NINA Rapport 412

nina.no

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

Føreord

Buskerud fylkeskommune (koordinator) ynskjer å få utarbeidd ei villreinfagleg utgreiing

om tangeproblematikken på Lufsjåtangen og Dagalitangen i samband med

fylkesdelplanen for Hardangervidda.

Hovudmålet med Fylkesdelplanen er å koma fram til ein langsiktig og heilheitleg

strategi for bruk av areal som er også er viktige leveområde for villreinen eller påverkar

arten sine leveområde.

Dette arbeidet inkluderer bakgrunnskunnskap om reinen på Hardangervidda generelt,

og særskilt kunnskap om reinen sin bruk av tangane. På bakgrunn av denne

kunnskapen ynskjer fylkeskommunen å få forslag til åtgjerder som kan føre til at

tangeareala blir tilgjengelege for reinen også i framtida.

For å belysa den menneskelege bruken av desse austlege områda på Hardangervidda

over tid, har ein nytta mykje lokal røynslekunnskap. Det har vore eit mål få

drøfta ulike sider ved menneskeleg arealbruk her i historisk tid, og kva moglege

føringar det kan ha lagt på reinen sin arealbruk i dei siste 50 åra.

Inngrep som kraftutbygging, turistsenter, hytte- og vegbygging har eit stort konfliktpotensiale

i høve til reinen sin områdebruk og beitetrong. Det har vore gjennomført

ei rekkje utgreiingar/granskingar innan dette emnet, som kastar ljos over både generelle

og særskilte sider ved slike inngrep og tilhøyrande uroingar. Ein har difor

meir sikker kunnskap om korleis reinen vert råka av desse inngrepa.

Langfjellaprosjektet med satelittovervaking av GPS-merka dyr gjev viktige haldepunkt

om dynamikken i villreinen sin arealbruk, og denne kunnskapen er også nytta

i dette prosjektet.

På grunnlag av oppsummert kunnskap vert det gjort villreinfaglege vurderingar og

tilrådingar i høve til oppdraget sine mål.

Det har vore gjennomført oppstartmøte og fleire oppfylgjingsmøte der grunneigarar

og lokalfolk har støtta opp med viktig informasjon. Samstundes har ein gjort greie

for framdrift og viktige fokuspunkt etter kvart som prosjektarbeidet har teke form.

NINA takkar Gaute Midtbøen, Nils Enerstvedt, Reiar Åsberg, Erling Bjørkheim,

kommunane i området og alle andre involverte for gode bidrag og godt samarbeid!

Trondheim 13.11.2009

Per Jordhøy

8

More magazines by this user
Similar magazines