NYNORSK I 100! Alversund mållag - Noregs Mållag

nm.no

NYNORSK I 100! Alversund mållag - Noregs Mållag

FORORD

Vi ser det sjølvsagt i augo: Flaumen av bokmålsbøker som kjem ut kvart år er overveldande

samanlikna med den vesle straumen av nynorskbøker.

Likevel – vi har mange, mange av dei sistnemnde, berre vi ser litt etter, og det er viktig å

synleggjera desse bøkene.

Nynorsk i 100 prøver å visa noko av spennet i nynorsk litteratur, og endå er det berre noko vi

har makta å få med – tenk på det! Heftet kjem ut i høve 100-årsjubileet til Norges Mållag, og

inneheld 100 titlar på bøker som vi trur born og unge kan ha glede av – mest skjønnlitteratur

(romanar), men òg nokre faktabøker. Dei fleste bøkene er skrivne av norske forfattarar, men

vi har òg med ein del omsette bøker. Vi har ikkje følgt noko kronologisk prinsipp.

Heftet er tenkt som ei lita hjelp til å orientera seg i den litterære nynorskverda, og er meint

både for einskildpersonar, heimar, barnehagar og skular. Det er organisert i fem bolkar: ein

bolk for førskulealder, to for barneskulen (ein for 1.–4. årskull, ein for 5.–7. årskull), ein bolk

for ungdomsskulen og ein for vidaregåande skule. Overgangen mellom dei ulike bolkane er

glidande, på den måten at ei bok godt kan høva for fleire aldersgrupper. Vi har nytta

fargekodar for å gjera det lettare å finna fram i heftet .

Takk til familie, vener og andre medlemer av Alversund Mållag som har hjelpt oss med

heftet!

Lukke til med å finna fram til dine bøker! Hugs: For kvar bok du les, for deg sjølv eller saman

med andre, vert livet litt meir fargerikt!

Helsing

Styret i Alversund Mållag 2006

Vi takkar Libris Nordhordland, Samlaget og Statoil Mongstad for økonomisk støtte til

trykkinga av heftet.

More magazines by this user
Similar magazines