02.09.2013 Views

Mann – kvinne - Kristent Fellesskap Kvinnherad

Mann – kvinne - Kristent Fellesskap Kvinnherad

Mann – kvinne - Kristent Fellesskap Kvinnherad

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

SIDE 2 FOLK 4 - 2003

Å vera heilt menneske - som

mann og kvinne

I denne utgåva av FOLK ser vi

på kva det vil seia å vera heilt

menneske, skapt i Guds bilete

som mann og kvinne som

likeverdige partnarar. Vi ser litt på

det bibelske menneskesynet som

er oppløftande og frigjerande, for

det tilskriv mennesket åndelege

og moralske kvalitetar som skil

det frå andre skapningar. Eit

enkelt menneske er ukrenkeleg

og meir verdt enn heile verda.

Men mennesket er ikkje ei

einsleg øy i eit endelaust hav, vi

er ein del av eit større fellesskap.

Fellesskapet gjev meining til

kvart individ og den enkelte er

med på å forma fellesskapet!

Det grunnleggjande fellesskapet

er familien. Her ser vi at pakt er

kjærleik levd ut i praksis. Guds

gode ordning for familien får store og

vidtrekkande følgjer for livet i det kristne

fellesskapet og storsamfunnet! Difor

er det så viktig å forstå Guds ordning

for desse områda, så livet vi lever saman

kan verta harmonisk og utviklande i

samspelet mellom menn og kvinner, ung

og gammal.

Det er ikkje populært å snakka om ulike

roller eller funksjoner for kvinner og

menn i dagens

samfunn, men vi

gjer det likevel

med stort frimod!

Heilt enkelt fordi

Bibelen talar

om ulike roller

for kvinner og

menn! Desse

byggjer på ei

skaparordning. Dei er innebygd i måten

menn og kvinner er samansett. Menn

og kvinner er forskjellige fordi dei er

skapte slik! Hjernane er mellom anna

konstruert forskjellige. Dei handsamar

informasjon forskjellig, noko som fører

til ulik forståing, ulike prioriteringar og

ulik oppførsel. Desse forskjellane ligg til

grunn for tankane vi har om maskulinitet

og feminitet.

Vi prøver å setja lyset på trendar i

samfunnet når det gjeld mellommenneskelege

forhold og vi samanliknar desse

moderne og postmoderne oppfatningane

med det Bibelen seier. Det er inga tvil om

at dei ideal vi finn i Bibelen, skapar eit

mykje sunnare

"Det er inga tvil om at dei

ideal vi finn i Bibelen, skapar

eit mykje sunnare samfunn

enn det vi ser at dei moderne

trendar gjer!"

samfunn enn

det vi ser at

dei moderne

trendar gjer!

Menn og kvinner

er likeverdige

partnarar

med eit oppdrag

frå Gud til å skapa gode samfunn

og kår for sunn vokster og utvikling

av den komande slekta. Her er både

far og mor viktige! Korkje far eller mor

må ikkje verta borte, men dei må begge

vera nærverande i heimen og ta sin del i

arbeidet med å fostra fram ein ny generasjon

av modne menneske.

Vi kan ikkje snakka om kvinners og

menns roller utan å koma inn på

bibelsynet for det er det som ligg til

grunn for dei konklusjonane vi kjem

fram til! Vårt utgangspunkt er at Bibelen

er Guds ord. I Bibelen talar Gud til oss

og gjev oss lover og retningslinjer som er

gode å følgja for alle som elskar livet!

TEKST: ERLING THU

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!