31.08.2013 Views

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

21

NINA Rapport 412

dar med talrik ulvebestand kombinert med vintrar med mykje laus snø. Ikring 1860

var all tamrein borte, utan ”en liten flok i Møsstrandens sogn i Telemarken” ((Hirsch

m.fl. (Red.) LD 1911). I alt hadde det til no påviseleg vore 2 hovudutsetjingsbolkar

av tamrein, den fyrste i perioden 1783-1810 og den andre i perioden 1837-1850.

Fleire samefamiliar slo seg til med tamreinflokkar på Hardangervidda på denne

tida. Flokkane deira ”trengte seg ind paa andres eiendom og sætrer og fremkaldte

en sterk opinion mot tamreinhold og navnlig mot nomadernes inntrengen sydover”.

Samstundes hadde samane lært dei fastbuande mykje om tamreinhaldet, noko

som hadde stimulert reindrifta i bygdene kring Hardangervidda.

Felleslappelova av 1883 innførte prinsippet om reinbeitedistrikt, med eit lovtillegg i

1897. Dette fremja føresetnadene for ”lokal tamreindrift”. Ein del samar måtte da

finne seg nye beiteområde og ”denne lov satte store bøter, like op til 1000 kroner,

for nomadiske lapper, som beitet paa anden mands grund utan særlig tilladelse eller

hjemmel i i nogen av de søndefor Søndre Trondhjems og Hedemarkens amter

liggende landsdeler” (Hirsch m.fl. (Red.) LD 1911). I tida som no fylgde kom det

framleis mange samar både til Hardangervidda og Setesdalsheiane, men det var

ofte vanskeleg for dei å få leigd seg nok beite. Usemje og konfliktar i samband med

reinbeiting på uleigd grunn var vanleg. Lokale bygdefolk var heller ikkje framand for

tanken med sjølve å drive med tamreindrift og etter kvart vart det skipa til mange

tamreinselskap. Ikring 1911 var det minst 7 slike på Hardangervidda mellom Bergensbana

og Haukelivegen, og eit utrekna tal dyr på om lag 11 300 mot 11 975 i

1907. Fjellbeitekomiteen (Hirsch m.fl. (Red.) LD 1911) påpeikar at talet kan vere

noko usikkert og at berekna tal villrein på Hardangervidda i 1911 var på ikring

10 000 dyr. Dersom dette stemte var det på denne tida over 20 000 rein på Hardangervidda

(Fjellbeitekomiteen nemner at ”Prof. Collet” jamvel berekna villreinbestanden

til 16000 dyr). Det var nok semje om at villreinbestanden hadde auka

merkbart etter fredinga like etter århundreskiftet.

Tamreinstatus 1911 iflg. Fjellbeitekomiteen i LD var: Hardanger reinkompani heldt

900 tamrein i Halnesameiget og nordre del av Eidfjord almenning. Eidfjord reinkompani

heldt om lag 1000 tamrein i den søre delen av Eidfjord almenning. Thorsrud

reinkompani heldt om lag 1200 tamrein i Opdals almenning og ”Aasbøfjeldenes

stølsmarker” (vinterbeite). Opdal reinkompani heldt 2800 tamrein (sjå neste avsnitta).

Tinns reinkompani heldt om lag 600 tamrein ved Møsvatn og vest for Mårvatn.

Loftstukompaniet heldt om lag 800 tamrein i Skarbuterrenget. Raulands – Telemarkens

reinkompani heldt om lag 4000 tamrein i fjella mellom Vinje og Kvennadalen.

Fjellbeitekomiteen (Hirsch m.fl. (Red) LD 1911) påpeikar at røynslene deira tilsa at

sommarbeitene var rike, men at vinterbeitene var minimumsfaktoren for tamreinen,

og ”syntes mangesteds aa være utnyttet til det ytterste”.

Tamreindrifta i dei nordaustlege delane av Hardangervidda og tangeareala her var

nok meir lagleg stilt i så måte. I desse områda kring Nore og Uvdal hadde det vore

lite tamreindrift med samisk involvering. Her hadde fleire personar difor sysla med

tanken om tamreindrift ei tid, og i 1890 vart Opdal Renkompani stifta (heretter kalla

OR). Tamreinflokken var i starten på 234 dyr (152 simler og 52 bukk). Fleire samar

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!