidsskriftet Lasso og sit i bladstyret til

Mål og Makt. Hjartemekanikk er den første boka hennar.

LYRIKK | Pris ca. kr 259,- | ISBN: 9788252178050 | Utg. september

Far. Det var ei bølgje.

Far. Eg mista båten.

Eg seilte flyet

med vinden opp i treet.

Eg stod på eplestolen.

Eg såg den svake stjerna.

Uhørleg som eit fotografi.

Bad nokon si sol

bli ved. Sol. Eg ser

einsfarga ut

når eg er stille.

Det er min hestestyrke.

JULIANE RUI: DEN HESTEN ER AV SNØ

Overbevisande lyrikkdebutant

Denne strålande diktboka gir lesaren ei unik kjensle av å vere

med inn i det umiddelberre, til ei verd der erfaringar, minne,

observasjonar og opplevingar blir sett ord på. Juliane Rui skriv

fram ein levande lyrikk, som prøver seg fram, nøler, lyttar, og

går vidare, i eit rom som utvidar seg for kvar lesing. For dei

flotte, overraskande formuleringane og dei slåande bilda vil

garantert få lesaren til å vende tilbake til boka og til å gle seg

til resten av denne spennande forfattarskapen.

Juliane Rui (f. 1982) kjem frå Vestfold og Telemark, og bur for tida i Bergen. Den

hesten er av snø er den første boka hennar.

LYRIKK | Pris ca. kr 259,- | ISBN: 9788252178081 | Utg. september

FINN ØGLÆND: LIRUM LARUM

Utgangspunktet for den nye samlinga til Finn Øglænd er at

poeten opplever å runde 50. Vissa om at han no definitivt

oppheld seg i middelalderen, medverkar til å kaste både sollys

og skugge over diktarens rørsler på jorda. Ei ny og sterk

livsbejaing slåst om plassen med gammalmannsfilosofiane. Og

som vanleg held diktaren dommedag over seg sjølv, med ironi

og sjølvkritikk. Dette er ei ganske typisk Øglænd-samling, med

andre ord. Ei plate med mørk kokesjokolade – rute for rute med bittersøte dikt om alt

forfattaren hatar å elske.

I dag klypte eg nokre grå hårstrå vekk

frå tinningen. Ansiktet mitt

er ikkje lenger ungt.

Men dei grøne trea gir både skugge og ly.

Eg likar å sjå mi kjære vatne blomane eg ikkje veit namnet på.

Håret mitt er ennå ikkje kvitt.

I eplehagane skal frukt falle ned til hausten,

og under utelampane skal myggen virre rundt som i ein rus.

Finn Øglænd (f. 1957) er frå Stavanger. Han debuterte med diktsamlinga Det opplyste

landskapet i 1983 og har gitt ut bøker innafor ei rekkje sjangrar. Øglænd er òg aktiv som

kritikar og essayist.

LYRIKK | Pris ca. kr 259,- | ISBN: 9788252179279 | Utg. oktober

TIL ERINDRING

Omrisset av eit klungerblad teikna

På eine sida av eit lite papir

Som har eit klungerblad berre skravert

På den andre sida.

Omrisset tynt og tydeleg.

Skraveringa flat og utflytande.

Ein ser ikkje begge samtidig,

Men skjønar det må ha vore

Den same som stod bak begge. Same

Kva som er fram- eller bakside.

Kanskje er det difor ein hugsar

Begge som vakre.

Klungeren og amatøren.

EINAR ØKLAND: SMIL UTAN SMILAR

Ny diktbok frå Einar Økland!

Smil utan smilar er ei mangfaldig og overraskande bok, til

ettertanke og til å smile av. Geografien i boka strekkjer seg frå

Glomma til Sahara, og vi får lese om alt frå alderdom og

kjærleik til kamelar og ørkengudar. Bli med gjennom nålauget,

til Einar Øklands oasar!

Einar Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur.

Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og

motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.

LYRIKK | Pris ca. kr 269,- | ISBN: 9788252179361 | Utg. september

BØKER FOR BARN OG UNGDOM:

Biletbøker 2 – 6 ÅR:

BJÖRK BJARKADOTTIR: KOM, LA OSS LAGE FEST!

Engasjerande for dei minste

Dyra i Solskinskogen liker å lage fest, og er veldig flinke til å

hjelpe kvarandre. Men den dagen dei skal ha vårfest, er det

mykje som ikkje går etter planen. Lesaren må rett og slett

hjelpe til om det skal bli nokon fest i det heile!

Barnet må vekkje dyra som forsøv seg, blåse på snabelen når

elefanten slår seg med hammaren, og på rumpa til sebraen som har brent seg på bålet. Til

slutt kan frosken spele opp til fest, og barnet får syngje.

Dette er ei bok som både aktiviserer og engasjerer, med praktfulle fargesterke illustrasjonar

og mange rare og fine dyr. Enkel og kommuniserande tekst i reglestil – ei bok med

umiddelbar appell!

Björk Bjarkadottir (f. 1971) er frå Island, og bur no i Oslo. Ho har tidlegare gitt ut ei rekkje

biletbøker på norsk.

BILETBOK | Pris ca. kr 199,- | ISBN: 9788252178678 | Utg. september

CAMILLA LUNDSTEN: VESLEFANTENS REKNEBOK

Rekne- og teljebok for dei yngste

Peikebøkene om Veslefanten har blitt svært populære, og

no følgjer Camilla Lundsten opp med ei teljebok for dei

yngste, midt i blinken for aldersgruppa 2‒5 år.

Dette er ei bok som inspirerer til å drive kvardagsrekning

saman med barnet, og gjere talforståing og utforsking til ein

leik. Alt som finst i dei nære omgivnadene til barn, kan i prinsippet teljast, målast og

samanliknast, og ungar elskar å få oppgåver dei kan løyse!

I tillegg til tal og enkel rekning vil dei lære seg om omgrep som størst og minst, ting som er

like, ting med same storleik osv.

Camilla Lundsten (f. 1972) er illustratør og designar. Nyleg vann ho det svenske designrådets

pris for ny design på Brios klassiske leiketøy.

BILETBOK | Pris ca. kr 159,- | ISBN: 9788252179583 | Utg. september

ANNA R. FOLKESTAD: HENRIK AND

Humoristisk om å finne seg sjølv

Henrik And er ei and. Ei heilt vanleg and, med ein heilt vanleg

draum. Han vil vere noko anna. For om han var noko anna, ville

han kunne gjere heilt andre ting, og alt ville vore annleis. Men

han må tenkje seg nøye om, kva han vil vere … Kanskje ein

katt? Eller ein sjiraff?

Henrik And har ein enkel tekst med regleelement og gjentakingar, slik ungar elskar. Dei vil òg

fryde seg over alle dei merkelege dyra i boka, alle saman har nemleg hovudet til Henrik And.

Enkle, fargesterke illustrasjonar i collageteknikk.

Anna R. Folkestad (f. 1983) er frå Stord. Dette er den første boka hennar.

BILETBOK | Pris ca. kr 229,- | ISBN: 9788252179576 | Utg. september

RUTH LILLEGRAVEN OG INGER LANDSEM (ILL.): MARI OG

MAGNUS FLYTTAR INN

Ny småbarnserie!

Første boka i serien om Mari og Magnus, ein ny småbarnsserie

for aldersgruppa 3‒6 år. Dette er enkle historier med

gjenkjennelege tema og illustrasjonar, eit sjarmerande nynorsk

alternativ til seriar som Karsten og Petra.

Mari og Magnus er sysken. Mari er fem år, og Magnus er

nesten fire. I den første boka har dei nettopp flytta inn i eit nytt hus. Det står kassar overalt,

og ingen finn sakene sine. Kor har for eksempel bamsen til Magnus blitt av? Mens dei leitar,

kjem ein ny flyttebil til køyrande. Det er dei som skal bu i den andre halvdelen av huset, som

har stått tom. Kanskje Mari og Magnus får nokon å leike med?

Dei to neste bøkene i serien kjem i 2012.

Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i

2005. Bøkene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar. Ruth Lillegraven er frå

Hardanger og bur no i Bærum.

Inger Landsem (f. 1950) har illustrert ei lang rekkje barnebøker og skulebøker. Ho jobbar òg

som biletkunstnar og har mange utstillingar bak seg.

BILETBOK | Pris ca. kr 159,- | ISBN: 9788252179811 | Utg. november

ELISABETH BAGULEY OG MARION LINDSEY (ILL.):

KLAR, FERDIG, SPØK!

Skummelsøt spøkelseshistorie for dei minste

Børre er berre eit bittelite spøkelse. Han vil så gjerne spøke

like bra som dei store, men er redd for skumle skogar og

skremmande slott. Om han berre kunne finne eit hyggeleg

lite hus å spøke i! Børre drar ut for å leite, og på vegen må

han gøyme seg for ein ulande ulv, ein kvesande slange og

ein brølande drake. Det blir litt huttetu-skrekk-og-gru skummelt, men går heldigvis bra. Og

til slutt finn han eit bittelite slott som treng eit bittelite, kongeleg spøkelse. ”Skumle-meg,

skrem-meg”, seier Børre, no treng han aldri kjenne seg for liten meir!

Ei søt og rygg-sitrande godnatt-historie om å overvinne frykt og finne ein stad å kjenne seg

trygg.

Frå engelsk ved Ragnar Hovland og Erle Stokke

Elizabeth Baguley er lærar og forfattar med ei rekkje populære småbarnsbøker bak seg.

Marion Lindsay er utdanna barnebokillustratør frå Cambridge School of Art og har fått

mellom anna fått prisen Egmont Best New Talent. Begge bur i Storbritannia.

BILETBOK | Pris ca kr 159,- | ISBN: 9788252179743 | I sal

BARNEBØKER 6 – 9 ÅR:

TERESA GRØTAN: KLARA KAN – MYKJE RART OM KLEDE!

Sjarmerande og lærerik serie om alt Klara kan

Visste du at silke er laga av ormespytt og fleece av resirkulert

plast? Eller kor mange sauer ein treng for å få ull nok til eit

sofapledd? I denne boka får du vite mykje rart om noko så

kvardagsleg som kva klede er laga av. Og det gjer du fordi Klara er

ei jente som lurer på mykje rart!

Men når Klara fortel om alt det rare klede kan vere lagd av, er det ingen på skulen som trur

henne. Då er det godt å ha ei storesøster som hjelper Klara i jakta på bevis …

Boka er den første i ein planlagt serie som på ein levande og morosam måte formidlar

spennande kunnskap om ting som omgir barn i kvardagen.

Boka er gjennomillustrert av Ella Okstad, og eignar seg både for høgtlesing og å lese sjølv.

Teresa Grøtan (f. 1974) er journalist og har tidlegare gitt ut Globaliseringsboka. Ho er frå

Stokmarknes i Vesterålen og bur i Bergen.

6-9 ÅR | Pris ca. kr 198,- | ISBN: 9788252178449 | Utg. august

LARS MÆHLE: HARRY OG IVARS DETEKTIVBYRÅ

Ny, eksplosiv bok om heltane Harry og Ivar

Harry og Ivar er to karar i sin beste alder, og no har dei starta

detektivbyrå. Når skrinet med Leonardo da Vincis store løyndom

blir stole frå bymuseet, får dei ei utfordring dei ikkje kan seie nei

til.

Godt nytt: Museumsdirektøren har lova finnarlønn til det

detektiv-laget som løyser saka. Og Ivar får hjelp av oppfinnaren Toni Invento og dottera Siv.

Dårleg nytt: Laget til Harry, HARRYS GRANDIOSA DEKTEKTYVBYRÅ, går for ei anna sak. Dei vil

finne travhesten Halte-Blessen, som er kidnappa frå Lady Rosalind Pettersen.

Berre éin ting er sikkert: Her er det ugler i termosen!

Dette er den fjerde boka i serien om Harry og Ivar, og er illustrert av Per Dybvig.

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn

og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.

Ungdomsboka Keeperen til Tunisia blei filmatisert med stor suksess i 2010 (Keeperen til

Liverpool).

6–9 ÅR | Pris ca. kr 199,- | ISBN: 9788252179828 | Utg. november

TONE NØRVÅG, ODD HENNING SKYLLINGSTAD (ILL.):

POLITIHUNDEN FALK TIL TENESTE!

Sjarmerande etterforskarpar i ny politiserie

Ei lettlesen og spennande bok om politihunden Falk, som bur

saman med politidama si, Hanne, og familien hennar. Etter lang

tid med opplæring skal Falk endeleg ha sin aller første dag på

jobb, og han får bruk for alt han kan!

Dette er den første boka i ein planlagd serie som skal formidle politiets arbeid gjennom

etterforskarparet Falk og Hanne og ulike oppdrag dei får. Denne gongen har det vore

hærverk på skulen, og nokon har velta gravsteinar på kyrkjegarden. Kven står bak?

Tone Nørvåg jobbar som politi på Sunnmøre og kjenner stoffet sitt godt. Ho skildrar både

politiarbeidet og livet med hund med innsikt og humor, og det er tydeleg at ho elskar begge

delar.

Boka er gjennomillustrert av teikneserieskapar og illustratør Odd Henning Skyllingstad, og

midt i blinken for både gutar og jenter i alderen 8‒10 år.

9–13 ÅR | Pris ca. kr 179,- | ISBN: 9788252178432 | Utg. september

SIGNE OLAUG PEDERSEN, MONA BREKKE (ILL.):

MYSTERIET MED TRENINGSNARKOMANEN

Ei lettlesen spenningsbok

Herman og Simen tykkjer det å sjå på jentene i garderoben og å

stele pærer er mykje meir spennande enn å gjere lekser. Men når

Herman blir kjend med Anna, som eig pæretreet, byrjar ting å

skje. Nede i kjellaren til Anna driv soneson hennar med mystiske

ting. Og ein dag dukkar også Stina frå klassen opp hos Anna. Saman må Stina og Simen finne

ut kva som skjer i kjellaren til Anna, og kven det er som bankar henne opp.

SIGNE OLAUG PEDERSEN (f. 1959) er frå Aurland. Ho debuterte som barnebokforfattar i 2010

med Sprett i håret – sug i magen.

10-12 år | Pris ca. kr 179,- | ISBN: 9788252179644 | Utg. oktober

MARIA PARR: VAFFELHJARTE (DOBBELTOPPSLAG PÅ DENNE)

MED FOTO FRÅ FILMEN, nrk SUPER LOGO OG FOTO AV MARIA –

EG SENDER

Boka som varmar alle små vaffelhjarte!

Vaffelhjarte har blitt ein klassikar, og i haust kjem forteljinga

om Trille og Lena som tv-serie på NRK BarneTV.

«Lena er den beste vennen min, sjølv om ho er jente. Eg har aldri

sagt det til henne. Det tør eg ikkje, for eg veit ikkje om eg er beste vennen hennar. Av og til

trur eg det, og av og til trur eg det ikkje.»

Trille og Lena er to svært oppfinnsame niåringar. Lena er tøff og nesten ikkje redd for nokon

ting. Men ho er ikkje spesielt sterk heller, alle slår henne i handbak, og det kan hende at

Trille må redde livet hennar. Trille er glad i Lena og ønskjer seg at ho skal seie at han er

bestevennen hennar. Men Lena gjer det aldri, og av og til lurer Trille på om ho kanskje har

eit hjarte av stein. Det kan iallfall verke slik.

I Vaffelhjarte følgjer vi dei to gjennom liv og vaffelrøre i eit heilt år.

Morosamt og lett skriv Maria Parr om glede og alvor, venskap og sorg og om lengten etter å

vite heilt sikkert at den du er glad i er like glad i deg. Hjartevarmande!

Illustrert av Bo Gaustad.

Maria Parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs nye superstjerne! Ho debuterte med

Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei

tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for.

Bøkene til Parr er omsette til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire

litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho har blitt

samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren.

Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen

og studerer no ved Høgskulen i Volda.

6-9 ÅR | Pris ca. kr 179,- | ISBN: 9788252179774 | Utg. september

KOMET:

SIGRID MERETE HANSSEN:

DETEKTIV SMARTBART OG SABOTASJEN PÅ BADET

Ein vakker sommardag blir dei tre søskena Korneliussen vekt av

eit stort brøl. Faren deira, Kyrre Korneliussen, eller Oberst

Dobørst

som ungane gjerne kallar han, har sett seg lei på alt rotet som har

samla seg i huset. No er det nok! Mens Obersten dreg på

kjøpesenter

for å handle, skal barna få huset blåst. Alle må hjelpe til, også

vesle

Hagbart, som alltid søler knekkebrødsmular i sofaen og er redd for

støvsugaren.

Ikkje alt går som planlagt. Nokon prøver å sabotere Operasjon Husvask, og alle spor peikar i

retning av Hagbart. Dette er heilt klart ei sak for Detektiv Smartbart.

Ei lettlesen og fantasifull bok som dei fleste barn lett kan kjenne seg igjen i.

Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, ei bok ho

fekk Blixprisen for. Etter å ha gitt ut Ingen heime i 2009, fekk ho Sigmund Skard-stipendet for

«starten på ein original, solid og spennande forfattarskap». Med historia om den hemmelege

Detektiv Smartbart debuterer Hanssen no også som barnebokforfattar. Hanssen bur på

Finnsnes.

KOMET BARN| Pris ca. kr 199,- | ISBN: 9788252179651 | Utg. oktober

GRØN KOMET:

ATLE BERGE OG HENNING LYSTAD (ILL.):

BARCELONAGJENGEN

Ny fotballserie!

Barcelona-gjengen er ein lettlesen fotballserie som tek

fotball på alvor og set spelet i sentrum. Det handlar om

gutar som satsar, om sleivspark, magiske pasningar og trenarar som vil vinne for kvar pris.

9-åringane på Komet I.L. speler alltid kamp med Barcelonadrakter under dei kvite Komettrøyene.

Og det er det spanske topplaget som er heltane deira, ikkje

femtedivisjonsspelarane på Komet sitt A-lag.

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han debuterte med romanen

Muntergang i 2010. Bøkene om Barcelonagjengen er dei første barnebøkene hans.

BIRK OG BARCELONAGJENGEN

I den første boka i serien er Birk ny i byen og på leit etter nokon å

spele fotball med. Etter å ha bede helten Messi om hjelp møter han

Barcelonagjengen, seks gutar som er minst like glade i fotball og

Barcelona som han sjølv. Men har dei plass til ein ny spelar på laget?

Birk må verkeleg vise kva han er god for!

KOMET | Pris ca. kr 149,- | ISBN: 9788252178531 | Utg. september

ALLE MANN I FORSVAR

Barcelonagjengen skal spele mot Storebø, det einaste laget i byen dei

aldri har vunne mot. Men når trenarane bestemmer at dei skal spele

alle mann i forsvar, må Leo gjere opprør. Trenarane er nemleg

foreldra hans, og han må få dei til å forstå at Barcelonagjengen hatar

å spele feigt.

KOMET | Pris ca. kr 149,- | ISBN: 9788252178548 | Utg. september

OPPTRYKK, BARN:

RAGNAR HOVLAND OG PETER SHCÖSSOW (ILL.):

BJØRNEN ALFRED OG HUNDEN SAMUEL

Ein moderne klassikar!

Bjørnen Alfred og hunden Samuel vaknar ein morgon og finn seg

sjølve attgløymde i ein pappkartong. Dei hugsar Før i Tida, då

Ole-Martin tok dei med i senga og ein som heitte Gerhardsen

styrte landet. Men kor er dei no? Dei to tøydyra må ut i verda for

å leite …

Ragnar Hovlands prislønte bok om dei to tøydyra som dreg ut i

verda, er ein moderne klassikar. No kjem denne flotte

fargeillustrerte utgåva endeleg i nytt opplag, etter å vore utseld ei tid.

Ragnar Hovland (f. 1952) er ein av våre mest prislønte og produktive forfattarar. Han har

skrive 14 bøker for barn og ungdom, og Bjørnen Alfred og hunden Samuel vann Nynorsk

barnebokpris 1994. Den illustrerte utgåva var nominert til Deutscher Jugendbuchpreis i

1997.

BILETBOK | Pris kr 169,- | ISBN: 9788252160529 | I sal

BARBRO LINDGREN: DEN STORE BOKA OM DEN VILLE UNGEN

Populær samlebok til glede for nye ville unger!

Fan-klubben vil juble, og alle andre har uante lykkestunder i

vente når historiene om Den ville ungen kjem på nytt! Dei tre

bøkene om den ville ungen gjekk rett til hjartet på store og

små biletbok-elskarar då dei kom på norsk på 1980-talet.

I Den store boka om den Ville ungen har vi samla historiene

Mamma og den ville ungen, Den ville ungen reiser og Den ville

ungen får hund.

Barbro Lindgrens sprelske tekst på rim og Eva Erikssons skildringar av ungen i dei villaste

situasjonar, er no for klassikarar å rekne. Det er på høg tid at ein ny generasjon barn,

foreldre og besteforeldre får del i desse bokgledene!

Barbro Lindgren (f. 1937) er svensk forfattar kjend for sine populære barne- og

ungdomsbøker, mellom anna bøkene om Benny og om den ville ungen.

BILETBOK | Pris ca. kr 229,- | ISBN: 9788252163001 | I sal

UNGDOM:

SUNNIVA RELLING BERG [DEBUTANT]: UTFOR

Mørk og medrivande roman

Saman med foreldra flyttar Lea frå byen til ei lita øy i havgapet, i eit

hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya.

Ho møter naboguten Jonas, og dei utviklar ein vennskap. Men det er

noko som ikkje stemmer på den vesle øya. Dei andre ungdommane

vil ikkje ha noko med Jonas å gjere, og Lea blir dregen inn i ein

konflikt som ho ikkje forstår noko av. Ho må ta eit val. Og ho må finne ut kva det er alle på

øya går og teier om.

Ei ungdomsbok om ei jente som er flink i matematikk, men dårleg på vennskap, ei bok om å

bli tvinga til å ta vanskelege val, om korleis det kjennest å falle utfor eit stup.

SUNNIVA RELLING BERG (f. 1988) kjem frå Ålesund og bur i Bergen. Utfor er den første boka

hennar.

UNGDOM | Pris ca. kr 249,- | ISBN: 9788252179026 | Utg. oktober

MAGNHILD BRUHEIM: BLOD PÅ HENDENE

Brennaktuell og spennande krim for ungdom

Kari Marie Eiker (Kami, blant venner) er med i ei aktivistgruppe som

nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien.

Kampen mot pelsdyroppdrett får stadig breiare støtte etter kvart

som media viser bilete av dyr som lir. Like etter ein aksjon blir Kami

kontakta av ein ukjend mann som følgjer godt med på alt ho gjer.

For henne blir situasjonen etter kvart meir truande.

Samtidig får ei jente frå ein av farmane anonyme meldingar der det står: Du har også blod på

hendene!

Blod på hendene er den fjerde boka i den populære serien om Kami og Bente. Ei krimbok for

ungdom, med spenning frå første til siste side, og med aktuelle tema som kamp mot

pelsindustrien og mobbing.

MAGNHILD BRUHEIM (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan

skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen

(2007), På flukt (2010) og Blod på hendene (2011) utgjer ein populær serie for ungdom, om

Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen og

er busett på Lillehammer.

UNGDOM | Pris ca. kr 249,- | ISBN 9788252179613 | I sal

SIGRI SANDBERG MELØY: KLIMABOKA

For alle som vil bli nærare kjende med framtida

Veit vi det ikkje no? At Nordpolen smeltar, at vêret blir villare og

våtare. At fleire millionar menneske treng snorkel når landet

deira forsvinn under vatn. Samstundes ser ein i media at det er

mindre forureining enn ein hadde trudd. Forskarar finn feil i FNs

klimarapportar. Og så kjem ein iskald vinter, og vi står her, som

forvirra spørsmålsteikn. For kva er det som skjer?

Sigri Sandberg Meløy har skrive ei subjektiv debattbok. Ho tek oss

bokstavleg talt med på klimacruise, til nordområda, der klimaspørsmåla spissar seg til. Ho

styrer innom alle dei brennaktuelle problemstillingane, og sneiar borti både isbjørn,

klimamodellar, satellittar, kinesarar, drivhuseffekten, ny forsking og forhatte journalistar.

Skrivinga hennar er både frekk, audmjuk og ærleg. Målet er å bli litt klokare – utan å bli

klimadeppa.

Og heilt til slutt får mellom anna statsminister Jens Stoltenberg, miljø- og utviklingsminister

Erik Solheim, FrP-leiar Siv Jensen og ungdomar i Longyearbyen svare på kva som bør gjerast.

Sigri Sandberg Meløy er forfattar og journalist. Ho debuterte som barnebokforfattar i 2009

med den eksplosive og fabulerande biletboka Ballongmamma. I 2006 gav ho ut intervjuboka

Kjærleikar, der ho lèt 20 vanlege og unike menneske fortelje om draumar, forventningar og

erfaringar. Same året kom polfarardokumentaren Cecilie Skog og de tre polene. Meløy bur i

Longyearbyen på Svalbard.

UNGDOM | Pris ca kr. 179,- | ISBN 9788252178142 |Utg. august

ROBERT MUCHAMORE: DRAPET

Denne serien MÅ lesast!

I tre tiår har Leon vore ein småkjeltring som ikkje har stukke seg ut,

men plutseleg begynner han å strø om seg med pengar, og politiet

lurer veldig på kor dei kjem frå. Dei tilkallar CHERUB, den

hemmelege organisasjonen som har ein heilt spesiell fordel: Heller

ikkje garva forbrytarar får mistanke om at barn og ungdommar

spionerer på dei.

Det siste oppdraget til James kan verke rutinemessig: Han skal bli

venn med barna til Leon, infiltrere heimen hans og finne nokre leietrådar. Men det James

begynner å nyste opp, er noko heilt uventa. Og det verkar som om den einaste som kanskje

veit sanninga, er ein einsam atten år gammal gut.

Det er berre eitt problem. Guten fall ned frå eit hustak og døydde for eit drygt år sidan.

«MI5 for barn i brutal og tøff ny serie *…+ Den har et driv og ungdommelig humor som gjør at

unge lesere fort vil komme inn i handlingen, og glemme sine eventuelle motforestillinger

mot nynorsk.»

CATHRINE KRØGER, Dagbladet

ROBERT MUCHAMORE (f. 1972) er engelsk forfattar. Han arbeidde i tretten år som

privatdetektiv før han skreiv bøkene i CHERUB-serien, som omfattar 12 bøker.

Omsett til norsk av Øystein Rosse.

UNGDOM| Pris ca. kr 179,- | ISBN: 9788252175448 | I sal

ASBJØRN RYDLAND: MED ELD I HJARTET. DRAKEGUTEN 2

Dramatisk oppfølgjar om Drakeguten

I den første boka i fantasyserien Drakeguten blei Koll feira som ein

helt. Han nedkjempa den fredlause Olvar Reveskinn og sikra

landsbyen tilgang til skatten i drakehola. Men berre Koll sjølv veit

den vonde sanninga om kva som skjedde i Søyleskogen, då han

drap ein mann, og førte fleire i døden.

I den andre boka i serien tek Koll den lange vegen til Vilkafjord for

å motta dusøren for Reveskinnet. Her møter han 13 år gamle

Eilyn som prøver å finne ut kven som stod bak drapet på bestefar hennar, ein viktig mann i

Vilkafjords råd. Koll blir vikla inn i ein maktkamp på liv og død, og opplever på nytt korleis

drakeelden han har i seg, fører ulykke med seg. Med ein rasande mobb og ein kaldblodig

leigemordar i hælane har han snart ingen annan utveg enn å la flammane blusse opp igjen.

Men lèt elden i hjartet seg styre?

Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo.

UNGDOM | Pris ca. kr 279,- | ISBN: 9788252178555 | Utg. oktober

TERJE TORKILDSEN: DYSTOPIA III

Ny actionfylt bok i Dystopia-serien

I den tredje boka i Dystopia-serien har 17-åringane Scott, Victor,

Kristine og Deepika komme til Belgia. Utmatta etter vandringa

gjennom det katastroferamma landskapet, finn dei til slutt ly i

slottet til markien av Moulindam. Men ikkje før dei har komme seg

i hus, begynner dramatiske ting å skje: Kokka blir funnen drepen,

og det er uråd å få tak i hjelp ettersom telefonen ikkje verkar.

Det blir opptakten til eit klaustrofobisk drama i rein cluedostil, der den eine etter den andre

blir mistenkt, og fleire liv går tapt på vegen. Og midt i det hele skjønar Kristine at ho er

gravid, og den elles så tøffe jenta balanserer på grensa til kva ho kan tole.

Dystopia-serien er ein actionfylt spennande serie for utolmodige lesarar frå ca. 14 år og

oppover.

Terje Torkildsen (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. I 2009 kom

den første boka i spenningsserien DYSTOPIA.

UNGDOM | Pris ca. kr 229,- | ISBN: 9788252175561 | I sal

POCKET UNGDOM:

livsfarleg, og Marco må gå i dekning.

TERJE TORKILDSEN: MARKI MARCO

Uprisvinnaren frå 2009, no i pocketutgåve!

Frå ungdomsjuryens grunngiving til Uprisen 2009:

Kjærleik og action er viktige ingrediensar i denne eventyrlege

thrilleren om 16-åringen Marco frå byen Moulindam. Ein morgon

då han snik seg inn i slottsparken for å studere fuglelivet, oppdagar

han ei naken kvinne som står og røykjer. Denne oppdaginga blir

starten på den beste og verste sommaren i Marcos liv. Mafiaen,

ein galen skogvaktar og Marcos næraste familie gjer situasjonen

«Det vi ungdom ser etter i en god bok er spenning, godt språk, innlevelse, uforutsigbare

hendelser, gode spenningskurver, originalitet og at boka omhandler ungdom. Vinnerboka

inneholdt alle disse punktene.»

«Debut i særklasse»

Petra Helgesen, Bergens Tidende

Terje Torkildsen (f. 1971) er frå Stavanger. Han debuterte i 2008 med ungdomsromanen

Marki Marco. I 2009 kom den første boka i spenningsserien DYSTOPIA, den tredje boka i

serien kjem i haust.

POCKET | Pris kr 129,- | ISBN: 9788252179385 | I sal

ASBJØRN RYDLAND: DRAKEGUTEN

Ny norsk fantasy - no i pocket!

Stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og kunne gjere

som han sjølv vil. Han må velje kven han skal stole på: den

krigarske læraren sin, den gode faren, det griske landsbyrådet

eller den underlege stemma han høyrer i nordavinden. Kan ein

velje å ta det gode sitt parti, etter å ha vore med på å lage

vondskap?

Dette er den første boka serien om Drakeguten. Bok nummer 2 kjem ut i haust.

«Rydland gjør to løfterike ting i sitt debutarbeid som umiddelbart forteller denne

anmelderen at han har noe å fare med. For det første fremviser han en sterk litterær evne;

mannen kan skrive. For det andre klarer han å gi det poetiske språket en relevans for oss

som leser her og nå.»

Marius Fossøy Mohaugen, barnebokkritikk.no

Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo.

POCKET | Pris ca. kr 179,- | ISBN: | Utg. oktober

SAKPROSA:

Historie

IDAR LIND: KVINNENE I RINNANBANDEN

Ei ukjend kvinnehistorie

Sydama Ragnhild Strøm var den første kvinna som vart verva av

Henry Rinnan til tysk teneste. Heilt frå Rinnanbanden vart etablert

på nyåret 1942, spelte kvinnene ei sentral rolle. Nesten ein

fjerdedel av dei drygt 70 medlemmene var kvinner. Fleire av

kvinnene som gjekk inn i arbeidet for Rinnan, trudde dei gjorde ein

heiderleg innsats for motstandsrørsla. Andre sympatiserte ope med

fienden. Idar Lind fortel historia om kvinnene i banden av angivarar, torturistar og

drapsmenn, ei historie som ikkje er fortald før.

Idar Lind (f. 1954) debuterte som romanforfattar med Stengde dører i 1983. Sidan den

gongen har han skrive ungdomsbøker, kriminalromanar, historiske romanar, dramatikk og

sakprosa, mellom anna Norrøn mytologi. Frå a til å. Lind er busett i Trondheim.

HISTORIE | Pris ca. kr 349,- | ISBN: 9788252175158 | Utg. september

KRISTIN HATLEDAL: KVINNEKAMP. HISTORIA OM NORSKE

MOTSTANDSKVINNER

Ein livsfarleg kamp

Historikaren Kristin Hatledal syner at norsk motstandskamp

under krigen også var kvinnene sin kamp. 26 norske kvinner

miste livet på grunn av motstandsverksemd, og alt frå husmora

med 14 ungar til ungjenta på 15 år kasta seg inn i kampen mot

okkupantane. Kristin Hatledal gir oss det breie biletet av norske

kvinner sin innsats, samstundes som ho portretterer sentrale motstandskvinner som Anne

Marie Breien, Dagmar Lahlum, Ingeborg Refling Hagen og systrene Helga og Aasta Stene.

Kristin Hatledal (f. 1983) har mastergrad i historie frå Universitetet i Oslo. Masteroppgåva

handla om Dagmar Lahlum. Hatledal kjem frå Stryn, men er busett på Lillestrøm.

HISTORIE | Pris ca. kr 329,- | ISBN: 9788252179040 | Utg. september

SAMTID OG DEBATT:

MARCEL ROSENBACH & HOLGER STARK:

STATSFIENDE WIKILEAKS. KORLEIS EI GRUPPE HACKARAR

UTFORDRAR VERDAS MEKTIGASTE NASJONAR

Korleis kunne ei handfull nettaktivistar klare å ramme supermakta

USA og

andre så hardt?

Etter lekkasjar av hemmelege rapportar frå amerikanske

ambassadar og dokument om krigen i Afghanistan og Irak har den amerikanske regjeringa

erklært WikiLeaks som statsfiende.

Under den omstridde frontfiguren Julian Assange har gruppa utfordra USAs sikkerheit og

omdøme på det sterkaste. No blir dei forfølgde med alle midlar.

Korleis kunne ei handfull nettaktivistar klare å ramme supermakta USA og andre så hardt?

Boka tar for seg personen Julian Assange, og kva som har drive han. Forfattarane Holger

Stark og Marcel Rosenbach har følgt Assange og andre nettaktivistar i årevis, og også vore

sentrale i Der Spiegel med WikiLeaks-avsløringane. Dei gir oss eit første overblikk over

fenomenet og utviklinga av WikiLeaks, eit eksklusivt innsyn i hackerverda, og forklarer kvifor

statsløyndomar aldri meir er trygge.

Boka legg premissane for debatten om det nye ”mediedemokratiet”: Har folk flest rett til å

vite statsløyndomar? Er WikiLeaks framtidas undersøkjande journalistikk, eller den farlegaste

sida på Internett?

Frå tysk ved Guro Sandnes.

Marcel Rosenbach(1972) og Holger Stark(1970) er skrivande redaktørar i Spiegel, og har

lang røynsle med journalistikk om media, datahacking og hemmeleg tenester. Dei har også

jobba med WikiLeaks-avsløringar i Spiegel.

DOKUMENTAR | Pris ca. kr 299,- | ISBN: 9788252179767 | Utg. oktober

SYLFEST LOMHEIM: TALE ER GULL

Uventa utspel frå markant språkpolitikar

Talen er for oss menneske vår avgjerande reiskap og det mest

verdfulle vi har ‒ i privatlivet, i samfunnslivet og i yrkeslivet.

Mennesket har plassert seg i eit triangel som består av tale, tekst

og teknologi. Teknologibasert kommunikasjon er på frammarsj

med stormsteg.

Talen ‒ den fysiske, ansikt til ansikt ‒ blir gradvis meir marginalisert. Er vi laga for ei slik

utvikling? Toler vi konsekvensane av det som skjer med oss og rundt oss? Aldri før har

mennesket stått i ein slik situasjon ‒ mellom langsam biologi og eksplosiv teknologi.

Sylfest Lomheim (f. 1945), professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder.

I sju år gav han Språkrådet eit ansikt og ei røyst som uredd, humørfylt og markant direktør

og debattant. Har gitt ut fleire bøker, m.a. Språkteigen, Skrifta på skjermen og Språkreisa.

DEBATT | Pris ca. kr 299,- | ISBN: 9788252166491 | Utg. september

BÅRD VEGAR SOLHJELL: SOLIDARITET PÅ NY

Kva bekymrar deg mest for dine eigne barn i framtida?

Om dei skal få nok pengar? Eller om dei skal ha vener,

god helse og bli lukkelege som vaksne? I følgje SSB skal

Noreg bli 2-3 gonger så rike dei neste 50 åra. Vår

generasjons store utfordring er ikkje lenger å sikre at vi

blir så rike som mogeleg. Vi må setje oss andre mål. I

staden for at vi skal få meir, må vi sjå kva som kan gjere at vi får det betre.

Dette er ei personleg farga historie om venstresidas og det raudgrøne prosjektet si framtid

og grunngjeving. SV-nestleiaren skriv ærleg og innsiktsfullt om korleis tvil og dilemma kan og

bør prege strategi og avgjerder i store og små saker.

Ei modig og perspektivrik debattbok frå ein folkeleg sosialist. Ope og fordomsfritt kjem vi på

innsida av det raudgrøne prosjektet; Ikkje i form av sladder, men refleksjonar kring det å

regjere. Solhjell peikar ut sin visjon og retning for dette politiske kompromiss-

eksperimentet, men også for sitt eige parti SV.

Bård Vegar Solhjell (f 1971) frå Sunnfjord, Sogn og Fjordane, er utdanna statsvitar. Han har

vore nestleiar i SV sidan 2007. Kunnskapsminister 2007-2009, sidan det parlamentarisk leiar

for SV. Han er gift, har tre born og bur i Son i Akershus.

DEBATT | Pris ca. kr 299,- | ISBN: 9788252178722 | Utg. november

ESSAY:

JON FOSSE: ESSAY

Fosse om teater og litteratur

I 1989 gav Jon Fosse ut essaysamlinga Frå telling via showing til

writing. Ti år seinare kom Gnostiske essay. Fosse sine essay har

det lenge ikkje vore mogleg å få tak i. No er dei alle samla i éi

bok, ei rik kjelde for den som vil bli kjend med Fosse sitt syn på

mellom anna teater og litteratur, men òg med Fosse sjølv.

I forordet til Gnostiske essay skriv Fosse: Eg gir ut mi andre

samling essay, og sit og tenkjer at det i framtida nok ikkje burde

koma så mykje essayistisk skrift frå meg, det vesle eg veit kan

seiast betre i andre språk. Etter to essaysamlingar tok Fosse farvel med teorien. Han valde

diktinga, men det hender han skriv noko meir teoretisk. Til slutt i denne boka finn du

Skrivingas gnosis, eit Fosse-essay som ikkje tidlegare har vore publisert på norsk.

Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av dei viktigaste norske forfattarane i vår tid. Tekstane

hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp snart 1000 gonger i heile verda.

Fosse har

motteke ei rekkje prisar i både inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21.

hundreårets

Beckett.

ESSAY | Pris ca. kr 299,- | ISBN: 9788252179705 | Utg. september

GEIR HJORTHOL:

TILBAKETREKNINGA. LITTERATURENS POLITIKK I DAG

SOLSTADS FORFATTARSKAP

Korleis skal vi forstå forholdet mellom litteratur og politikk – i

dag? Med analysar av bøker frå tre ulike tiår i Dag Solstads

særeigne forfattarskap, undersøkjer Hjorthol korleis

romanane hans, også etter samanbrotet i den revolusjonære

utopien, er ein stad der det politiske kan dukke opp som nye

måtar å sjå og skildre røynda på. Boka gjer synleg eit makt- og

fridomsproblem som går som ein raud tråd gjennom heile forfattarskapen. Samtidig viser

Hjorthol kor tett samanvoven den litterære forma er med den politiske og eksistensielle

tematikken hos Solstad.

Innleiing ved Tom Egil Hverven.

Geir Hjorthol (f. 1952). Førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda. Dr.

philos. 2011 ved NTNU på Dag Solstads forfattarskap. Tidlegare utgivingar: Populærlitteratur:

Ideologi og forteljing (1995) og Forfattaren i eksil. Kjartan Fløgstad og biografien (1996).

ESSAY | Pris ca. kr 329,-| ISBN: 9788252179880 | Utg. oktober

MARTA NORHEIM: FRIKSJONAR. ESSAY FRÅ KULTURELLE

GRENSEOMRÅDE

Om kritikk, kunst og litteratur

Kritikaren Marta Norheim utforskar dei uklare sonene som

dannar seg i skjeringspunkta

mellom kunst og samfunn, mellom natur og kultur. Dette fører

fram til spørsmal som: Kvifor er det såmange vampyrar i

populærkulturen og så mange personlege historier i

skjønnlitteraturen? Er den som likar dårlege bøker eit dårleg

menneske, eller er det dei som tenkjer slik som er dei dårlege?

Kva har skjedd når deltakaren oppfører seg som ein tilskodar, og korleis kan eg vite at ei bok

er god? Blir vi overflatiske av å storforbruke sosiale medier eller blir vi berre meir sosiale?

Kva er forresten gale med overflata? Og kva er i gjære når det misbrukte ordet natur tek til å

dukke opp i samfunnsdebatten?

Alle essaya er nyskrivne.

Marta Norheim (f. 1955) er journalist og litteraturkritikar. Ho har arbeidd med ulike

litteraturprogram i NRK radio, mellom anna Boktilsynet og Kulturnytt. I 2007 gav ho ut

essaysamlinga Røff guide til samtidslitteraturen.

ESSAY | Pris ca. kr 349,- | ISBN: 9788252179736 | Utg. oktober

GURI OG SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM, KJERSTI OG INGRID

ROGNES SOLBU (RED.): SØSKEN

Ærlege og kjærlege tekstar om søsken

Søskenforhold er eit grunnmotiv i litteratur og kunst, eit motiv

som er nært knytt til store tema som kjærleik, sjalusi, tilhøyring

og identitet. Boka Søsken undersøkjer søskenskapet frå ulike

perspektiv: personleg, etymologisk, naturvitskapleg,

skjønnlitterært og visuelt.

Boka er eit samarbeid mellom Samlaget og tidsskriftet Ratatosk.

Med bidrag frå: Gunnhild og Olav Øyehaug, Svein og Egil Nyhus, Vemund og Øyvind Solheim

Ådland, Marte og Kirsti Huke, Anja og Mari Ulset, Kjersti Rorgemoen, Tomas Espedal, Juliane

Rui, Henning Bergsvåg, Selma Lønning Aarø, Marita Liabø, Ero Karlsen, Vera Kvaal, Frode

Grytten, Nina Goga, Hans Sande, Tor Eystein Øverås og mange fleire.

Guri (f. 1978) og Sigrid (f. 1985) Sørumgård Botheim kjem frå Lesja og gav i 2009 ut

romanen Rammstein pensionat. Dei bur i Trondheim og Oslo. Kjersti Rognes Solbu (f. 1979)

bur i Bergen, er lærar og dagleg leiar i Landslaget for norskundervisning. Ingrid Rognes Solbu

(f. 1985) bur i Trondheim og er produsent ved Teaterhuset Avant Garden.

ESSAY | Pris ca. kr 299,- | ISBN: 9788252179637 | Utg. september

HUMOR:

JON HJØRNEVIK: FLUKTA FRÅ REKKEHUSET

Heldigvis er det alltid ein utveg på ting. Heldigvis har også den

ofte nokså fengslande kvardagen tusenvis av utvegar. Du kan

berre gå frå alt utan å gi beskjed, du kan stikke til fjells, til skogs ,

eller til havs, du kan rømme inn i ei bok på tusenvis av sider , du

kan flukte ned i ei flaske med noko sterkt, du kan forsvinne i ein

fotballkamp, du kan drøyme deg vekk i ein pornofilm, du kan

ringe til ein gamal slektning og sei at du kjem og blir nokre veker,

du kan stele ein bil, du kan forlate verden i eit dikt, du kan gjere

noko kriminelt og få politiet til å hente deg, du kan kjøpe deg eit tau, bli sjølvmordsbombar,

du kan kle deg ut som julenisse, du kan hoppe av bussen, på eit busstopp eller i fart, du kan

reisepå ferie og ikkje komme tilbake, du kan hoppa av karusellen, du kan hoppe av flyet ditt

om det mellomlandar i Romania eller gifte deg vekk i Afrika utan å legge att så mykje som ein

post-it lapp til næraste familie.

Det er eigentleg enkelt å flukte, men ikkje for alle. Jon Hjørnevik har prøvd å flukte frå det

meste her i livet, mellom anna overbetalte kjedelege jobbar, fjerne slektningar som vert for

nære, snille kjærestar som vert for snille, alt for kåte hundar, illsinte tyskarar og godt isolerte

rekkehus. Alt med blanda hell. Det har som regel enda med at han har flukta til eit nytt

problem, og dette problemet gjentek seg. No har Jon Hjørnevik for femte gong rota seg vekk

i ei diktsamling.

JON HJØRNEVIK (f.1970) er frå Voss. Han er komikar og står bak fleire humoristiske diktbøker

på Samlaget.

HUMOR | Pris ca kr 229,- | ISBN: 9788252177343 | Utg. oktober

BIOGRAFI:

ARNHILD SKRE: HULDA GARBORG – NASJONAL STRATEG

«Hva ved de om mig alle disse som tror sig berettiget til at holde

Tale for mig fordi jeg har danset lidt med nogen Ungdommer og

især fordi jeg er Garborgs Kone? Ingenting.»

Hulda Garborg (1862‒1934) tok oss på kornet i dagboka si. I

denne rikt illustrerte biografien fortel historikar og journalist

Arnhild Skre også om alt det andre Hulda Garborg var: Populær

dramatikar og ein produktiv omsetjar med stor eigen forfattarskap og omfattande

journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol og kosthalds- og livsstilsreformator. Dessutan

husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest vidreiste og

samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett. Ikkje minst var ho ein utrøytteleg

opposisjonell som kunne skjelva for småting i unge år, men som i vaksen alder tolte den

beinharde norskdomskampen best av alle. Kanskje hadde ho for lite sjølvkritikk, og kanskje

var ho litt for glad i sterke menn?

Nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest

framståande forfattarar.

Arnhild Skre (f. 1952) har solid og mangslungen røynsle som kulturjournalist i fleire år i NRK,

Dag og Tid og Aftenposten. Ho er historikar av utdanning, har skrive fleire bøker, sist den

kritikarroste biografien om Ragnhild Jølsen. Samtidig som ho har nylese alt Hulda har skrive,

har ho reist i fotefara til Hulda, så vel i Noreg som i Tyskland, USA, Frankrike, Italia og på

Færøyane.

BIOGRAFI | Pris ca. kr 399,- | ISBN: 9788252173918 | Utg. september

KULTURHISTORIE:

OLAV H. HAUGE: DAGBOK I UTVAL 1924-1994

Verdslitteratur og fruktdyrking i Hardanger

Frå han var 15 år og fram til veka før han døydde, førte Olav H.

Hauge

(1908-94) dagbok. Med nær 4000 boksider av høgste litterære

kvalitet

er denne dagboka eineståande i sin sjanger, og ho har vore eit

kult- og

referanseverk sidan utgivinga i 2000. Det er refleksjonar om

litteratur frå heile verda, iblanda tankar og hendingar frå

kvardagen og fruktdyrkinga i Ulvik. Her er eit vell av fyndord,

ordtak og originale aforismar. Hauge tek også med dei mørkaste stundene – som åra då han

var innlagd på sinnsjukehus, samtidig som ein får innsyn i kva som er bakgrunnen for mange

av dikta hans.

Redigert av Sverre Tusvik.

Olav H. Hauge (1908 -1994). Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv «ein vanleg

arbeidsmann». I tillegg til eigne dikt gav han ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk,

fransk og tysk lyrikk. Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte

mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Dikta hans har ein eineståande appell på tvers

av generasjonane og han er omsett til 25 språk.

DAGBOK | Pris ca. kr 299,- | ISBN: 9788252178692 | Utg. september

ERLING LÆGREID: NÆRGÅANDE SKISSER

Varmt utleverande om spennande personar

Den mildt sarkastiske og slagferdige NRK-medarbeidaren leverer

usminka og nærgåande miniportrett av 40 personar i norsk

kultur- og samfunnsliv. Med varme og sympati syner desse

minneglimta delvis ukjende episodar og sider ved personar som

har vore med og prega den nære fortida vår, som Jens

Bjørneboe, Karl Evang, Agnar Mykle, Tarjei Vesaas, Olav H.

Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jakob Sande, Geirr Tveitt, Hartvig

Kiran, Einar Gerhardsen, Torolv Elster, Kåre Fostervoll, Harald

Sæverud, Marie Takvam, Inger Hagerup, Aslaug Vaa, Ola Raknes, Mosse Jørgensen, Per

Aabel, Arnljot Eggen, Erik Bye, Guttorm Hansen, Arthur Klæboe og Einar Førde.

Alle er døde, men i sin uvørdne, egosentriske, direkte og særeigne stil evnar Lægreid å vise

kor levande dei var.

ERLING LÆGREID (f. 1939) er forfattar og journalist og jobba i NRK frå 1970 til 2009. Han

arbeidde i Barne- og Ungdomsavdelinga og var programleiar i «Ungdommens Radioavis»,

Flimra

og Søndagsavisa. Han var også med på å etablere radiomagasinene Ekko og Dagsnytt 18 og

har vore

ansvarleg for ei rekkje kulturprogram i P1 og P2.

PORTRETT | Pris ca. kr 299,- | ISBN: 9788252179835| I sal

HOBBY, MAT OG DRIKKE:

KARIN HOLMBERG: STILIGE STING

Broderi er ein av dei eldste tradisjonane i Norden,

samstundes har det å brodere aldri vore så trendy og

moderne som det er no. Stilige sting inneheld kring 40

moderne mønster inspirerte av svenske landskapsbroderi, alt

frå broderte hettejakker til dukar. Karin Holmberg lyftar fram

mange av dei tradisjonelle svenske broderisaumane og bruker

dei i nye og uventa kombinasjonar. Her finn du broderitips til

både klede og innreiing. Det einaste du treng, er nål og tråd!

Karin Holmberg (f. 1981) er utdanna på Handarbets Vänners Skola i Stockholm. Ho fekk stor

merksemd med eksamensutstillinga der ho hadde bordert landskapsbroderi på ferdige klede

frå H&M.

HOBBY | Pris ca. kr 379,- | ISBN: 9788252178883 | I sal

GUNDA DJUPVIK: SMALHANS

God mat på lågbudsjett

Det er viktig å ete god mat i tronge tider ‒ då treng ein det

mest! Her finn du oppskrifter på sunn og rask mat som ikkje

kostar så mykje, både tradisjonsrike norske retter og eksotisk

mat som er lett å lage sjølv. Du finn sunne og næringsrike

supper, smakfulle middagar for kvardag og fest, gode

småretter, søte og herlege dessertar, og sjølvsagt kaker til

store og små. Fingermat og smakfulle dippar høyrer òg med.

Boka inspirerer til å gå i gang på kjøkkenet med lyst og glede. Her får du også gode råd om

korleis handle inn smart og økonomisk, korleis oppbevare maten lengst mogleg og kva du til

kvar tid bør ha i skap og skuffer.

God appetitt!

Gunda Djupvik (f. 1966) er ivrig heimekokk, har fast matspalte i Sunnmørsposten og skriv om

mat, parfyme og kjærleik i den populære bloggen altgodt.no. Gunda er frå Leikong på

Sunnmøre, er utdanna jurist og bur og arbeider no i Oslo.

KOKEBOK | Pris ca. kr 299,- | ISBN: 9788252179668 | Utg. august

MARTIN JOHANSSON: SURDEIGSBRØD

Oppskrifter og tips frå ein heimebakar

Eg elskar brød. I fleire år har eg bakt alt brødet vårt sjølv. Oftast

med surdeig. Eg bakar klassiske rugbrød, men også lyse brød.

Mange trur at surdeigsbrød alltid er mørke, harde og beiske. Slik

er det ikkje. Nokre av dei beste brøda mine er høge, luftige brød

som eg bakar på surdeig av kveitemjøl.

Martin Johansson har skapt bakefeber med denne boka i Sverige, og har også gitt ut boka

Enklare brød, om kna- og eltefrie brød.

Å bake med surdeig er så enkelt som berre det – og samstundes eit mysterium. Surdeigsbrød

er ei funksjonell og praktisk kokebok for deg som vil bake ditt eige surdeigsbrød. Ho tek for

seg ulike omgrep kring surdeig, oppskrifter på fleire typar deigar, ho viser korleis ein startar

og matar ein surdeig, og gir råd om korleis ein bakar for å få best resultat.

Her får du gjennomprøvde oppskrifter, underhaldande tekstar og tips, og til slutt ei ordliste

over viktige baketermar.

KOKEBOK | Pris ca. kr 299 | ISBN: 9788252179675 | I sal

RUTH HEGE HOLST: I HULDAS KJØKKEN

Den allsidige kokken Ruth Hege Holst har late seg inspirere av

Hulda

Garborg. Forfattaren og kulturformidlaren Hulda Garborg (1862-

1934)

gav i 1898 ut kokeboka Heimestell. Holst har tatt utgangspunkt i

dei beste rettane frå Heimestell og modernisert og tilrettelagt dei

for dagens kjøkken. Dessutan har ho sjølv skapt nye rettar og

smakskombinasjonar. Holst gjer som Hulda, ho kombinerer det beste

frå det tradisjonelle og det moderne kjøkenet. Her finn du oppskrifter på

flatbrød med spennande dippar, steikt makrell med sennep, gratinerte pannekaker,

salatdressingar, suppekraft, baccalao og mykje, mykje meir.

Boka er gjennomillustrert av fotograf Tove Kristin Breistein.

Ruth Hege Holst er ein allsidig kokk med lang og brei erfaring, mellom anna som dagleg leiar

ved Gastronomisk Institutt. No er ho leiar av Norges Kokkemesteres Landsforening (NKL).

KOKEBOK | Pris kr 399,- | ISBN: 9788252179354 | Utg. august

DET LYSER I STILLE GRENDER

Dei kjære julesongane

Dette er boka for dei som ikkje kjenner seg heilt støe på alle versa i

julesongane. Med denne boka i handa kan du syngja meir enn første

verset når du går rundt juletreet eller er samla med familien til

juleselskap. Boka inneheld 30 julesongar og salmar, fleire av dei trykte

i begge målformer.

SONGBOK | Pris ca kr 149,- | ISBN: 9788252179682 | Utg. oktober

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!