NINA Rapport 412

nina.no

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

vinterbeite i sentrale og austlege område, medan dei i større grad nyttar område på

vest og i dei sørlege delane av Hardangervidda i kalvinga og om sommaren. Det er

difor i fyrste rekkje gjennom vintersesongen reinen vil vere på dei austlegaste delane

av Hardangervidda. Hausten og jaktperioden er eit unntak frå dette. Særleg i

gjennom jakta viser resultata frå merkeprosjektet at rørsle- og aktivitetssmønsteret

er i stadig endring. Arealbruken dyra viser på denne årstida er difor i større grad eit

resultat av vindretning og jaktrelatert uroing.

Om sommaren som elles er arealbruken styrt av fleire faktorar. Tilgangen til dei

mest proteinrike beita, insektstress, vindretning, uroing frå ferdsle - legg til dømes

sterke føringar på arealbruken.

Topografien i landskapet har også ein vesentleg effekt på reinen sin bruk av dei

ulike områda, både på ein regional og lokal skala. På det regionale nivået har til

dømes dei større vassdraga som Kvenna og Lågenvassdraget betyding for reinen

sine trekk og forflyttingar. I GPS-dataene ser vi også at dyra sin arealbruk vert styrt

av topografien, dette gjeld til dømes om sommeren kor dyra har ein større preferanse

for høgtliggande område på varme dager (Falldorf in prep). Topografien har

også innverknad for korleis reinen tek seg gjennom et område.

Om vinteren er det tydeleg at dyra har ein preferanse for kupert terreng der tettheiten

av rabbar er stor og beitetilhøva gode. Reinen sin antipredator-åtferd gjer at

dyra også har ein preferanse for ryggar og høgdedrag der dei har utsyn over landskapet

kring seg. Reinen sine forflyttingar om vinteren vert kjenneteikna av at dyra

rører seg relativt lite samanlikna med resten av året. Truleg har også topografien

stor betyding for det vi kan kalle trekkorridorar eller områder der dyra krysser barrierer

i landskapet. Ein kan få innblikk i dette ved å sjå på kjente trekkområde som

dyra bruker for å krysse større vassdrag som Kvennavassdraget. Tilsvarande ser vi

at det er relativt definerbare og avgrensa område der lokal kunnskap tilseier at reinen

kryssar Rv7. GPS-datasettet viser eit betydeleg samanfall med den lokale

kunnskapen. Bevanger et al. (2007) kunne såleis identifisere i alt 7 område som

syntest å vere aktuelle kryssingspunkt over Rv7. Med bakgrunn i GPS-datasettet

vart det 2- 3 område som framstår som meir viktige enn dei andre.

38

More magazines by this user
Similar magazines