Kontakt nr. 1 2009 - Meland kyrkjelyd

melandkyrkja.no

Kontakt nr. 1 2009 - Meland kyrkjelyd

Fulldistribusjon

Kyrkjebladet

Kontakt

19. ÅRGANGEN • Nr.1 • MARS 2009

Meland kyrkjelyd


MELAND KYRKJELYD

Adresse:

Meland kyrkjekontor, Rådhuset

Boks 117 5906 Frekhaug

Tlf. 56 17 14 80 - Fax 56 17 14 81

E-post:

kyrkjekontoret@melandkyrkja.no

Kontortid: Måndag - torsdag

Kl. 09.00 - kl. 14.00

(kontoret kan vera stengd i kontortida,

kontakt eksp. i rådhuset tlf. 56 17 10 00)

Kontortid prestane:

Onsdag kl. 12.00 - kl. 15.00

Torsdag kl. 17.30 - kl. 19.00 etter avtale.

Det kan avtalast treffetid med prestane

til andre tider.

Prest:

Vikarierande sokneprest

Ingvard Hageberg - Tlf 56 17 14 84

ingvard.hageberg@melandkyrkja.no

Vakttelefon ved krise: 95 48 38 74

Kyrkjetenar: Roy Rognsøy

kontakt kyrkjekontoret

Organist: Arvid Sakseide

tlf. 56 17 14 83 - priv. 56 17 85 24

arvid.sakseide@melandkyrkja.no

Kyrkjeverje:

Torgeir Paulsen - Tlf 56 17 14 80

torgeir.paulsen@melandkyrkja.no

Kyrkjelydskoordinator:

Anne Sofie Nergård Uthaug

tlf. 56 17 14 85 - priv. 56 17 80 30

anne.uthaug@melandkyrkja.no

Soknerådsleiar: Idar Simonsen.

tlf. 56 17 72 58 - il-simon@online.no

Ungdomsarbeidar: Ruben Sæle,

tlf. 56 17 14 80

Meland kyrkje: Tlf. 56 17 73 00

KONTAKT

Kyrkjeblad for Meland

Utgjevar:Meland sokneråd

Redaktør: Arve Kjell Uthaug

arve.uthaug@heimplass.no

Redaksjonsnemnd: Leif Johnsen,

Nils Arne Lavik.

Framside: Nils Arne Lavik

Layout og trykking:

Trykk-Service as, Knarvik

Redaksjonsadresse:

Meland kyrkjekontor

Gåver til Kontakt og Gjevartenesta

Kontonr. 3632 07 04019

Fastetida – ei vandring fram mot påske

astetida er ei førebuingstid

F før påske, og varer frå oskeonsdag

til påskedag. Det vert 40

dagar når ein trekkjer frå søndagane.

Fastetida skal minne oss om

Jesu faste og førebuing i ørkenen.

Det merkelege namnet oskeonsdag

stammar frå eit religiøst

symbolspråk. I Bibelen står det

fleire stader om ӌ kle seg i sekk

og oske”, m.a. i Matt 11,21. Det

er eit uttrykk for sorg og anger.

Søndagen før fastetida er fastelavnssøndag.

Fastelavn kjem

frå tysk: faseln – å laga løyer og

Fastelabend – kvelden før faste.

I mellomalderen blei ordet brukt

om dei tre siste dagane før oskeonsdag:

fastelavnssøndag, blåmåndag

(eller fleskemåndag) og

feitetysdag (eller kvitetysdag etter

det kvite brødet eller bollane ein

”feita” seg med før fasten. Eller

sjumålsdagen – då ein skulle? eta

sju gonger!). På desse dagane var

det lov å ”meska og feita seg” og

halde karneval (frå latin: carnevale

– som tyder ”farvel til kjøtet”),

før dei strenge fastereglane

begynte å gjelda.

Fastelavnsbollane er ei leivning

frå denne mellomalder-tradisjonen.

Fastelavnsriset er symbol for

Kristi pisking, og knoppane på

Forbøn og omsorg

kvistene kan symbolisera nytt liv,

det nye livet Jesu gjerning i påsken

gir oss.

Fiolett er den liturgske fargen

i fastetida fram til og med

langfredag. Der er fargen for bot

og anger, oppgjer og sjølverkjenning.

Fordi han er ei blanding

av raudt for kjærleik og blått for

sanning. Blått står for himmel og

det himmelske, og slik skyer – og

ymse skalkeskjul – driv vekk,

kjem himmel – og sanning – fram.

Derfor symboliserer blått sanning

og truskap.

Eit søk på ordet fastetid på nettet,

gav mange resultat og viste

mange interessante nettstader.

Kanskje eit teikn på ei veksande

interesse for faste i våre dagar.

Siktemålet bak fasta var å få betre

tid til religiøs førebuing og åndeleg

konsentrasjon. Fasta kan gje

tid til sjølvransaking og nyorientering,

mot Gud, mot seg sjølv

og mot andre, t.d. flyktningar og

andre som lid. I mange kyrkjer,

også i vår, og i mange heimar, er

fastebøssa til Kirkens Nødhjelp

eit vanleg innslag i fastetida.

Men det er ei mangfald av måtar å

”fasta” på, ikkje berre å nekta seg

nokre typar mat og drikke, eller

livsgleder. Ordet faste er i slekt

21.-22. mars blir det temahelg i kyrkjelyden om ”Forbøn og omsorg”.

Her vil det bli sett fokus på m.a. salving og bøn for sjuke, hjelp til såra

sinn, grensegang mellom forbøn og ulike former for healing. Ellen

Ebbesvik og kyrkjelydsprest i Fjell, Harald Fylling, underviser.

Laurdag er programmet i Frekhaug bedehus, og søndag er det forbønsgudsteneste

i kyrkja kl. 11. Påmelding til kyrkjekontoret innan 18.

mars (tlf 56171480, eller kyrkjekontoret@melandkyrkja.no).

Pris kr 150 for vaksne, 50 for ungdomar under 18 år.

med ordet ”askese”, som tyder

øving eller trening. Faste kan vera

ei øving i å bli eit meir sant og

tydlegare menneske.

”Fastetida kan vera 40 dagar med

trening i å leva litt annleis, øva seg

i å ta kontroll og bli bevisst livet

sitt,” (Sindre Eide).

”Fastetida kan vera eit høve til å

leva enklare og naturlegare, ikkje

som påbod, men som hjelp til å

skilja mellom kvardag og fest i

kyrkjeåret. Faste kan vera å leva

eit enklare liv denne perioden, ei

øving i å skjerpa sansane, bli meir

lydhøyr, få auga på det viktige i

livet, menneske rundt ein, på Gud.

(Sitert fritt frå nokre av nettstadene,

kjelda gløymt).

”Fastetida er ei gåve der Gud gir

einskildmenneske og kyrkjelyd

påfyll av sin kjærleik. Men vi må

stoppa opp og ta oss tid til å opna

gåva og til å dela henne med våre

søsken verda over”. (Sitert fritt).

”Fastetida er ei påminning om

at vår livs- og medvandring er i

Jesu fotspor – krevjande og utfordrande,

men i tillit til at Guds

omsorg gjeld også oss”. (Idar

Magne Holme, forstandar Diakonhjemmet).

”Faste er å følgja Jesus frå glede,

fest og mirakel ut i Getsemanenatta,

så langs lidingsvegen til

Golgata og kross, til ropet ”Det

er fullbrakt”. Dette sitatet er henta

frå ei bok med daglege refleksjonar

som følgjer Meisteren dei sist

dagane før krossfesting og oppstode.

Boka er av Per Lønning,

pensjonert biskop.

”Målet med faste kan ikkje vera å

plaga seg sjølv eller visa seg fram

eller fortena nåden. Målet må vera

å bli meir lik Jesus. Og i dette ligg

løyndomen. Den hemmelege fasta

I fastetida følgjer vi Jesus fram mot kross og oppstode.

som skal, i følgje Jesus, kamuflerast

godt.” (Jørgen Vik, prostiprest

i Skedsmo, henta frå tf.uio.no).

Her er vist til bibeltekstane Matt.

6:16-18, Jes. 58:5-9a og 1. Joh.

3:4-8.

Signa fastetid!

Leif Johnsen

Kjelder på nettet:

www.kyrkja.no, under aktuelt,

hovudoppslag, fastetida. Under

”Tema” til høgre, ligg ei lenke til

Fasteblogg.no oppretta i februar

i år, eit samarbeid mellom Dialogsenteret

Emmaus og Kirkens

Nødhjelp, der sju bloggarar skriv

sine tankar i fastetida. Undertitlar

her var t.d:

- Fasteressursar og lenker, - 40

dagar – frå karneval til oppstoda,

- Fastepraksis – mellom regel og

fridom, – Korsvandring i fastetiden,

- Askeonsdagstanker, pluss

ein kommentar frå Egon Askvik,

tidlergare prest i Austrheim.

Andre nettstader med stoff om

fasten:

korsvei.no/ressurser/annet/fastetiden.

Her har fire prestar på

Jæren laga ein ”Veiviser i fastetiden”,

med eit samtaleopplegg,

sms-teneste og Bibel-leseplan

http://www.tf.uio.no/praktikum/

publikasjoner/gudstjeneste/askeonsdag-2007.pdf

iko.no/hjem og familie/fastetid

Kirkenorge.no

Norsknettskole.no

Menighetsbladet.com

Global.no/bokanmeldelser/

242699

Bøker:

Vandring gjennom fasten, (1964),

av Per Lønning.

Tid for nærhet – en fastevandring,

Symbol i Melandkyrkja del 10

2 3


Det levande gudstenestelivet gjorde inntrykk på Anders Magne Tolås Wendel då han kom til Meland. Her deltok folk i alle aldrar. Det siste biletet er frå ”duett-preika” på avskilsgudstenesta for prestane Sverre Langeland og Anders Magne Wendel Tolås (foto: Arve Kjell Uthaug).

Fargerike Anders på plass hjå søta bror

To preiker på første veka, to dagar på å kjøpa nytt

hus. Komminister Anders Magne Tolås Wendel i

Björlanda Församling har hatt ei travel første

veke i sin nye prestestilling i Sverige.

Kontakt har telefonintervjua Anders Magne Tolås

Wendel som no er komminister (svensk for kapellan)

i Gøteborg. Han har alt hatt ei travel startveke,

med dåpsgudsteneste og ei høgmesse, og 1. mars var

han med og delte ut nattverd. Søndag 8. mars, på den

internasjonale kvinnedagen, tala han over Matteusevangeliet

15, 21-28, om den kananeiske kvinna. Han

merkar at det krev mye ekstra å førebu preikene på

svensk. - - Men her gjer dei lydopptak av gudstenestene,

fortel han, så her er det mogleg å læra raskt.

Til Meland

Anders Magne kom til Meland hausten 2005. Han

fekk stillinga 16. februar same året, to dagar etter

fødselsdagen sin, men eit halvt år før ferdig studium!

Han var den einaste i sitt kull som hadde jobb å gå

til før bestått eksamen. - Utruleg motiverande, seier

han: - Eg fekk gjort eit års arbeid på eit halvt år!

Så han har hatt det travelt før, forstår me.

I prestestudiet hadde han stiftspraksis i Alversund,

og møtte både Helge Hitland, Rune Minde - og Idar

Simonsen, som han kjente frå eit år på Nordhordland

folkehøgskule 94/95.

Intervjuaren hugsar godt ”duett-preika” Anders

Magne og Sverre Langeland heldt i lag frå preike-

stolen på den felles avskilsgudstenesta for dei to. Dei

samtala og svara kvarandre på spørsmåla: Kva hugsar

du frå starten av tenesta di i kyrkjelyden? Kva

tek du med deg vidare? Kva utfordringar ser du for

Meland kyrkjelyd? For ei interessant og spennande

preike det vart! Då tenkte eg: Dette skulle alle i kyrkjelyden

høyrt! (No tenkjer eg: Ingen dum idé å gjera

lydopptak frå gudstenestene!?)

Eit levande gudstenesteliv

Det levande gudstenestelivet i Meland kyrkje var det

som slo Anders Magne då han kom hit:

- Det skjedde så mykje, seier han. - Der var folk i

alle aldrar på gudstenestene, mange barn, også små

barn som gjekk til nattverd, og det heilt naturleg. Det

var ei sterk oppleving for meg. Eg såg heilskapen i

kyrkjelyden, det naturlege i at alle døypte kan gå til

nattverden, ein treng ikkje tenkje eller føle at ein har

gjort seg fortent til det.

Open for ulikskap

Noko av det Anders tek med seg frå åra i Meland

er verdien av ulikskap og dei unike møta med menneske

det kan gi:

- Som prest i den norske kyrkja møter ein alle

typar menneske, alle ”gruppene”, menneske med

ulik grad av tru, ulik tilknyting til kyrkje og prestar.

Og når eg då - i presterolla - har fått vera meg sjølv,

vera ærleg på den eg er, slik eg føler det naturleg å

vera, trur eg det har ført til tillit mellom meg - presten

- og folk. Folk har opna seg. Det har gitt nokre unike

møte - verdifullt å ta med seg, både som menneske

og prest.

Han er veldig glad for at folk har vore rause, folk

i kyrkjelyden og alle i staben i kyrkja.

- Når eg har fått vera meg sjølv, naturleg og tydeleg,

nær folk ærleg med mitt liv, har det ført til ein

tillit som har gjort det mogleg for meg å vera å tydeleg

også med evangeliet.

Utfordring til kyrkjelyden

Her kjem Anders attende til det levande gudstenestelivet

han opplevde då han kom, og utfordringa å

utvikle det vidare mot gudstenester som omfattar alle

aldersgrupper. Om ikkje alt treffer alle, kan alle få

noko, frå song og salmar, frå liturgi, preike og andre

innslag. Og - alle gir kvarandre noko, om så berre

kjensla av fellesskap ved sitt blotte nærver. Eller så

lite og enkelt, men likevel så mykje - eit nikk, eit

smil. Gleda det er, og fellesskapet det gir, å sjå og

oppleva at gudstenesta gir, ikkje berre til mi gruppe,

men til barna, til ungdommane, til vaksne, til eldre.

Han nemnder samtale- og presentasjonsgudstenestene

for konfirmantane som døme, der konfirmantane

og foreldra etter kvart er trekte inn i planlegging

og gjennomføring, med alle generasjonar til stades i

kyrkja under sjølve gudstenesta. Han ønskjer gudstenester

der ”dei som er innom ein gong iblant” opplever

noko som gjer at dei ønskjer å komma att.

- Det har med innstilling å gjera, kvifor me går

til gudsteneste. Kva gir det meg? Kva opplever eg?

Men det er viktig også for andre at nett eg er der.

Sjølv om ein ikkje er like fortruleg med alt som skjer,

og ikkje alt er etter min smak, slik eg er vant med,

eller ønskjer. Nokre må berre gå, det er så viktig for

dei å vera der.

Anders nemner positive undersøkingar frå Meland

Kyrkjelyd. Ein auke frå 50 til 70 % svarer at gudstenestene

gir inspirasjon, og pregar livet deira.

Suverene ungdomsleiarar

- Du må seia litt om konfirmantleirane.

- Eg har vore med på fire konfirmantleirar. Det har

vore utruleg, fantastisk! Dei mange ungdomsleiarane

har vore suverene og har gjort at konfirmantane har

fått mykje ut av leiropphaldet. Anders er overstrøymande

Ja, reportasjane i Kontakt har vist oss det - og ein

Anders prest som har fått ”vore seg sjølv, sitt naturlege,

fargerike sjølv!”

Siste preika

Søndag 18. februar preika Anders over teksten frå 1.

Kor 13, om Kjærleiken. Det var sterkt, både for han

sjølv og for oss som hadde gleda av å høyra på.

Takk Anders Magne, Guds signing, og lukke til hos

Søta bror!

Av Leif Johnsen

6 7


Gedact’en

Store endringar på kyrkjekontoret: Nina har

slutta, Sverre har slutta – og i skrivande stund er

Anders inne i si siste arbeidsveke. Att går ein gråhåra

organist og fire yngre – men prima –medarbeidarar,

og midt oppi det heile blir vi kasta ut or

dei kjende kontora våre og inn i tronge brakkerom!

Korleis skal dette gå?

No skundar vi oss med å fortelja at vi har fått

ny kyrkjeverje, og vikarprest er også på plass. Og

desse to – Torgeir og Ingvard – fyller oppgåvene

på glimrande vis! Men likevel: Her hender alt på

same tid, og så fort at vi må halda oss skikkeleg

fast i svingane!

Kva har vi mist? Nina var ein tolsam lyttar med

stor handlekraft og hadde alltid eit trygt oversyn

over stab, kyrkjehus og kyrkjegard. Og ho hadde

eit sterkt engasjert for sine medmenneske. Sverre

var den sikre og musikalske liturgen, den målmedvitne

gudstenestebyggjaren, ein uredd lærar

og sjelesørgjar med stor og fruktbar kontaktflate.

Anders: ung og frisk, ja vel, men like mykje ein

reflektert samtalepartnar med innlevingsevne og

humor og med stor sans både for gamle og nye

former og uttrykk, ikkje minst musikalske. Og

felles for dei to siste: Det å planleggja og gjennomføra

gudstenester saman med dei var alltid

vel nytta kvalitetstid!

Men eg har tru på framtida om desse tre er

ute av arbeidsfellesskapet. For dei som kjem inn

att, har også sterke og gode eigenskapar som eg

gled meg til å få oppleva meir av. Og sist, men

ikkje minst: Vi har ein engasjert og stabil kyrkjelyd

som lever saman med oss, einskildmenneske

med ei lang rekkje oppgåver som de går inn i

med glede. Hald fram med det, slik at dei iblant

oss som ikkje har det same høvet til å aktivisera

seg, kan kjenna seg sett og tekne vare på. Alt til

ære for Herren!

Venskapsband mellom Meland og Ukraina

I fjor drog Torstein Vik og ungdomar frå Meland

til Ukraina for å knyta venskapsband og vida ut

horisonten. I sluten av mars kjem det ei gruppe

frå det austeuropeiske landet hit til Meland og er

med på ungdomssamling og gudsteneste.

Ukraina-prosjektet starta i 2006. I fjor sommar drog

så Torstein Vik til Ukraina saman med sju ungdomar,

fire av desse var frå Meland: Maria Fosse Dalland,

Karoline Romarheim, Sigrid Marie Langeland, og

Reidun Ryland. Med på reisa var òg Oddmund Eidsheim

frå den haugesundbaserte hjelpeorganisasjonen

THK (www.thk.no). Han har vore nestleiar i prosjektet

her i Meland, og bindeleddet til THK , som m.a.

sender hjelpesendingar til Ukraina.

Til Meland

Dei norske ungdomane vitja sommaren 2008 m.a.

byen Korosten, som ligg berre nokre få mil frå Tsjernobyl,

åstaden for den store atomkraftulukka i april

1986. I mars kjem ei gruppe frå Korosten til Noreg i

regi av THK. Hit til Meland kjem dei òg:

20. mars blir dei med på ungdomssamlinga Møtepunkt

i kyrkja.

22. mars tek dei del under gudstenesta i kyrkja.

- Folk må ta kontakt med dei når dei er her, oppmodar

Vik. Han legg til at alle gjestene frå Ukraina kan

engelsk og at dei er svært interesserte i å koma i kontakt

med nordmenn.

27. mars kjem det så ein trailer frå THK og samlar

inn klede til Ukraina. Traileren stoggar på busstoppet

ved Frekhaug senter, og står der frå kl. 17 til 19. Alle

som vil levera klede kan gjera det då, saman med

femti kroner sekken til fraktutgifter.

Traileren har tidlegare i år vore til Ukraina med m.a.

utstyr til sjukehuset i Korosten, som er samla inn i

samband med prosjektet i Meland.

Utvida horisont

Arbeidet til Torstein Vik er i nært samarbeid med

organisasjonen THK. Hjelpearbeid og kontakt over

landegrenser går hand i hand.

- Ungdomar frå ulike land får kontakt med kvarandre

for å få betre forståing av korleis livet er utanfor

eins eigne grenser, seier Vik. Under turen sommaren

2008 fekk dei norske deltakarane vera med på ein

ungdomskonferanse i Ukraina. Dessutan besøkte dei

eit rehabiliteringssenter for narkomane, drive av ein

pinsepastor som òg har starta opp bibelskule i same

Størsteparten av gruppa frå

Ukraina som kjem på besøk til

Meland i mars.

byen. I tillegg fekk dei norske

ungdomane gjesta eit mor

og barn-senter, som tek seg

av born med ulike bakgrunnar.

Nokre av borna på dette

senteret har mødrer som er

på rehabilitering. Leiaren av

dette mor og barn-senteret er

ei av dei som kjem til Meland

i mars.

Bibelskulen i Korosten er i

dag drive av m.a. økonomisk

støtte frå THK, som og støttar

de andre sentra økonomisk.

Av Arve Kjell Uthaug Frå mor og barn-senteret i Korosten (Foto: Torstein Vik).

8 9


Nordhordland

Begravelsesbyrå

Vi ordner alt v vvedrø

edrø edrørende rende dø dødsf dsf dsfall all i distr distrikt ikt og b bby.

DØGNV DØGNVAKT AKT TLF TLF. 56 37 14 10

PRIV PRIVAT T TLF TLF. 56 37 40 49

A /S

Vatne Begravelsesbyrå a.s.

Kvassnesv. 11 - 5914 Isdalstø

Ordner alt ved gravferd og kremasjoner i distriktet og byen

Tlf. 56 35 09 10 - 56 35 16 61

REGION NORDHORDLAND

.

Vetrlidsalmenningen 1

5014 Bergen

Tlf. 55 31 79 63

Fax 55 31 09 44

TRAFIKKSKOLE A/S

Kvassnesv. 37 • 5914 Isdalstø

Telefon: 56 35 87 82 • mobil: 916 38 585

ALT I CATERING

Nordhordland Folkehøgskule

tlf. 56 17 43 23 / 56 17 43 07 - 5918 Frekhaug

Alt i rørleggerarbeid. Nybygg og reparasjoner

VVS butikk på Holme

for alle med sans for lavpris

FREKHAUG SENTER

Åpningstider: Man.-fred. 9.00-22.00

Lørd. 9.00-20.00

Mob:41004113

- Busstransport (buss med 73 seter)

- Storskjermproduksjon

- Videoproduksjon

- Events mm.

www.bussogmedia.no post@bussogmedia.no

MELAND ELEKTRO A.S

Aut. Elektroentreprenør

Mjåtveitflaten 33, 5918 Frekhaug

Tlf. kontor: 56 17 77 70

Fax: 56 17 73 80

Moboil: 90 03 58 53 / 91 30 92 89

5918 FREKHAUG - TLF. 56 17 83 01

Mobil: 91 63 72 58

Frekhaug senter

tlf.: 56 17 60 00

NY STEIN - OPPUSSING - NAVNETILFØYING

Kontakt oss på forhånd i telefon og gjør avtale

● JERNVARER

● MALING

● VERKTØY

VESTSTEIN - naturstein

5918 FREKHAUG - Mob.: 91 31 34 80

tlf. 56 17 70 10

● REGNTØY

● KJØKKENUTSTYR

● NØKKELFILING

Hvordan har du det.... EGENTLIG?

Kristetelefon 815 33 300

Epost-tjeneste: www.kirkens-sos.no

ET MENNESKE Å PRATE MED NÅR LIVET ER SOM VERST

● BÅT & FISKE

● LEKER

Døypte

14.12.2008

Håvard Bø Dalstø

14.12.2008

Aurora Sander-fjeld

14.12.2008

Jonathan Lie Flatøy

14.12.2008

Samuel Sivertsen

18.01.2009

Hugo Manuel Arias Solstrand

25.01.2009

Ingrid Markhus Knudsen

25.01.2009

Julianne Arnestad Ingebrigtsen

25.01.2009

Verena Fjeldstad

25.01.2009

Jostein Hopland Askeland

08.02.2009

Erlend Bjørkheim Vågstøl

08.02.2009

Bertine Leirvåg

08.02.2009

Leon Herdlevær Kristoffersen

08.03.2009

Lars Kristian Markhus Manger

08.03.2009

Malene Sjursen Landro

08.03.2009

Hanna Mørch Fosse

10 11

Vigde

03.01.2009

Hildegunn Stokke og

Trond Rasmussen

14.02.2009

Kristin Madsen og

Jan Rune Sleire

Kyrkjekontoret

i brakker

I byggjeperioden for rådhuset

held kyrkjekontoret til i dei to

raude brakkene bak brannstasjonen

nedom rådhuset

Døde

01.12.2008 Kaspar Ingolf Hjertås f. 1939

15.12.2008 Anny Johanna Sudmann f. 1918

25.12.2008 Bjørn Olsen f. 1934

12.01.2009 Magnhild Brakstad f. 1930

13.01.2009 Målfrid Ingrid Kårbø f. 1927

17.01.2009 Ruth Håtuft f. 1927

25.01.2009 Jarle Flatraaker f. 1965

28.01.2009 Else Strømsnes f. 1943

03.01.2009 Marta Lovise Sunnhordvik f. 1906

14.02.2009 Martha Skråmestø f. 1906

16.02.2009 Jørund Arhus f. 1926

19.02.2009 Liv Doris Sebjørnsen f. 1917

23.02.2009 Birger Ingvar Espetvedt f. 1933

26.02.2009 Wenche Marie Gullaksen f. 1935

01.03.2009 Leif Einar Nergård f. 1923

Misjonsfest med Åshild

Frekhaug misjonsforeining skal ha misjonsfest og velkomstfest

for Åshild Bjørkum Furukawa på Frekhaug

bedehus kl. 19.00 søndag 29.mars. Furukawa har gjennom

ei årrekkje vore misjonær i Japan, sendt ut av Meland

kyrkjelyd og Det norske misjonsselskap.

Talar er Klaus Muff. Skala og Musikklaget blir også med.


Velkomen til kyrkje

Fredag 13.03.2009

Meland. kl. 19:30 Ung Konsert.

Søndag 15.03.2009

MELAND KYRKJE. kl. 11:00

Høgmesse. Nattverd. Ingvard Hageberg.

Kantoriet. Løvegjengen. Takkoffer til

Kirkens Nødhjelp. Kyrkjekaffi.

Fredag 20.03.2009

MELAND KYRKJE. kl. 20:00

Møtepunkt. Besøk fra Ukraina. Nattverd.

Søndag 22.03.2009

MELAND KYRKJE. kl. 11:00

Forbønsgudsteneste. Nattverd og bønevandring.

Ingvard Hageberg. Besøk frå Ukraina.

Band. Løvegjengen. Takkoffer til "Grenseløst

vennskap”. Kyrkjekaffi.

Søndag 29.03.2009

MELAND KYRKJE. kl. 11:00

Høgmesse Dåp og nattverd. Velkomst for

Åshild Bjørkum Furukawa. Idar Simonsen.

Klaus Muff. Løvegjengen. Takkoffer til

Misjonsprosjektet i Japan. Kyrkjekaffi.

Søndag 05.04.2009 PALMESUNDAG

FREKHAUG BEDEHUS. kl. 11:00

Gudsteneste. Nattverd og bønnevandring.

Idar Simonsen. Takkoffer til Frekhaug Indremisjon/kyrkjelydsarbeidet.

Kyrkjekaffi.

Torsdag 09.04.2009 SKJÆRTORSDAG

MELAND KYRKJE. kl. 19:30

Nattverdgudsteneste. Ingvard Hageberg.

Takkoffer til Kirkens SOS, Bjørgvin.

Fredag 10.04.2009 LANGFREDAG

MELAND KYRKJE. kl. 11:00

Langfredagsgudsteneste. Ingvard Hageberg.

Kantoriet

Søndag 12.04.2009 PÅSKEDAG

MELAND KYRKJE. kl. 11:00

Høgtidsgudsteneste. Dåp og nattverd. Ingvard

Hageberg. Kantoriet. Takkoffer til Misjonsprosjektet

i Japan.

Mandag 13.04.2009 2. PÅSKEDAG

HUSEBØ BEDEHUS. kl. 11:00

Høgmesse. Nattverd. Ingvard Hageberg.

Takkoffer til Misjonsprosjektet i Japan.

Fredag 17.04.2009

MELAND KYRKJE. kl. 20:00

Møtepunkt - ungdomsgudsteneste. Ingvard

Hageberg

Søndag 19.04.2009

MELAND KYRKJE. kl. 11:00

Høgmesse Nattverd og bønevandring. Idar

Simonsen. Kretsårsmøte for Den indre sjømannsmisjon.

Band. Løvegjengen. Takkoffer

til DISM. Kyrkjekaffi. Kyrkjelyden sitt årsmøte

etter gudstenesta.

Søndag 26.04.2009

MELAND KYRKJE. kl. 11:00

HØGMESSE Dåp Ingvard Hageberg.

Løvegjengen. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Kyrkjekaffi.

Søndag 03.05.2009

FREKHAUG BEDEHUS kl. 11:00

Gudsteneste. Nattverd og bønnevandring.

Ingvard Hageberg. Løvegjengen.

Takkoffer til Laget (NKSS). Kyrkjekaffi.

Treng du skyss til kyrkja? Ring 41 07 93 98

(i løpet av helga og seinast 09.45 søndag morgon)

Trykk-Service as - tlf. 56 35 22 50

More magazines by this user
Similar magazines