06.09.2013 Views

Karaktersystem i andre land.pdf - Universitets- og høyskolerådet ...

Karaktersystem i andre land.pdf - Universitets- og høyskolerådet ...

Karaktersystem i andre land.pdf - Universitets- og høyskolerådet ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Det norske karaktersystemet i internasjonal samanheng

1. Innleiing

Det norske karaktersystemet består av to karakterskalaer, bokstavkarakterskalaen (A-F) og

skalaen bestått/ikkje bestått. Begge skalaene er absolutte skalaer i den forstand at dei er

kriteriebaserte. Dersom ein prestasjon tilfredsstiller kriteria for ein karakter, skal ein gje denne

karakteren uavhengig av korleis fordelinga for resten av eksamenskullet er.

Det var imidlertid ein stor diskusjon i samband med implementeringa av bokstavkarakterskalaen i

2003 om ein skulle ta utgangspunkt i at karakterane for større grupper skulle vere

”normalfordelte” i samsvar med fordelinga i den relative ECTS-skalaen 1 . Det har vore presisert,

m.a. i brev frå Utdannings- og forskingsdepatementet 10.05.2004 og på UHR sine

karakterkonferansanar, at bokstavkarakterskalaen er ein absolutt skala, men ECTS-fordelinga har

likevel vore ei uformell referanseramme, og ”skeive” fordelingar, t.d. på masteroppgåver, er ofte

blitt samanlikna med ECTS-fordelinga.

ECTS-skalaen er ein relativ karakterskala som nasjonale skalaer skal kunne oversetjast til. Den

viste seg vanskeleg å bruke i praksis, og for å kunne vurdere karakterar frå andre land og

institusjonar er det tilrådd at det blir innført karaktertabellar som viser den faktiske

karakterfordelinga på studieprogram og emne. Dette er under innføring i Norge.

Det har vore etterlyst meir informasjon om karaktersystem og karakterfordelingar i andre land.

Det er viktig for å kunne vurdere utanlandske studentar som kjem til Norge og norske studentar

som har tatt delstudium eller ein grad i utlandet. Det kan også gje auka forståing av det norske

karaktersystemet i internasjonal samanheng.

I Norge har vi ein felles nasjonal karakterskala fastsett i lova om universitet og høgskular. I andre

land kan det vere fleire skalaer, og dei kan vere fastsette av nasjonale styresmakter eller den

enkelte institusjon eller fakultet.

Analysegruppa legg her fram ein delrapport med oversikt over karaktersystema i dei nordiske

landa og i ein del utvalde europeiske og andre land. Ved utveljinga av land er det lagt vekt på

den betydninga landa har i utvekslingssamanheng. Oversikten skal særleg vise korleis

karaktersystema er bygde opp. Rapporten har også ein kort omtale av system og praksis for

samanlikning mellom karakterskalaer. Denne delen bør byggast ut.

1 10 % A, 25 % B, 30 % C, 25 % D og 10 % E

‐ 1 ‐

2. Oversikt over karaktersystema

2.1 Informasjonskjelder

NOKUT har databasar over utdanning på ulike nivå. I Landdatabasen er det omtale av

utdanningssystemet på ulike nivå, og for dei fleste land er karaktersystemet innan høgare

utdanning omtala.

I Norge er informasjon om karaktersystemet innarbeidd i vitnemålstillegget ”Diploma

supplement”. Dette gjeld også i dei fleste europeiske land og i andre land. Denne informasjonen

supplerer opplysningane i NOKUTs Landdatabase.

Nedanfor blir det presentert ein grov oversikt over karaktersystem i mein del land, i hjovudsak

henta frå NOKUTs landdatabase. Oversikten omfattar dei nordiske landa og europeiske og andre

land som har relativt stor betydning i utvekslingssamanheng.

2.2 Nordiske land

2.2.1 Danmark

Nytt system etter 2007. Nasjonal 7-trinnsskala der 12 er høgste karakter og 02 lågaste beståtte

karakter. Skalaen er basert på ECTS-systemet, men blir rekna som ein absolutt skala.

Karakter Beskrivelse Symbol

12 For den fremragende præstation A

10 For den fortrinlige præstation B

7 For den gode præstation C

4 For den jævne præstation D

02 For den tilstrekkelige præstation E

00 For den utilstrekkelige præstation F

-3 For den ringe præstation F

2.2.2 Finland

I Landdatabasen blir det opplyst at det ikkje finst ein nasjonal skala som alle brukar. Frå Diploma

Supplement går det fram at Helsingfors universitetet og fleire finske institusjonar brukar skalaen

1-5 for beståtte eksamenar og 0 for ikkje bestått. Karakterbeskrivelsane er identiske med den

engelske kortversjonen av beskrivelsane i den norske bokstavkarakterskalaen (excellent, very

good, good, satisfactory, sufficient, fail). I Diploma Supplement for nokre institusjonar er det

opplyst at skalaen tilsvarar ECTS-skalaen.

Helsingfors universitet opplyser at skalaen blir brukt absolutt.

‐ 2 ‐

2.2.3 Island

Island er ikkkje omtala i Landdatabasen. Frå Diploma Supplement går det fram at Háskóli Íslands

brukar som hovudregel ein karakterskala frå 0-10 der 5 er lågaste ståkarakter. Emneeksamenar

blir gitt med intervall på 0,5 og gjennomsnittskarakteren med to desimalar.

First Class with Distinction: 9,00 – 10

First Class: 7,25 8,99

Second Class: 6,00 7,24

Third Class: 5,00 5,99

Andre institusjonar brukar om lag same system, men intervalla kan vere litt ulike.

2.2.4 Sverige

Sverige har ein nasjonal karakterskala med tre karakterar: Väl Godkänd, Godkänd, Underkänd –

der den siste er ikkje bestått. Institusjonane har høve til å innføre eit karaktersystem.

På internettsidene finn vi at Universitetet i Uppsala har litt skilnader mellom fakulteta. HF- og

SV-brukar 2-trinns skalaen medan juridiske fag og teknisk-naturvitskaplege fag brukar ein 3trinns

skala og medisin brukar Underkänd og Godkänd .

Stockholms universitet har innført 7-trinns skala frå A til Fx og F, der dei to siste er ikkje beståtte

karakterar (Fx er ei markering av at prestasjonen er nær bestått). Denne skalaen tilsvarar ECTSskalaen.

Karakterskalaen skal knytast til læringsmåla for det enkelte emne.

2.3 Europeiske land utanom Norden

2.3.1 England, Nord-Irland og Wales

Vurdering av høgare utdanning er delt inn i 5 klassar:

first class (I)

upper second class (II)

lower second class (II:2)

third class (III)

unclassified (below third class)

2.3.2 Frankrike

Karakter Beskrivelse

16 - 20 Très Bien

14 - 16 Bien

12 - 14 Assez Bien

10 - 12 Passable

0 - 9 (Ikke bestått)

‐ 3 ‐

10 er lågaste ståkarakter. Den øvste delen av skalaen blir brukt relativt sjelden. Det hender at

karakterar under 10 blir godkjent for enkelteksamenar dersom gjennomsnittskarakteren for heile

modulen er over 10.

2.3.3 Irland

A: Excellent/outstanding (beste karakter)

B: Above average

C: Average

D: Below average

E: Failing (ikkje bestått)

2.3.4 Italia

Enkelteksamenar: karakterane 0 - 30 (18 lågaste ståkarakter, 30 beste karakter)

Avsluttande eksamen: karakterane 0 - 110 (66 lågaste ståkarakter, 110 beste karakter)

I begge tilfelle kan det leggast til ein "lode" for spesiell utmerking.

2.3.5 Nederland

Den vanlegaste skalaen går fra 1-10 der 10 er best og 6 er laveste ståkarakter. Skalaen brukes på

alle trinn i utdanningssystemet.

2.3.6 Polen

Mest brukt

5.0 mykje godt

4.0 godt

3.0 tilstrekkeleg

2.0 utilstrekkeleg (ikkje bestått)

Noko brukt:

6.0 særdeles

5.0 mykje godt

4.0 godt

3.0 tilstrekkeleg

2.0 utilstrekkeleg (ikkje bestått)

Nokre brukar også pluss 0,5 - desimalar for eksempel 3, 5.

‐ 4 ‐

2.3.7 Portugal

Det blir brukt ein skala frå 0 til 20, der 20 er best og lågaste ståkarakter er 10.

20: muito bom com distinção e louvor (Magna cum laude)

18 – 19: muito bom com distinção (Very Good with Distinction)

16 – 17: bom com distinção (Good with Distinction)

14 – 15: bom (Good)

10 – 13: suficiente (Adequate)

0 – 9: stryk

2.3.8 Russland

5 - utmerka (otlitsjno)

4 - bra (khorosho)

3 - tilfredstillande (udovletvoritelno)

2 - utilfredstillande (ikkje bestått)

I nokre fag gir ein berre "zatsjot" (bestått)

2.3.9 Spania

Karaktersystemet for bestått går frå 5.0 (lågaste) til 10 (høgste).

10: matricula de honor

9 - 9.9: sobresaliente

7 - 8.9: notable

6 - 6.9: aprobado

5 - 5.9: aprobado

under 5: suspenso (stryk)

2.3.10 Tyskland

Etter innføring av Bolognaprosessen er karaktersett basert på bokstavoppsettet A - F blitt vanleg.

Eldre system i høgare utdanning:

1: sehr gut

2: gut

3: befriedigend

4: ausreichend

5: nicht ausreichend

Høgste karakter er 1, lågast på skalaen er 5, som er ikkje bestått.

2.3.11 Ungarn

Talkarakterar på ein skala frå 1 - 5, der 5 er best og 1 er stryk.

1-elégtelen, 2-elégséges, 3-közepes, 4-jó, 5-jeles.

‐ 5 ‐

2.4 Land utanom Europa

2.4.1 Argentina

Nummerbasert system som går frå 0-10 der 10 er best og 4 er lågaste ståkarakter:

9-10 Sobresaliente ( = framifrå)

9 Muy bueno (= svært godt)

7-8 Distinguido ( = utmerka)

5-6 Bueno ( = godt)

4-4.9 Aprobado ( = bestått)

2-3 Insuficiente ( = ikkje tilfredsstillande)

0-1 Reprobado ( = stryk)

2.4.2 Australia

High Distinction (HD) 80-100 % = Høgste karakter

Distinction (D) 70-79 %

Credit (C) 60-69 %

Pass (P) 50-59 % = Lågaste ståkarakter

Fail (F) lågare enn 50 % = Stryk

Alternativ karakterskala som blir brukt ved enkelte lærestader:

High Distinction (HD) 85-100 % = Høgste karakter

Distinction (D) 75-84 %

Credit (C) 65-74 %

Pass (P) 50-64 % = Lågaste ståkarakter

Fail (F); lågare enn 50 % = Stryk

I enkelte samanhengar blir det berre brukt Pass/Fail.

2.4.3 Brasil

Fleire ulike system er i bruk. Vanlegast er talbaserte system, som enten går frå 10 til 0 eller frå

100 til 0. 10 og 100 er beste karakter, og lågaste ståkarakter er høvesvis 6 eller 5 eller 60 eller 50.

Andre system er bokstavkarakterar (A, B, C osv) og beskrivande karakterar av typen Muito

Bom (veldig bra), Bom (bra) osv.

2.4.4 Canada

Det finst ikkje eitt karaktersystem i Canada, men det mest brukte er 9 poeng, 8 poeng,

prosentskala og ein alfabetskala.

‐ 6 ‐

2.4.5 India

First Division/Class: 60%-100 % (beste karakter)

Second Division/Class: 45%-59%

Third Division/Class: 33%-44%

Fail: lågare enn 33% (ikkje bestått)

2.4.6 Kenya

A=70-100% (First Class Honours) Høgste karakter

B=60-69% (Second Class Honours / Upper Dvision)

C=50-59% (Second Class Honours / Lower Division)

D=40-49% (Pass) Lågaste ståkarakter

E=0-39% (Fail) Stryk

2.4.7 Kina

90 - 100 Excellent (beste karakter)

80 - 90 Good

70 - 80 Average

60 Pass (lågaste ståkarakter)

Lågare enn 60 Fail (ikkje bestått)

2.4.8 New Zealand

Det finst ikkje eitt standard karaktersystem, men det vanlegaste er variantar av A-E der D og E er

ikkje bestått. Ved bruk av karakterar med + og -, er C- betinga bestått.

2.4.9 Pakistan

Division 1 = 60 % - 100% (beste karakter)

Division II = 45 - 59.9%

Division III = 33 - 44.9%

Fail = 0 - 33% (stryk)

2.4.10 Sør-Afrika

Vanlegast system:

First Class: (75 - 100%) er best

Second Class, Division 1: 70 - 74%

Second Class, Division 2: 60 - 69%

Third Class: 50 - 59%

‐ 7 ‐

Fail (under 50%) ikke bestått

Alternativt system:

Distinction (75 - 100%) er best

Pass (50 - 74%)

Fail (under 50%) ikke bestått

2.4.11 Tanzania

For avsluttande karakter for ein universitetsgrad:

First Class Honours (snitt 5,0 - 4,4) = Beste karakter

Second Class Honours - Upper (snitt 4,3 - 3,5)

Second Class Honours - Lower (snitt 3.4 - 2,7)

Pass (snitt 2,6 - 2,0) = Lågaste ståkarakter

Fail = Ikkje bestått

For deleksamenar ved universiteta:

A = 5 poeng

B+ = 4 poeng

B = 3 poeng

C = 2 poeng

D = 1 poeng

E = 0 poeng

2.4.12 USA

Høgare utdanningsinstitusjonar brukar fylgjande karaktersystem:

A excellent 4.0 (beste karakter)

B good 3.0

C average 2.0

D pass 1.0 (lågaste ståkarakter)

F fail 0 (stryk)

2.5 Oppsummering av oversikt over karaktersystem

Oversikten i 2.2 - 2.4 er begrensa. Dei landa som er med i oversikten tek i mot om lag 60 % av

utreisande norske utvekslingsstudentar. Oversikten kan lett byggast ut, men NOKUTs

landdatabase manglar informasjon om land som Japan, Hongkong, Malaysia, Singapore, Sveits

og Østerrike, som tek i mot relativt mange norske utvekslingsstudentar.

Dei nordiske landa brukar 5-trinns skala med unntak av Island, som brukar engelsk system med 4

trinn. I Sverige er det skilnader mellom universiteta, og Stockholms universitet har innført 5trinns

skala. Finland og Norge har same system, men Finland brukar tal medan Norge brukar

bokstavar. Danmark og Stockholms universitet har to karakterar for ikkje bestått, det same som

‐ 8 ‐

ECTS-skalaen. Danmark, Finland og Stockholms universitetet refererer til ECTS-skalaen, men

det er uklårt kva betydning det har for karakterfordelinga.

Av dei andre europeiske landa som er tatt med i denne oversikten brukar Polen og Russland 3trinns

skala medan England, Nord-Irland og Wales, Irland, Frankrike, Tyskland og Ungarn 4trinns

skala. Spania og Portugal brukar 5 trinn. Italia og Nederland har mange karaktertrinn.

India, Pakistan og delvis New Zealand brukar 3-trinns skala. Australia, Kenya, Kina, Sør-Afrika

og USA har 4-trinns skalaer med ulike bokstav- eller talkarakterar. Argentina og Tanzania brukar

5-trinns skalaer.

‐ 9 ‐

3 Samanlikning av karaktersystema

3.1 Korleis blir skalaene brukt?

Oversikten over systema gir lite informasjon om korleis skalaene blir brukt. Mange land har ein

referanse til ECTS-skalaen, men det er usikkert kva betydning dette har i praksis. Førebels har vi

ikkje lett tilgang til statistikkar som viser karakterfordeling nasjonalt og ved dei enkelte

institusjonane. Dette bør skaffast meir informasjon om dette i neste delrapport.

Usikkerheit om karakterskalaene i andre land kan vere eit problem for norske og utanlandske

studentar som byggjer på delstudium i utlandet eller utanlandske gradar. 2 Det er difor viktig å

skaffe påliteleg informasjon, som eventuelt også kan vere grunnlag for fellessystem ved

vurdering av utanlandske karakterar ved norske utdanningsinstitusjonar.

Som omtala i innleiinga er det tilrådd å innføre karaktertabellar for å gje meir informasjon om

faktisk karakterfordeling på program og emne. Stikkprøver ved søking i Diploma Supplement for

ein del europeiske institusjonar viser at dette i liten grad er innarbeidd ved europeiske universitet.

Førebels synest dette ikkje å vere ei aktuell informasjonskjelde.

Nedanfor blir det gitt ein kort omtale av eksempel på samanlikning av karaktersystem og data om

karakterfordelingar..

3.2.1 Samanlikning av karaktersystema i Nederland, USA og UK

I ein artikkel juli 2011 utarbeidd av Nederlands organisasjon for internasjonalt samarbeid i

høgare utdanning er karaktersystema i Nederland, USA og UK vurdert. Systema blir framstilt

slik:

NL USA UK

10 A+ A+ first

9,5 A+ A+ first

9 A+ A+ first

8,5 A+ A first

8 A A first

7,5 A/A- B+ upper 2nd

7 B+ B upper2nd

6,5 B C+ lower2nd

6 B-/C C/D lower2nd

2 I ein artikkel i DN-talent 22.07 blir det vist til at ein student med ein amerikansk bachelor fekk problem med opptak til

masterstudium fordi institusjonen vurderte utdanninga skjønnsmessig. Den amerikanske skalaen er nokså lik den norske, men

sidan det er langt større andel som får A i USA enn Norge, får ein amerikansk A mindre vekt

‐ 10 ‐

5,5 D D third

5 F F unclassified

4 F F unclassified

3 F F unclassified

2 F F unclassified

1 F F unclassified

Tabellen byggjer på data om karakterfordelingar for beståtte eksamenar. I Nederland er dei mest

vanlege karakterane 6 og 7 (33 % og 37 %) medan dei mest vanlege karakterane i det

amerikanske og britiske systemet er A og B 3 . I artikkelen blir det opplyst at i det amerikanske

systemet er det 37 % som får karakteren A og 41 % som får B på lågare grad. På høgare grad er

denne andelen høgare, men nøyaktig fordeling er ikkje oppgitt i artikkelen. Det er ikkje oppgiitt

kor stor prosentandel som får karakteren ikkje bestått.

I Nederland er det 15 – 25% som får karakteren 8 eller betre. Dei andre fordelingane er ikkje

oppgitt og det blir peika på at statistikkane er problematiske sidan grupperingane er ulike.

Den nederlandske artikkelen har som hovudkonklusjon at data om karakterfordeling er einaste

realistiske måten å samanlikne karakterar på, men det er ikkje peika på eit konkret opplegg for

innføring av karaktertabellar.

3.3 Innføring av karaktertabell ved Universitetet i Bologna

Universitetet i Bologna vedtok i november 2011 innføring av karaktertabellar i samsvar med

tilråding i ECTS User’s Guide 2009. Utgangspunktet er karakterfordelinga i ei definert

referansegruppe innafor ein periode som tilsvarar studietida for det aktuelle programmet. Denne

fordelinga blir så samanlikna med den normerte fordelinga etter ECTS skalaen.

Eksempel, eksamenar ved Fakultet for ingeniørfag, lågare grad:

Italiensk karakter Prosentfordeling ECTS-karakter

30L 6,61 A

30 18,12 A

29 3,61 B

28 14,38 B

27 12,85 C

26 10,07 C

25 8,25 D

24 8,27 D

23 4,63 D

22 3,51 D

3

Her må karakterane first og upper 2nd vere omsett til A og B i ECTS-systemet

‐ 11 ‐

21 2,32 E

20 2,79 E

19 1,24 E

18 3,35 E

0-17 F

Italienske karakterar som delvis ligg innafor prosentintervalla i ECTS-skalaen er rekna som

tilsvarande A – E. Samanslått ville det gitt fylgjande fordeling: A = 24,73 %, B = 17,99 %, C =

22,92 %, D = 24,66 % og E = 9,70 %. 4

3.4 Karakterfordeling ved Stockholms universitet

Stockholms universitet har innført 7-trinns skala frå A til Fx og F, der dei to siste er ikkje beståtte

karakterar. Skalaen tilsvarar ECTS-skalaen.

Vi har fått tilsendt ein rapport om kvalitetsvurderinga av sjølstendige arbeid på bachelornivå ved

Naturvitskapleg fakultet der karakterfordelinga i tidsrommet 2007-2011 er omtala. I tabellen

nedanfor er den prosentfordelinga av beståtte arbeid vist for ulike fag:

Fag/ % A B C D E Totaltal

Biologi 25 41 27 4,5 2,5 44

Fysikk 20 40 33 7 0 15

Geovitsk. og 23 43 34 0 0 47

naturgeogr

Kjemi 43 43 5 9 0 23

Matematikk 56 11 33 0 0 9

Matematisk st. 15 42 31 12 0 26

Miljøvitskap 33 67 0 0 0 3

Ernæring 30 60 10 0 0 10

Utd.vitskap. 6 19 43 25 7 162

didaktikk

Utd.vitskap

teori

19 8 31 17 25 36

Det er relativt store skilnader mellom faga, men ein del fag har få oppgåver slik at det kan bli

store prosentvise utslag. Med unntak av dei to siste faga er det B eller A som er hyppigaste

karakter, og summen av A + B er over 60 % i dei fleste faga. Karakteren E blir sjelden gitt.

Dette materialet tyder på at referansen til ECTS-skalaen ikkje har ført til «normalfordeling» av

karakterar.

4 Prosent er her rekna av beståtte eksamenar

‐ 12 ‐

3.5 Korleis kan vi samanlikne utanlandske karaktersystem med det norske?

Det norske karaktersystemet liknar på systemet i mange andre land, særleg når det gjeld

karaktertrinn og karakterbeskrivelsar. Karaktersymbola er også samanfallande i mange tilfelle.

Karaktersystemet i USA har 4 trinn med karakterane A, B, C og D for beståtte eksamenar. Norge har eitt

trinn meir. Når ein skal samanlikne amerikanske karakterar med norske, treng vi informasjon om

karakterfordelinga på ulike nivå og fag i USA, helst for den enkelte institusjon.

I Norge har vi relativt lett tilgjenglege data om karakterfordeling i DBH, som kan hentast ut for enkelte

program eller institusjonar og på nasjonalt nivå. Når karaktertabellar blir innført, blir dataene knytte til dei

emna som den enkelte student har tatt, og det vil gje informasjon om korleis karakterane for den enkelte

student er i samanlikning med andre studentar. Denne informasjonen likevel ikkje utan vidare brukast til å

samanlikne med karakterfordelingar i andre land.

Dersom vi tar utgangspunkt i informasjonen i den nederlandske artikkelen om karakterfordelinga på lågare

grad i USA og samanliknar med den nasjonale totalfordelinga på lågare grad i Norge, får vi fylgjande

bilde:

USA A B C + D

NORGE A B C D E

Dette er eit grovt bilde, som tyder på at ein amerikansk A tilsvarar A eller B i Norge, medan B tilsvarar C

og C og D tilsvarar D og E.

Det manglar informasjon om kor stor prosent som får ikkje bestått karakter.

Tilsvarande samanlikningar kan gjerast med andre land når vi har data for karakterfordelingar, men sidan

det kan vere skilnader mellom fag og institusjonar bør dataene vere på same nivå. Ein bør også ha

informasjon om skilnader i opptakskrav.

4 Vidare arbeid

Denne delrapporten er ein førebels rapport. Oversikten over karaktersystema er i hovudsak henta

frå NOKUTs landdatabase, som omfattar dei flerste land, men denne informasjonen er veldig

kortfatta og gir ikkje nok informasjon til å vurdere karakterar frå andre land. I neste delrapport

bør det skaffast informasjon om karakterfordelingar og databasar i land some r viktige i

utvekslingsamanheng.

Behovet for informasjon karakterar og karakterfordelingar er størst ved opptak til studium der

studentar med utanlandske eksamenar konkurrerer med studentar med norske eksamenar.

Institusjonane behandlar kvart år mange søknader om opptak som krev rangering og vurdering av

‐ 13 ‐

karakternivå på bakgrunn av utanlandsk utdanning. Dette arbeidet krev kunnskap, erfaring og

tilgang til databasar. Dei største institusjonane arbeider med å utvikle opplegg for dette, og

analysegruppa er kjent med at t.d. UiO har årlege workshop med kunnskapsoppdatering før

masteropptaka og intern erfaringsdeling mellom godkjennarar og opptaksmedarbeidarar. Spørsmålet er om

alle institusjonane har kapasitet til å bygge opp dette i eigen regi eller om det kan vere gevinst ved å lage

eit felles nasjonalt opplegg som institusjonane kan ta utgangspunkt i. Analysegruppa tilrår at dette blir

vurdert i neste delrapport.

‐ 14 ‐

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!