31.08.2013 Views

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

NINA Rapport 412

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

5

NINA Rapport 412

korleis dette området var før utbygginga av Sønstevatn. Lokaliseringa av fangstgroper

som er kjent frå området ikring vatnet viser tydeleg korleis denne sommar-

og haustfangsten har vore retta mot eit trekk gjennom området. Når vi ser dette

saman med dagens tilhøve får vi eit tydeleg bilde av korleis trekkrutene har blitt

påverka av ulike inngrep i dette området.

Restaureringstiltak for å bøte på naturskadelege inngrep og uroingar er gjort i ei

rekkje høve. Miljøtunnellar, fredingssoner, flytting av hytter og ferdsleregulering er

døme på slike. I dei to høva her er det minst problematisk og mest realistisk å kunne

gjere verksame tiltak på Lufsjåtangen – der tangehalsarealet enno er berre moderat

utbygd og vegsambandet er vinterstengd. Ei tilrettelegging for ein framleis

bruk for villreinen føreset mellom anna stopp i utbygginga over Imingfjell og at vegen

held fram med å vere vinterstengd. Perioden for vinterstenging må minst vere

på dagens nivå. I høve til tiltak på Lufsjåtangen i det heile bør ein utarbeide detaljert

plan for tilrettelegging og utvikling av gode og presise målkriteriar, samt tiltak/planer

for overvaking og etterprøving av måloppnåinga.

Det er vinterbeiteperioden som er mest sårbar for reinen i desse områda. Når det

gjeld fritidsaktivitet om vinteren er det mellom anna lagt til rette for skigåing gjennom

merka løyper. Når det er rein i området kan ferdsleregulering innan sensitive

område vere aktuelt. Det vil truleg vere eit effektivt (men kostbart) tiltak å legge vegen

i tunnell under den viktigaste delen av trekkområdet. Med eit slik tiltak føreset

ein at noverande veg og anna faste installasjonar i tunnellområdet blir sanert, slik

at trekkområdet får minst mogleg med uroingskjelder på lang sikt. Å opparbeide

nye trekktradisjonar kan ta tid, slik at ein bør legge opp ein langsiktig strategi.

Eit viktig alternativ til trafikkåre mellom Tinn og Numedal er vegen over til Veggli.

Denne vegen er i dag vinterstengd, og lokale styresmakter har drøfta tilhøva for få

til ein heilårsveg her. Som alternativ til eventuell vinteropen veg over Imingfjell vil

eit slikt tiltak kunne vere ein god tilnærming på løysing av problematikken ikring

vegsambandet i regionen også ut frå villreinomsyn.

For Dagalitangen er det ei langt større utfordring å finne aktuelle løysingar for å

stimulera villreintrekk utover på tangen, med dagens massive barrierar over tangehalspartiet.

Tek ein utgangspunkt i restaurering av gamle kjente trekkorridorar i

tangehalspartiet, vil ein måtte gjere drastiske tiltak for å oppnå gode løysingar. Det

kan innebere mellom anna sanering av hytter, tunnellegging av vegen og ferdsleregulering

– dersom ein skal ha von om at reinen vil ta opp gamle trekktradisjonar

att. Alternativt kan ein diskutere korvidt ein inngrepsfri overgang over vegen er aktuell

å forsøke, men dette vil og vere ei usikker løysing.Tiltaket må i så fall fylgjast

opp med ei rekkje andre tiltak i trekksonen.

Per Jordhøy og Olav Strand, Norsk institutt for naturforskning, 7485 Trondheim.

per.jordhoy@nina.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!