Norske klonarkiv i frukt - Skog og landskap

skogoglandskap.no

Norske klonarkiv i frukt - Skog og landskap

Innleiing

På 1980- og 1990-talet vart det teke initiativ til å setja i gang innsamling av fruktsortar som

heldt på å gå ut av produksjon i dei fleste fruktstròka i landet. Dette var i tida etter at Nordisk

Genbank (NGB) vart oppretta i 1975, som hadde ei eiga arbeidsgruppe i frukt og bær (AG2),

og det vart initiert prosjekt med basis i NGB for å samla inn eldre frukt- og bærsortar.

Bakgrunnen for dei lokale initiativa var ei modernisering av fruktproduksjonen, som førde til

at hagar med eldre sortar vart rydda i raskt tempo, og ein ville sikra at sortane ikkje gjekk tapt

for alltid. Det var oftast eldre fruktdyrkarar og historisk interesserte personar som tok

initiativet til innsamlingane, og etter kvart fekk alle råd og økonomisk støtte med

utgangspunkt i NGB og Den norske rådgjevingsnemnda for Nordisk Genbank, oppnemnd av

Landbruksdepartementet. Den praktisk utøvinga var lagt til leiaren i nemndene,

Statskonsulenten i Hagebruk, Even Bratberg. Han hadde lenge sentrale verv knytta til NGB

og internasjonalt genressursarbeid, og var drivkraft i det norske genressursarbeidet i ein

mannsalder.

Det har vore eit stort engasjement under innsamling, planting og seinare aktivitetar knytt til

plantingane rundt om i klonarkiva. Ein del av personane som starta opp arbeidet er framleis

aktive, medan nye personar er komne inn andre stader. Det same gjeld også på det nasjonale

og nordiske plan. Dette har gitt store utfordringar når det gjeld dokumentasjon på det som har

vore gjort, og sikra kontinuitet i arbeidet. Det har vore mange versjonar av

registreringsskjema og mange versjonar av databasesystem.

Ein såg det som ynskjeleg at det vart starta opp innsamling i alle viktige fruktområde, og at

det vart etablert eit klonarkiv der som skulle ta ansvaret for dei sortar som hadde vore typiske

der. Det var meininga at berre sortar som hadde hatt betydning skulle samlast inn, og at desse

så skulle inngå som del av den norske plantearven. Dei drivande kreftene for innsamlingane

var ikkje bevaring av gener på nasjonalt nivå, men å samla inn sortar som hadde hatt

betydning i området. Såleis er ein del sortar representerte alle stader. Hovudmålet med

innsamlingane var kulturhistorisk formidling frå plantingane og bevaring ved bruk. Det synest

som tilknytning til nasjonalt genressursarbeid var ein sekundæreffekt som var med og bidrog

til finansiering av samlinga og gav den høgare status. (”Andre tykkjer også arbeidet me har

gjort er viktig”).

I dei fleste område vart det etablert prosjekt der ein ba om melding frå dei som hadde gamle

sortar i hagane sine, og alle stader var det stor respons. Det som skjedde vidare var at det vart

vurdert om sorten var kjend eller ikkje. Viss den ikkje var det, måtte ein bestemma seg for om

sorten hadde verdi til å bli samla inn. Dette galdt også kjende sortar, der enkelte hevda å ha

typar av ein kjend sort som var uvanleg bra (t.d. i Gravenstein). Fleire melde inn sortar som

dei sjølve tykte hadde svært stor verdi, men som ein såg objektivt sett ikkje hadde det. I og

med at dette er frivillig arbeid som avheng av gode relasjonar, vart det teke inn fleire sortar

som har utgangspunkt i eitt tre, og som ein ikkje veit noko særleg om. Ved dei fleste

klonarkiv er ein no mykje meir kritisk til kva som vert teke inn enn i starten.

Innsamlinga var i hovudsak konsenterert til eple, men også ein del pære er samla inn.

Plommer har hatt mindre fokus, det same gjeld søtkirsebær og særleg surkirsebær. I dei fleste

tilfelle vart det samla inn materiale av sortar som ikkje er i dyrking lengre, men det vart og

samla inn sortar som er i vanleg dyrking (t.d. Åkerø og Gravenstein). Materiale frå eldre tre

som ein ikkje har klart å bestemma, fekk namn etter funn-staden eller etter personar som er

knytta til sorten. Ei slik brei innsamling er mykje likt det som vart gjort ved Statens

forsøksstasjon for fruktdyrking frå starten i 1920, og som munna ut i dei norske pomologiane

3

More magazines by this user
Similar magazines