30.08.2013 Views

Norske klonarkiv i frukt - Skog og landskap

Norske klonarkiv i frukt - Skog og landskap

Norske klonarkiv i frukt - Skog og landskap

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

sekretær frå landbrukskontoret, som starta med å samla informasjon om gamle sortar på øyane

i Hvaler gjennom ein folder som vart send til alle husstandar i kommunen. Etter kvart vart det

sett i gang poding av representative sortar, og sortar med særskild historie. Enkelte sortar veit

ein er poda og innførde til Hvaler, men ein har ikkje kunna stadfesta namn. I slike tilfelle fekk

sortane namn etter staden der dei vart funne. Målet med prosjektet var å finna fram til typiske

sortar for Hvaler, fornya tre av desse og få fleire tre planta ut, slik at dei ikkje skulle gå ut.

Poding var utført av Alf Lindal ved Gartnerhallen Reisersøl, men det var ingen naturleg

institusjon som kunne ta imot trea som var laga. Difor vart det etablert samlingar kringom hjå

privatpersonar som hadde interesse av gamle sortar. Mange tre (”genhaver”) vart planta i

privathagane hjå Hans Kristian Rød på Søndre Sandøy, og hjå Kjell Bothne på Kirkeøy. Det

vart også spreidd tre til mange andre småhagar rundt om på øyane. I 1992 planta dåverande

ordførar i Hvaler, Ole Kristian Kjølholt, fleire tre på garden sin på Kirkeøy som del av ein

historisk hage, og nokre tre vart planta på Kystmuséet Hvaler. Hans Kristian Rød har seinare

poda opp dei sortane som står på Rød herregård og sett tre av desse sortane i sin hage på

Sandørød. Samlingane på Hvaler er altså spreidde på fleire lokalitetar på øyane i Hvaler, med

ulik status og omfang.

Plantinga på Kystmuséet sin eigedom vart gjort fyrst og fremst for å få ei institusjonell

forankring av prosjektet. Kystmuséet Hvaler hadde ikkje tilsette før i 1999, og frå 2006 vart

dette museet del av det konsoliderte museet Østfoldmuseet i Sarpsborg. Det er etablert eit

pomologisk utvalg etter same modell som i Lier, som består av Kjell Bothne og Hans

Kristian Rød. Pomologisk utvalg har eigen bank-konto der midlane frå genressurssenteret vert

sette inn og brukte til å dekka utgifter for medlemene i utvalget.

I og med at ikkje alle arkiv vart vitja i 2007 er det ikkje råd å gje noko fullgodt bilete av

klonarkiva på Hvaler. Såleis er det heller ikkje mogeleg å gje noko komplett liste for

omfanget, eller kart for vurdering av sortane og trea.

Stell av klonarkiva

Pomologisk utvalg tek seg av klonarkivet på Kystmuséet Hvaler, elles vert klonarkiva stelte

av dei som har trea i hagane sine. Eigedomar skiftar eigar, og det er stor skilnad i kor

interesserte folk er i å stella trea.

Bruk av frukta

Klonarkivet på Kystmuséet Hvaler har for lite omfang til at frukta har nokon betydning.

Derimot samlar pomologisk utvalg saman mykje frukt til utstilling på eplefestivalen om

hausten – dette er både frå klonarkiva (”genhavene”) og frå mortrea der kvisten er samla.

Informasjonstiltak og merking

Eplefestivalen i Hvaler vert arrangert i samarbeid med Hageselskapet Hvaler den sundagen

som fell nærast 20.september. Pomologisk utvalg har utstilling og salg av frukttre der kvart år.

Det er mellom 700 og 1.000 menneske som vitjar denne festivalen årleg, der det også vert selt

husflid og kunst.

Trea i felta er merka med ”saue-merke” – grøne plastmerke med innprenta nummer på sorten

(for eksempel 20,1, som betyr sort nr. 20 og tre nr.1 av den sorten). Merket er tydeleg og

varig, men gir lite informasjon.

6

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!