31.08.2013 Views

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

NINA Rapport 412

sert på omfanget og plasseringa av fangstgropene her). Gjennom dei siste 10–20

åra er det bygd eit større tal hytter i lia nord for Sønstevatn. Det tidlegare eidet mellom

Mevatn og Sønstevatn er neddemt og trekktilhøva her såleis sterkt forringa eller

heilt øydelagt. Ut frå plasseringa av fangstgropanlegga totalt sett i reguleringssona

her kan vi konkludere med at det var eit trekk her som har mista sin funksjon.

Totalt gjev dette dyra få høve til å krysse i nord-sør aksen ved Sønstevatn.

GPS-datasettet viser også at dyra berre ved eit fåtal høve har gått over isen på

Sønstevatn. Vi har klart mest GPS-observasjonar nord og vest for hyttefeltet på

nordsida av Sønstevatn og i Johøgda på sørsida av vatnet. Også her har hevinga

av Sønstevatn ført til ein innsnevring av trekket som tidlegare gjekk langs Mevatnet

(basert på kjente fangstgroplokalitetar her). GPS-data viser og at dyra lett blir ståande

i Johovda og hallet ned mot Sandbu. Vi understrekar at mesteparten av GPSplotta

i figur 39 er samla inn med tre timars intervall. Dataene gjev difor eit svært

grovt bilde av dei reelle rørslene dyra har hatt i området. Vi har og forsøkt å samle

inn meir høgfrekvente data i dette området frå siste tida, da ein stor del av Hardangerviddabestanden

hadde trekt heilt aust til områda nord og sør for Sønstevatn

(sist i oktober- og først i november 2009). Her ser vi i større detalj korleis dyra har

gått ned frå høgdedraget mellom Johovda og Gavelen og har dreia sørover langsmed

vegen - eller også attende opp i høgdene vest for vegen etter møte med veg

og hytter ved Sandbu. Det har rett nok vore merka dyr så vidt over vegen ved eit

høve (figur 40a og 40b).

Når vi ser på plotta samla ved innfallspartiet til Lufsjåtangen kan det verka som om

dyra har lett for å bli ståande i høgdene vest for vegen. GPS-datasettet som har

vore samla inn sidan 2001 antyder særleg to område som moglege passasjar ut på

sjølve Lufsjåtangen (ved Sandbu og Småroi - figur 38). Så langt vi kan tolke datasettet

er det i desse to områda dyra har gjort dei fleste framstøyta austover, og da

kanskje særleg ved Sandbu.

Ved å sjå på eit forstørra bilete med alle GPS-plotta i perioden (2001-2009) ser ein

meir tydeleg korleis reinen har forflytt seg ikring Sandbuområdet. Det kan verka

som dyra har beita seg ned mot vegen og hyttene her langs to ryggar/rabbesystem

(grå område på figuren). Ryggen som er lengst sør er mest samanhengande og

går heilt ned til vegen. Landskap og plottemønster i høve til fjellovergangen sin tilstand,

kan tyde på at dette er ein av dei kanskje mest naturlege overgangane reinen

har i dette området.

60

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!