31.08.2013 Views

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

9

NINA Rapport 412

1 Bakgrunn og mål (frå Fylkeskommunenes prosjektplan av 24.11.2008)

1.1 Bakgrunn

Villreinbestanden på Hardangervidda er den største i landet. Frå naturen si side er

leveområdet stort, og det gjev grunnlag for ein bestand med tilstrekkeleg genetisk

variasjon for å overleva på lang sikt. Området dekkjer i utgangspunktet villreinen

sin trong både gjennom året, og for bruk som kan variere over tiår.

Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på villreinen. Forvaltning og bruk av areala

på Hardangervidda med tilhøyrande randsoner har stor betyding for korleis dette

ansvaret vert ivareteke.

Dei austlege delane av Hardangervidda har vanlegvis lite snø og is og det er her

ein finn dei viktigaste vinterbeiteområda. Tilgang på vinterbeite er vurdert å vere

den viktigaste begrensninga for storleiken på bestanden her.

Lufsjåtangen og Dagalitangen har betydelege med slike vinterbeiteressursar. Dei

siste 10-åra har desse tangane vore lite brukt av villreinen, både som vinterbeite og

i sommar/haustperioden. Det har vore noko sporadisk bruk av Lufsjåtangen, men

ofte er det observert at dyreflokkar ved Gavlen, snur attende ved forsøk på å trekke

over til Lufsjåtangen. Ein spør seg om manglande bruk av området skjer på grunn

av naturlege endringar i villreinen sitt bruksmønster, om det skjer på grunn av inngrep

og menneskeleg bruk av området eller ein kombinasjon av dette.

Fylkesmennene i Telemark og Buskerud meiner at Lufsjåtangen er eit fullverdig

vinterbeiteområde som villreinen ville brukt som andre vinterbeiteområde, om det

ikkje var for menneskeskipa, fysiske hindringar og uroing. Ein meiner og at villreinen

sin bruk av Lufsjåtangen er eit av fleire viktige element for å sikra villreinbestanden

på lang sikt. Ikkje minst tilseier prognoser for klimautviklinga, med betydelege

endringar i fjellnaturen, at villreinen vil bli ytterlegare pressa. Den vil såleis ha

trong for alle leveområda som er, eller kan gjerast tilgjengelege.

Dette er og av betyding for næringsmessig utnytting. Tilgong til beite på Lufsjåtangen

kan gje grunnlag for ein auka villreinbestand, og såleis auka varig verdiskaping

i kommunane kring Hardangervidda.

Lufsjåtangen er også bindeledd for ein korridor mot Blefjell, og samanhengen her

vil vere avgjerande dersom det skal vere ei naturleg utveksling av rein mellom Hardangervidda

og det vesle villreinområdet på Blefjell.

Fylkesmennene i Buskerud og Telemark har lenge hevda at det må vere ei målsetting

at villreinen naturleg skal trekke til og frå Lufsjåtangen utan vesentlege hindringar.

Dei tok difor i 2001 initiativ til ei utgreiing om villrein og bruk av Lufsjåtangen,

og potensielle høve for å endra dagens bruk. Dette prosjektet stoppa opp.

Spørsmålet vert no teke opp att som ledd i arbeidet med fylkesdelplan for Hardangervidda.

Konklusjonane frå dette prosjektet vil vere viktige faglege innspel til

arbeidet med fylkesdelplanen.

Gjennom høyringa og slutthandsaminga av planprogram for Fylkesdelplan for Hardangervidda

vart det bestemt at Dagalitangen skulle vurderast på same måte som

Lufsjåtangen. Prosjektet sitt mål er å avklare Dagalitangen sin betyding, historisk

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!