NINA Rapport 412

nina.no

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

frå den tida indikerer at snø og vanskeleg tilgjengelege beite på Austvidda var ein

medverkande årsak til utvandringa til Nordfjella.

Gjennom GPS-merkeprosjektet har vi fått tilgang til kvantitative data som gjev oss

ny og meir detaljert kunnskap om reinen sin bruk av Hardangervidda. Analysene

som er gjort til no viser at reinen sin arealbruk om vinteren i stor grad vert styrt av

beitekvalitet og snømengde. I tillegg til dette viser analysene ein effekt av menneskeleg

aktivitet. Vi har illustrert dette i figur 24, der vi viser seleksjonen (preferansen)

reinsdyra har for område med ulik snømengde og område med ulik kvalitet på

vinterbeita. Desse resultata viser at reinen har større preferanse for område med

meir beitelav. Det er rett nok ikkje slik at reinen har størst seleksjon for område

med størst biomasse. Resultata viser og at reinen sin preferanse for eit område

aukar inntil ein tjukkleik på lavmatta på omlag 22 mm. Ved større lavtjukkleik blir

dyra sin preferanse mindre. Når det gjeld snø er samanhengen mindre kompleks

og resultata viser at preferansen for eit område aukar når snømengden minkar.

Saman med variasjonar i dominerande vindretning kan dette også forklare den relativt

store årsvariasjonen vi ser i reinen sin bruk av vinterbeiteområda. Analysene

viser at det var omlag 40% overlapp i bruken av vinterbeiteområda på Hardangervidda

i perioden 2001 tom 2005 (Strand m.fl. 2006). Dette er betydeleg ulikt arealbruken

i sommarsesongen, der stabiliteten i områdebruken har vore lang større frå

eit år til eit anna (figur 24).

36

More magazines by this user
Similar magazines