Årsmelding for Hordaland fylkeskommune - Politiske saker ...

polsak.ivest.no

Årsmelding for Hordaland fylkeskommune - Politiske saker ...

Årsmelding for

Hordaland fylkeskommune

2009


2 FYLKESORDFØRAREN

FYLKESORDFØRAREN 3

Viktige hendingar i 2009

● Rekordstor vekst i folketalet i 2009:

7 494 nye innbyggjarar i Hordaland.

● Byggjestart på Hardangerbrua. Arbeidet med

tilførselsvegar starta 26. februar 2009.

● Stortinget godkjende Vossapakko,

Kvammapakka og Bømlopakka.

● Start på grunnarbeidet for Amalie Skram

videregående skole og Begen kommune sitt

nasjonale stupe- og symjeanlegg.

● Som første fylke i landet har Hordaland

vedteke fylkesdelplan for småkraftverk.

● Bokbåten sitt 50-årsjubileum vart markert

over heile fylket.

● Handlingsprogram for det nye fylkesvegnettet

med 2905 km fylkesveg vart vedteke.

● Fylkeskommunen investerte 92,5 mill. kr

i bybanevogner. Den første vogna kom til

Bergen 7. desember.

● Fylkeskommunen investerte for nær 1,2

milliardar kroner i 2009. Lånegjelda auka

med 900 mill. kr til vel 3,6 mrd. kr.

Hordaland — eit kreativt

verdiskapingsfylke i ein

sterk vestlandsregion.

HORDALAND

FYLKESKOMMUNE

Krafttak for skule

og kollektivtrafikk

For Hordaland fylkeskommune var 2009 eit år med stor satsing

på skuleutbygging og kollektivtrafikk. Frå 1.1.2010 fekk

fylkeskommunen nye store oppgåver, særleg innan samferdsel

og regional utvikling.

Den store satsinga på nybygg for dei vidaregåande skulane våre,

som vi alt har vore i gang med i nokre år, skaut ytterlegare fart

i 2009. Heile 543 mill. kr vart det investert for i fjor, nesten ei

dobling frå 2008.

Knarvik vidaregåande skulle kunne ta i bruk eit flott stort

tilbygg til skulestart. Under bygging og klare for opning

komande haust er den nye Nordahl Grieg videregående skole,

nybygg for Osterøy vidaregåande skule og store tilbygg ved

Austevoll, Kvinnherad og Stord vidaregåande skular. I godt

samarbeid med Bergen kommune starta i fjor haust utbygginga

av fellesprosjektet som skal romma Amalie Skram videregående

skole og Bergen sitt nasjonale symjeanlegg.

Kollektivsatsinga vår heldt fram med full styrke i 2009. Vi

gjorde grunnlagsinvesteringar for busstilbodet og Bybanen for

462 mill. kr.

Forvaltingsreforma frå 1. januar 2010

Frå 1. januar 2010 vart forvaltingsreforma gjennomført. Fylkeskommunane

fekk overført ansvaret for ei rekkje ulike oppgåver. Nokre er reine

forvaltningsoppgåver, medan fleire av dei inneber samordning av viktige

funksjonar i offentleg sektor.

Den største einskildoppgåva er at fylkeskommunane har fått ansvaret for

om lag 80% av riksvegnettet med tilhøyrande ferjesamband. I Hordaland

omfattar det 1 150 km riksveg og 15 ferjesamband.

Ifølgje kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vert

fylkeskommunane den viktigaste offentlege aktøren for verdiskaping og

etablering av arbeidsplassar.

Kort oppsummert er dette dei nye oppgåvene/funksjonane:

• ansvar for ca. 80 prosent av riksvegnettet med tilhøyrande

ferjestrekningar

• lovfesta ansvar for arbeid med mellom anna koordinering av arbeidet

med folkehelse i fylket

• drifts- og finansieringsansvaret for fagskulane, mellom anna ved å gje

tilskot til dei som er drivne i privat regi

• regionalt ansvar for ålment friluftsliv, mellom anna sikring av

friluftsområde

• ivareta friluftsinteresser i fylkes- og kommuneplanlegging, ivareta

allmannretten og motivera til friluftsliv

forvalta delar av tilskotsordningane til friluftstiltak og vilttiltak

forvalting av visse viltartar og innlandsfisk

Anbodsutsetjing av bussruter i Nordhordland vart gjennomført frå

hausten 2009. Eg peikte i årsmeldinga for 2008 på at omleggingar

vil krevja tid for å gå seg skikkeleg til. I Nordhordland var det

utfordringar ved oppstarten både knytt til ruteomleggingar og nytt

billetteringssystem.

2009 vart på mange måtar eit år for å gjera seg klar til storsatsinga

Bybanen som startar opp i juni 2010. Heilt på slutten av 2009 kom

den første bybanevogna til Bergen som eit teikn på at det vi har venta

lenge på, nærmar seg ein realitet. Fylkeskommunen har finansiert

bybanevognene og fylkestinget har vedteke å kjøpa fleire slik at

materiellet er klart til oppstart – og også til forlenging av Bybanen –

i første omgang frå Nesttun til Lagunen.

Fjoråret vart også eit førebuingsår til forvaltingsreforma som

vart gjennomført ved årsskiftet 2009-10. Særleg på veg- og

ferjesektoren har fylkeskommunane fått eit mykje større ansvar

og vi har no høve til å sjå heile samferdselssektoren i fylket

i samanheng på ein heilt annan måte enn før. Dette skal

vi nytta oss av og visa at fylkeskommunen vil klara dette

heilskapsansvaret minst like godt som om vedtaka vart

fatta i Oslo.

Eg vil takka medarbeidarane i heile fylkeskommunen

for god innsats i 2009. Dykkar arbeid og innsats

er avgjerande for dei gode tenestene vi yter

hordalendingane!

• utvalde fylkeskommunar, mellom

dei Hordaland, overtek rolla som

vassregionstyresmakt og skal mellom anna

utarbeida regionale vassforvaltingsplanar

• ansvar for verkemiddel knytt til rekruttering,

kompetanseheving og likestilling i landbruket

• overtek retten til å gje fråsegn i landbruks politiske

saker, som før låg til fylkeslandbruksstyret

• mynde til å avgjera søknader etter akvakulturlova

og visse andre oppgåver på marin sektor

• mynde til å treffa vedtak i konsesjonssaker om

mini- og mikrokraftverk inntil 1 MW

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

• samarbeid gjennom sju nyoppretta regionale

forskingsfond med ein fondskapital på seks

milliardar kroner

• til saman skal fylkeskommunane ha ein eigardel

på 49 % i Innovasjon Norge

• ansvar for å fordela spelemidlar til kulturbygg

etter kvart som midlane vert fristilte frå

pågåande prosjekt

• medverka til kvalitetsutviklingstiltak innan

grunnopplæring for å få god samanheng mellom

grunnskule og vidaregåande opplæring

Fylkesordførar

Torill Selsvold

Nyborg

Frå 1.1.2010 har

fylkeskommunen

ansvar for 17 av

19 ferjesamband i

Hordaland. Over 80%

av riksvegvegnettet

vart frå same tid

fylkeskommunen sitt

ansvar.


4

INNHALD

Om årsmeldinga

Årsmelding 2009 viser resultat som er oppnådde i

Hordaland fylkeskommune i løpet av året. Meldinga

gjev oversikt over den fylkeskommmunale tenesteproduksjonen

i dei ulike sektorane. Det er lagt vekt på

å visa kva ressursane vert brukte til, korleis utviklinga

er over tid og korleis driftsresultatet er i høve til

budsjettet. Ein del tal frå KOSTRA er tekne inn for å

samanlikna Hordaland fylkeskommune med nabofylket

Rogaland og landsgjennomsnittet for fylkeskommunane

utanom Oslo. For Hordaland er det teke

med KOSTRA-tal for både åra 2006-2009, men ver

obs på at tala for 2009 er førebelse. Det er første gong

det er teke med så lang tidsserie for KOSTRA-tal.

For dei som ønskjer meir detaljinformasjon om

fylkeskommunen si verksemd i 2009, viser vi til

årsrekneskap, revisjonsmelding og årsmeldingar frå

avdelingar m. fl.

Årsmeldinga er også tilgjengeleg på internett:

www.hordaland.no

Produksjon, foto m.m.:

Ansvarleg: Fylkesrådmannen.

Redaktør: Informasjonssjef Stanley Hauge.

Tekstgrunnlag: Avdelingane i fylkesadministrasjonen.

Redigering: Stanley Hauge, Svein S. Amundsen og

Bente Utne.

Grafikk, oppsett, utforming: Stanley Hauge.

Utforming forside: Geir K. Lien.

Foto/kart: Avisa Hordaland (s. 22), Asle Birkeland (s.

32), Øyvind Braaten (s. 15), Geir Brekke (s. 19), Rune

Jensen (s. 35), Egill Danielsen (s. 3), Bjarte Brask

Eriksen (s. 14, 15, 18, 26), Stanley Hauge (s. 2, 3, 10,

12, 34, 41, 42, div. fylkestinget ), Per Egil Larsen (s.

13), Bjørn Arve Lunde (s. 29), Oddmund Lunde (s. 46,

fylkestinget), Lars Opstad (s. 31) Marit Rødseth (s.

24), Silje Monsen Solsvik (s. 31), Simon Sortland (s.

9, 21, 23, 30), Liv Sundheim (s. 24), Hallvor Solheim

(s. 37), Ann Steindal (s. 30), Agder Teater (s. 32),

Charlotte Lillefjære Tertnæs (s. 27), (s. 29), Tormod

Valaker (s. 16).

Redaksjon en avslutta 31. mars 2010

Opplag: 1500 eks.

Trykkeri:

Utgjevar:

Hordaland fylkeskommune

Fylkesrådmannen

Postboks 7900

5020 Bergen

Gateadr.: Agnes Mowinckels gate 5

Tlf.: 55 23 90 00 Telefax: 55 23 99 49

Intenettadr.:

www.hordaland.no

Årsmelding for

Hordaland fylkeskommune

2009

Foto framsida:

Markeringa av

50-årsjubileet for

bokbåten, her

frå Hjellvikvåg på

Osterøy. Foto: Elin

Golten, Hordaland

fylkeskommune.

Årsmelding 2009

Hordaland fylkeskommune

FYLEKSORDFØRAREN

Krtafttak for skule og kollektivtrafikk ............................................................. 2

Forvaltingsreforma frå 1.1. 2010 ..................................................................... 2

FYLKESRÅDMANNEN

Nye oppgåver – nye mål .................................................................................. 5

ØKONOMISK OVERSYN

Kutt i driftsmidlar til investeringar og bruk av fond sikra 0-resultat ............... 6

Driftsrekneskap 2006-2009 .............................................................................. 6

Driftsutgifter og driftsinntekter spesifiserte sektorvis ...................................... 7

KOSTRA-tal 2006-2009 .................................................................................. 8

Investeringsoversikt 2006-2009 ....................................................................... 9

Balansen ......................................................................................................... 10

OPPLÆRING

Skuleinvesteringar på over ein halv milliard kroner i 2009 ........................... 11

Viktige opplæringshendingar 2009 ............................................................... 11

KOSTRA-tal i vidaregåande opplæring ......................................................... 13

TANNHELSE

Betre tannhelse for 5- og 12-åringar, ny tannhelseplan utarbeidd ................. 17

KOSTRA-tal tannhelse .................................................................................. 18

REGIONAL UTVIKLING

Mål: Eit attraktivt og konkurranse dyktig Hordaland ..................................... 19

Viktige hendingar innan regional utvikling 2009 .......................................... 19

156 mill. kr til næringsutvikling .................................................................... 20

Prioriterte satsingar ........................................................................................ 21

«Hordaland – ski heile året» .......................................................................... 22

Regional planlegging, partnarskap og samarbeid .......................................... 23

Auka ansvar for folkehelse ........................................................................... 25

Ny internasjonal strategi ................................................................................ 26

Vestlandsrådet ................................................................................................ 26

KULTUR OG IDRETT

Kulturelt utviklingsprogram - nytt verkemiddel i kulturpolitikken ............... 28

Viktige kultur- og idrettshendingar 2009 ...................................................... 29

KOSTRA-tal kultur ........................................................................................ 29

SAMFERDSEL

Rekordstore investeringar for kollektivtrafikken i 2009 ................................ 33

Viktige samferdselshendingar 2009 ............................................................... 33

Kollektivreisande 2008-2009 ......................................................................... 34

KOSTRA-tal samferdsel ................................................................................ 35

Bompengeinntekter i Hordaland 2008-09 ...................................................... 36

ORGANISASJON

Nye planar og strategiar, klar for nye oppgåver ............................................. 38

Nøkkeltal 2008-09 ......................................................................................... 39

Likestillingsbarometer ................................................................................... 40

Miljørapport 2009 .......................................................................................... 41

Administrativ organisering ............................................................................ 42

FYLKESTINGET

Politisk organisering ...................................................................................... 43

Fylkestingsvala 1975-2007 ............................................................................ 43

Saker i dei politiske organa ............................................................................ 43

Representantfordeling .................................................................................... 43

Utskiftingar i fylkestinget .............................................................................. 43

Fylkestinget - oversikt medlemer ..............................................................44-45

Politiske leiarar, oversikt utvalsmedlemer ..................................................... 46

Fakta om Hordaland ....................................................................................... 47

Nøkkeltal 2009 ............................................................................................... 48

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune


Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

FYLKESRÅDMANNEN

Nye oppgåver – nye mål

Vissa om at regionreforma skulle innførast i 2010 har i løpet av

det siste året utan tvil styrkt fylkeskommunen sin posisjon både

i forhold til andre styresmakter og i publikum sine augo. Ein

sterkare posisjon er viktig for å kunna få til noko og dermed

også for å kunna bety noko for samarbeidspartane våre og for

innbyggjarane i Hordaland.

I løpet av 2009 bygde fylkeskommunen fysisk og

organisatorisk infrastruktur for å kunna ivareta dei nye

oppgåvene våre i kollektivtrafikken og dei som regionreforma

fører med seg. Gode medarbeidarar har sytt og syter for at

dette arbeidet går stødig framover og at vi no har nødvendig

kompetanse og kapasitet til dei nye oppgåvene. Særleg når

det gjeld den eine nye store oppgåva – samferdsel – vert det

avgjerande viktig å visa at fylkeskommunen faktisk betyr ein

forskjell i positiv forstand.

Frå vår side har vi lenge streka under det viktige i at vi er ein

god partnar for kommunar og andre lokale aktørar. Men for å

vera ein god partnar for kommunane, er det også vesentleg at vi

styrkjer samarbeidet med sentrale statlege styresmakter. Utan ei

målretta samarbeidsline med statlege styresmakter, vil vi få til

mindre og vi vil ikkje verta ein fullgod partnar lokalt.

Mange organisasjonar vert frå tid til anna hefta med

økonomiske problem, samarbeidsvanskar eller rett og slett av

feil som einkvan har gjort. Vi har vore heldige i 2009 og sloppe

å bruka energi på slike hendingar. Rekneskapsresultatet vårt er

likevel ikkje godt nok og driftsproblema i kollektivtrafikken har

vore for store. Begge delar er forhold som vi skal retta på i tida

som kjem.

Eit gledeleg poeng når det gjeld personalet, er at lønsskilnaden

mellom kvinner og menn er vorten mindre og at likestillinga på

dette punktet har teke eit steg framover.

Når vi no framover skal forvalta ein endå større del av

fellesskapet sine verdiar, er det viktig at vi forstår rolla vår

nettopp slik. Vi må gjera gode og framtidsretta vedtak ut frå

fellesskapet sine interesser og vi må setja inn hensiktsmessige

tiltak som samsvarar med dei måla som er sette. I denne rolla

kan og skal alle – frå sin plass i organisasjonen – bidra.

Fylkesrådmann

Paul M. Nilsen

5


6

Grafen viser

utviklinga av netto

resultatgrad 2001-

2009 for Hordaland

fylkeskommune

samanlikna med

landsgjennomsnittet

for fylkeskommunane

utan Oslo.

Tabellen gjev oversikt

over Hordaland

fylkeskommune sitt

driftsrekneskap for

åra 2006-2009.

Meir detaljert

rekneskap og notar

til rekneskapen går

fram av «Rekneskap

2009 Hordaland

fylkeskommune» som

er trykt i eige hefte.

ØKONOMISK OVERSYN

Kutt i driftsmidlar til investeringar

og bruk av fond sikra 0-resultat

Rekneskapen kom i 2009 for andre

år på rad ut med 0 som resultat. For

å unngå rekneskapsmessig underskot

var det nødvendig å stryka budsjetterte

overføringar frå driftsrekneskapen

til finansiering av investeringar. I

tillegg vart det inntektsført midlar frå

disposisjonsfond. Til saman vart det

stroke overføringar og inntektsført

disposisjonsfond for 65,2 mill. kr for å

koma ut i balanse.

Netto resultatgrad fylkeskommunar

Driftsrekneskap 2006-2009

Tal i mill. kr. Løpande prisar

Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap Budsjett

2006 2007 2008 2009 2009

+ Skatt 1 908,0 1 936,3 2 038,6 2 108,5 2 057,9

+ Rammetilskot 1 105,4 1 215,8 1 391,8 1 559,6 1 592,3

+ Driftsinnt. ekskl. renter 906,5 933,1 1 104,8 1 474,3 1 027,8

Sum driftsinntekter

– Sum driftsutgifter

3 919,9 4 085,2 4 535,2 5 142,4 4 678,0

(ekskl. avskr.) 3 504,9 3 891,6 4 385,4 4 942,3 4 497,5

Brutto driftsresultat 415,0 193,6 149,8 200,1 180,5

+ Renteinntekter 20,6 27,1 57,9 43,5 28,8

– Renteutgifter 58,8 65,0 98,8 107,0 110,1

– Avdrag 69,5 89,9 99,9 120,1 120,1

Netto driftsresultat 307,3 65,8 9,0 16,5 -20,9

– Til ubundne avsetjingar 176,8 135,5 36,1 42,0 0,0

– Til bundne avsetjingar 79,8 87,4 93,7 112,2 0,0

+ Bruk av ubundne avsetjingar 107,2 139,6 74,8 45,7 3,0

+ Bruk av bundne avsetjingar 25,1 66,4 48,3 94,2 62,6

– Driftsmidl. til investeringar

Rekneskapsmessig meir/

62,2 41,2 2,3 2,2 44,7

mindre forbruk 120,8 7,7 0,0 0,0 0,0

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

Både inntekter og utgifter viser sterk vekst frå

2008 til 2009. Driftsinntektene auka med 13,4% og

driftsutgiftene med 12,7%.

Ei medverkande årsak til at tala viser så sterk vekst

er omlegging innan kollektivtrafikken. Ved utsetjing av

rutepakker på anbod nyttar ein bruttokontraktar. Det

vil seia at fylkeskommunen betalar bruttoutgiftene for

å køyra rutene og mottar billettinntektene. Tidlegare

betalte fylkeskommunen ut eit netto tilskot til

ruteselskapa. Inntektene fylkeskommunen hadde frå

bilruter auka med om lag 90 mill. kr frå 2008 til 2009.

Om ein korrigerer for dette, ville tala visa ca. 2% lågare

vekst.

Tiltaka som vart sette i verk i samband med finanskrisa

har gjeve eit godt bidrag til veksten i inntekter og utgifter.

Fylkeskommunen fekk i overkant av 100 mill. kr frå

staten, som er nytta til kulturminnevern og vedlikehald

av skular og fylkesvegar. Det er desse områda som har

hatt den sterkaste utgiftsveksten i 2009. Veksten i frie

inntekter (skatt og rammetilskot) var meir moderat med

6,9%.

Brutto driftsresultat betra seg med vel 50 mill. kr frå

2008 til 2009. Men dette gjekk nesten med til å dekka

auken i renter og avdrag, som var på nær 43 mill.

kr. Auken i renter og avdrag skuldast kraftig vekst i

lånegjelda som følgje av høgt investeringsnivå.


Netto driftsresultat

Netto driftsresultat er

eit av dei mest sentrale

nøkkeltala i kommunale

rekneskapar.

Netto driftsresultat

viser kva ein har att etter

at alle driftsutgifter,

inklusive renter og

avdrag er dekka.

Eit positivt netto

driftsresultat kan

nyttast til å finansiera

investeringar eller

avsetjast til seinare

bruk, noko som gjev

handlefridom og evne til

å tola svingingar i økonomien.

Netto driftsresultat for Hordaland fylkeskommune

vart 16,5 mill. kr i 2009. Dette utgjer 0,3 prosent av

driftsinntektene. I 2008 var netto driftsresultat 9 mill.

kr, eller 0,2 prosent. Netto driftsresultat har altså halde

seg nokså stabilt frå 2008 til 2009, men ein balanserer

hårfint over 0. Gjennomsnittet for fylkeskommunane

var til samanlikning 4,4% i 2009.

Det er vanleg å rekna at kommunesektoren bør ha eit

netto driftsresultat på minst 3% av driftsinntektene for å

vera reelt i balanse. Grunnen til at det ikkje er tilstrekkeleg

å ha netto driftsresultat lik null er at avskrivingar

ikkje inngår. I staden vert driftsrekneskapen belasta med

avdrag. Sidan avskrivingane er høgare enn avdraga, må

ein, for å bevara formuen, ha eit netto driftsresultat som

er minst så stort som differansen mellom avskrivingar

og avdrag.

Rekneskapen for Hordaland fylkeskommune viser

i 2009 120,1 mill. kr i avdrag og 166,6 mill. kr i

avskrivingar. Om ein nyttar avskrivingar i staden for

avdrag til å rekna ut eit «korrigert netto driftsresultat»,

får ein minus 30 mill. kr. Driftsresultatet er dermed

ikkje godt nok til å bevara formuen.

Budsjettavvik

Innsparingar og overskridingar fordelte seg slik:

Tal i mill. kr, minus før tal viser overskriding

2008 2009

Skatt og rammetilskot 29,9 17,9

Kultur 0,7 1,2

Opplæring – 21,6 – 29,4

Tannhelse 0,0 2,2

Samferdsel – 44,4 – 61,6

Regional utvikling 1,2 1,7

Konsesjonskraft – 11,5 – 3,1

Politiske organ og adm.,

fellesfunksjonar 18,7 2,3

Momskompensasjon frå investeringar – 16,6 – 2,9

Renter 16,1 6,5

Stryking av driftsmidlar til investering 42,5

Strykningar / bruk av disp.fond 27,5 22,7

Overskot 0,0 0,0

I skatt og rammetilskot kom det inn 17,9 mill. kr

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

ØKONOMISK OVERSYN

Driftsutgifter og driftsinntekter spesifiserte sektorvis

Tal mill. kr. Løpande prisar.

Rekneskap 2008 Rekneskap 2009

Utgifter Inntekter Utgifter Inntekter

Kultur 206,0 105,3 259,1 154,5

Opplæring 2 375,8 438,4 2 582,6 511,0

Tannhelse 241,7 73,4 256,4 73,4

Samferdsel 992,8 95,0 1 186,3 242,9

Regional utvikling 208,6 259,4 234,8 297,8

Politiske organ og adm. 239,0 30,9 271,0 33,0

Fellesfunksjonar m.m. 121,5 102,4 152,1 161,7

Sum 4 385,4 1 104,8 4 942,3 1 474,3

meir enn budsjettert. Skatteveksten i høve til 2008

var for Hordaland 3,4% medan gjennomsnittet for

fylkeskommunane var 2,1%.

Dei to største sektorane, opplæring og samferdsel,

synte relativt store budsjettoverskridingar.

17 vidaregåande skular hadde underskot på til saman

ca. 22 mill. kr. I tillegg til skulane var det overskriding

på budsjettet for spesialundervisning.

Samferdselssektoren hadde ei overskriding på 61,6

mill. kr. Det var store overskridingar både for bilruter,

båtruter, vidaregåande skuleskyss og spesialskyss

for grunnskulen. For bilrutene som er sette ut på

anbod, har ein god kontroll med kostnadssida. Her

var det passasjerinntektene som viste svikt i høve til

budsjettet. Ein har hatt for lite informasjon om korleis

inntektene fordeler seg på dei ulike områda, og dermed

var budsjetteringa vanskeleg. Dette vil retta seg etter

kvart som fylkeskommunen tek over inntektsansvaret

for heile fylket. For båtrutene var etterbetaling av høge

drivstoffutgifter ei viktig forklaring på overskridinga.

Det kan vera grunn til å nemna at netto driftsutgifter

for samferdselssektoren ikkje auka med meir enn 5,1%.

Når den kommunale kostnadsdeflatoren er anslått til

4,1%, tilseier dette ein realvekst på om lag 1%. Ein

greidde altså ikkje å redusera utgiftene, slik det var

Netto driftsresultat 1999-2009

7

Tabellen gjev nærare

spesifikasjon av

driftsutgifter og

driftsinntekter etter

sektor for 2008 og

2009.

Grafen viser netto

driftsresultat

for Hordaland

fylkeskommune dei

siste ti åra.

Talet for 2002

er korrigert for

ekstraordinære

føringar i samband

med staten si

overtaking av

spesialisthelsetenesta.


8

KOSTRA-oversikta

viser utviklinga

i Hordaland

fylkeskommune

2006-2009. For 2009

vert Hordaland

også samanlikna

med Rogaland

fylkeskommune og

gjennomsnittet for

fylkeskommunane

utan Oslo.

ØKONOMISK OVERSYN

lagt til grunn i budsjettet, men på den andre sida har

det heller ikkje vore nokon vesentleg utgiftsvekst for

sektoren samla sett.

Forskrift om årsrekneskap og årsmelding har i §9

reglar om pliktige strykingar for å unngå rekneskapsmessig

underskot. Ved rekneskapsavsluttinga vart det

stroke 42,5 mill. kr av driftsmidlar til finansiering av

Sektorfordeling 2009

Under er vist fordelinga av brutto driftsutgifter etter

sektor 2009. (Sektorfarge, sjå til venstre.)

52,3 % av brutto driftsutgifter i 2009 gjekk til

vidaregåande opplæring. Samferdsel med 24,0 % er den

nest største sektoren målt etter driftsutgifter.

KOSTRA-tal 2006-2009

Horda- Horda- Horda- Horda- Roga- Gj.snitt

land land land land land u Oslo

2006 2007 2008 2009 2009 2009

Finansielle nøkkeltal i prosent av brutto driftsinnt.

Netto driftsresultat .........................................................................7,8 1,6 0,2 0,3 3,9 4,4

Avdragsutgifter netto ......................................................................1,8 2,2 2,2 2,3 1,8 2,3

Renteutgifter netto ..........................................................................1,0 0,9 0,9 1,2 0,3 – 0,8

Netto lånegjeld .............................................................................42,9 47,1 52,1 58,9 58,4 44,3

Arbeidskapital ....................................................................................................17,4 16,7 17,9 15,8 11,9 16,9

Finansielle nøkkeltal i kroner pr. innbyggjar

Brutto driftsutgifter ......................................................................7 968 8 714 9 663 10 707 9 803 11 104

Brutto driftsinntekter ...................................................................8 583 8 830 9 656 10 777 10 008 11 361

Frie inntekter...............................................................................6 598 6 813 7 304 7 687 7 680 8 323

Netto lånegjeld............................................................................3 681 4 161 5 033 6 349 5 842 5 031

Brutto driftsutgifter til administrasjon og styring ............................................379 399 460 529 425 620

Fordeling av brutto driftsutgifter (prosent)

Adm, styring og fellesutg. ...............................................................4,2 4,6 4,2 3,4 4,7 5,5

Vidaregåande opplæring ..............................................................60,1 56,8 54,1 53,2 57,6 53,6

Tannhelsetenesta ...........................................................................5,4 5,1 5,0 4,7 3,5 4,3

Fys. planl./kult.minne/natur/nærmiljø..............................................2,7 3,8 3,2 3,9 2,0 2,6

Kultur ..............................................................................................4,6 4,7 4,1 4,2 5,0 4,8

Samferdsel ...................................................................................16,4 17,9 23,1 24,3 21,3 19,9

Næring ............................................................................................2,8 2,9 2,5 2,3 2,2 4,6

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

investeringar. Det må dermed takast opp tilsvarande

meir i lån for å finansiera investeringane. I tillegg var

det behov for å stryka 22,7 mill. kr av avsetjingar til

disposisjonsfond. Fylkesrådmannen har tilrådd at ein

nyttar avsetjinga til Hardangerbrua. På denne måten

får skulane avsetja overskot fullt ut, i samsvar med

innarbeidd praksis. Midlane frå Hardangerbrufondet

må løyvast på nytt seinast i 2012.

KOSTRA

KOmmune-STat-RApportering er eit nasjonalt

informasjonssystem som gjev informasjon om

kommunal og fylkeskommunal verksemd. Statistisk

Sentralbyrå offentleggjorde 15. mars ureviderte tal for

2009. Reviderte tal vert lagde ut 15. juni 2010.

I tabellen nede på sida er vist nokre nøkkeltal, der

Hordaland fylkeskommune vert samanlikna med gjennom

snittet for fylkeskommunane (utanom Oslo).

Langsiktig gjeld er høgare enn landsgjennomsnittet.

Avdraga er lik landsgjennomsnittet, men når ein ser på

renteutgifter, er det stor skilnad. Fleire fylkeskommunar

har utbytte og renteinntekter som overstig renteutgiftene.

Landsgjennomsnittet viser netto renteinntekt på 0,8%

av brutto driftsinntekter, medan Hordaland har ei netto

renteutgift på 1,2%.

Arbeidskapitalen er eit mål på likviditeten. Denne

må seiast å vera god både for Hordaland og for

landsgjennomsnittet.

Hordaland fylkeskommune ligg under landsgjennom

snittet når ein ser på brutto driftsutgifter

og brutto driftsinntekter per innbyggjar. Dette er ei

følgje av inntektssystemet, som legg til grunn eit

vesentleg høgare utgiftsbehov i Nord-Noreg og Sogn


og Fjordane. Når ein ser på utgifter til administrasjon

og styring, ligg Hordaland under landsgjennomsnittet.

Dette er naturleg sidan Hordaland er mellom dei største

fylkeskommunane. Utgiftsbehovet varierer ikkje fullt

ut i takt med folketalet.

Om ein ser på fordelinga av brutto driftsutgifter

mellom ulike sektorar, er det samferdsel som skil seg

ut. Hordaland brukar ein god del meir til samferdsel

enn landsgjennomsnittet og mindre til administrasjon,

styring og fellesutgifter og næring. For dei andre

sektorane er det ikkje så store skilnader mellom

Hordaland og landsgjennomsnittet.

Investeringar

Investeringane var rekordhøge i 2009. Det vart investert

919 mill. kr i eigedomar og utstyr.

Fleire store skuleprosjekt er i gang. Mest midlar

gjekk med til Nordahl Grieg vgs. med 176,9 mill. kr,

Kvinnherad vgs. 96,1 mill. kr, Knarvik vgs. 73,9 mill.

kr og Osterøy vgs. 53,1 mill. kr.

I samferdselssektoren var det bybana som stod for

dei største utgiftene. Bergen kommune har hatt ansvaret

for første byggetrinn, men fylkeskommunen har stått

for innkjøp av vogner. 92,5 mill. kr vart brukt til dette i

2009. Ein er også i gang med å førebu andre byggetrinn

frå Nesttun til Lagunen. Det vart brukt 74,5 mill. kr til

m.a. kjøp av grunn.

Innføringa av nytt billetteringssystem held fram. Det

vart brukt 46,9 mill. kr i 2009.

I tillegg til investeringane i eigedomar og utstyr vart

det nytta 264,2 mill. kr til utlån og aksjekjøp. 223,9

mill. kr er lånt ut til HFK Bussanlegg AS, 10 mill. kr

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

ØKONOMISK OVERSYN

Investeringsoversikt 2006-2009

INvESTERINGSREKNESKAPEN:

OvER: Tabellen viser samla oversikt over investeringane i

åra 2006-2009 og korleis investeringane er finansierte.

SPESIFIKASJON Av INvESTERINGAR I EIGEdOMAR/

UTSTyR:

UNdER: Tabellen viser korleis investeringane i åra 2006-

2009 fordeler seg etter sektor.

9

2006 2007 2008 2009

Investeringar i eigedomar/utstyr 322,2 296,2 621,0 919,0

Aksjar og utlån 72,2 4,4 3,7 264,2

Avsetjingar 62,0 10,4 30,4 14,5

Årets finansieringsbehov 456,4 311,0 655,1 1197,7

Bruk av lånemidlar 187,2 161,9 553,8 1031,5

Inntekt frå sal av anleggsmidlar 62,2 2,0 3,3 1,7

Avdrag på utlån / sal av aksjar/andelar 5,0 25,8 15,0

Tilskot og forskotteringar m.m. 49,4 12,8 18,1 121,6

Overført frå driftsrekneskapen 62,2 41,2 2,3 2,2

Bruk av avsetjingar 95,4 88,1 51,8 25,7

Sum finansiering 456,4 311,0 655,1 1197,7

2006 2007 2008 2009

Kultur 25,9 4,5 9,4 2,5

Opplæring 155,1 176,0 289,9 543,6

Tannhelse 11,8 11,9 6,7 6,0

Samferdsel 117,1 85,3 297,3 339,3

Politiske organ og adm. 3,6 5,0 4,1 9,9

Fellesfunksjonar 8,7 13,5 13,6 17,7

Sum 322,2 296,2 621,0 919,0

Nordahl Grieg

videregående

skole skal opna

hausten 2010.

Fylkeskommunen

brukte 177 mill. kr til

dette nybygget i 2009.

Totalkostnaden er ca.

470 mill. kr


10

Knarvik vidaregåande

skule tok hausten

2009 i bruk eit større

tilbygg. Fornyinga

omfatta også ein

del ombygging og

opprusting av dei

eksisterande lokala.

NOTAR TIL

REKNESKAPEN:

Meir detaljert

rekneskap og notar

til rekneskapen går

fram av «Rekneskap

2009 Hordaland

fylkeskommune» som

er trykt i eige hefte.

ØKONOMISK OVERSYN

til Bystasjonen AS og 15 mill. kr vart nytta til kjøp av

aksjane i Bystasjonen AS.

Det aller meste av investeringsutgiftene (86%)

vart finansierte med lån. Bruk av lånemidlar passerte

1 milliard i 2009. Andre byggetrinn av bybana vart

finansiert med bompengar i 2009.

I tillegg til summane som er viste i investerings-

Balansen

Balanse pr. 31.12 2006 2007 2008 2009

Anleggsmidlar

Faste eigedomar 3 222,4 3 339,8 3 693,4 4 258,3

Utstyr, maskiner, transportmidl. 117,4 170,0 284,4 433,0

Aksjar, andelar, utlån 247,0 69,9 43,9 282,4

Pensjonsmidlar 2 975,0 3 226,8 3 514,8 3 871,6

Sum anleggsmidlar 6 561,8 6 806,5 7 536,5 8 845,3

Omløpsmidlar

Kortsiktige fordringar m.m. 296,5 396,6 741,2 538,1

Premieavvik 95,9 101,6 138,7 218,8

Kasse, bank 739,9 774,2 644,9 713,2

Sum omløpsmidlar 1 132,3 1 272,4 1 524,8 1 470,1

SUM EIGEDELAR 7 694,1 8 078,9 9 061,3 10 315,4

Eigenkapital

Bundne fond 449,0 377,0 413,3 427,2

Frie fond 231,1 266,3 225,4 210,4

Rekneskapsmessig mindreforbr. 120,8 7,7 0,0 0,0

Annan eigenkapital 842,7 776,6 801,3 932,1

Sum eigenkapital 1 643,6 1 427,6 1 440,0 1 569,7

Gjeld

Langsiktige lån 1 957,6 2 169,6 2 757,7 3 663,0

Pensjonsforpliktingar 3 641,6 3 893,4 4 149,9 4 426,5

Sum langsiktig gjeld 5 599,2 6 063,0 6 907,6 8 089,5

Kortsiktig gjeld 451,3 588,3 713,7 656,2

Sum gjeld 6 050,5 6 651,3 7 621,3 8 745,7

SUM GJELD OG EIGENKAP. 7 694,1 8 078,9 9 061,3 10 315,4

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

oversynet, kjem bompengeprosjekta E39 over Stord,

E134 Rullestadjuvet og Årsnes ferjekai. Hordaland

fylkes kommune har teke på seg oppgåva som bompengeselskap

for desse prosjekta.

Balanse

Balansen gjev oversyn over fylkeskommunen sine

eigedelar og gjeld.

Bokført verdi av eigedomar og utstyr auka med

713,5 mill. kr i 2009, noko som avspeglar det høge

investeringsnivået.

Fylkeskommunen har i 2009 gjeve lån til eigne

aksjeselskap. Det største utlånet er til HFK Bussanlegg

AS med nær 224 mill. kr.

Bankinnskot utgjorde ved årsskiftet 713,2 mill. kr,

mot 644,9 mill. kr ved førre årsskifte. Av kortsiktige

fordringar på 538,1 mill. kr utgjorde 317,8 mill. kr

plasseringar i pengemarknadsfond. Premieavviket er

kome opp i 218,8 mill. kr. Premieavvik er skilnaden

mellom betalt pensjonspremie og bokført kostnad.

Differansen vert kostnadsført over 15 år.

Ulike typar fondsmidlar summerer seg til 637,6 mill.

kr, om lag det same som i 2008. Fondsmidlane kan

inndelast slik:

Bundne investeringsfond 21,1 mill. kr

Ubundne investeringsfond 14,2 mill. kr

Bundne driftsfond 406,1 mill. kr

Disposisjonsfond 196,2 mill. kr

Langsiktige lån utgjorde 3 663,0 mill. kr ved utgangen

av 2009, mot 2 757,7 i 2008 – ein auke på 905,2 mill. kr

på eitt år. 88 mill. kr av låna vedrører riksvegprosjekt,

der fylkeskommunen har teke på seg oppgåva som

bompengeselskap.

Kortsiktig gjeld var 656,2 mill. kr.


Skuleinvesteringar på over

ein halv milliard kroner i 2009

Hordaland fylkeskommune si storstilte

satsing på nybygg, tilbygg og opprusting

av dei vidaregåande skulane heldt fram

for fullt i 2009. Samla investeringar til

skulane var på over ein halv milliard

kroner – 543,6 mill. kr – det meste til

bygningar.

Knarvik vgs. innvigde eit stort nybygg

i 2009. I Bergen opnar Nordahl Grieg

vgs. i 2010. På Osterøy vil ny skule stå

klar til skulestart i 2010. Det same vil

tilbygg til Austevoll, Kvinnherad og Stord

vidaregåande skular.

Fylkeskommunen sine brutto driftsutgifter til vidaregåande

opplæring var i 2009 på 2 582,6 mill. kr, rundt

206,8 mill. kr meir enn i 2008. Rekneskapen viser

eit underskot på om lag 29,4 mill. kr. Dette skuldast

netto driftsunderskot for dei vidaregåande skulane og

meirforbruk på spesialundervisning.

Løn er den klart største utgiftsposten for dei

vidaregåande skulane, og utgjer over 80 % av brutto

driftsutgifter.

For skulane samla vart det underskot på ca. 22 mill. kr

i 2009. Av dei 48 einingane (inkludert OT/PPT og Ulriken

skolesenter) hadde 17 underskot, 12 gjekk i balanse

og 19 kom ut med overskot og sette av 19,5 mill. kr til

disposisjonsfond. Ved utgangen av 2009 hadde 30 skular

i alt 71,6 mill. kr til rådvelde på fond, medan 18 skular

hadde 34,1 mill. kr i akkumulerte underskot. I 2009 har

mange skular brukt fondsmidlar til opprusting og tiltak.

Skulebygg

Nordahl Grieg videregående skole på Sørås i Bergen vil

står klar til skulestart i 2010. Det same gjeld nybygget til

Osterøy vidaregåande skule. Grunnarbeidet på Amalie

Skram vidaregående skole starta i 2009.

Fylkeskommunen har òg i gang større

utbyggingar ved dei vidaregåande

skulane i Kvinnherad, Austevoll

og Stord. Desse vil også stå ferdige

hausten 2010.

Nybygget ved Knarvik vidaregåande

skule stod ferdig i 2009.

Bygget som er på 4200 m 2 , kosta

138 mill. kr. Prosjekt ved Laksevåg

vidaregående skole og Bergen

kate dralskole vart finansierte med

midlar frå ombyggingskontoen.

Det same galdt prosjekt ved

Årstad og Stend vidaregåande

skular og Manger folkehøgskule.

Fylkeskommunen sine skular har eit

samla areal på 400 000 m 2 fordelt på

275 bygningar.

Viktige opplæringshendingar

2009

Brutto driftsutgifter opplæring

Tal i millionar kroner. Løpande prisar.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

OPPLÆRING

● Færre lærlingar, fleire elevar

● Alle elevar har eigen pc

● Vidare satsing på digitale læremiddel

● Satsing på fagskuleutdanning

● Mange tiltak for å motverka fråfall

● Satsing på yrkesrettleiing og informasjon

● Elevane skal få betre tilbakemeldingar

(elevvurdering)

● 30 skular har 71,6 mill. kr avsett på fond.

● Knarvik vidaregåande skule tok i bruk stort

nytt tilbygg og ombygde lokale

● Utbygginga av Amalie Skram videregående

skole på Nyårdstangen, Bergen, starta

● 1200 personar nytta «vaksenretten» til

vidaregåande utdanning

Elevtal

I 2009 gjekk 17 570 elevar på dei vidaregåande skulane

til fylkeskommunen, mot 16 964 året før. Dette er ein

auke på 606 elevar. På dei private vidaregåande skulane

i Hordaland var det 2 198 elevar i 2009, 12 fleire enn

året før.

Elevinntak

18 239 personar søkte plass ved fylkeskommunen sine

vidaregåande skular i 2009. Dette var ein nedgang

på 408 søkjarar samanlikna med 2008. Alle med

ungdomsrett fekk tilbod om skuleplass.

11

* Kolonna viser

rekneskapsmessig

avvik i 2009 i høve til

nettobudsjett.

– viser overskridingar

Avvik*

Reknesk. Reknesk. Reknesk. Reknesk. netto-

2006 2007 2008 2009 bud. 09

Vidaregåande skular:

Lønsutgifter 1 404,9 1 473,6 1 592,1 1 716,2

Utstyr og vedlikehald 82,9 106,8 87,8 126,1

Andre driftsutgifter 196,6 219,1 239,1 229,1

Overføringar 76,3 82,9 90,6 87,0

Sum vidaregåande skular 1 760,7 1 882,4 2 009,6 2 158,4 – 21,6

Lærlingopplæring 187,2 200,5 212,3 240,9 1,7

Spesialundervisning 66,7 62,2 62,1 81,9 – 18,5

Opplæring av vaksne 86,4 89,9 91,8 101,4 9,1

Sum brutto driftsutgifter 2 101,0 2 235,0 2 375,8 2 582,6 – 29,3


12

KNARREN.

Gymnastikksalen i

det som i si tid var

gymnaset i Knarvik

er bygd om til eit

flott amfi – den nye

storstova til Knarvik

vidaregåande skule.

Både fylkesordførar

Torill Selsvold Nyborg

og rektor Inge Alver

(innfelt foto) og

opplæringsdirektør

Svein-Erik Fjeld

(fremst til venstre

under opninga) er

godt nøgde med

resultatat.

Grafen viser utviklinga

i tal formidla

lærekontraktar, nye

lærekontraktar og på

avlagte fagprøvar i

åra 2006-2009.

OPPLÆRING

Det var særleg dei yrkesfaglege utdanningsprogramma

i Vg2 som hadde lågare søkjartal. Dette heng

saman med at det i 2008 vart teke inn færre elevar til

Vg1 i ein del utdanningsprogram, særleg restaurant-

og matfag og bygg- og anleggstekniske fag. Desse

utdanningsprogramma har også relativt mange sluttarar

i skuleåret. Det vert dermed færre søkjarar til Vg2tilboda,

noko som så fører til reduksjon i elevtalet og

nedlegging av tilbod ved ein del skular.

Søkjartalet til studiespesialiserande utdanningsprogram

var stabilt, både samanlikna med 2008 og

tidlegare år. I Bergen er det sterk konkurranse om

elevane både med dei private vidaregåande skulane og

dei offentlege skulane seg i mellom. Mange av skulane

våre gjer eit svært godt arbeid for å marknadsføra

seg til aktuelle søkjarar. Det er også positivt at

bydelsskulane klarar seg betre i konkurransen med

sentrumsskulane. Fleire bydelsskular har ei nedre

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

poenggrense som er like høg som dei populære skulane

i Bergen sentrum.

Fritt skuleval vart innført i 2005. Dei første par åra vart

det eit større søkjarpress på skulane i Bergen sentrum,

men dette har jamna seg ut til alle utdanningsprogram.

Konklusjonen er at bydelsskulane/nærskulane står

sterkt både i Bergen og i resten av Hordaland.

Hordaland er framleis det einaste fylket i landet

som har sentral oppfylling av ledige plassar etter

skulestart. Ordninga gjeld av praktiske grunnar berre

bergensskulane. Etter at inntakskontoret har fått oversyn

over ledige plassar, vert desse lagt ut på internett. Dei

som ønskjer å nytta seg av desse plassane, får tildelt ny

plass etter «først til mølla»- prinsippet. Sjølv om talet på

elevplassar som vert fordelte etter skulestart er relativt

lite samanlikna med det totale talet på elevplassar,

kan denne ordninga vera med på å motvirka talet på

sluttarar i skuleåret fordi fleire får plass på skular/

utdanningsprogram som dei ønskjer. I 2009 fekk rundt

180 elevar nye tilbod på dei to «bytedagane» etter

skulestart.

Fagopplæring

Opplæring i bedrift er ein del av tilbodet innan

vidaregåande opplæring. Som hovudregel vert fag- og

yrkesopplæringa gjennomført med to år i skule og to

år i bedrift, men også alternative opplæringsløp innan

fag- og yrkesopplæringa vert valde.

Ved utgangen av 2009 var det 4 169 løpande

lærekontraktar i Hordaland (4 348 pr 2008). Nedgangen

på vel 4% kan i hovudsak forklarast med situasjonen

i sysselsetjinga. Frå 2008 til 2009 gjekk talet på nye

lærekontraktar ned med ca. 10%.

I 2009 behandla fagopplæringskontoret 2057

søknader om læreplass, og godkjende 1956 nye

lærekontraktar. Av desse utgjorde kvinner 33%, mot

30% i 2008. 309 lærekontraktar vart av ulike årsaker

heva i 2009 (333 i 2008).


I 2009 tok 2732 lærlingar fag- og sveineprøvar (2677

i 2008). Av desse var 28% kvinner.

Oversikt over strykprosent

på praktisk fag-/sveineprøve:

Type 2006 2007 2008 2009

Lærlingar 7,9 10,5 11,4 10,0

Elevar med sluttopplæring

i skule (VKII) 39,7 38,5 24,4 34,0

Praksiskandidatar 8,9 5,7 11,3 5,0

217 lærlingar gjekk opp til andre gongs fag-/sveineprøve.

Av desse var det 85% som stod til prøven.

Fagopplæringskontoret arrangerte kurs i gjennomføring

og kvalitetssikring av fag-/sveineprøvar for

alle medlemmer i prøvenemndene, totalt 640 personar.

Alle tilsette var involvert i ein detaljert gjennomgang

av sakshandsamingsrutinane på fagopplæringskontoret.

Rutinane er nedfelte i kvalitetshandbok for sakshandsaming.

Eksamenskontoret

Eksamenskontoret i Hordaland arrangerer privatisteksamenar

i heile fylket. I tillegg har det òg ansvar

for gjennomføring av sentralt gjeven skriftleg prøve

for praksiskandidatar og lærlingar. Oppmelding til

eksamen skjer via internett på Privatist-Web.

I 2009 hadde eksamenskontoret ca. 7500 oppmelde i

ca. 15 000 ulike eksamenar i om lag 500 ulike fag.

KOSTRA-tal vidaregåande opplæring

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

OPPLÆRING

I Bergen har dei fleste munnlege eksamenane vore

haldne ved Bergen katedralskole og Bergen maritime

videregående skole. Skriftlege eksamenar i Bergen

vert haldne i idrettshallar, skular og forsamlingslokale.

Utanom Bergen har eksamenar vore haldne på Voss,

Stord, Kvinnherad, Norheimsund, Austevoll og Odda.

For å gjennomføra eksamenane har eksamenskontoret

knytt til seg eit korps av sensorar og vakter.

Vaksenopplæring

Fylkeskommunen har ni vaksenopplæringssentra som

tilbyr vaksne gratis karriererettleiing, kartlegging/

realkompetansevurdering og vidaregåande utdanning.

Dei studieførebuande faga og helsefaga har størst

søknad. Tala viser at det er flest kvinner som tek ut

vaksenretten sin. Vi registrerte samstundes aukande

interesse frå vaksne i dei tradisjonelle yrkesfaga,

og frå verksemder som ønskjer hjelp i arbeidet med

fagutdanning av sine ufaglærte. Om lag 1 200 vaksne

gjekk i 2009 på vidaregåande opplæring særskilt lagt

til rette for målgruppa. Opplæringsavdelinga styrka

marknadsføringa av vaksenretten i 2009. Aktiviteten

gav resultat og vil verta vidareført i 2010.

Fengselsundervisning

Hordaland fylkeskommune gjev opplæringstilbod til

domfelte i samarbeid med kriminalomsorga. Opplæringa

i fengsla er lagt opp på same måte som for

skuleverksemda i samfunnet elles. Åsane videregående

skole har ansvaret for undervisninga. I Hordaland har

13

KOSTRA-oversikta

viser utviklinga

i Hordaland

fylkeskommune

2006-2009. For 2009

vert Hordaland

også samanlikna

med Rogaland

fylkeskommune og

gjennomsnittet for

fylkeskommunane

utan Oslo.

Horda- Horda- Horda- Horda- Roga- Gj.snitt

land land land land land u Oslo

2006 2007 2008 2009 2009 2009

Brutto investering til vidaregåande opplæring, per innbyggjar ..............................337 380 616 1 139 954 1 014

Netto driftsutgifter til vidaregåande opplæring, per innb. 16-18 år .................102 636 104 671 111 941 122 620 118 394 126 351

Prosent netto driftsutgifter til vidaregåande opplæring

av samla netto driftsutgifter .............................................................................69,2 63,9 61,1 62,3 63,4 62,3

Ungdom 16-18 år i Hordaland ..........................................................................18 832 19 260 19 206 19 207

Elevar ved fylkeskommunale vidaregåande skular i Hordaland .......................16 789 16 868 16 964 17 570

Elevar ved private vidaregåande skular i Hordaland ..........................................2 194 2 354 2 186 2 198

Prosent 16-18-år som er i vidaregåande opplæring .............................................92,5 92,0 92,5 93,0 90,5 90,8

Prosent i vidaregåande opplæring som er elevar .................................................82,3 81,3 81,1 83,1 79,5 83,7

Prosent i vidaregåande opplæring som er lærlingar .............................................17,7 18,7 18,9 16,9 20,5 16,3

Prosent elevar og lærlingar i studieførebuande utdprog/studretn ........................45,4 46,4 47,2 47,2 43,7 46,6

Prosent elevar og lærlingar som er i yrkesfaglege utdprog/studretn ....................54,6 53,6 52,8 52,8 56,3 53,4

Prosent elevar som har fått oppfylt førsteønskje til skule og kurs ........................75,1 82,8 77,9 73,0 75,9 78,6

Prosent lærlingar som har fått oppfylt førsteønskje om læreplass .......................55,7 73,8 87,9 68,0 72,8 70,3

Korr brutto driftsutg vidaregåande opplæring i skule, per elev .......................107 699 110 821 118 938 129 026 124 498 128 982

Korr brutto driftsutg fagopplæring i arbeidslivet,

inkl. kjøp frå private, per lærling/lærekandidat .............................................44 702 44 615 44 940 52 550 54 672 54 848

Korr brutto driftsutg studieførebuande utdprog/studretn, per elev ....................46 567 48 552 52 636 57 689 56 116 56 556

Korr brutto driftsutg yrkesfaglege utdprog/studretn, per elev ...........................73 740 78 907 82 776 84 512 81 779 79 342

Elevar per skule, fylkeskommunale skular ............................................................385 386 387 390 535 ..

Elevar per lærarårsverk, fylkeskommunale skular ..................................................8,5 8,4 8,4 8,3 9,7 ..

Prosent beståtte fag- og svenneprøver ................................................................91,5 91,5 90,4 90,0 90,3 91,3

Prosent elevar som har slutta i løpet av året – alle årstrinn ...................................4,0 4,4 5,4 5,5 4,2 4,6


14

Bergen maritime

videregående skole

er ein av mange

vidaregåande skular i

fylket som har tett og

godt samarbeid med

næringslivet.

Rolls Royce Marine

på Hordvikneset er

ei av verksemdene

Bergen maritime vgs.

samarbeider med.

Elevane Ina Bøe

Johannessen og Eirik

Birkeland synest det

er fint med praksis på

dieselmotorar.

OPPLÆRING

ein også tilbod om opplæring etter soning ved ein

oppfølgingsklasse. Bergen fengsel hadde over 400

elevar i 2009, medan avdelinga ved Ulvsnesøy hadde

omlag 100 elevar.

Ulriken skolesenter

Denne skulen gjev undervisningstilbod til elevar i sosiale

og medisinske institusjonar. Elevane er enten pasientar

ved Helse Bergen eller ungdomar frå Bufetat.

Teoriopplæring for lærlingar

med full opplæring i bedrift

For elevar som vel feil, som droppar ut av skulen eller

som i det heile ikkje maktar å ta fatt på vidaregåande

skule, opnar opplæringslova § 3 for unntak frå den

fastsette opplæringsordninga. Unntaket inneber at

størsteparten av opplæringa kan gå føre seg i bedrift,

og med teoriopplæring t.d. ein dag i veka.

Til saman har ca. 550 lærlingar med full opplæring

i bedrift fått teoriopplæring på 21 vidaregåande skular

eller private opplæringsinstitusjonar i 2009. Dei største

utfordringane i planleggings- og koordineringsarbeidet

av teoriopplæringa er å få til gode læringsmiljø – også

for dei «små» faga og for lærlingar som bur i distrikta.

Den digitale skulen

Ordninga med eigen berbar elev-PC er no gjennomført

for alle elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland

fylkeskommune.

Opplæringsavdelinga gjennomførte våren 2009 ei

stor spørjeundersøking blant lærarane som eit ledd

i ei tilbakemelding undervegs i høve satsinga på den

digitale skulen. Den synte at det framleis er eit stort

ønske om og trong for kompetanseheving trass i at

det har vore satsa mykje på kompetanseheving innan

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

IKT dei siste to åra. Undersøkinga synte òg at lærarane

er høgt motiverte i høve til å nytte digitale verktøy i

undervisninga.

Utvikling av innhaldet i den digitale skulen held

fram mellom anna gjennom innkjøp av lisensar og

eigenproduserte ressursar. Stadig fleire elevar nyttar

digitale læringsressursar, anten som hovudlæremiddel

eller som supplement til trykte læremiddel.

Oppdragsverksemd

Oppdragsverksemda hadde ein samla omsetnad på

31,2 mill. kr. Det er om lag 3 mill. kr meir enn i 2008.

Overskotet var på 8,0 mill. kr. Skulane har tradisjonelt

nytta overskot frå oppdragsverksemda til å halda

vedlike og fornya inventar og utstyr. Størst omsetnad

hadde Stord vidaregåande skule og Bergen maritime

videregående skole.

Kompetanseutvikling, etter- og vidareutdanning

Plan for kompetanseutvikling 2009-2012 med strategi

og tiltak for 2009 vart vedtekne av fylkestinget hausten

2009. Planen femner om alle grupper som arbeider

innan vidaregåande opplæring.

Opplæringsavdelinga gjennomførte regional skulering

av skuleleiarane med avdelingsleiarane som

primær målgruppe. Den praksisnære skuleringa er

den viktigaste, og skulane tek sjølv ansvar for fagleg

utvikling og erfaringsutveksling på eigen skule (lærande

organisasjonar). I 2009 fekk 100 lærarar støtte til å ta

vidareutdanning med studiepoeng.

Elevvurdering

Forskrift til opplæringslova vart endra hausten 2009,

og legg no stor vekt på at vurdering skal vera eit ledd

i elevane si læring. Dei faglege vurderingane skal


medverka til å betra elevane sin kompetanse. Alle

skulane skal no ha vurdering av elevane si læring

som eitt av måla i utviklingsplanane, med tilhøyrande

tiltak.

Forsking viser at målretta tilbakemeldingar gjev auka

læring hos elevane. For å skapa ein vurderingskultur som

har fokus på tilbakemeldingar, har opplæringsavdelinga

i samarbeid med Universitetet i Bergen starta eit toårig

prosjektet «Vurdering for læring» ved seks skular.

Rettleiingsheftet «Elevvurdering» kjem i ny utgåve

våren 2010. Føringane som vert gjevne her, må følgjast

opp av den einskilde skule.

Fagskuleutdanning

Fagskuleutdanning ei tertiærutdanning på nivå med

høgskule og universitet. Utdanningane er yrkesretta

vidareutdanningar som byggjer på fullført vidaregåande

opplæring (fagbrev). Utdanningstilboda skal vera

knytt til trong for kompetanse i lokale og regionale

verksemder. I Hordaland er fagskuleutdanningane

utvikla i nært samarbeid med eit vidt spekter av bransjar

og verksemder. Hordaland fylkeskommune har om

lag 20 godkjente fagskuleutdanningar fordelt på åtte

fagskular.

Utdanningane er knytte til helse- og sosialfag,

tekniske og maritime fag. I 2009 hadde fagskulane om

lag 1000 studentar som tok utdanning på heiltid, deltid

eller nett. Talet på studentar auka i dei fleste faga. Dei

fylkeskommunale fagskulane i Hordaland har studentar

frå heile landet.

I 2009 starta fylkeskommunen fagskuleutdanning

innan helse- og sosialfag i Bergen. I tillegg har ein

tilbod på dei vidaregåande skulane i Fusa og Fitjar.

Dette tilbodet vert utvida i 2010, både med omsyn til

fagtilbod og lokalisering.

Hordaland fylkeskommune har jobba tett med

grøntnæringa i landet i fleire år, og i august 2009

fekk vi godkjent landets første fagskuleutdanning

i arboristfag (trepleie). Denne har planlagt start på

Hjeltnes gartnarskule hausten 2010.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

OPPLÆRING

Oppfølging av skulane

I februar 2009 vart «Styringsdokument 2009-2010» og

«System for verksemdbasert vurdering og oppfølging

av dei vidaregåande skulane» sendt ut til skulane. Desse

to dokumenta stettar ein del av krava som § 13.10 i

Opplæringslova set til skuleeigar om å ha eit «forsvarleg

system for vurdering av om krava i opplæringslova og

forskriftene til lova blir oppfylte.»

System for verksemdbasert vurdering vart sett ut i

livet i 2009. Alle dei vidaregåande skulane har levert

pålagde plandokument, og opplæringsavdelinga har

gjeve tilbakemelding på desse. Våren 2009 samla ein

skulane regionalt for å gå igjennom systemet, sjå på

krav og forventingar frå skuleeigar og på kva måte

skulane kan møte desse. I løpet av skuleåret 2009-10

får alle skulane besøk frå opplæringsavdelinga der ein

vil ha hovudfokus på planlegging, resultatvurdering og

rapportering.

15

Hordaland

fylkeskommune

satsar på

entreprenørskap i

den vidaregåande

skulen. I NM for

ungdomsbedrifter

2009 vart Hardanger

Tradisjon og Kultur frå

Odda vgs. nummer

tre. Elevane er frå

venstre: Livar Høyland

Opedal, Kathrine

Moe, Marianne

Bosdal og Terje

Opedal.

To vidaregåande

skular i Hordaland

har oppretta

fagskulefilialar i

Bergen. det er Fitjar

og Fusa vidaregåande

skular. Bakgrunnen

er at Fitjar vgs. i

2008 fekk godkjent

fagskuleutdanning i

eldreomsorg og Fusa

vgs. fekk godkjent

fagskuleutdanning i

psykisk helsearbeid.

Studentane

på fagskulen i

eldreomsorg har

lokale i den tidlegare

kokk- og stuertskulen

i Bergen som

fylkeskommunen

no nyttar til lokale

for Bergen tekniske

fagskole.


16

I 2009 gjennomførte

Hordaland

fylkeskommune

for tredje året på

rad sommarskule

i samarbeid med

Bergen Røde Kors.

Om lag 60 elevar

deltok.

Anders Sveen er her

godt plassert mellom

Seyt frå Tjetsenia og

Stian Mogen.

diagrammet viser

utviklinga i talet på

elevar i vidaregåande

opplæring tilvist

til OT/PPT i

perioden 2005-2009

fordelt etter kva

hovudvanske eleven

hadde. Nedgangen i

tilvisingar i lese- og

skrivevanskar og

psykososiale vanskar,

viser at skulane har

jobba målretta med

dette.

OPPLÆRING

Satsing mot fråfall

Fylkeskommunen har gjennomført ulike tiltak for å

styrkja rådgjevarkompetansen på skulane.

Lærekandidatordninga er eit alternativ til full fagopplæring,

og vert avslutta med eit kompetansebevis

for lærekandidaten. Opplæringsmåla kan endrast under

vegs, og kontrakten kan gjerast om til full lærekontrakt

med fag-/sveinebrev som mål. Bedrifter som tar inn

lærekandidatar har dei siste åra fått eit starttilskot på 25

000 kr. Dette har resultert i ein auke i ordninga med 35

nye kontraktar i 2009.

Forsøk med fleksibel opplæring er vidareført i 2009.

Tilbodet vert gjeve ved dei vidaregåande skulane

på Sandsli, Åsane, Fitjar og Askøy. 32 elevar og 11

lærlingar er no inne i ordninga. Tiltaket omfattar ei

prøveordning med kombinasjon skule-bedrift med

utplassering i bedrift frå første skuleår, og med høve

til større del av opplæringa i bedrift. Opplegget sikrar

også tettare oppfølging under opplæringa. Det har vore

stor interesse for tiltaket, målgruppa er elevar som har

valt yrkesfagleg utdanningsprogram. Hovudføremålet

er å motverka fråfall i denne gruppa.

Tiltak for minoritetsspråklege elevar: Tiltaket

med leksehjelp vart utvida i 2009. Det var tilbod om

sommarskule i matematikk og norsk med eksamensrett.

Tiltaka vart arrangerte i samarbeid med Røde Kors

Hordaland. Forsøk med fadderordning heldt fram.

Informasjonsmøte for føresette til elevar i grunnskulen

vart gjennomførte med to samlingar i Bergen og fekk

svært god oppslutning.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

Senter for yrkesrettleiing (SYR)

Med utgangspunkt i faga utdanningsval og prosjekt til

fordjuping er SYR i gang med å utvikla og etablera eit

webbasert koordineringsverktøy for elevar, rådgjevarar

og bedrifter. Koordineringsverktøyet skal samla

det lokale arbeidslivet sitt tilbod til ungdomsskular

i tillegg til dei vidaregåande skulane sitt tilbod til

ungdomsskulane.

SYR har tett dialog med både grunnskulen og

vidaregåande skular, like eins nær kontakt med det

lokale arbeidslivet i fylket vårt. Også opplæringskontor

og bransje- og bedriftsorganisasjonar er viktige

samarbeidspartnarar. SYR bidrar til at det vert etablert

formaliserte samarbeid lokalt i fylket vårt.

Internett og nettstaden www.mittyrke.no er ein effektiv

og viktig informasjonskanal. Nettstaden skal ha eit

regionalt fokus, og skal visa utdannings- og yrkestilbod i

Hordaland. SYR har saman med fagopplæringskontoret

utarbeidd ein søkbar database der ein finn godkjente

lærebedrifter i Hordaland innan alle lærefag.

Fylkestinget vedtok i 2009 at den direkte, individretta

rådgjevingstenesta til elevane og NAV-brukarane skal

skje desentralisert, på skulane, i ressurssentra og i NAV

sine lokale. Det individuelle samtaletilbodet ved SYR

rettar seg difor primært til vaksne utan tilknyting til

NAV, men senteret er samstundes eit supplement som

NAV kan nytta ved behov.

Oppfølgings- og pedagogisk/

psykologisk teneste (OT/PPT)

Ei av dei lovpålagte hovudoppgåvene er å driva

systemarbeid i skulane. På den måten vert talet på

individsaker med sakkunnig vurdering redusert. Som

grunnlag for dei vidaregåande skulane sine vedtak

om spesialundervisning, har OT/PPT frå 2009 fått i

oppgåve å vera sakkunnig instans for alle som søkjer

om spesialundervisning ved inntak til vidaregåande

skole. OT/PPT er også ansvarleg for sakkunne til

spesialundervisning når det gjeld born og unge i

barnevernsinstitusjonar.

Gjennom to kursrekkjer har det regionvis vore gjeve

informasjon og opplæring i temaet tilpassa opplæring og

spesialundervisning til alle dei vidaregåande skulane.

OT/PPT møter fast i ressursteama på alle dei

vidaregåande skulane, 46 fylkeskommunale og 14

private. Eit viktig mål i 2009 har vore å få ressursteamet

til å verta ein endringsarena der fokuset er å utvikla

arbeidet med tilpassa opplæring og fullføring. OT/PPT

har over tid invitert skular til regionale ressursteamtreff,

og vil utvida dette arbeidet til alle ressursteama i fylket

i 2010.

OT/PPT har koordinert og vore rettleiar i prosjektet

Læringsmiljø og Pedagogisk analyse (LP-modellen)

som vart starta opp på to vidaregåande skular i 2008.

Dette er ein analysemodell som hjelper lærarar til betre

å forstå og handtera utfordringar i eigen praksis.

Saman med NAV i Hordaland skipa OT/PPT til ein

stor samarbeidskonferanse i september. Målet var å

følgja opp overordna målsetjingar i samarbeidsavtalen

på fylkesnivå som vart inngått i 2008. Hovudmålet er å

sikra at det tverretatlege arbeidet fungerer for at ungdom

som ikkje er i opplæring kan oppnå ein kompetanse.

OT/PPT har innført «Open dag» kvar veke på alle

kontora i Hordaland, for at ungdom som ikkje er i

opplæring skal ha låg terskel for kontakt.


Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

TANNHELSE

Betre tannhelse for 5- og 12-åringar,

ny tannhelseplan utarbeidd

Den positive tannhelseutviklinga for

5- og 12-åringar heldt fram i 2009. For

18-åringane har det berre vore marginal

betring dei siste fem åra. Det er framleis

vanskeleg å rekruttera nok tannlegar

til distrikta, særleg Hardanger og

Sunnhordland.

Ny tannhelseplan for Hordaland 2010-13

vart utarbeidd og sendt på høyring i 2009.

Tannhelsetenesta hadde i 2009 brutto driftsutgifter

på 256,4 mill. kr, ein auke på 14,7 mill. kr frå året

før. Driftsinntektene var 73,4 mill. kr som i 2008.

Pasientinntektene svikta med 5,6 % samanlikna med

2008. Tannhelsedistrikt vest var det einaste av dei fem

distrikta som auka pasientinntektene i 2009.

Ved utgangen av 2009 hadde tannhelsetenesta fond

på i alt 16,6 mill. kr (2008: 19,5 mill. kr).

Tannhelseutviklinga

Tannhelsa til 5-åringane betra seg for åttande året på rad

og har sidan 2007 vore like god som landsgjennomsnittet.

I 2009 hadde 79,4 % av 5-åringane feilfrie tenner og

det er tett på målet på 80 % i tannhelseplanen 2010-13.

Men sjølv om det berre er halvparten så mange born

med tannrote i dag som for 5 år sidan, har stadig mange

5-åringar omfattande skader på tennene.

Tannhelsa til 12-åringane har utvikla seg positivt dei

siste fire åra. 12-åringane i Hordaland hadde i 2009 i

gjennomsnitt 1,5 DMFT (tenner med hol eller fylling),

og 43,7 % av årskullet hadde feilfrie tenner. Målet i

tannhelseplanen er 50 %.

Tannhelsa til 18-åringane har ikkje endra seg særleg

dei siste 5 åra. 10,4 % av 18-åringane i Hordaland

hadde feilfrie tenner i 2008. Det er eit godt stykke fram

til målet på 20 % kariesfrie 18-åringar i 2013. Ein viss

overgang til vatn som tørstedrikk gjev von om betring.

Tannklinikkar

I 2009 vart tannklinikken i Øygarden lagt ned. Personell

og pasientar vart samstundes flytta til den utvida

Viktige tannhelsehendingar 2009

Ny tannhelseplan 2010-13 vart utarbeidd

79,4 % av 5-åringane er utan hol i tennene –

tannhelsemål på 80 % nesten nådd

Tannhelsetenesta har tilsette frå 15 nasjonar

Nesttun tannklinikk vart miljøfyrtårn

tannklinikken på Ågotnes. Grunngjevinga for endringa

var å skaffa folket i Øygarden betre tannhelsetilbod.

Tannlegevakta

Fylkeskommunen driv tannlegevakta i Bergen. Tannlegevakta

er open kvar dag året rundt både på dag- og

kveldstid. Det var 4 204 konsultasjonar i 2009, 1 043

prioritert klientell og 3 161 vaksne.

Angst for tannbehandling

Alle tannhelsedistrikt i Hordaland har tilbod om

tannbehandling med lystgass ved til saman 10 klinikkar.

Talet pasientar som får behandling i lystgass går ned

fordi fleire får hjelp ved andre metodar.

Tannbehandling i narkose til prioritert klientell vert

gjeven ved Haukeland universitetssjukehus og Stord

sjukehus (i alt 173 pasientar i 2009, 30 færre enn i 2008).

Fylkeskommunen har inngått avtale med Senter

for odontofobi i Bergen om at to tannlegar i ein

fireårsperiode skal arbeida i 20 %-stilling ved senteret.

Tannhelsetenesta vil med dette få tilført verdifull

kompetanse innan fagfeltet.

Folkehelsearbeidet

Helsefremjande og førebyggjande arbeid i forhold til

pasientar, pårørande og eigne tilsette var i fokus i 2009.

Nærare 90 % av dei tilsette i tannhelsetenesta deltok i

første periode av «Aktiv bedrift», eit mosjonsopplegg

som Noregs bedriftsidrettsforbund står for. Målet er å

motivera flest mogleg til å vera fysisk aktive minst 30

minuttar kvar dag.

Tannhelsetenesta arbeider med å få sett folkehelse-

KOSTRA-tal tannhelse

17

KOSTRA-oversikta

viser utviklinga

i Hordaland

fylkeskommune

2006-2009. For 2009

vert Hordaland

også samanlikna

med Rogaland

fylkeskommune og

gjennomsnittet for

fylkeskommunane

utan Oslo.

Horda- Horda- Horda- Hordal- Roga- Gj.snitt

land land land land land u Oslo

2006 2007 2008 2009 2009 2009

Netto driftsutgifter tannhelsetenesta i prosent av samla netto driftsutg. ................5,2 4,8 4,9 4,8 4,4 4,8

Netto driftsutgifter tannhelse pr. innbyggjar i kroner ..............................................317 327 364 379 347 399

Brutto investeringsutgifter tannhelse pr. innbyggjar i kroner ....................................26 25 14 12 27 28

Brutto driftsutgifter tannhelse pr. innbyggjar i kroner ............................................427 442 485 498 501 547

Prioriterte personar, prosent undersøkt/behandla ................................................64,9 59,6 62,9 62,2 66,9 62,6

Avtalte tannlegeårsverk (offentleg og privat) pr. 1000 innbyggjarar ....................0,98 0,93 0,96 0,91 0,90 0,83

Barn og ungdom 3-18 år, prosent undersøkt/behandla ........................................65,0 65,3 66,5 65,6 68,4 66,9

Prioriterte personar undersøkt/behandla pr. off. tannlege- og tannpl.årsverk .......469 490 506 491 492 487

Prosent ledige tannlegestillingar, offentleg tannhelseteneste .................................3,2 2,5 2,1 0,0 4,6 8,6


18

Grafane til venstre

viser utviklinga av

tannhelsa til 5-, 12- og

18-åringar i Hordaland

samanlikna med

landsgjennomsnittet.

For femåringar er

det prosent med

feilfrie tenner som

vert samanlikna,

medan det for 12-

og 18-åringar er

utviklinga i tal tenner

med hol eller fylling

som er målt.

TANNHELSE

Forklaring til gruppeinndelinga:

Gruppe A:

Born og unge 0-18 år

Gruppe B:

Psykisk utviklings-hemma over 18 år.

Gruppe C: Pasientar i

heimesjukepleie(C2) og i

institusjon (C1) (C1=meir enn 3 mnd

samanhengande, minimum 1 gong

kvar veke.)

Gruppe d:

Ungdom 19 – 20 år.

Gruppe E: Andre grupper som

fylkeskommunen har vedteke å

prioritera.

Gruppe F: vaksne, betalande.

Nesttun tannklinikk

vart miljøfyrtårn i

2009. Byråd Lisbeth

Iversen i Bergen

kommune stod

for tildelinga av

sertifikatet.

Pasientar ferdigbehandla og under tilsyn i 2009:

Tal personar Tal personar Tal personar

Samla tal undersøkt og planlagt ikkje ikkje møtt

Gruppe behandla innkalla eller takka nei Etterslep

Gruppe A 100 415 65 596 22 531 2 580 6 595

Gruppe B 1 587 1 273 142 48 123

Gruppe C1 5 884 3 246 214 114 211

Gruppe C2 6 283 3 006 469 270 296

Gruppe D 12 750 5 983 2 300 771 1 086

Gruppe E1 114 40 0 0

Gruppe E2 766 259 59 25 9

Gruppe F 19 286 5 498 117 2 117

arbeidet i system. Kvar klinikk utarbeider ein årsplan

for det tverrsektorielle folkehelsearbeidet dei skal

gjennomføra.

Sjå også eige kapittel om folkehelse på side 25.

Personell

Samla var det 352 tilsette i tannhelsetenesta ved

utangen av 2009, fordelt med 343 i distrikta og 9 ved

tannhelseavdelinga. Av dei tilsette er 9 % under 30 år

og 57 % over 50 år.

I fylkestannlegen si leiargruppe er 28% kvinner. 68,5

% av tannlegane er kvinner. I dei andre yrkesgruppene

arbeider berre kvinner. I alt er 86,7 % av dei tilsette i

tannhelsetenesta kvinner.

I 2009 vart det tilsett 11 tannlegar i fast stilling og 13

i vikariat,19 kvinner og 5 menn. 36 % av dei som vart

fast tilsette hadde utanlandsk bakgrunn. Pr. 31.12.2009

5-åringar 12-åringar 18-åringar

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

hadde fylkeskommunen si tannhelseteneste tilsette frå

15 nasjonar.

Det er få søkjarar til tannlegestillingar i distrikta,

og dei fleste som tek imot slike stillingar flyttar til

sentrale strok av fylket etter kort tid. I Hardanger og

Sunnhordland er det i hovudsak rekruttert tannlegar

med utanlandsk bakgrunn.

Ny tannhelseplan

Tannhelseplan for 2010-13 vart utarbeidd i 2009.

Planen vart sendt på høyring i september 2009. Endeleg

handsaming var i fylkestinget 9. mars 2010. I planen

er det forslag om å leggja ned 12-15 tannklinikkar dei

komande fire åra. Fylkestinget vedtok at før eit tilbod

vert lagt ned, skal kvar enkelt klinikk vurderast som

eiga sak.


Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

REGIONAL UTVIKLING

Mål: Eit attraktivt og

konkurranse dyktig Hordaland

Hordaland fylkeskommune disponerte i 2009 over

180 mill. kr til regional utvikling.

Fylkeskommunen har eit overordna politisk ansvar

for å medverka til ei god utvikling i Hordaland.

Dette omfattar både å stimulera til næringsutvikling

og innovasjon, å fremja gode lokalsamfunn og til ei

berekraftig ressursforvalting. Målet er at Hordaland

skal vera attraktiv og konkurransedyktig, slik at

folk ønskjer å arbeida og bu i fylket.

Dette krev innsats på mange område, og krev

samarbeid med mange aktørar. Viktige faste

fora er Regional næringsforum, som er eit fast

partnarskapsorgan for næringsutvikling leia av

fylkeskommunen, og planforum. Planforum er eit

organ der kommunane kan leggja fram planar som

er under arbeid, til drøfting med relevante regionale

styresmakter.

Næringsutvikling, distrikts- og regionalpolitiske

satsingar er sentrale i regionalt utviklingsarbeid.

Vidare har også tiltak innan samferdsel, kultur og

vidaregåande opplæring mykje å seia for å fremja

vekst og utvikling i fylket.

Verkemidla for dette er utforming av

regional politikk, utarbeiding av planar for

regional utvikling, gjennomføring av større

utviklingsprosjekt, tilskot til prosjekt og satsingar.

Vidare har fylkeskommunen eit ansvar for å fremja

regionale interesser og ei berekraftig areal- og

ressursforvalting.

Viktige hendingar innan

regional utvikling 2009

● Ny plan- og bygningslov tok til å gjelda frå 1.

juli 2009.

● Fylkestinget vedtok forskingsstrategi for

Hordaland.

● Rekordhøg folkevekst med 7 494 personar.

● I 2009 var det folkevekst i Hardanger for

første gong på fleire år.

● Bygginga av Hardangerbrua starta.

● Vossapakko, Kvammapakka og Bømlopakka

vart vedtekne av Stortinget.

● Fylkeskommunen førebudde seg på

iverksetjing av forvaltningsreforma som tok til

å gjelda frå 1.1. 2010.

● Fylkeskommunen oppretta Kulturelt

utviklingsprogram.

● Vestlandsrådet utarbeidde ei ny samarbeidsavtale

som fekk tilslutning i dei fire

fylkestinga.

19

Hardangerbrua er

planlagt som ei tofelts

hengebru med gang-

og sykkelveg. Brua

får eit hovudspenn

på 1310 m og ei

total lengde på 1380

m. Hardangerbrua

vil bli den lengste

hengebrua i Norge.

Bygging av

tilførselsvegar starta

26. februar 2009.

Bygging av brutårn

starta 7. oktober 2009.

Bilete frå arbeidet på

vallaviksida.


20

REGIONAL UTVIKLING

156 mill. kr til næringsutvikling

I 2009 disponerte fylkeskommunen om lag 156 mill.

kr til næringsrelaterte prosjekt og tiltak, ein auke på

7,7 % frå året før. Auken skuldast i første rekkje større

overføringar frå staten.

I 2009 fekk fylkeskommunen overført 75,0 mill. kr

i øyremerkte statsmidlar til regional utvikling, 9,0%

meir enn i 2008. Midlane gjekk til utviklingstiltak

under Regionalt utviklingsprogram. Til å realisera måla

i dette programmet, løyvde fylkesutvalet ytterlegare

2,9 mill. kr – ein auke på 1,5 %. Fylkeskommunen

løyvde vidare 12,9 mill. kr til næringsføremål retta mot

innovasjon, som støtte til meir langsiktige prosjekt, og

som mellombels driftsstøtte til utvalde institusjonar.

Distriktspolitisk verkemiddelstatus for kommunane

i Hordaland resulterte i overføringar til ordninga

«Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift» på 47,1

mill. kr, 9,7 % auke frå 2008. I dette beløpet ligg 4,5

mill. kr til vidare utbygging av breibandsnettet og

annan infrastruktur i fylket.

Også for 2009 løyvde fylkesutvalet midlar til

regionale utviklingstiltak frå sal av konsesjonskraft.

Sju strategisk viktige og svært ulike prosjekt fekk til

saman 15,0 mill. kr.

Midlar til næringsutvikling 2009

Regionalt utviklingsprogram (RUP) kr 77 969 000

Bedriftsretta verkemiddel

Av desse er i 2009 kr 40 000 000 forvalta av Innovasjon

Norge til bedriftsretta tiltak

Bransjesatsingar

- Energi

- Marine næringar

- Maritime næringar

- Reiseliv

- Kulturbaserte næringar

Entreprenørskap og innovasjon

Internasjonalisering

Livskraftige lokalsamfunn, inkludert tettstadutvikling

Næringsretta kompetanse

NCE Subsea

VRI-programmet

Regionale næringsfond

Omstilling og nyskaping

Til rådvelde for Regionalt næringsforum

Kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift

Regionale utviklingstiltak (kompetanse og infrastruktur) kr 42 600 000

Breibandutbygging i Hordaland kr 4 500 000

Utviklingsmidlar kr 15 000 000

Kompetansesenteret for avansert maskinering kr 2 000 000

Trallebana Skjeggedal kr 2 000 000

Kunstnarhuset Fartein Valen sitt landskap kr 500 000

Historisk grunn - Onarheim kr 1 500 000

Business Region Bergen kr 2 500 000

Os kunst og kultursenter kr 2 500 000

Utbetring FV 381 Matre - Stordalen kr 4 000 000

Fylkeskommunale midlar til næringsføremål utanom RUP kr 12 927 000

Frie midlar til rådvelde for næringsføremål

Driftskostnader/innovasjonstiltak

Prosjekt/institusjonar med førebelse driftstilskot

Andre næringsrelaterte satsingar kr 3 300 000

Program for lokalsamfunnsutvikling kr 1 800 000

Program for samarbeid mellom vidaregåande kr 1 000 000

skule, næringsliv og lokalsamfunn

Professorstilling ved HiB kr 500 000

TOTALT kr 156 296 000

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

Regionalt utviklingsprogram (RUP) 2009

Etter tilråding frå Regionalt næringsforum vedtok

fylkesutvalet Regionalt utviklingsprogram 2009.

Programmet bygde på Fylkesplan for Hordaland 2005 –

2008, og fastsette prioriterte innsatsområde for arbeidet

med næringsutvikling. Programmet fastsette også mål

og retning for andre offentlege aktørar sin bruk av

næringsretta verkemidlar i Hordaland.

Regionalt utviklingsprogram 2009 fastsette følgjande

satsingsområde :

A. Næringar med særlege føremoner (energi,

marine næringar, maritime næringar, reiseliv,

kulturnæringar).

B. Livskraftige lokalsamfunn

C. Næringsretta kompetanse

D. Entreprenørskap

E. Innovasjon og internasjonalisering

Desse satsingsområda vart prioriterte ved tildeling av

prosjekt- og tilskotsmidlar. Midlane vart fordelte mellom

bedriftsretta og tilretteleggjande tiltak. Innovasjon

Norge forvalta dei bedriftsretta midlane på vegner av

fylkeskommunen, og fekk overført 40 mill. kr. Dette er

ein auke på 6,3 % i høve til 2008, og utgjorde 53,3 %

av dei statlege overføringane i budsjettåret.

Verkemidlane under Regionalt utviklingsprogram

resulterte i oppstart av 103 utviklingsprosjekt. Det var

stor overvekt av prosjekt med regionale/fleirkommunale

engasjement. Regionale næringsfond auka elles med

7,1%, frå 7 mill. kr i 2008 til 7,5 mill. kr i 2009. Desse

vart fordelte slik:

Sunnhordland: 2 303 000 kr

Hardanger: 2 183 000 kr

Nordhordland: 595 000 kr

Osterfjorden: 633 000 kr

Bjørnefjorden: 545 000 kr

Voss: 791 000 kr

Sund/Fjell/Øygarden: 450 000 kr

Mellom dei største næringsrelaterte satsingane i 2009

var områdetiltak/omstilling i ulike delar av fylket med ei

samla ramme på 9,0 mill. kr. Største einskildpostar var

Ålvik Vekst med 3,0 mill. kr, «Industrielt knutepunkt

Sunnhordland»/Atheno med 900 000 kr og «Flytt

til Hardanger» med 873 750 kr. Andre store løft var

«Sykelturisme i Hordaland» og «Smak av kysten» som

begge fekk 1,5 mill. kr av RUP-budsjettet.

Nye nettverksprosjekt i Hordaland

Hordaland fekk i 2009 eit nytt prosjekt innafor

Norwegian Centre of Expertice (NCE) programmet og

to nye prosjekt innafor Arena programmet.

NCE-programmet er eit klyngeutviklingsprogram

som tilbyr finansiell og fagleg støtte til gjennomføring av

langsiktige og målretta utviklingsprosessar i inntil 10 år.

NCE Tourism – Fjord Norway er eit resultat av det

lengste og mest vellukka regionale samarbeidet innan

reiseliv i Noreg. Fjord Noreg-modellen er vorten ein

referanse for andre regionar i inn- og utland. Aktørane

i klynga har i ei årrekkje stilt seg bak visjonen om å

posisjonera Fjord Noreg som verdas mest attraktive

destinasjon for natur- og opplevingsferiar.


For å sikra at reiselivsnæringa får eit ytterlegare

løft er NCE Tourism – Fjord Norway etablert som eit

innovasjonssenter som systematisk utforskar potensialet

for foredling av landsdelen sine unike «råvarer» i

form av nye opplevingsprodukt. Satsinga skal styrkja

Fjord Noreg-regionen sin posisjon som eit berekraftig

og attraktivt reisemål, medverka til eit meir heilårlig

reiseliv og betre tilrettelegging for betalingsdyktige

kundegrupper.

Arenaprosjekta

Arena-programmet er ei felles satsing mellom

Innovasjon Norge, Norges forskningsråd og SIVA.

Godkjente prosjekt får fagleg og finansiell støtte.

MediArena har den langsiktige målsetjinga at

mediebyen Bergen skal verta eit nasjonalt leiande

og internasjonalt høgt verdsett miljø for utvikling av

innovative løysningar for produksjon og formidling av

digitalt innhald. MediArena skal medverka til å vidareutvikla

næringsmiljøet sine samar beidsrela sjonar, deira

kollektive kompetanse og gjennomføringsevne på ein

måte som vil gje auka innovasjon, verdiskaping og

vekst.

Bergen har eit mangfaldig og kreativt miljø av

bedrifter i skjeringspunktet mellom mediebasert innhaldsproduksjon

og teknologi. MediArena skal styrkja

nettverka mellom aktørane for å auka samarbeidet om

innovasjon, produktutvikling og profilering. Prosjektet

skal medverka til å utvikla og gjera tilgjengeleg

kompetanse på område som teknologi, tenestemodellar,

forretningsmodellar og marknadskunnskap. Hovudfokus

er nettverksbygging, arbeid for utvikling av FoU-

og utdanningstilbod og kompetansebygging.

Arena NOW

Frå det breie energirelaterte industri- og forskingsmiljøet

i Hordaland og Rogaland har det vakse fram ei

innovativ og vekstkraftig bedriftsklynge som satsar

breitt og ambisiøst internasjonalt på offshore vindkraftproduksjon.

Marknaden for offshore vind er i rask vekst og Arena

NOW si hovudmålsetjing er å etablera eit utstillingsvindauge

for norsk offshore vindkraft for å bidra til å

sikra leveransar av norsk havvindsteknologi til Europa.

Offshore-vindklynga er ung, men tel alt over 50 aktørar.

Fleire leverer alt til utbyggingsprosjekt i UK, Tyskland,

Baltikum, USA og BeNeLux.

Arena NOW skal gje auka konkurransekraft og

verdiskaping i offshore vindklynga på Vestlandet.

Prosjektet skal medverka til å utvikla ekspertise og

samarbeid i klynga, mellom anna gjennom pilotinstallasjon

av eit komplett norskprodusert offshore

vindturbinanlegg i 2012.

Kvinnovasjon

Prosjektet Kvinnovasjon skal auka ambisjonsnivået

blant kvinner som startar eigne bedrifter. Kvinnovasjon

er ein del av regjeringa sitt arbeid med å styrkja

entreprenørskap blant kvinner. Då prosjektet starta

som pilotprosjekt i 2006, vart berre 32 prosent av nye

bedrifter i landet starta av kvinner. I 2013 er målet til

Stortinget auke til 40 prosent.

I Hordaland har fylkeskommunen, SIVA og Inunet

(næringshagane/inkubatorane i Hordaland) gått saman

om kvinnovasjonssatsinga. Gjennom regionale

aktivitetar ved industiinkubatoren i Sunnhordland

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

REGIONAL UTVIKLING

Atheno, FoU-inkubatoren i Bergen Nyskapingsparken

Inkubator, Voss Næringshage, Mongstad Næringshage

og Næringshagen i Odda ønskjer ein å mobilisera

og motivera fleire kvinner til å starta for seg sjølv,

og til vidare utvikling av allereie etablerte bedrifter.

Ein ønskjer å skapa sterke regionale nettverk, auke

ambisjonsnivået, gje inspirasjon, motivasjon og

kompetanse til å gjera draum til røyndom for kvinner

både i by og i distrikta.

Ved å etablera ulike regionale aktivitetar vil

ein kunne få til erfaringsutveksling, samarbeid,

kunnskapsformidling på tvers av regionane og slik finna

fram til nye verkty og nettverksfellesskap. Gjennom

auka samhandling er ambisjonen at ein klarar å skapa

gode rammevilkår for kvinneleg innovasjon i alle delar

av fylket.

Prioriterte

satsingar

Reiseliv

Reiselivsstrategien har som visjon at Hordaland

skal vera best i Norden innan natur- og kulturbaserte

opplevingar. Målet er at vi gjennom samarbeid og

innovasjon skal utvikla berekraftige tilbod innan

natur- og kulturopplevingar som bidreg til økonomisk

levedyktige reiselivsbedrifter og lokalsamfunn.

Samla kommersielle overnattingar i Hordaland

(SSB) viser nedgang på 4 % frå 2008 til 2009. Den

sterkaste nedgangen var 11,6 % i utanlandstrafikken.

Den norske marknaden hadde oppgang på 0,3 % for

Hordaland, men eit fall på 1,2 % for regionen Fjord

Noreg samla. Nedgangen i totale overnattingar er i tråd

med venta utvikling i forhold til finanskrisa.

Reiselivsstrategien for Hordaland 2009-2015 skal

vera retningsgjevande for reiselivsutviklinga i fylket og

bidra til god koordinering og effektiv ressursutnytting.

Strategien skal leggja til rette for at bedriftene og

lokalsamfunna vert i stand til å møta utfordringane og

gripa dei moglegheitene dei står overfor. Strategien er

21

Oppfinnarprisen

Fylkeskommunen

sin oppfinnarpris

for 2009 vart tildelt

Sverre Andreas

Holbye og firmaet

Include AS i Bergen

som har utvikla

produktet TextPilot

– eit program som

hjelper brukarane

med rettskriving,

ordval og opplesing i

alle program der dei

arbeider med tekst.

Fylkesordførar Torill

Selsvold Nyborg stod

for overrekkinga av

prisen på kr 75 000.


22

REGIONAL UTVIKLING

utvikla saman med næringsaktørar, kunnskapsmiljø og

andre offentlege organ.

Det er peika ut fire strategiske satsingsområde:

produktutvikling, områdeutvikling, kompetanse,

marknadsføring. På kvart satsingsområde vert

det gjennomført tiltak, ofte i form av prosjekt.

Destinasjonsselskapa i Hordaland vil mellom anna ta

på seg oppgåver i høve utvalde prosjekt og gjennom

dette vidareutvikla spesialkompetansen sin. På denne

måten sikrar dei også både koordinering og forankring

av arbeidet. Andre tiltak vil verta gjennomført av andre

organisasjonar eller samarbeidande verksemder, likevel

alltid slik at prosjektet vert gjennomført av nokon som

har langsiktig interesse av tiltaket.

Forum Reiseliv Hordaland er eit fylkesdekkande

nettverk av mellom anna destinasjonsselskapa.

Forumet diskuterer måloppnåing og kjem med innspel

til handlingsplanen for reiselivsstrategien på sine faste

møte. Hordaland fylkeskommune er sekretariat for

handlingsplanen og for Forum Reiseliv. Den årlege

fylkeskonferansen «Møteplass reiseliv – Hordaland» er

ein annan viktig arena for samhandling.

Marin sektor

Regionen vår er sterk innan fiskeri, og Hordaland er

eit svært viktig havbruksfylke. Hordaland og Bergen

har ein konsentrasjon av marine FoU-miljø med

internasjonalt forskingsfokus som marknadsfører seg

gjennom «Bergen Marine Forskningsklynge». Dette

gjer at marin sektor er ei næring med særlege føremoner

i Hordaland.

Mykje av reiselivsarbeidet til fylkeskommunen skjer

gjennom prosjekt. Regionalt utviklingsprogram

for Hordaland 2009 gav til dømes prosjektet

«Hordaland – ski heile året» tilsegn om 500 000 kr.

Pengane vil gå til å fremja Hordaland som ski- og

vinterreisemål. Prosjektet si målsetjing er å skapa

30 000 utanlandske skidagar i Hordaland i året. Ski

er eit kjerneprodukt, der Hordaland har naturgjevne

konkurransefortrinn, spesielt på reisemål som har

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

Fylkeskommunen har støtta fleire marine

utviklingsprosjekt og arrangement i 2009. Innsatsen har

særleg vore retta mot utfordringar i akvakulturnæringa,

m.a. berekraftig havbruk, fiskehelse, sjømat og helse,

nye oppdrettsartar og finansieringsutfordringar for

bedrifter innan torskeoppdrett.

«Vestlandprogrammet for nye oppdrettsartar»

er forankra i Vestlandsrådet. Hordaland har

økonomiansvaret for programmet, og i 2009 var

budsjettet vel 4 mill. kr. Det vart gjeve støtte til ei

rekkje utviklingsprosjekt innan marin fisk og skaldyr.

Fylkeskommunen har gjeve økonomisk støtte til

og delteke i gjennomføring av Norsk Sjømatsenter sin

fagkonferanse knytt til «Sjømat for alle» i Bergen og

Vestlandet sin fellesstand på AquaNor i Trondheim.

Hordaland fylkeskommune deltek aktivt saman

med Norsk Sjømatsenter i det nasjonale prosjektet

«Fiskesprell», som rettar seg mot tilsette i barnehagane

for å auke kunnskap om helseeffektar av sjømat og

korleis inntaket av sjømat kan verta større. Planen er å

gjennomføra kurs for over 80 barnehagar i fylket.

Ei ny oppgåve i 2009 var å gje fråsegn om

regionalpolitiske høve i samband med søknader

om nye løyve for oppdrett av laks og aure, samt

førebuingar for organisering av dei nye oppgåvene

innan havbruksforvaltning som vart overførte til

fylkeskommunen gjennom forvaltningsreforma frå og

med 2010.

I 2009 vart det teke opp 39 802 m 3 skjelsand, mot eit

snitt på nær 35 000 m 3 dei fem føregåande åra. Det var

ingen konsesjonssøknader til handsaming i 2009.

«Hordaland – ski heile året»

ski som hovudsatsingsområde. Unikt for Hordaland

er høvet til å stå på ski 12 månader i året, takka

vera Folgefonna sommarskisenter. Når dei snøsikre

vinteranlegga stengjer i mai, er det klart for opning

på Folgefonna. Prosjektet vil bidra til samhandling

og partnarskapstenking mellom aktørar på tvers av

tradisjonelle destinasjonsområde. Hovudmarknaden

for prosjektet er England, Nederland, Russland og

Danmark.

PROSJEKTMIdLAR FRÅ FyLKESKOMMUNEN: Asbjørn Børsheim (t.v.) overrekte «den glade bodskapen» om at

fylkeskommunen skal yta 500 000 kr i tilskot til prosjekt «Hordaland – ski heile året».


Regional planlegging,

partnarskap og samarbeid

Regional planlegging

Arbeidet med regional planstrategi vart starta,

prosjektgruppe vart konstituert og arbeidet er kome i

gang.

Planprogram for Regionalplan for Hardangervidda

villreinområde vart vedteke og planarbeidet vart starta

med mellom anna folkemøte i kommunane. Planarbeidet

er godt i gang. Planprogram for Regionalplan for

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiene og Setesdal Austhei

villreinområde vart utarbeidd og sendt ut på høyring.

Det vart vedteke oppstart av Regionalplan for Nordfjella

villreinområde.

Fylkesdelplan for småkraft

Fylkestinget vedtok Fylkesdelplan

for småkraftverk

2009-2021 i desember.

Horda land er første fylke

i landet med ein slik plan.

Planarbeidet har følgd Olje-

og energidepartementet sine

retningsliner for regionale

planar på dette feltet.

Planen inneheld mål og

fylkespolitiske retningsliner

som skal nyttast ved handsaming

av nye småkraftsaker i fylket. Det er vidare

utarbeidd tekst og verdikart/kjeldekart for følgjande

tema: Sårbart høgfjell, fjordlandskap, biologisk mangfald,

inngrepsfrie naturområde, fisk, kulturminne,

friluftsliv og reiseliv. Planen gjev også nærare omtale

av potensial og arealverdiar i 14 delområde, og gjev slik

både utbyggjarar, andre arealbrukarar og styresmakter

eit utvida grunnlag for vurdering og handsaming av nye

småkraftverk i fylket.

Klimaplan for Hordaland

13.-14. januar 2009 var om lag

50 deltakarar frå kommunar

og andre offentlege instansar,

næringsliv og frivillige

organisasjonar samla på

Voss for å staka ut kursen for

klimaplanen. Deretter vart

det arbeidd i større og mindre

møte med utvalde tema

utover våren og sommaren,

før ein i løpet av hausten

2009 sydde saman materialet

til eit høyringsutkast som fylkesutvalet 16. desember

vedtok å senda på høyring.

Energi

Det er stor interesse for å byggja ut meir fornybar energi

i Hordaland, og i 2009 vart 11 utbyggingsprosjekt

lagde fram for politisk handsaming. Størst pågang var

det innan vasskraft med 8 søknader om konsesjon til

vasskraftverk (155 GWh) og 2 meldingar om planar

for større prosjekt (150 GWh). Samla kan desse gje

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

REGIONAL UTVIKLING

305 GWh ny vasskraft i fylket. I høve Fedje vindpark

som kan gje 21 GWh valde fylkesutvalet å rå frå

å gje konsesjon. Det er også stor merksemd kring

kapasiteten i kraftnettet, og ny større kraftlinesak frå

2009 var planane om ny 300kV line frå Mongstad til

Matre som kan koma til å kryssa gjennom sørleg del av

Stølsheimen.

Miljø

Under fylkestinget i oktober 2009 vart fylkeskommunen

sin miljøpris for 2008 tildelt Stamnes skule i Vaksdal og

Flaktveit skole i Bergen med følgjande grunngjeving:

Stamnes skule i Vaksdal – målretta miljøvernarbeid

gjennom mange år som gjev godt håp for framtidas

generasjonar. Skulen og elevane er gode førebilete, og

inspirerer både vaksne og born til å ta miljøutfordringane

på alvor.

Flaktveit skole i Bergen – systematisk arbeid med

berekraftig utvikling og miljø gjennom fleire år.

Gjennom undervisning og praktisk handling i kvardagen

får elevane kunnskap om dei store miljøutfordringane

og erfaring i korleis ein sjølv kan bidra til å løysa dei.

Som fyrtårnskule for berekraftig utvikling vert arbeidet

formidla ut til andre skular i kommunen – og inspirerer

slik fleire til å ta miljøutfordringane på alvor.

Det fylkespolitiske engasjementet for å få heva

ubåten U-864 og kvikksylvet om bord kom eit skritt

nærare realisering etter Fiskeriministeren si kunngjering

i januar 2009 om at ubåten ved Fedje skal hevast. På

nyåret i 2010 har regjeringa avgjort at det skal gjerast

nye utgreiingar før endeleg avgjerd om hevingsarbeidet

vert teken – og tildekking kan framleis verta aktuelt.

Rettleiing og kompetanseutvikling

1. juli 2009 vart plandelen i ny plan- og bygningslov

iverksett. Fylkeskommunen har ansvar for å gje

kommunane kompetanse i kommunal planlegging.

Det vart oppretta eit rettleiingsteam i samarbeid

23

Stamnes skule (foto

øvst) frå vaksdal

kommune og Flaktveit

skole frå Bergen

kommune fekk

fylkeskommunen sin

miljøpris i 2009.


24

Frå planlovsamling

med fullsett sal – frå

golv til tak – på Hotel

Terminus i Bergen.

Fire storsamlingar

med 800 deltakarar

vart arrangerte.

den første nasjonale

landskapskonferansen

i Noreg. Jean-

François Seguin

frå Europarådet

saman med Kari

Olrich Sørebø,

prosjektleiar for

landskapsprosjektet

i Hordaland

fylkeskommune.

REGIONAL UTVIKLING

med Fylkesmannen. Kommunar, regionale organ og

konsulentbransjen har fått opplæring gjennom fire store

samlingar med til saman rundt 800 deltakarar.

Arbeidet med kompetansegjevande utdanning i

planrett og andre planfag har kome eit langt steg vidare

gjennom oppretting av kurs ved universitetet i Bergen

og samarbeid med Universitets- og høgskulenettverk

Vest.

Kommuneplankonferansen «Frå kjelde til kyst»

handla om planlegging og vassressursar og samla om

lag 200 deltakarar. For fylkeskommunen er dette svært

aktuelle tema i og med at fylkeskommunane som følgje

av forvaltingsreforma, både vert regional vasstyremakt

og får nye oppgåver innan havbruk.

Regionalt planforum, som no også er forankra i ny

Plan- og bygningslov, er eit organ der kommunar og

fylkeskommunen kan leggja fram til drøfting planar som

er i prosess. Det har vore stor etterspørsel etter møtetid.

15 dagar vart nytta til drøftingar, 16 kommunar, dvs. at

halvparten av kommunane i fylket møtte og 21 planar

var drøfta.

Utviklingsprosjekt

Det regionale samarbeidsprosjektet «Landskap i

kommunal planlegging i Hordaland» der dei fire

kom munane Lindås, Samananger, Sund og Granvin

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

deltek, har hatt stor aktivitet. Prosjektet er eit

nasjonalt prosjekt for iverksetjing av den europeiske

landskapskonvensjonen og har vekt interesse utanfor

landets grenser både i nordisk samanheng og i samband

med studietur til England. Etatar og planaktørar i fylket

har utveksla nyttige erfaringar gjennom prosjektet.

Hordaland var vertskap for den første nasjonale

landskapskonferansen som fann stad i Bergen i november

2009. Alle landsdelar var representerte med i alt 230

deltakarar. Jean-François Seguin representerte Europarådet

og i tillegg deltok statssekretær i Kommunal-

og regionaldepartementet og politisk rådgjevar i

Miljøverndepartementet.

Kommuneplanlegging

Fylkeskommunen har rett og plikt til å delta i arbeidet

med kommunale planar og skal ivareta regionale

interesser. I 2009 vart totalt 33 kommuneplanar/

kommunedelplanar, 653 reguleringsplanar og 1444

dispensasjonssaker som vart handsama. Det er ein auke

på 5 kommuneplanar og vel 200 dispensasjonssaker

frå 2008. Talet på reguleringsplanar har halde seg

nokolunde stabilt, men planar som kom til høyring

fordelte seg ulikt over året med ei opphoping rett før ny

plan- og bygningslov tredde i kraft 1. juli.

Dei fleste planane som vart handsama i 2009 er

utarbeidde etter gamal plan- og bygningslov. Den nye

lova inneheld store endringar i høve til tidlegare lov

når det gjeld planformål og kartframstilling, noko som

skaper utfordringar i rettleiingsarbeidet. Det er i 2009

etablert eit tettare samarbeid med Statens kartverk i

form av kurs og plannettverk for kommunane, pluss

gjensidig formidling av informasjon på internett.

Tettstadutvikling

Arbeid med utvikling av tettstadene i fylket heldt fram og

det var stor interesse for faglege råd. Fylkeskommunen

gav tilskot til 6 prosjekt i 4 kommunar i 2009. Det var

stor oppslutnad om årets tettstadskonferanse «Handel

og folk i sentrum» som fann stad på Stord med 110

deltakarar. Hovudfokus var korleis byforming kan vera

avgjerande for å skape eit sentrum som ein god arena

for handel og som attraktiv møteplass og bustadområde

for folk. Det kom fleire deltakarar frå næringslivet enn

det som har vore vanleg ved tidlegare konferansar.


Auka ansvar for folkehelse

Handlingsprogram for folkehelse vart i 2009 utvida

med ei heilskapleg satsing på fysisk aktivitet, kosthald,

tobaksførebygging, tiltak mot rusmidlar, integrering og

universell utforming.

Dei overordna måla er fleire leveår med god

helse for folk og å minska helseforskjellane. Fylkeskommunen

si rolle er å leggja til rette, utvikla og

koordinera folkehelsearbeidet. Ein prioriterer tiltak

med dokumentert effekt på folkehelsa, sikrar at

folkehelseperspektivet vert vurdert i kommunale planar,

inngår partnarskap og arbeider med betre samordning

av tilskotsordningane til folkehelsetiltak.

Folkehelsearbeidet vart sett på dagsorden i 2009

med forvaltingsreforma, ny plan- og bygningslov,

samhandlingsreforma og forslag til ny lov om fylkeskommunane

sine oppgåver i folkehelsearbeidet.

Utvikling av partnarskap er den viktigaste oppgåva.

Fylkeskommunen har no 14 partnarar: Fylkesmannen,

kommunane Austrheim, Askøy, Bergen, Kvam,

Kvinnherad, Odda og Stord, Friluftsrådet Vest, Bergen

og Omland Friluftsråd, Hordaland Idrettskrets, Bergen

Turlag og Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Innan partnarskapet var det gjennomført fleire

kurs og nettverkssamlingar for å auka kompetansen.

Folkehelsegruppa har delteke og medverka på nasjonale

og internasjonale konferansar og undervist studentar

ved høgskular og universitet. Målet er å få alle som

jobbar med folk si helse og livsglede til å dra nytte av

kvarandre.

Folkehelsemidlar vart i 2009 nytta til:

• 1,69 mill. til stimuleringstiltak til lokale folkehelsetiltak

innan Partnarskap for folkehelse og medfinansiering

av folkehelsekoordinatorar i kommunane.

• 500 000 kr til tiltak retta mot fysisk aktivitet i

frivillige organisasjonar.

• 200 00 til folkehelseprosjektet MOT i to

vidaregåande skular.

• 50 000 til informasjonstiltak om Helsedirekto ratet

sitt aktivitetsprosjekt «Betre helse på 1-2-30».

Tiltak innan tannhelse

I 2009 har fylkeskommunen si tannhelseteneste sett

fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid i

forhold til pasientar, pårørande og eigne tilsette. Kvar

klinikk utarbeider ein årsplan for det tverrsektorielle

folkehelsearbeidet dei skal gjennomføra.

Tannhelsetenesta i Hordaland har saman med

kollegaene i Rogaland og Sogn og Fjordane utforma

samarbeidsavtalar for å få etablert eit systematisk

samarbeid med leiinga og dei ulike helsetenestene i

kommunane. Avtalar vil vonleg verta inngått i 2010.

Sosial utjamning er eitt av måla innan folkehelse.

Tannhelsetenesta er i ein spesiell posisjon når det

gjeld å kunna avdekka omsorgsvikt og overgrep

mot born. Det vert send få bekymringsmeldingar til

barnevernet og det føreligg truleg ei underrapportering.

Tannhelsetenesta i fylkeskommunen har hatt i gang

ei arbeidsgruppe som har gjennomgått rutinar og

retningslinjer når det gjeld bekymringspasientar og

meldeplikt til barnevernstenesta. Målet er få i stand ein

samarbeidsavtale med barnevernet, skapa gode rutinar

og syta for at tannhelsepersonell føler seg trygge på

varslingsprosedyrar.

I tillegg til at tannhelsetenesta gjennomfører

opplysnings- og undervisningsverksemd på pleieinstitusjonar

og helsestasjonar vart det gjennomført ei

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

REGIONAL UTVIKLING

rekkje mindre folkehelsetiltak i 2009. Mellom anna

markering av årets vassdag, med oppfordring om å

nytta vatn som tørstedrikk. Informasjonskampanjen

«Friske eldre» som set fokus på dei eldre sine rettar.

Deltaking i den nasjonale «Fiskesprell» satsinga som

rettar seg mot barnehagetilsette og undervisning for

5.-7. klasse med vekt på kosthald og erosjonar. Desse

tiltaka skal vidareførast i 2010.

Tiltak innan idrett og friluftsliv

Ein stor del av folkehelsearbeidet fylkeskommunen står

for, er organisert under kultur- og idrettsavdelinga. Innan

idrett og friluftsliv er iverksetjing av fylkesdelplanen

«Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-12 – Aktiv

kvardag» sentral. Å leggja til rette for og stimulera til

fysisk aktivitet i nærmiljøa er viktig for betre folkehelse.

(Meir info under kapitlet om kultur og idrett.)

Universell utforming

Museumssenteret i Hordaland fekk tilskot til utarbeiding

av ein plan for universell utforming.

Senter for yrkesrettleiing har sett universell utforming

på dagsorden, og arrangerte ein stor konferanse om

emnet, for vidaregåande opplæring

Innan friluftsliv er det ytt tilskot til tilrettelegging av

turvegar i Kvam og til badeplass i Radøy.

Ein rettleiar for å ivareta universell utforming i

offentlege innkjøp er utarbeidd og har vekt interesse

nasjonalt. Rettleiaren er lagt ut på offentlege nettsider.

Eigedomseksjonen har kartlagt tilgjenge i alle

vidaregåande skular etter Statsbygg sitt program «Bygg

for alle». Hordaland er den første fylkeskommunen

som gjer dette, og arbeidet vert ført vidare med ein

publikumsmodul.

Samferdselsavdelinga har utarbeidd plangrunnlag for

oppgradering av Åsane og Loddefjord bussterminalar

med fokus på universell utforming.

25

Hordaland

fylkeskommune

har – som første

fylkeskommune i

landet – kartlagt

tilgjenge i alle

vidaregåande skular

etter Statsbygg sitt

program «Bygg for

alle».


26

Oselvarverkstaden

vart i 2009 i det

første «economuse»

i Hordaland. Frå

venstre bak:

Prosjektleiar Terje

Inderhaug, Helge

Andre Njåstad

(leiar i kultur- og

ressursutvalet),

båtbyggjar Leif

Harald Amundsen,

kst. fylkeskukltursjef

Ronny Skaar.

Framme: Maxi

Nachtigall frå

sekratariatet til

EU sitt «Northern

Periphery Programme

2007-2013» og Cyril

Simrad. Simrad er

kanandiaren som kom

på konseptet med

«economuseum».

REGIONAL UTVIKLING

Ny internasjonal strategi

Fylkeskommunen driv internasjonalt arbeid gjennom

internasjonale organisasjonar, programsamarbeid, samarbeids

regionar, Vest-Noregs Brusselkontor og anna

prosjekt samarbeid. I 2009 hadde fylkeskommunen eit

variert spekter av internasjonale aktivitetar, innanfor alle

desse kategoriane.

Ny strategi

Fylkestinget vedtok 18. mars 2009 ny strategi for

fylkeskommunen sitt internasjonale engasjement for

perioden 2009-2012. Strategien peikar ut 4 prioriterte tema

for det internasjonale arbeidet; Ungdom – utdanning og

kulturutveksling, Kunnskapsbasert innovasjon, Klima,

energi og miljø og Sjøretta aktivitetar.

Vestlandsrådet

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsutval mellom

dei fire fylkeskommunane på Vestlandet.

Vestlandsrådet gjennomførte fem møte i 2009.

Vestlandsrådet starta eit strategiarbeid i 2008,

og utkast til samarbeidsavtale vart vedteke på eit

fellesmøte i Bergen 26-27. mai. Medlemsfylka gav

fråsegn til samarbeidsavtalen i desember. Mellom anna

vart det lagt opp til å etablera eit Arbeidsutval med

fylkesordførarane som medlemer. AU som etablerte seg

sjølv alt frå hausten 2009, skal følgja opp saker mellom

møta og sjølv initiera saker til rådet. Det vart også lagt

opp til ein fast sekretariatsleiar, og stillinga vart lyst ut

hausten 2009.

Andre viktige saker har vore:

- Nasjonal transportplan (NTP) 2010-2019 og E39

Kyststamvegen

- Ekspressbuss Vestlandet, prosjekt for å etablera ei

samanhengande ekspressbussrute på Vestlandet

- EU sin maritime politikk

- Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar

- Verftsnæringa og finanskrisa

- Båtrute til England

- Deltaking i Expo 2010 (Verdsutstillinga i Shanghai) og

relasjonar til Kina

- Finansiering, organisering og utvikling av

fagskuletilbodet

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

Satsing på internasjonal kompetanse

Fylkeskommunen satsa i 2009 på å styrkja internasjonal

kompetanse, både internt og hos andre aktørar i Hordaland.

Internt vart det gjennomført språkkurs i engelsk og tysk

for dei tilsette, 8 internasjonale lunsjmøte med ulike tema,

informasjonsmøte om kva tilbod som finst og om bruk

av utplasseringar innan Leonardo da Vinci programmet.

Eksternt vart det skipa til ei rekkje konferansar; ein

internasjonal konferanse for alle skulane, konferansen

«Europa i min region» med kommunane som målgruppe

og ein regional konferanse på oppdrag frå Bufdir om

informasjon retta mot ungdom. Desse tiltaka kom i

tillegg til det store arbeidet med å auka den internasjonale

kompetansen i skulane, kommunane og næringslivet m.a.

ved bruk av ulike EU/EØS-program.

Nokre aktivitetar i 2009

Hordaland fylkeskommune er aktivt med i Nordsjøsamarbeidet.

På fylkestinget i oktober heldt presidenten i

Nordsjøkommisjonen, Gunn Marit Helgesen, innlegg om

organisasjonen.

Programsamarbeid

Fylkeskommunen er leiande partnar for to store

internasjonale EU prosjekt.

Prosjektet ENE: Économusée Northern Europe er

knytt til EU sitt program for nordleg periferi. I prosjektet

deltek no sju land med sju ulike språk. Eit «economuse»

er ikkje eit museum i vanleg forstand, men ei privat

verksemd som satsar på å auka sal gjennom formidling og

publikumsbesøk. Slik opnar ein for å gje kulturopplevingar

og å oppleva ein autentisk handverksproduksjon. Målet

med EU-prosjektet er å skipa 18 handverkssenter i Europa,

derav fem i vårt område. «Aurlandsskoen» vart opna

som det første «economuse» i Nord-Europa 1. juli, og

«Oselvaren» som det tredje 10. desember. Dei tre neste i

Hordaland vert ferdige i 2010.

Coast Alive! er eit Interreg IVC-prosjekt med 14

partnarar, og har som mål å nytta nettet av gang- og

sykkelvegar som omkransar heile Nordsjøbassenget til å

fremja folkehelse og småskala næringsutvikling. Prosjektet,

som starta i februar 2009, har eit budsjett på om lag 3,6 mill

euro. Det er sett ned tre arbeidsgrupper med ansvar for

kvart sitt tema:

• Open Coast: Korleis få tilgang til kystsona?

• Active Coast: Korleis skapa aktivitet og

arbeidsplassar med utgangspunkt i løypenettet?

• Community Coast: Korleis sikra lokal forankring av

prosjektet?

Det er utvikla ei rekkje lokale initiativ under paraplyen

Coast Alive!, mellom anna for å få betre tilgang til

løype nettet, og for guidetenester i samarbeid med

prosjektet Perlar i Nordsjøløypa. Fylkeskommunen

har, som prosjektleiar, utvikla rutinar for rapportering,

kommunikasjon og webtenester.

Hordaland fylkeskommune er via Skyss og HOG

Energi med i prosjektet Baltic Biogas Bus innan

Østersjøprogrammet. Prosjektet skal m.a. greia ut

om transport av biogass, korleis dei ulike landa

sine verkemiddel retta mot biogassbussar slår ut og

korleis ein kan påverka utviklinga av og prisen på

gassbussar. Prosjektet skal og sjå på potensialet for

biogassproduksjon i regionen vår.


Ungdom og kommunar

Europakontoret gjennomførte fire seminar om

internasjonalisering i Knarvik og Odda. Tema var

«Ungdomsinitiativ - ein ressurs for lokalsamfunnet»

(Aktiv Ungdom-programmet). 120 ungdomar og

ungdomsarbeidarar deltok og seminara resulterte i fleire

konkrete prosjektidear for å gjera lokalsamfunnet til ein

betre plass å bu for ungdom.

Europakontoret hjelper Hardangerrådet med å utvikla

eit bilateralt prosjektsamarbeid med Italia (Comenius

Regio programmet). Hardanger er og sentral i to søknadar

til partnarskapsprosjekt i Leonardo da Vinci-programmet.

Gjennom ulike tiltak i Leonardo da Vinci-programmet

fekk 88 personar – inkludert 9 tilsette i Hordaland

fylkeskommune – kortare og lengre opphald i 10 EUland.

Nesten 50 personar frå Hordaland reiste ut gjennom ulike

Aktiv Ungdom-prosjekt som til saman fekk kring 1 mill. kr

i EU-stønad. Utreiseområdet er utvida, og ein ungdom frå

Hordaland var volontør i Marokko. Fleire internasjonale

prosjekt får ringverknader lokalt. UngFilm si deltaking i

eit prosjekt i Italia inspirerte til ein ungdomsfilmfestival i

Bergen.

Kartlegging av dei internasjonale aktivitetane i dei

vidaregåande skulane i 2009 viser at:

• 83% av skulane hadde internasjonale aktivitetar

• Kortare elevturar er framleis den mest vanlege

aktiviteten

• Auka deltaking i europeiske program som

Comenius og Leonardo da Vinci

• Det vert samarbeidd med 18 land i Europa, og 5

utanfor

Hausten 2009 starta Lønborg videregående skole eit

pilotprosjekt med helsefagarbeidaropplæring med

utplassering på Zanzibar.

Samarbeidsregionar

Nedre-Normandie, Frankrike

I 2009 vart forholdet til samarbeidsregionen Basse-

Normandie vitalisert. Ein delegasjon frå Conceil Régional

de Basse-Normandie vitja Hordaland i juni. Kultur er

ein viktig del av samarbeidet, og det var gjenvisitt til

Basse-Normandie/Caen i høve festivalen Les Boreales i

november. Skulesamarbeidet er utvida og det vert arbeidd

med to ungdomsprosjekt og med prosjekt innan innovasjon.

I 2009 var det utplasseringar i begge administrasjonane.

Under vitjinga i november underteikna fylkesordføraren

og regionpresidenten ein konkret handlingsplan for

samarbeidet i dei neste tre åra.

Thüringen, Tyskland

Hordaland fylkeskommune underteikna i 2009 ein intensjonsavtale

med Thüringen om samarbeid om felles bruk

av regionale verkemiddel til transnasjonale prosjekt.

Til no har to aktørar i Hordaland fått støtte til teknologi/

innovasjonsprosjekt, finansiert med RUP-midlar til

deltakarane frå Hordaland. Institutt for Fysikk og Teknologi

ved UIB og Høgskulen Stord/Haugesund leier prosjekta

frå norsk side.

I skuleåret 2009/10 er 8 elektrofagelevar frå Hordaland

ved Andreas Gordon Schule i Erfurt.

Orknøyane, Skottland

I skuleåret 2009/10 er det to elevar frå Hordaland ved

Kirkwall Grammar School, medan to elevar derifrå er eitt

år på Voss Folkehøgskule.

Cardiff, Wales

I skuleåret 2009/10 er 16 elevar utplasserte på seks skular

Organisering av det

internasjonale arbeidet

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

REGIONAL UTVIKLING

Alle avdelingane i sentraladministrasjonen er engasjerte

i internasjonale aktivitetar og fleire har sentrale roller

i internasjonale prosjekt. Dei vidaregåande skulane

deltek og i fleire prosjekt. Fylkeskommunen har hatt to

einingar som jobbar spesifikt med internasjonale saker;

Europakontoret og arbeidslaget Internasjonalt arbeid.

Frå 2010 vert desse to einingane slått saman.

i Cardiff og Vale of Glamorgan. Elevar frå Cardiff har og

vore på gjenvitjing til Knarvik. Kokkar frå The Norwegian

Church Culture Centre var på studievitjing i Hordaland for

å læra meir om tradisjonsmat, m.a. på Sandsli videregående

skole.

Kaunas, Litauen

Ungdomar og ungdomsleiarar frå Kaunas vitja Hordaland

for å planleggja eit mogleg Aktiv Ungdom-prosjekt. I

skuleåret 2009/2010 er det 2 elevar frå Litauen ved Manger

folkehøgskule.

Zambia

Sidan januar 2006 har opplæringsavdelinga og Sotra

vidaregåande vore involverte i eit prosjekt for å integrera

ungt entreprenørskap i undervisninga i Zambia.

Prosjektet er utvida frå ein til 11 skular i Nord-Zambia.

Prosjektet får stønad frå NORAD. Resultata er gode og

utdanningsdepartementet i Zambia ynskjer å innarbeida

opplegget i fagplanane.

Vellukka vinterfestivalar

Hordaland fylkeskommune var og i 2009 med på å skapa

julestemning i samarbeidsregionane Edinburgh, Cardiff og

Orknøyane. Som i tidlegare år gav Hordaland juletre. Eit

viktig aspekt er konsertane som skapar gode møteplassar

for samhandling. I stadig større grad vert dei musikalske

bidraga frå Hordaland i regi av fylkeskonsertane del av

større vinter- og julemarkeringar på dei einskilde stadene.

Vest-Noregs Brusselkontor

I 2009 flytta VNB inn i nye lokale i det nyoppussa «Norway

House», formelt opna av HKH kronprins Haakon Magnus i

januar. VNB fekk tre nye medlemmar . Under konferansen

«Open Days» i oktober opplevde VNB rekordstor

aktivitet og deltaking frå Vestlandet. Dei arrangerte

ein kulturkonferanse i Brussel og var medarrangør i

konferansen «Europe in my region» i Bergen.

27

Ein delegasjon frå

Normandie gjesta

Hordaland i juni

2009 – besøk på

visningssenteret

for akvakultur i

Fyksesund stod på

programmet.


28

* Kolonna viser

rekneskapsmessig

avvik i 2009 i høve til

nettobudsjett.

– viser overskridingar

KULTUR OG IDRETT

Kulturelt utviklingsprogram - nytt

verkemiddel i kulturpolitikken

Etableringa av eit nytt kulturelt

utviklingsprogram vil i framtida medverka

til større satsingar innan kultur

i fylket. I 2009 vart Kulturminneåret

markert i samarbeid med mange aktørar.

Til markeringa vart det laga fleire

skuleprogram for barn og unge.

Brutto driftsutgifter til kultur og idrett i 2009 var 259,1

mill. kr, 53,1 mill. kr meir enn i 2008. Auken skuldast

særleg ekstraløyving (krisepakke i samband med

finanskrisa) over statsbudsjettet til kulturminnevern

og ekstra statlege tiltaksmidlar til idrettsanlegg, midlar

som fylkeskommunen betalte ut. Hordaland fekk tildelt

22,2 mill. kr til kulturminnevern, mot 3,4 mill. kr i

2008, og kr 18,8 mill. kr av dei statlege tiltaksmidlane

til idrettsanlegg.

Kulturelt utviklingsprogram

Fylkestinget vedtok i 2009 nysatsinga Kulturelt utviklings

program (KUP). Programmet har eit budsjett på

7 mill. kr. KUP skal vera eit verkemiddel for større,

klart definerte programsatsingar, som skal utformast

i samråd med kulturlivet i fylket. Det skal opprettast

eit rådgjevande organ som får namnet Regionalt

kulturforum.

Kulturminneåret 2009

Kulturminneåret hadde fokus på kvardagslivet sine

kulturminne. Mange av prosjekta var samarbeid

mellom frivillige, organisasjonar, musea, næringsliv

og det offentlege. Hordaland fylkeskommune fordelte

0,5 mill. kr til regionale prosjekt. 111 prosjekt søkte om

stønad. Fleire av desse fekk også pengar frå ei statlege

løyving, i alt litt over 0,4 mill. kr og 13,1% av den

samla tilskotsramma.

I fylkeskommunen vart det lagt ned eit stort arbeid

med eit nettbasert kulturhistorisk leksikon. I samband

med nettstaden «Digitalt fortalt» vart det halde kurs

Brutto driftsutgifter kultur og idrett

Tal i millionar kroner. Løpande prisar.

Avvik*

Reknesk. Reknesk. Reknesk. Reknesk. netto-

2006 2007 2008 2009 bud. 09

Arkiv 3,3 4,1 3,8 4,0 0,0

Bibliotek 7,2 7,3 8,4 9,7 0,0

Kulturvern, musé 51,0 55,3 54,1 79,3 0,0

Kunst, kunstformidling 36,2 38,7 41,2 46,9 0,7

Idrett 6,5 7,2 7,4 7,4 0,2

Barne- og ungdomsarbeid 3,0 3,1 3,2 3,3 0,0

Vaksenopplæring 0,8 0,8 0,7 0,7 0,0

Spelemidlar 64,2 75,9 67,3 86,7 0,0

Andre kulturføremål 12,3 16,6 17,4 18,0 0,3

Friluftsliv 2,3 2,3 2,5 3,1 0,0

Sum brutto driftsutgifter 186,8 211,3 206,0 259,1 1,2

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

for å få fleire til å medverka med kulturminne til denne

databasen.

Felles konferanse for kultur og idrett

For første gong var fylkeskulturkonferansen og

fylkeskonferansen for idrett og friluftsliv samordna.

Konferansen vart arrangert 4. - 5. november i Bergen.

Det overordna temaet var «Kultur og idrett som

samfunnsutviklar» med fokus på samhandling mellom

det offentlege, frivillige organisasjonar og kommersielle

aktørar. Til saman deltok 226 personar frå kommunar,

frivillige organisasjonar og kulturinstitusjonar. Konferansen

vart miljøsertifisert som den første i Hordaland

fylkeskommune sin regi.

Kunstnarleg utsmykking

Dei siste åra har det vore stor byggjeaktivitet i

fylkeskommunal regi, og i 2008 vart det vedteke

nye retningsliner for kunstnarleg utsmykking av

fylkeskommunale bygg. Kultur- og idrettsavdelinga

og eigedomsseksjonen samarbeider om utsmykkingsprosjekta.

Nyare prosjekt omfattar Nordahl Grieg

videregående skole på Sørås, det nye tilbygget

til Knarvik vidaregåande skule og Amalie Skram

videregående skole på Nygårdstangen.

Kulturkort for ungdom

Om lag 20 000 nye kort og brosjyrar vart sende ut til

ungdom via dei vidaregåande skulane i fylket. I april

vart det tilsett ein medarbeidar i 40% for å jobba med

kulturkortet, mellom anna gjennom betre oppdatering

av nettsida og tettare kontakt med ungdom og

samarbeidsinstitusjonar.

Kulturminnevern

I følgje nasjonale mål skal alle freda bygningar

i privat eige setjast i normal stand innan 2020.

Hordaland fylkeskommune har ekstra merksemd på

forvalting av freda kulturminne frå nyare tid (etter

1537). Tilstandsregistrering av alle freda hus i privat

eige i Hordaland vart avslutta og gav grunnlag for å

planleggja vidare istandsetjing.

Arbeid med gjennomgang av alle

fredingssaker vart ført vidare med to

prosjekttilsette frå våren 2009.

2009 – store statlege løyvingar

Finanskrisa skapte frykt for

sysselsetjinga, og eit av krisetiltaka

var ei ekstraløyving over stats budsjettet

på 223 mill. kr til kulturminnevern.

Av desse midlane mottok

Hordaland fylkeskommune 22,2

mill. kr., mot 3,4 mill. kr i 2008.

Løyvingane til freda bygningar

i Hordaland utanom Bryggen

vart dermed meir enn seksdobla,

og det førte til istandsetjing av

freda kulturminne som Kronstad

hovedgård og Reiparbanen i


Sandviken, Bergen. Brannsikring av ei rekkje anlegg

av nasjonal kulturminneverdi kom i gang, mellom anna

ved Agatunet i Ullensvang.

Kurs retta mot handverksmiljøa er viktige for

kompetansebygging og utvikling av regionale nettverk.

Fylkeskommunen leier istandsetjingsprogrammet

for Bryggen, som vert gjort i samarbeid med

Riksantikvaren, Bergen kommune og huseigarane.

Aktiviteten er viktig for utviklinga av fagmiljøet innan

kulturminnevernet. Hordaland har mange framståande

tekniske og industrielle kulturminne. Odda smelteverk,

Bjølvo kraftverk i Ålvik og Dale kraftverk i Vaksdal

var aktuelle saker i 2009.

Fartøyvern

På oppdrag frå Riksantikvaren utarbeidde Hordaland

fylkeskommune i 2009 ei evaluering av ordninga

med regionalt fartøyvern. I høyringssvaret til nasjonal

verneplan rådde fylkeskommunen til ei styrking av

det regionale fartøyvernet, til dømes ved at midlar og

oppgåver kan overførast til fylkeskommunane.

Arkeologi

Forvalting av automatisk freda kulturminne (før 1537),

i samband med plan- og byggjesaker, er ein viktig

del av arbeidsfeltet. Fylkeskommunen gjorde over 72

arkeologiske granskingar i samsvar med § 9 i Lov om

kulturminne. I om lag halvparten av sakene vart det gjort

funn av automatisk freda kulturminne. Likevel gjorde

sakene med potensial for automatisk freda kulturminne

ein svært avgrensa del av det samla talet plansaker.

Ei av dei største arkeologiske registreringane var

i samband med reguleringsplan for utviding av Etne

sentrum. 138 automatisk freda kulturminne vart

avdekte, og det fortel om stor aktivitet i området. På

Vik i Eidfjord kommune, som har hatt få spor etter

førhistorisk busetnad, vart det påvist 35 automatisk

freda kulturminne. På Dyngeland i Fana vart det påvist

13 lokalitetar, og på Alver i Lindås vart det påvist fem

automatisk freda lokalitetar. I Samnanger var det frå før

berre kjent eit fåtal automatisk freda kulturminne. Funn

av tre førhistoriske aktivitetsområde på Ytre Tysse

gjev viktig kunnskap om Samnanger si førhistorie. På

Gjerstad i Tysnes vart det påvist tre buplassar frå yngste

del av steinalderen. Under ein hellar på Ormhilleren

ved Rong i Øygarden vart det avdekt førhistoriske

gjenstandar og beinmateriale.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

KULTUR OG IDRETT

Viktige kultur- og idrettshendingar

2009

● Kulturelt utviklingsprogram vart vedteke.

● Kulturminneåret. Mange gode prosjekt viser

at arbeid med vern av kulturminne har brei

tilslutnad.

● Auke i statlege løyvingar førte til restaurering

av fleire verna bygningar enn tidlegare.

● Bokbåten sitt 50-års jubileum i Hordaland

vart markert i heile fylket, og fekk stor

mediadekning.

● To «economuseum» opna i tradisjonsrike

handverksbedrifter.

● Kunst- og kulturprogrammet til grunnskular

og vidaregåande opplæring samla i katalogen

«Levande kunst».

● Internasjonalt samarbeid med Basse-

Normandie vart vitalisert.

● Første felles fylkeskonferanse for kultur og

idrett 4.-5.november.

● Folkemusikkveka vart arrangert med mange

medspelarar i Nordhordland.

● Fleire utsmykkingsoppdrag for kunstnarar på

fylkeskommunale bygg.

● Det nye Fellesmagasinet for musea i

Hordaland vart offisielt opna i Salhus.

KOSTRA-tal kultur

29

Kulturminneåret:

Barkebåtproduksjonen

på kulturminnedagen

ved Sunnhordland

Museum var ein

sikker vinnar.

KOSTRA-oversikta

viser utviklinga

i Hordaland

fylkeskommune

2006-2009. For 2009

vert Hordaland

også samanli-kna

med Rogaland

fylkeskommune og

gjennomsnittet for

fylkeskommunane

utan Oslo.

Horda- Horda- Horda- Horda- Roga- Gj.snitt

land land land land land u Oslo

2006 2007 2008 2009 2009 2009

Netto driftsutgifter til kultursektoren i prosent av samla netto driftsutg. ..................2,9 3,3 2,7 2,8 3,1 2,8

Netto driftsutgifter i alt til kultursektoren per innbyggjar i kroner ............................177 224 201 219 245 239

Netto driftsutgifter bibliotek per innbyggjar i kroner ................................................13 14 14 16 8 29

Netto driftsutgifter museum per innbyggjar i kroner ................................................67 74 74 77 62 72

Netto driftsutgifter kunstformidling/produksjon per innbyggjar i kroner ...................44 45 49 60 74 80

Netto driftsutgifter idrett per innbyggjar i kroner .....................................................12 42 13 14 0 -2

Netto driftsutgifter andre kulturaktivitetar per innbyggjar i kroner ...........................41 49 51 51 101 60

Brutto investeringsutgifter, kultursektoren per innbyggjar ........................................57 9 19 5 0 39

Brutto driftsutgifter kultursektoren per innbyggjar ..................................................363 408 393 449 493 532


30

den tradisjonrike

Beffen fekk støtte

frå fylkeskommunen

i 2009.

Boka «veien til

Saligheten» frå

1600-talet vart

høgtideleg pakka ned

og magasinert av

fylkesordførar Torill

Selsvold Nyborg ved

den offisielle opninga

av Fellesmagasinet

for musea i Hordaland

14. april 2009.

Fylkesordføraren

vart godt assistert

av kulturhistorisk

konservator

Anne Bjørke og

direktør Atle Ove

Martinussen ved

Musesumssenteret.

KULTUR OG IDRETT

Bergkunst

Arbeid er gjort på tre ristningsfelt: Håhaugsteinen i

Ullensvang, Bakke i Herand, Jondal og Helgaberg i

Etne. Ein stein med groper og fotsolar vart oppdaga i

Ullensvang. Steinen låg på om lag 950 m.o.h. og like

under Folgefonna og er ein av dei høgast liggjande

ristningssteinane som er funne i Hordaland.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

Kulturminne på Hardangervidda

I samband med fylkesdelplan for Hardangervidda,

er det arbeidd med å lasta inn kulturminne i

kulturminnedatabasen Askeladden (394 kulturminne

vart lasta inn i 2009). Kulturminna speglar bruken av

Hardangervidda frå isen sleppte taket for vel 8500

år sidan og fram til i dag. Her er kulturminne etter

fangstkulturar til alle tider og minne frå stølsliv,

driftetrafikk og viddeturisme.

Museum

I 2009 vart det arbeidd med ny regionalplan for musea.

Planen skal ferdigstillast i 2010. Etter at det i dei seinare

åra har vore stor merksemd på konsolidering av dei

ulike einingane, vert det no arbeidd med å styrkja musea

som faglege institusjonar og som samfunnsaktørar. Det

er starta eit samarbeid med kommunane for å styrkja

musea si rolle i høve til lokal kulturminneforvalting.

Det nye Fellesmagasinet for musea i Hordaland

i Salhus vart offisielt opna av fylkesordførar Torill

Selsvold Nyborg 14. april 2009. Fellesmagasinet

inngår i Museumssenteret i Hordaland. Hordaland

fylkeskommune var den første fylkeskommunen som

etablerte komplette fellestenester med magasin og

konservering for sine tilskotsmuse.

Fylkeskommunen har saman med staten og private

bidragsytarar investert 48 mill. kr til fellesløysingar for

musea.

Arkiv og lokalhistorie

Fylkesarkivet tok i mot 49 hyllemeter med arkivsaker

frå fylkeskommunale institusjonar og private tiltak.

330 hyllemeter vart ordna i dei tre magasina.

Det har vore stor etterspurnad etter persondokumentasjon

frå barnevernsarkiv, opplæringssektoren og

enkeltpersonar sine pensjonsrettar. Totalt var det 868

ekspedisjonar.

I 2009 vart lagt ned eit stort arbeid med det nettbaserte

kulturhistoriske leksikonet. Om lag 27 000 dokument


og fotografi er i tillegg digitaliserte, mellom anna frå

arkivet etter Hordaland Reiseliv, Bergens guttehjem

og fylkeskonservatoren. Fylkesarkivet hadde dessutan

fleire ulike oppdrag i samband med privatarkiv og

lokalhistorie i kommunane i fylket.

Bibliotek

50-års jubileet for Bokbåten i Hordaland vart markert

i samband med haustturneen frå 5. til 27. november.

Det var markeringar på alle dei 58 stoppestadene,

og med to ekstra dagar i Bergen midt i turneen, fekk

også barnehageborn og innbyggjarar i Bergen oppleva

bokbåten. Jubileet fekk brei dekking i lokale og

nasjonale media.

Dei tre fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre

og Romsdal samarbeider om Bokbåtklubben, ein

nettstad med bokpresentasjonar, konkurransar og blogg

frå turane med Bokbåten.

Det vart arrangert rekordhøgt tal faglege møte og

seminar, i alt 22 arrangement med 849 deltakarar.

Høgdepunktet var den nordiske bibliotekpolitiske

«Halmstadkonferansen» i Bergen i april, med nær 190

deltakarar.

Etablering av forpliktande samarbeid mellom

biblioteka i fylket er ein viktig del av den regionale

bibliotekpolitikken, som er nedfelt i «Fylkesdelplan

for biblioteka i Hordaland 2007-2010». I 2009 har ein

prioritert samarbeid mellom biblioteka i Sunnhordland,

Hardanger og Fjell, Sund og Øygarden. Det er etablert

ei ordning med regional støtte til bibliotekprosjekt og

det vart løyvd 145 000 kr til fire prosjekt som omfattar

11 kommunar.

Arbeidet med gjennomføring av «Strategisk handlingsplan

for skulebibliotek i vidaregåande skular

i Hordaland 2004-2010» held fram. Det er no 15

skular med bibliotekarar, av desse er åtte i 100 %

stilling. Fylkesbiblioteket har delteke i planlegging av

biblioteket på Nordahl Grieg videregående skole. 15

skular har fått besøk med hjelp og rettleiing, særleg i

biblioteksystemet Mikromarc.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

KULTUR OG IDRETT

Idrett og friluftsliv

Gjennom heile året har det vore arbeidd med realisering

av fylkesdelplanen «Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

2008-2012 – Aktiv kvar dag». Ei sjekkliste i høve til

kommunale delplanar for fysisk aktivitet, idrett og

friluftsliv er utarbeidd. Tilrettelegging for friluftsliv i

nærmiljøet er det som har mest å seia for å vera fysisk

aktiv i kvardagen, og utvikling av naturglede er viktig

for miljøvernet. Kvam herad, Kvinnherad kommune

og Modalen kommune har prøvd ut ein internasjonal

standard for gradering og merking av turløyper. Bergen

Turlag fekk tilskot til kjøp av lokale til Friluftslivets

hus og Bergen og Omland Friluftsråd til bygging av

Kompetansesenter for kystfriluftsliv.

I september vart den årlege dialogkonferansen

gjennomført i Modalen, med 43 deltakarar frå

24 kommunar og andre samarbeidspartnarar. Eit

anleggsseminar vart arrangert i samarbeid med

Hordaland idrettskrets under Fylkeskonferansen for

kultur og idrett. Bergen Turlag, Hordaland idrettskrets,

Bergen og Omland friluftsråd og Friluftsrådet

Vest inngjekk partnarskap for folkehelse under

konferansen.

Tre nye kommunar kom i 2009 med i samarbeidet

med Olympiatoppen Vest-Noreg om basistrening for

unge lovande toppidrettsutøvarar.

Dei første spadetaka på 50-meterbassenget på

Nygårdstangen, saman med fleirbrukshall og ny

vidaregåande skule, vart gjort i november av fylkesordføraren

og Monica Mæland, byråd i Bergen.

Idrettsanlegg og lokale kulturbygg

For 2009 fordelte fylkeskommunen spelemidlar for

om lag 73,2 mill. kr til anlegg for idrett og friluftsliv,

og 4,4 mill. kr til lokale kulturbygg. Samla godkjend

søknadsum frå Hordaland var 297,6 mill. kr til idrett og

friluftsliv, og 17,6 mill. kr til kulturhus. Det kom flest

søknader om kunstgrasbaner (56), fleirbrukshallar (23),

symjeanlegg (7) og ballbingar (32).

31

Fylkeskonsertane sitt

program «Baga-bo

Pooh!» var eitt av tre

skulekonsertprogram

som Rikskonsertane

plukka ut til å

representera Noreg

ved «China Shanghai

International Arts

Festival» i 2009.

Framføringa av

jassprogrammet

vart ein stor

suksess. Artistane i

produksjonen er Olav

dale (biletet), Per

Jørgensen og Helge

Lilletvedt.


32

den kulturelle

skulesekken:

Frå framsyninga

«Operasjon

Almenrausch».

Oppe til høgre:

«Levande kunst»,

eit hefte med

presentasjon av

fylkeskommunen sitt

kunst- og kulturtilbod

til grunnskular og

vidaregåande skular.

KULTUR OG IDRETT

To anlegg fekk fylkeskommunalt investeringstilskot

til idrettsanlegg, Skutle langrenns- og skiskyttaranlegg

på Voss, med 0,9 mill kr, og Leikvang friidrettshall,

Bergen, med 2,2 mill. kr.

I tillegg fekk Hordaland tildelt 18,8 mill. kr i statlege

tiltaksmidlar til seks idrettsanlegg.

Seminar med kompetansehevande tiltak for kommunar

og frivillige organisasjonar vart prioriterte i 2009.

Produksjon og formidling

Fyhnd – Fylkesmusikarane i Hordaland, har drive

undervisning og spela konsertar, mellom anna under

Folkemusikkveka i Nordhordland 11.-18.oktober.

Fylkeskommunen skipar til ei slik veke kvart tredje

år. Meininga er å setja fokus på ein kommune/region,

der ein også involverer mange lokale kulturaktørar.

Under veka var det arrangement i alle kommunane

i Nordhordland. Musikarane hadde plateslepp med

Nordhordlandslåttar II; innstudering, innspeling og

utgjeving av dokumentasjons-cd, i samarbeid med

Arne Bjørndal-samlinga.

Den kulturelle skulesekken (DKS) gjennomførte til

saman 44 turnear for nær 40 000 elevar i grunnskular

og vidaregåande opplæring i 33 kommunar i 2009. Om

lag 148 utøvarar vart engasjerte dette året.

For skuleåret 2009-2010 vart Hordaland tildelt nær

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

11,7 mill. kr til DKS. Av desse gjekk 1,5 mill. kr til DKS

i vidaregåande opplæring, og i underkant av 4 mill. kr

direkte til Bergen kommune. Om lag halvparten av dei

resterande spelemidlane gjekk til DKS i kommunane

og regionane.

DKS i vidaregåande opplæring er utvida i skuleåret

2009-2010. 17 skular er med i ordninga. Målet på sikt

er å ha produksjonar i alle dei vidaregåande skulane i

Hordaland.

I løpet av året vart det sett i verk tiltak for å heva

kompetansen for lærarar, både i grunnskulen og i

vidaregåande opplæring.

I samband med Kulturminneåret var det fleire

turnear, mellom anna nyproduksjonane «Potetkjellarar

i vest», om den særmerkte vestlandske jordkjellaren,

og «Fiskeboller i karri», om norske mattradisjonar og

korleis norsk kultur vert påverka av resten av verda.

Gullsekken er DKS sin eigen pris. Ein av produksjonane

Hordaland fylkeskommune nominerte, var «Simons

historie» – ein samproduksjon mellom Hordaland

Teater, Sogn og Fjordane Teater og Den Nationale

Scene. Produksjonen kom til finalen i kategorien «Beste

produksjon».

Fylkeskonsertane. Kultur- og idrettsavdelinga i

fylkeskommunen har ansvar for 75% av alle skulekonsertane

for born og unge i grunnskulane i fylket.

I 2009 engasjerte fylkeskommunen 97 frilansmusikarar,

som til saman gav 811 skulekonsertar.

I tillegg deltok Hordaland med tre musikarar på

«China Shanghai International Arts Festival» i

Shanghai i november. Hordaland medverka og på dei

årlege julekonsertane i Edinburgh, i Cardiff og på

Orknøyane.

Kulturnett Hordaland, http://hordaland.kulturnett.

no, er ein del av ein felles kulturdatabase i det store

«Kulturnett Noreg» og er ein lokal innfallsport til

kulturlivet i Hordaland. Kulturminneåret vart markert

med mellom anna «Villmark nær byen - vandring i

Våkendalen», nettutstilling til Den Nationale Scene

sitt 100-års jubileum og ei arkitekturvandring i Bergen.

Samarbeidet med Skrivekunstakademiet heldt fram, og

mange av studentane fekk tekstane sine publiserte på

kulturnettet.

Internasjonalt engasjement på kulturfeltet

Sjå under omtalen av Internasjonalt arbeid (s. 26-27).


Rekordstore investeringar

for kollektivtrafikken i 2009

Fylkeskommunen har i 2009 gjort

rekordstore investeringar – 462 mill. kr

for kollektivtrafikken med buss og

den nye Bybanen i Bergen. Takstane for

kollektivreiser vart auka for første gong

på sju år. Takstpåslaget var 2,5 %.

Arbeidet på Jondalstunnelen, det største

fylkesvegprosjektet nokon gong, starta

hausten 2009.

Fylkeskommunen sine brutto driftsutgifter til samferdsel

i 2009 var på 1 186,3 mill. kr, ein vekst på 193 mill. kr

– heile 19,5 % – frå året før. Samanlikna med 2007 er

veksten på heile 514 mill. kr. Storparten av auken er

knytt til omlegginga til anbodskontraktar i bussdrifta.

Etter kvart som anbodspakker vert sette i drift går ein frå

netto- til bruttoføring i rekneskapen. Der det tidlegare

var tilskotet til ruteselskapa som vart utgiftsført, vert

heile driftskostnaden no ført i fylkesrekneskapen. På

den andre sida kjem no billettinntektene som inntekt til

fylkeskommunen.

Til vedlikehald av fylkesvegane vart det brukt 135,3

mill. kr i 2009, 33 mill. kr meir enn året før. 27 mill. kr av

auken er ekstramidlar frå staten si «finanskrisepakke».

Netto driftsutgifter for samferdsel auka med 5,1 %.

Samferdselssektoren har overskridingar på 61,6 mill. kr

i 2009. Vel 29 mill. kr gjeld skuleskyss, fordelt med 13,8

mill. kr for spesialskyss i grunnskulen og 15,9 mill. kr for

skyss til vidaregåande skular. Innan kollektivtrafikken

er det 16 mill. kr i overskriding for bussrutene og

14,7 mill. kr for båtrutene. Transportordninga for

funksjonshemma hadde overskriding på 3,4 mill. kr.

For bilrutene som er sette ut på anbod er det god

kontroll på utgiftssida, medan billettinntektene sviktar i

høve til budsjettet. For båtrutene utgjer etterbetaling av

høge drivstoffutgifter ein stor del av overskridinga.

Kollektivtrafikken

I 2009 har vidare overgang til

anbodsdrift av bussrutene, opprusting

av busshaldeplassar og terminalar,

førebuing til drift av Bybanen i

Bergen og vidare utbygging av

bybana Nesttun-Lagunen vore

sentrale oppgåver.

Fylkeskommunen gjorde investeringar

for over 462 mill. kr for

kollektivtrafikken i 2009. I tillegg

kjem midlar som kontraktørar har

brukt til kjøp av nye bussar.

I samband med overgang til

anbodsdrift av bussrutene har fylkes

kommunen gjort store investeringar

i kjøp av tomter og eigedomar til

bussanlegg. Til utlån og aksjekjøp

som gjeld kollektivtrafikken vart det

brukt 248,9 mill. kr i 2009. Største

Viktige samferdselshendingar

2009

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

SAMFERDSEL

● Bygginga av Jondalstunnelen starta, første

salve 3. november 2009 i Nordrepollen.

● Handlingsprogram for fylkesvegnettet i

Hordaland 2010-13 (19) vedteke.

● Staten går inn med årleg løyving på inntil 12

mill. kr til Stord lufthamn frå 2010.

● Første bybanevogn kom til Bergen 7.

desember 2009.

● Stor trafikkvekst for snøggbåtane Rosendal-

Bergen og Kleppestø-Bergen.

● Revidert drosjereglement for Bergen

køyreområde. 50 nye løyve i 2010-11.

● Bussanbodspakke Nordhordland vart sett i

drift i august.

● Bergen lufthavn Flesland hadde trafikknedgang

på 3,5%, men auke i desember.

summen er 223,9 mill. kr i lån til fylkeskommunen sitt

eige selskap HFK Bussanlegg. 15 mill. kr er brukt til

kjøp av aksjane i Bystasjonen AS og 10 mill. kr er lånt

ut til Bystasjonen AS.

Det nye elektroniske billetteringssystemet er teke

i bruk der anbodspakker er sette i drift. Investeringa i

billettsystemet var 46,9 mill. kr i 2009.

Vogner til Bybanen er kjøpt inn for 92,5 mill. kr og

74,5 mill. kr er brukt til kjøp av grunn for strekninga

Nesttun-Lagunen.

Takstar

Etter seks år med takstfrys, vart takstane for buss- og

båtreiser auka med gjennomsnittleg 2,5% frå 1.1.2009.

Brutto driftsutgifter samferdsel

Tal i millionar kroner. Løpande prisar.

33

* Kolonna viser

rekneskapsmessig

avvik i 2009 i høve til

nettobudsjett.

– viser overskridingar

Avvik*

Reknesk. Reknesk. Reknesk. Reknesk. netto-

2006 2007 2008 2009 bud. 09

Fylkesvegferjer 12,9 13,1 14,3 16,8 – 0,6

Spesialskyss for gr.skulen 33,5 38,1 48,6 56,5 – 13,8

Skuleskyss vidareg. skule 86,2 91,6 90,7 100,7 – 15,9

Transport for funksjonshemma 37,4 40,8 44,4 44,3 – 3,4

Bilruter 280,4 311,4 593,6 702,9 – 16,1

Båtruter 57,6 57,7 77,9 79,5 – 14,7

Skyss 18,0 45,6 – 0,3

Diverse transporttiltak 3,7 3,5 3,0 4,7 1,8

Fylkesvegvedlikehald 120,1 116,1 102,3 135,3 1,4

Sum brutto driftsutgifter 631,8 672,3 992,8 1 186,3 – 61,6


34

Omlegginga til

anbodstildeling av

alle bussrutene i

Hordaland heldt

fram i 2009. I august

vart rutepakke

Nordhordland sett i

drift.

Tabellen viser tal

reisande med buss-

og båtruter 2008-

2009.

SAMFERDSEL

Minstetaksten for einskildbillett vart auka til 24 kr

og minstetakst for periodekort til 620 kr. Prisen på

ungdomskort låg fast på 295 kr.

Bybanen

Bergen kommune har byggjeansvaret for første

byggjetrinn av Bybanen. Fylkeskommunen har

ansvaret for drifta og den vidare utbygginga av

bybana. Våren 2009 vart Fjord1 Partner AS tildelt

driftsoperatøransvaret for Bybanen. Start for ordinær

rutetrafikk er sett til 22. juni 2010.

Andre byggjetrinn av Bybanen på strekninga

Nesttun-Rådal er starta i 2009 med grunnkjøp og anna

førebuingsarbeid. Hordaland fylkeskommune saman

med Bergen kommune og Statens vegvesen sette

også i gang arbeidet med ein analyse for eit framtidig

bybanenett i bergensområdet.

Skyss

Skyss er fylkeskommunen si eining for innkjøp av

buss-, bybane, ferje- og snøggbåtruter i heile fylket.

Det inkluderer ansvar for ruteplanlegging, takstar, sal,

billettering og marknadsaktivitetar.

Ved utgangen av 2009 var fem bussrutepakker sette

i drift: Austevoll, Sunnhordland, Voss og Hardanger,

Modalen og Nordhordland. Kontraktperioden er sett til

sju år med eitt år opsjon. I august 2009 vart bussanbodet

i Nordhordland sett i drift med selskapet Nobina som

operatør. Tide Buss vart i 2009 tildelt anbodet for drift

Kollektivreisande 2008-2009

Tal passasjerar i tusen

Endring

2008 2009 i % 08-09

Rutebil Hordaland 38 822 38 964 0,4

Båtruter 692 714 3,2

Totalt 39 514 39 678 0,4

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

av rutepakka Bergen sør som omfattar Fana, Ytrebygda

og Os. Oppstart for kontraktskøyringa vert sommaren

2010.

Den delen av ruteproduksjonen som ikkje er lagt ut på

anbod, vert utført av Tide gjennom kvalitetskontrakt.

Passasjerutviklinga

Talet busspassasjerar i 2009 er noko usikkert av di ein er

midt i overgang frå kvalitetskontraktar til anbodskøyring

med driftskontraktar. Knapt 39 millionar passasjerar

reiste med bussane i 2009, ein auke på 0,4 %. Først

etter 2011 når alle bussrutepakkene er over på anbod vil

ein kunne få tal som er heilt samanliknbare.

For båtrutene var totaltalet passasjerar 714 000, ein

auke på 3,2 % frå 2008. Rutene som Tide Sjø AS opererer

viste ein mindre nedgang (0,4 %), medan BNR si rute

mellom Kleppestø og Bergen og Rødne Fjord Cruise

si rute Rosendal-Bergen auka med høvesvis 6,2 % og

11,1 %. Desse rutene hadde og ein oppgang frå 2007 til

2008. For lokalbåtrutene var det mindre endringar frå

2008 til 2009 med unntak av rutene mellom Tysnes og

Os og Hellesøy og Hernar som auka passasjertalet med

høvesvis 24 % og 39 %.

Skuleskyss

Det har berre vore mindre justeringar i reglementa

for skuleskyssen i den vidaregåande skulen og i

grunnskulen i 2009-10.

Skuleskyssen var også i 2009 prega av omorganiseringa

av kollektivtrafikken. I Sunnhordland, Hardanger,

Voss, Modalen, Austevoll og Nordhordland, har

kollektivtransporten vore gjennom ei omfattande

omorgani sering. Fylkeskommunen har som følgje av

dette teke over oppgåver innan skuleskyss som tidlegare

låg til rutelaga, medan nokre oppgåver framleis ligg hos

rutelaga. Nokre område i fylket har fått nytt ruteselskap

utan erfaring med lokale tilhøve. I starten av skuleåret

har dette medført innkøyringsproblem.


Kostnaden med spesialtransport for grunnskuleelevane

kan svinga mykje frå år til år grunna elevsamansetjinga

og køyrestrekningar. Utgiftene til

særskyss for grunnskulen auka frå 48,6 mill. kr i 2008

til 56,5 mill. kr i 2009. Til vidaregåande skuleskyss

var tala 90,7 mill. kr i 2008 og 100,7 mill. kr i 2009.

Dette stadfestar trenden frå 2008 då det var sterk auke

i kostnadane til skuleskyss. Delar av kostnadsveksten

kan tilskrivast heilårsverknad av den kraftige auken

som fann stad frå hausten 2008. Det vert arbeidd med

ei kartlegging av årsakene til kostnadsauken som har

vore dei siste åra.

Transportordninga for funksjonshemma

I 2009 vart det nytta 44,3 mill kr. til transportordninga

for funksjonshemma, som var 3,4 mill. kr. meir enn

budsjettert.

TT-ordninga (tilrettelagt transport) har 12 434

godkjente brukarar, fordelt med 6 692 brukarar i Bergen

og 5 742 i kommunane i fylket elles. Transportordninga

for funksjonshemma er eit ikkje lovfesta tilbod til

innbyggjarar i Hordaland som på grunn av varig

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

SAMFERDSEL

sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytta det

ordinære kollektive rutetilbodet. Det er to prioriterte

grupper i TT-ordninga, blinde/sterkt svaksynte og

rullestolbrukarar. Andre med nedsett mobilitet kan også

søkja.

I 2009 vart det utført 226 122 TT-turar med drosje

som vart betalt ved bruk av TT-korta, ein auke på 4 622

turar frå 2008. Fylkeskommunen betalte ut 32,4 mill.

kr. I tillegg betalte brukarane eigendel på 4,8 mill. kr.

Samla inntekt for drosjenæringa frå TT-køyring var

37,2 mill kr.

Til arbeidskøyring for funksjonshemma er det brukt

8,4 mill. kr. i 2009, ein liten auke i høve til 2008.

Dei som er med i denne ordninga betaler ein mindre

eigendel.

Kollektivtransport i distrikta (KID)

KID-ordninga er etablert av Samferdselsdepartementet

for å utvikla eit meir brukartilpassa og kostnadseffektivt

kollektivtilbod i distrikta. Hordaland fekk hausten

2008 tildelt midlar til å prøva ut tingingsruter i Odda,

Ullensvang og Eidfjord. Rutene er eit dør-til-dør

KOSTRA-tal samferdsel

35

Utbygginga av

Bybanen i Bergen

gjekk for fullt i 2009

og ved årsskiftet

kom den første

bybanevogna. Her er

den på prøvetur over

danmarks plass på

nyåret 2010.

Fylkeskommunen

investerte 97,5 mill. kr

i bybanevogner i 2009.

KOSTRA-oversikta

viser utviklinga

i Hordaland

fylkeskommune

2006-2009. For 2009

vert Hordaland

også samanlikna

med Rogaland

fylkeskommune og

gjennomsnittet for

fylkeskommunane

utan Oslo.

Horda- Horda- Horda- Horda- Roga- Gj.snitt

land land land land land u Oslo

2006 2007 2008 2009 2009 2009

Netto driftsutg. for samferdsel i alt i prosent av samla netto driftsutg. 21,0 22,6 27,6 27,3 24,8 23,5

Netto driftsutgifter i kr pr. innbyggjar, samferdsel i alt 1 286 1 538 2 072 2 168 1 969 1 967

Netto driftsutgifter i kr pr. innbyggjar, fylkesvegar i alt 387 380 351 356 472 502

Netto driftsutgifter i kr pr. innbyggjar, bilruter 677 931 1 447 1 528 1 391 1 160

Netto driftsutgifter i kr pr. innbyggjar, fylkesvegferjer 28 28 30 35 50 80

Netto driftsutgifter i kr pr. innbyggjar, båtruter 126 118 160 162 0 177

Netto driftsutgifter i kr pr. innbyggjar, transport for funksjonshemma 67 81 83 87 45 56

Brutto investeringsutgifter i kr pr. innbyggjar, samferdsel i alt 256 184 633 711 383 412

Brutto inv.utg.i kr pr. innb., fylkesvegar i alt 240 136 138 184 383 350

Transportordninga for funksjonshemma. Tal brukarar pr. 1000 innb. 24,5 23,1 25,3 .. 20,3 23,6

Brutto driftsutgifter i kr pr. km. fylkesveg i alt 100 252 99 759 94 107 111 267 111 456 85 140


36

1) Osterøybrua

hadde takstauke frå

1.8.2009. Inntektene

er difor høgre enn

trafikkauken skulle

tilseia

2) Automatisk

innkreving starta 8.

mars 2008

3) Innkrevinga starta

1. mars 2009

SAMFERDSEL

tilbod og målgruppa er eldre og andre som har vanskar

med å nytta det ordinære rutetilbodet for å kome til

kommunesenteret. Ordninga vart vidareført i 2009, og

ved utgangen av året var totalkostnaden på 176 000 kr

– 50 % av dette vart dekka av staten.

Drosjar, turbil- og godsbilløyve

I 2009 vart det utferda 46 drosjeløyve i Hordaland

medan 51 vart leverte inn. Pr. 31.12.2009 var det 867

drosjeløyve i Hordaland fordelt på 594 løyvehavarar. I

2009 vart det utferda 4 nye selskapsvognløyve og 29

turvognløyve, medan 20 turvognløyve vart innleverte.

Det er no 1333 turvognløyve i Hordaland fordelt på 114

føretak.

Reglementet for Bergen køyreområde vart evaluert

i 2009. Oppseiingstida for overgang mellom sentralane

vart redusert frå 6 til 3 månader. Samstundes vart det

oppretta 50 nye drosjeløyve i Bergen køyreområde. 30

av løyva skal lysast ut i 2010 og dei resterande 20 i

2011. Totalt vert det i Bergen køyreområde 750 løyve i

2011 og av dei kan ein sentral maksimalt ha 60%.

I 2009 vart det gjeve 143 nye godsvognløyve

medan 130 løyve gjekk ut. Samla tal for godsvogner

i Hordaland ved utgangen av 2009 var 2870 fordelt på

919 føretak

Norges Statsbaner – persontog

NSB Regiontog mellom Oslo og Bergen hadde 697 000

reisande (teljepunkt Finse) i 2009. Det er ein nedgang

på 1 % frå 2008. 80 % av toga på Bergensbanen var i

rute.

På NSB Lokaltog Bergen-Voss-Myrdal var det ein

nedgang på 2 % i 2009 (teljepunkt Bergen). Til saman

var det 1 386 000 som nytta NSB sitt lokaltog mellom

Bergen og Myrdal i 2009 (teljepunkt Bergen) fordelt

med 895 000 mellom Arna og Bergen og 491 000

mellom Bergen-Voss-Myrdal. På grunn av svikt i

turisttrafikken i 2009 fekk strekninga Bergen-Voss-

Myrdal ein nedgang på 3,3 % frå 2008. For strekninga

Bergen-Arna var 98 % av toga i rute og for Bergen-

Voss-Myrdal var 86 % av toga i rute.

Lufttransport

Bergen lufthavn, Flesland

I 2009 reiste det totalt 4 862 869 passasjerar over Bergen

lufthavn, Flesland, ein nedgang på 3,5 % frå 2008.

Helikoptertrafikken auka i same periode med

2,4 %. Totalt reiste 234 445 passasjerar til og frå

Bompengeinntekter i Hordaland 2008-09

Bompengar mill. kr Køyretøy

2008 2009 Endring 2008 2009 Endring

Bompengeringen i Bergen 375,0 377,0 0,5 % 51 771 000 51 874 000 0,2 %

Osterøybrua 1) 41,0 46,4 13,2 % 971 000 990 000 2,0 %

Trekantsambandet 149,0 153,6 3,1 % 1892 033 1 953 927 3,3 %

Rullestadjuvet 19,7 20,3 3,0 % 521 057 546 160 4,8 %

Folgefonntunnelen 10,5 11,3 7,6 % 188 720 202 426 7,3 %

E 39 over Stord 18,8 20,1 6,9 % 829 609 855 724 3,1 %

Halsnøysambandet 2) 17,2 21,3 23,8 % 204 516 266 450 30,3 %

Hardangerbrua 9,0 9,0 0,0 % 360 272 364 793 1,3 %

Austevollsbrua 11,0 12,5 13,6 % 299 339 309 996 3,6 %

Jondaltunnelen 3) 1,9 84 832

Sum 651,2 673,4 3,4 % 57 037 546 57 448 308 0,7 %

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

Nordsjøen. Dei første 5 månadane var det ein auke i

helikopterflygningar, medan det i dei sju siste månadane

var ein liten nedgang samanlikna med 2008. 2009 er

likevel året med høgast offshoretrafikk nokon sinne.

Innlandstrafikken hadde ein nedgang på 3,1 %

samanlikna med 2008. Total innlandstrafikk i 2009 var

3 146 642 passasjerar. Utanlandstrafikken med rutefly

hadde 1 063 992 passasjerar i 2009, ein nedgang på 8

% frå 2008. Chartertrafikken til og frå utland auka med

5,5 % til 270 242 passasjerar i 2009.

Passasjernedgangen i 2009 vart mindre enn det såg

ut for i starten av året. I desember vart det oppgang

på 1,3 % for innlandspassasjerar, og 1,8 % for

utanlandspassasjerar samanlikna med desember 2008.

Totalt hadde Bergen lufthavn 97 255 flyrørsler i

2009, ein nedgang på 3,1 % frå 2008. Nedgangen i

flyrørsler skuldast ein trend med utskifting til større fly

og færre avgangar.

I 2009 starta Wizzair opp med flygingar til Gdansk,

Eastern Airways byrja fly til Aberdeen og Newcastle og

Air Baltic auka sine avgangar til Riga.

Stord Lufthamn

I 2009 reiste det totalt 22 732 passasjerar over Stord

lufthamn, Sørstokken, ein auke på 9.719 passasjerar

eller 75% frå 2008. Dei fleste av passasjerane har

reist med rutefly til/frå Oslo. 427 passasjerar har nytta

charterfly over lufthamna i 2009. DAT har no ein

kabinfaktor på 60% på Osloruta.

Det vart i 2009 registrert 4 655 flyrørsler på Stord

lufthamn. Dette er ein auke på 307 flyrørsler eller 7%

dersom ein samanliknar med 2008.

Frå og med 2010 yter staten årlege løyvingar til

drifta av lufthamna med inntil 12 mill. kr pr. år. Det er

Sunnhordland Lufthavn A/S som står for den daglege

drifta av lufthamna. Eigarar av lufthamnselskapet er

Stord kommune med 79% og Hordaland fylkeskommune

med 21%.

Universell utforming

Arbeidet med å rusta opp bussterminalane i Knarvik,

Åsane, Loddefjord og Bergen bystasjon tok til i 2009.

Ein del av finansieringa til opprustinga til universell

utforming kjem frå den statlege tilskotsordninga for

kommunesektoren. I tillegg er den meir generelle

opp rustinga når det gjeld terminalane innan Bergen

kommune, finansiertmed med midlar frå Bergensprogrammet.


For 2009 fekk fylkeskommunen 7 mill. kr til 3 ulike

tiltak frå den statlege tilskotsordninga for universell

utforming. Største tilskotet, 6 mill. kr, går til opprusting av

dei mest trafikkerte busshaldeplassane på fylkesvegane

innan Bergen kommune. Til ruteinformasjon tilpassa

universell utforming fekk fylkeskommunen 1,1 mill. kr.

Ein mindre post gjekk til opplæring av bussjåførar for at

dei skal kunne ha kjennskap til kva utstyr ein sjåfør kan

nytta seg av både på og utanfor bussen, og kva det vil

seia å vera kollektivreisande med funksjonshemming.

StratMos

Hordaland fylkeskommune er del av det norske

partnarskapet i StratMos(oppfølging av Nordlig Maritim

Korridor), eit Interreg IV prosjekt. Hovudmålet for

prosjektet er å leggja til rette for overføring av gods frå

veg til sjøbaserte intermodale transportløysingar ved å

støtta gjennomføringa av EU sitt sjømotorvegsystem.

StratMos-prosjektet pågår fram til 2011.

Bompengeprosjekt i Hordaland

I 2009 vart det kravd inn 673,4 mill. kr i bompengar

i Hordaland, ein auke på 3,4 % frå året før. Talet

passeringar i 2009 var i overkant av 57 millionar, ein

auke på 0,7 %. Inntektsauken skuldast i hovudsak at det

i 2009 kom eitt nytt bompengeprosjekt, Jondalstunnelen

(frå 1. mars 2009), heilårsdrift av Halsnøysambandet

og at Osterøybrua fekk takstauke frå 1. august. Av

dei 9 bompengeprosjekta i Hordaland dominerer

Bompengeringen i Bergen med inntekter på 377 mill.

kr og nesten 52 millionar passeringar.

Fylkesvegar

Den fylkeskommunale løyvinga til investeringar på

fylkesvegnettet var i 2009 på 52,5 mill. kr. Av dette

gjekk 20 mill. kr til refusjonar av forskot og 10 mill.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

SAMFERDSEL

kr til ymse mindre tiltak i Bergensprogrammet, m.a.

Landåsprosjektet. 22,5 mill kr har gått til ei rad mindre

trafikksikrings-, og gang- og sykkelvegprosjekt. Mellom

anna ved Onarheim på Tysnes, Kathinkasvingen ved

Skånevik og ved Telavåg i Sund kommune.

I tillegg til løyvinga vart det stilt til rådvelde 23,4 mill.

kr i eksterne midlar. Til opprusting av Hillerenvegen

i Bergen vart det nytta 10 mill. kr av bompengane i

Bergensprogrammet. Gang- og sykkelvegprosjektet

Storskaret-Brattholmen vert finansiert med eit tilskot

frå Fjell kommune (6 mill. kr i 2009) og i Fusa er det

forskottert midlar til parsellen Fusa-Skjørsandkrysset

på fv 122 (6 mill. kr) og på fv 125 Holmefjord-Holsund

(1,4 mill. kr).

Arbeidet med Jondalstunnelen kom i gang hausten

2009. Det endelege trasevalet vart S6 og N6 med lang

tunnel forbi Torsnes.

Til drift og vedlikehald av fylkesvegane vart det

nytta 135,5 mill. kr, ein auke på 33 mill. kr frå 2008.

Inkludert i denne auken er 27 mill. kr i tilskot frå

regjeringa si tiltakspakke i høve finanskrisa.

Av vedlikehaldsmidlane gjekk 68,4 mill. kr til

funksjonskontraktar, og av dette galdt 38,9 mill. kr

vintervedlikehald. Til dekkelegging vart det nytta 26,9

mill. kr, til vegutstyr og miljøtiltak 17,9 mill. kr, til

tunnelar 7,2 mill. kr, til bruer og kaiar 6,6 mill. kr og til

grøfter, kummer og røyr 3,3 mill. kr. Til administrasjon

inkludert byggherrekostnader vart det nytta 5 mill. kr.

Av midlane i krisepakka vart 17 mill. kr nytta til

dekkelegging, vegmerking og siktrydjing. 2 mill. kr til

vedlikehald av bruer, 2 mill. kr til tunnelsikring og 6

mill. kr til ei rekkje mindre tiltak inkludert rekkverk.

Fylkestinget vedtok i desember «Handlingsprogram

for fylkesvegnettet i Hordaland 2010-13 (19)». Planen

er for det nye fylkesvegnettet frå årsskiftet med i alt 2

905 km vegar, av dei 1 150 km tidlegare riksvegar.

37

JONdALSTUNNELEN:

Utbygginga av

Jondalstunnelen

kom i gang hausten

2009. 3. november

var den første salven

på sjølve tunnelen

fyrt av i Nordrepollen

i Kvinnherad.

Fylkesvaraordførar

Tom-Christer

Nilsen hadde æra

av å trykkja på

tennknappen.


38

Under er vist korleis

dei tilsette i kvar

sektor i fylkeskommunen

er

fordelte etter kjønn

(2009). For heile

fylkeskommunen er

fordelinga 56,1 %

kvinner og 43,9 %

menn.

ORGANISASJON

Nye planar og strategiar,

klar for nye oppgåver

Den fylkeskommunale organisasjonen er

klar til å ta fatt på nye oppgåver gjennom

forvaltningsreforma. Sjukefråværet i

fylkesadministrasjonen har gått ned

med 2,4 prosentpoeng siste året, medan

det held seg stabilt i organisasjonen

samla sett. Organisasjonen har fått

plan for kriseberedskap og strategiar

for både leiarskapsutvikling og IT.

Arbeidsmiljøarbeidet har kontinuerleg

merksemd gjennom kursverksemd og årleg

rapportering. Medarbeidarsamtale som

verktøy i personaloppfølginga har hatt

merksemd i 2009.

Fylkeskommunen har fått nye oppgåver

Gjennom forvaltningsreforma – som vart sett i verk frå

1.1.2010 – ønskjer regjeringa å styrkja det regionale

folkevalde nivået ved å gje fylkeskommunane ei

rekkje nye oppgåver. I løpet av 2009 vart det arbeidd

med å førebu iverksetjing av forvaltningsreforma i

organisasjonen.

Kriseberedskap

Ein overordna plan for kriseberedskap i Hordaland

fylkeskommune vart vedteken i fylkestinget i

oktober 2009. Denne skal medverka til at Hordaland

fylkeskommune har ein god beredskap for å kunna

handtera ulike kriser som kan inntreffa. Planen gjev òg

føringar for operative kriseberedskapsplanar i einingane.

Fordeling tilsette

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

Det vart gjennomført ei krisehandteringsøving saman

med Fylkesmannen i Hordaland hausten 2009.

Ny strategi for leiarutvikling 2009 - 2013

I Hordaland fylkeskommune sin strategi for

leiarutvikling 2009 – 2013 vert tre satsingsområde

prioritert:

1. Leiargruppeutvikling – prosessamlingar

i leiargruppene med utvikling som tema.

Kvar einskild leiargruppe er ansvarleg for

planlegging og gjennomføring.

2. Leiarsamlingar – faste, regelmessige

samlingar for ulike leiarkategoriar. Ansvarleg

for desse er organisasjonsavdelinga eller

organisasjonsavdelinga i samarbeid med andre

avdelingar.

3. Leiaropplæring – verktøykasse for leiarar

som skal romma kurs i lov- og avtaleverk,

retningsliner og prosedyrar som ein bør og skal

ha kunnskap om som leiar.

Planlagde aktivitetar innafor dei tre satsingsområda er

samla i ein eigen kurskatalog.

Likestilling og likeverd – eit ansvar for heile

organisasjonen

«Tiltaksplan for likestilling og likeverd i Hordaland

fylkeskommune» vart vedteken i 2008, og er under iverksetjing.

Med unntak av toppleiargruppa, er likestillinga

mellom kjønna relativt god på leiarnivå. Moderat

kvotering vert lagt til grunn for å betra kjønnsbalansen

på toppleiarnivå. Gjennom å intervjua kvalifiserte

søkjarar til ledige stillingar og moderat kvotering skal

vi få fleire tilsette med etnisk minoritetsbakgrunn. Eit

tredje viktig mål med tiltaksplanen er å leggja til rette

for personar med nedsett funksjonsevne. Dette målet

er nært knytt opp mot fylkesdelplanen «Deltaking for

alle – universell utforming (2006-2009)». Oppfølginga

av fylkesdelplanen er ein kontinuerleg prosess, m.a.

ved bygging av nye bygg/skular, ombygging av

eksisterande bygg og gjennom innkjøpsverksemda i

fylkeskommunen.

Sjukefråvær

Hordaland fylkeskommune har som IA-mål at

sjukefråværet ikkje skal overstiga 6 %. I 2009 var

det samla sjukefråværet på 6,3 %, om lag same nivå

som i 2008. Det er langtidsfråvær (over 8 veker) som

gjev størst utslag på statistikken, medan eigenmeldt

fråvær held seg lågt (0,9 % i 2009 mot 0,8 % i 2008). I

opplæringssektoren har fråværet gått noko opp, frå 6,0

% i 2008 til 6,3 % i 2009. Her er langtidsfråværet større

og det mellomlange og eigenmeldte fråværet noko

mindre enn gjennomsnittet i fylkeskommunen. Innan

tannhelsetenesta har fråværet gått ned frå 8,3 % til 7,6%.

Her er det eigenmeldte og mellomlange fråværet noko

større enn gjennomsnittet. Fylkesadministrasjonen har

ein klår nedgang i sjukefråværet det siste året, frå 7,9%

til 5,5 %.


Inkluderande arbeidsliv (IA)

Mål og retningsliner for inkluderande arbeidsliv i

Hordaland fylkeskommune var dei same i 2009 som i

2008. Arbeidet vert følgt opp av personalseksjonen og

HMT-seksjonen i samarbeid med avdelingane. Det er

sett i gang fleire prosjekt og tiltak innan førebygging

så vel som oppfølging av sjukmelde. Samarbeidet med

NAV Arbeidslivssenter har gjeve verdifulle bidrag både

på system- og individnivå.

Ansvaret for dagleg oppfølging av sjukmelde ligg

i lineorganisasjonen i avdelingane og einingane, med

personal- og HMT-seksjonane som støtte. HMTseksjonen

deltek i alle dialogmøte etter 12 veker. Same

seksjon er aktiv under vurdering av restarbeidsevne

og inkluderande tiltak. Dette arbeidet er også ein del

av iverksetjinga av «Tiltaksplan for likestilling og

likeverd».

Livsfaseorientert personalpolitikk

Det er eit mål at alle tilsette som har fylt 58 år skal, før dei

går av med pensjon, får ta del i «Eidfjordkursa». Desse

samlingane har fokus på rettar, val og aktuelle alternative

ordningar for tilsette som nærmar seg pensjonsalder. I

2009 vart det arrangert tre slike samlingar. Andre viktige

element i den livsfaseorienterte personalpolitikken er

m.a. tilbod om milepelssamtale/medarbeidarsamtale og

individuell pensjonsrådgjeving.

Forhandlingar

Forhandlingar innan arbeidsgjevarområda er ei sentral

oppgåve for organisasjonsavdelinga.

Lønsforhandlingane i 2009 var eit mellomoppgjer der

fokus var retta inn mot m.a. likeløn og å retta opp skeiv

lønsfordeling.

Sjukefråvær 2007-2009

Grafen viser sjukefråvær i åra 2007-09 for tilsette i fylkeskommunen

fordelt etter sektor og lengde på fråværet.

For alle sektorar er det langtidsfråværet som utgjer

største delen av samla sjukefråvær.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

ORGANISASJON

Nøkkeltal 2008-09

Tal tilsette i Hordaland fylkeskommune:

2008 2009

Totalt: 4 249 4 374

Kvinner: 2 380 2 452

Menn: 1 869 1 922

Sektorvis fordeling:

Opplæring 3 497

Kvinner: 1 902

Menn: 1 595

Tannhelse 351

Kvinner: 302

Menn: 49

Fylkesadm./andre 526

Kvinner: 248

Menn:

Årsverk:

278

Totalt i fylkeskommunen 3 835 3 923

Kvinner 2 111

Menn

Sektorvis fordeling:

1 812

Opplæring 3 062 3 144

Kvinner 1 633

Menn 1 511

Tannhelse 302 291

Kvinner 250

Menn 41

Fylkesadm./andre 470 488

Kvinner 228

Menn

Oversyn alder:

260

Snittalder, alle tilsette: 49,4 år 48,4 år

Snittalder, kvinner: 48,6 år 47,7 år

Snittalder, menn: 50,3 år 49,4 år

Sjukefråvær:

Samla i fylkeskommunen 6,4 % 6,3 %

Kvinner 7,8 % 7,4 %

Menn 4,7 % 5,0 %

Opplæring 6,0 % 6,3 %

Tannhelse 8,3 % 7,6 %

Fylkesadm./andre 7,9 % 5,5 %

Gjennomsnittleg årsløn i kroner:

Menn Kvinner Totalt

2009 438 459 405 252 422 536

2008 425 347 390 481 405 598

2007 398 848 361 902 378 000

2006 379 220 345 048 360 088

39


40

HMT-seksjonen

produserte dvd-en

«Løpande kontroll»

– ein kortfilm om

arbeidsmiljøarbeid.

Store delar av

innspelinga vart

gjort på Bergen

handelsgymnasium

og lærarrommet på

skulen var i høve

innspelinga ombygd

til filmstudio.

ORGANISASJON

Hordalandsmodellen

Hordalandsmodellen har i samarbeid med opplæringsavdelinga

fullført basiskursa i «Tverrkulturell forståing»

for rådgjevarar i den vidaregåande skulen.

Opplæringstilbodet var del av kompetansesatsinga

under Kunnskapsløftet og er no gjennomført i alle seks

regionane i Hordaland.

Som oppfølging av Fylkesdelplan for biblioteka

i Hordaland 2007 – 2010 har Fylkesbiblioteket i

samarbeid med Hordalandsmodellen gjennomført

kurset i «Tverrkulturell forståing» for tilsette i

folkebiblioteka i Hordaland. Tiltaket er del av prosjekt

Vidsyn og målet er å styrkja folkebiblioteka i arbeidet

med inkludering, integrering og mangfald.

Totalt har Hordalandsmodellen gjennomført 44

basiskurs retta mot tilsette i offentlege verksemder

både på lokalt, regionalt og nasjonalt plan. Tiltaka

inngår i satsinga for kompetanseutvikling og

modernisering av offentleg sektor og arbeidet med

inkludering og kvalifisering av etniske minoritetar, jf.

St.m. 17 og St.m. 49 og regjeringa sin Handlingsplan

mot rasisme og diskriminering. Integrerings- og

mangfaldsdirektoratet (IMDi) har fått ansvaret for

LIKESTILLINGSBAROMETER

Tal kvinner i leiarstillingar, pr. 31.12.2009

Opplæring

Rektorar i vidaregåande skule 25 (av 48)

Ass. rektorar i vidaregåande skule 21 (av 48)

Tannhelsetenesta

Fylkestannlegen si leiargruppe 2 (av 7)

Klinikksjef 13 (av 22)

Fylkesadministrasjonen:

Avdelingsleiarar 1 (av 8)

Stabs-/seksjonsleiarar 12 (av 25)

Arbeidslagsleiarar 3 (av 4)

Alle tilsette fordelt etter kjønn, pr. 31.12:

2008 2009

Kvinner 56,0 % 56,1 %

Menn 44,0 % 43,9 %

Opplæring:

Kvinner 54,4 %

Menn 45,6 %

Tannhelsetenesta:

Kvinner 86,0 %

Menn 14,0 %

Fylkesadministrasjonen/andre:

Kvinner 47,1 %

Menn 52,9 %

Tal tilsette i deltidsstillingar:

2007 2008 2009

Kvinner 1 056 1 030 1 067

Menn 382 371 410

Totalt 1 438 1 401 1 477

Prosent tilsette i deltidsstillingar:

2007 2008 2009

Kvinner 43,9 43,3 43,5

Menn 20,2 19,9 21,3

Tilsette i leiande stillingar:

2007 2008 2009

Kvinner 101 158 167

Menn 112 182 176

Prosent kvinner 47,4 46,5 48,7

Prosent menn 52,6 53,5 51,3

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

kvalifisering og kompetanseheving innan det offentlege

tenesteapparatet. Hordalandsmodellen er utvikla innan

og er del av IMDi-konseptet Likeverdige offentlige

tjenester (LOFT).

Kompetanseutvikling

Plan for likestilling og likeverd slår fast at alle tilsette

skal få tilbod om ein årleg medarbeidarsamtale. Det

same er vektlagt i livsfaseorientert personalpolitikk. I

2009 er det difor satsa tungt på å gje leiarar opplæring i

gjennomføring av medarbeidarsamtalen.

Arbeidsmiljørapport

Arbeidsmiljørapporten vart gjennomført for femte

gong, for 2008 med 100% oppslutning. Rapporten er

eit overordna styringsverktøy for fylkesrådmannen

og leiarar, og skal gje eit oversyn for oppfølging av

krava i arbeidsmiljølova, med sikte på stadig å betra

arbeidsmiljøarbeidet i fylkeskommunen.

Kompetanseoverføring

HMT-seksjonen arrangerte 34 kurs med ulike

arbeidsmiljørelaterte tema, sentralt og ute i einingane,

med i alt 640 deltakarar. For å gje støtte til det

systematiske HMT-arbeidet vart det laga ein interaktiv

dvd til bruk på kurs og personalsamlingar. Innhaldet

på dvd-en er m.a. ein kortfilm om arbeidsmiljøarbeid,

«Løpande kontroll».

IT-strategi

Fylkeskommunen har fokus på å sikra gode rammer for

utvikling og bruk av IT som verktøy. I 2009 vart det

etablert ein ny overordna IT-strategi som set tydelege

krav til at utviklinga av IT skal skje på ein strukturert

måte og innanfor eit felles rammeverk.

Mange nye IT-løysingar

Eit av dei mest omfattande av dei nye IT-prosjekta i

2009 har vore etablering av ei eiga IT-driftsplattform

for Skyss (t.d. billetteringssystem og vev-løysinga

skyss.no). Oppgradering av økonomisystem, etablering

av system for papirlause politiske møte, oppfølging av

IT-konsulentar på skulane er andre døme på oppgåver

som vart gjennomførte i 2009.


Miljørapport 2009

Miljøsertifisering av einingane i den

fylkeskommunale verksemda vart starta

i 2009. Energibruken i fylkeskommunale

bygg auka litt frå 2008 til 2009. Innføring

av energioppfølgingssystem er i gang og

er prioritert. Tenestereiser med bil og

fly førte til 17 tonn auke i CO2-utslepp,

medan utsleppa frå kollektivtrafikken

gjekk ned med 1 874 tonn CO2.

På overordna nivå har fylkeskommunen utarbeidd

Klimaplan for Hordaland. Planen vart sendt på høyring

ved årsskiftet og skal vedtakast i 2010.

Miljøsertifisering

Med sertifisering av Nesttun tannklinikk i juni fekk

fylkeskommunen i 2009 sitt fjerde miljøfyrtårn. I

tillegg vart fylkeskonferansen for kultur og idrett

miljøsertifisert som grønt arrangement.

Koordinator for miljøsertifisering er tilsett, ei

miljøsertifiseringsgruppe er etablert, og fylkesrådmannen

har vedteke ein tre års plan for sertifisering.

Arbeidet med miljøsertifisering av Fylkeshuset er starta

og mange andre einingar er også i gang. OTT/PPT

(8 avdelingskontor), tannhelsedistrikt Vest, Aust og

Sentrum (29 klinikkar) og Næringskonferansen 2010

har vedteke å verta miljøsertifiserte i 2010.

10 skular har uttrykt interesse for å starta prosessen

med miljøsertifisering i 2010. Nokre har fått tildelt

midlar til tiltak.

Energibruk

Mengda registrert innkjøpt energi til fylkeskommunal

verksemd var 58,2 mill. kWh i 2009 som er 1,6 mill.

kWh auke frå 2008.

Vel 90 % av energibruken er elektrisk straum.

Fjernvarme levert frå BKK auka til ca. 5 % (2008:

4,4 %). I tillegg vert det ved Bergen katedralskole,

Slåtthaug, Stord og Sotra vidaregåande skular nytta ein

del overskotsvarme frå naboar sine anlegg.

Ved Knarvik vgs. er gass teken i bruk til oppvarming.

Noko biobrensel vert nytta ved Voss jordbruksskule.

Bruk av fyringsolje har vore minkande i fleire år, men

auka litt i 2009. Kvinnherad vgs. fjerna oljefyren i

2009.

Innkjøpt energimengde varierer noko frå år til år,

men er aukande over tid. Den samla bygningsmassen

til fylkeskommunen har auka med 2,5 % sidan 2008.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

ORGANISASJON

Miljørapporten til Hordaland fylkes kommune

for 2009 omfattar dei klima- og

miljødataa for fylkeskommunen sin

aktivitet som det er mogleg å få fram

på noverande tidspunkt. Arbeidet med

å innføra rutinar som gjer det mogleg

å få fram fleire, meir detaljerte og meir

korrekte data til miljørapportering for

seinare år held fram.

Innføring av energioppfølgingssystem er under arbeid

og dette arbeidet vert prioritert framover. Detaljert

energioppfølging er i gang ved 60 bygningar.

CO2-utslepp

Utslepp av CO2 frå fylkeskommunen si reiseverksemd

med bil og fly auka med 17 tonn frå 2008 til 2009, til

totalt 798 tonn. Utsleppa frå oppvarming med fyringsolje

auka med 75 tonn til 804 tonn. For fyringsolje er tala

for 2008 usikre. Samla utslepp frå fylkeskommunal

drift i 2009 var 1 602 tonn CO2.

Den største delen av CO2-utsleppa innan fylkeskommunen

sitt ansvarsområde kjem frå kollektivtrafikken.

Drivstofforbruket i kollektivtrafikken i Hordaland gjekk

ned med 704 500 liter frå 2008 til 2009. Reduksjon var

5,3% for båtdrifta og 3,1 % for bussane. Samla forbruk var

18,27 millionar liter. CO2-utsleppet var 48 599 tonn som er

1 874 tonn mindre enn i 2008.

Reiser

Talet på tenestereiser med fly gjekk ned i 2009, men

samla reiselengde auka. Det vart reist 6 064 strekningar

i 2009, mot 6 337 året før. Talet innanlandske og

interkontinentale reiser auka, medan det var færre reiser

innan Norden og Europa. Samla reiselengde auka frå

3,67 mill. km til vel 4,0 mill. km.

Tenestekøyring med bil auka med 34 000 km (2 %) til

ca. 1,75 mill. km i 2009. Skulane og tannhelsedistrikta

hadde reduksjon på ca. 8 %, medan administrasjon,

politikarar og andre hadde auke på 10 %.

Papirbruk

Mengde kjøpt kopipapir har variert sterkt dei siste åra.

Gjennomsnittsinnkjøpet av kopipapir dei siste tre åra

har vore 143,8 tonn. I 2009 vart det kjøpt inn 114,5

tonn kopipapir og 115,8 tonn anna papir (toalettpapir,

tørkepapir, o.a.).

Energibruk Hordaland fylkeskommune 2005-2009

Endring Endring

Forbruk målt i kWh 2005 2006 2007 2008 2009 2008-09

Straumforbruk 50 796 603 46 808 795 51 686 982 51 400 716 51 985 221 1,1 %

Fyringsolje* 2 731 870 4 686 940 2 738 410 2 741 342* 3 024 076 10,3 %*

Fjernvarme 2 069 570 1 889 370 1 714 270 2 485 930 2 926 510 17,7 %

Gass 269 465**

Totalt forbruk 55 598 043 53 385 105 56 139 662 56 627 988 58 205 272 2,8 %*

Kvantum energi innkjøpt i året til oppvarming av Hordaland fylkeskommune sine bygg.

41

* Tal på fyringsolje

i 2008 var ikkje

komplett og totalen er

derfor stipulert.

** Energiforbruk til

elektriske apparat og

oppvarming av bygg.


42

Fylkesrådmannen si

toppleiargruppa per

utgangen av mars

2010.

ORGANISASJON

Administrativ organisering

Hovudstrukturen i fylkesadministrasjonen har to stab seiningar

og fem fagavdelingar.

Stabseiningane er organisasjonsavdelinga og økonomiavdelinga.

Stabane sin funksjon er å vera støtteeiningar

til lineorganisasjonen og/eller ha arbeidsoppgåver som

er verksemdsovergripande. Fagavdelingane er kultur-

og idrettsavdelinga, opplæringsavdelinga, samferdsels-

avdelinga, regionalavdelinga og tannhelseavdelinga.

I 2007-09 har det vore gjennomgang og justering

av organiseringa av avdelingane. Det er gjennomført

samsvarande inndelingar i seksjonar og einingar under

Fylkesrådmann

Paul M. Nilsen.

Opplæringsdirektør

Svein-Erik Fjeld.

Økonomidirektør

Johnny Stiansen.

Samferdselssjef

Magnus vestrheim.

Organisasjonsdirektør

Gerd Ingunn Opdal.

Fylkeskultursjef Anna

Elisa Tryti.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

seksjonane der det er behov for dette. I samband med

forvaltingsreforma og nye oppgåver frå 1.1.2010 er

strategi- og næringsavdelinga nyorganisert og har endra

namn til regionalavdelinga. I samferdselsavdelinga

er det innført ny seksjonsinndeling. Ordninga med

arbeidslag er avvikla. Dei fire arbeidslaga vart lagde ned

på nyåret 2010 og oppgåvene overførte til avdelingane

– i hovudsak til regionalavdelinga.

Detaljert oversikt over inndelingane er tilgjengeleg

fylkeskommunen sine nettsider på www.hordaland.

no.

Regionaldirektør

Jan Per Styve.

Fylkestannlege

Inge Magnus Bruvik.


Politisk organisering

Gjeldande politisk styringsstruktur i Hordaland fylkeskommune

vart sett i verk 15. okt. 2003 då fylkestingsperioden

(2003-07) tok til. Talet på medlemer i

fylkes tinget er 57.

Fylkestinget

Fylkestinget er det øvste politiske organet i fylkeskommunen,

og gjer vedtak på vegner av fylkeskommunen

så langt anna ikkje følgjer av lov, forskrift eller delegasjonsvedtak.

Fylkesutvalet

Talet på medlemer i fylkesutvalet er 15. Fylkesutvalet har

det daglege ansvaret for samordning av den fylkeskommunale

verksemda.

Fylkesutvalet er fylkeskommunen sitt driftsutval, og

tek endeleg avgjerd i driftssaker som ikkje er lagde til

andre organ eller administrasjonen.

I samband med at fylkesutvalet også er administrasjonsutval,

er det inngått protokoll med arbeidstakarorganisasjonane.

Av den går det fram at arbeidstakarane skal ha

fire representantar i administrasjonsutvalet saman med

fylkesutvalet sine 15 representantar.

Utvala

Dei tre faste utvala er:

Kultur- og ressursutvalet

Opplærings- og helseutvalet

Samferdselsutvalet

Kvart utval har 13 medlemer.

Avgjerd i ein del driftsoppgåver er delegert til utvala.

Utvala har m.a. vedtaksrett i saker som gjeld fordeling

av budsjetterte tilskots- og stønadsmidlar.

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet har fem medlemer, av dei vert 3 valde

Saker i dei politiske organa

2006 2007 2008 2009

Fylkestinget 86 97 73 91

Fylkesutvalet 335 309 305 323

Kultur- og ressursutvalet 126 115 116 144

Opplærings- og helseutvalet 78 58 56 75

Samferdselsutvalet 75 75 76 85

Kontrollutvalet 53 44 39 39

Fylkestingsvala 1975-2007

Samansetjinga av fylkestinget etter vala i:

1975 1979 1983 1987 1991 *1995 1999 *2003 2007

Arbeiderpartiet 26 23 28 26 24 18 18 13 14

Raud Valallianse/Raudt 1 1 1 1 1 2 2 2

Sosialistisk Venstreparti 4 3 5 5 10 4 5 6 4

DNF 5 2

DLF/Venstre 5

Venstre 3 6 5 3 5 3 2 3

Senterpartiet 8 6 5 5 10 8 5 4 4

Kristeleg Folkeparti 15 12 11 10 10 9 9 5 5

Høgre 22 29 23 20 16 12 13 11 11

Fremskrittspartiet 2 3 7 13 8 9 11 13 14

Pensjonistpartiet 2 1 1 1

Fedrelandspartiet 1

* Samla tal representantar vart redusert frå 85 til 67 frå og med valet i 1995, og frå 67 til 57 frå og

med valet i 2003.

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

blant fylkestinget sine medlemer og 2 valde utanom

fylkestinget sine medlemer. Leiar og nestleiar vert valde

frå fylkestinget. Kontrollutvalet fører tilsyn med den

fylkeskommunale forvaltinga.

Utskiftingar i fylkestinget

FYLKESTINGET

I høve utflytting frå fylket fekk Robert Erlandsen (KrF)

og Sunniva Schultze-Florey (Raudt) hausten 2009 fritak

frå vervet som fylkestingmedlemer. Gunnvor Sønnesyn

(KrF) vart ny i fylkestinget for Kristeleg folkeparti og

ho vart også medlem i samferdselsutvalet. For Raudt

kom Terje Kolbotn inn som ny fylkestingsmedlem.

Kjersti Toppe (Sp) fekk fritak frå fylkestinget då ho

vart valt til stortingsrepresentant hausten 2009. Ny

i fylkestinget for Senterpartiet vart Sigrid Brattabø

Handegard. Seinare i 2009 vart Brattabø Handegard

statssekretær og fekk fritak frå fylkestinget. Sammy

Olsen vart ny fylkestingsmedlem for Senterpartiet og

også medlem i kultur- og ressursutvalet.

På nyåret 2010 døydde Inge Børslien (V), og i hans

stad vart Bjørn Magne Hufthammer ny medlem for

Venstre i fylkestinget.

Representantfordeling

Talet på representantar i Hordaland

fylkesting er 57. Tabellen

viser fordelinga mellom partia

ved valet i 2007 og endringane

i høve til valet i 2003:

Repr. Endring

2007 03-07

A 14 + 1

Frp 14 + 1

H 11 0

SV 4 – 2

KrF 5 0

Sp 4 0

V 3 + 1

RV/Raudt 2 0

Pensj. 0 – 1

43

Ungdommens

fylkesutval

Ungdommens

fylkesutval (UFU)

har òg i 2009 vore

verdfull medspelar

og høyringsinstans i

saker som vedkjem

born og unge. Blant

anna har UFU arbeidd

med klimaplanen

som har ført til eit

eige Ungdommens

klimapanel, heldt

hovudinnlegg

på konferansen

«Informasjon gir

ungdom mulegheiter»

og ikkje minst arbeidd

med (etablering av)

kommunale barne-

og ungdomsråd.

Eit samarbeid med

Eldrerådet har ført til

ein todagars generasjons

konferanse

for alle ungdoms- og

eldreråd i Hordaland.


44

Hordaland fylkesting 2007-2011

Det er tre faste utval: Kultur- og

ressursutvalet, opplærings- og

helseutvalet og samferdselsutvalet.

Utvala har m.a. vedtaksrett i saker

som gjeld fordeling av budsjetterte

tilskots- og stønadsmidlar.

Kontrollutvalet fører tilsyn med den

fylkeskommunale forvaltinga.

Fylkesutvalet saman med fire

arbeidstakarrepresentantar utgjer

administrasjonsutvalet.

Skissa viser hovudstrukturen for den

politiske organiseringa i Hordaland fylkeskommune.

Fylkestinget har møte 4-5 gongar

i året. Fylkesutvalet møtest omlag ein

gong i månaden og det same gjer dei faste

utvala og kontrollutvalet.

Fylkestinget, med 57 medlemer, er

det øvste politiske organet i fylkeskommunen,

og gjer vedtak på vegner

av fylkeskommunen så langt

anna ikkje følgjer av lov, forskrift

eller er delegert til andre.

Fylkesutvalet har det daglege ansvaret

for samordning av den fylkeskommunale

verksemda.

Fylkesutvalet er fylkeskommunen

sitt driftsutval, og tek endeleg avgjerd

i driftssaker som ikkje er lagde

til andre organ eller

administrasjonen.

Torill Selsvold Nyborg (KrF)

Fylkesordførar

Fjell

Hans Otto Robberstad

Opplærings- og helseutvalet

Bømlo

Torill Vebenstad

Fylkesutvalet

Askøy

Sigmund Olsnes

Fylkesutvalet

Bergen

Joril Christensen

Fylkesutvalet

Bergen

Gisle Handeland

Fylkesutvalet

Fedje

Gunvor Sønnesyn

Samferdselsutvalet

Voss

Ola Johan Settem

Kultur- og ressursutvalet

Bergen

Aslaug Hellesøy

Opplærings- og helseutvalet

Kvinnherad

Pål Kårbø

Fylkesutvalet

Meland

Torill Selsvold Nyborg

Fylkesordførar

Fjell

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

Guro Fosse Haraldsen

Opplærings- og helseutvalet

Kvinnherad

Liv Oda Dale

Kultur- og ressursutvalet

Masfjorden

Toralv Mikkelsen

Kultur- og ressursutvalet

Odda

Aud Karin Søilen

Kultur- og ressursutvalet

Bergen

Nils-Olav Nøss

Samferdselsutvalet

Os

Einar Lutro

Nestleiar samferdselsutvalet

Ullensvang

Berit W. Eldøy

Nestleiar kultur-og ressursutvalet

Stord

Stein Inge Ryssdal

Fylkesutvalet

Bergen

Mona Røsvik Strømme

Fylkesutvalet

Bergen

Tom-Christer Nilsen

Fylkesvaraordførar

Askøy


Mette Holmefjord Olsen

Fylkesutvalet

Fusa

Jette Lunemann Hansen

Samferdselsutvalet

Bergen

Jan Johnson

Opplærings- og helseutvalet

Bergen

Anne-Line Innvær

Samferdselsutvalet

Fitjar

Terje Hermansen

Leiar kontrollutvalet

Os

Eli Årdal Berland

Samferdselsutvalet

Fjell

Dan Stian Femoen

Opplærings- og helseutvalet

Bergen

Torill Eidsheim

Samferdselsutvalet

Lindås

Cathrine E. Schjelderup

Opplærings- og helseutvalet

Bergen

Eivind Nævdal-Bolstad

Nestleiar oppl.- og helseutvalet

Odda

Terje Kolbotn

Fylkestinget

Odda

Sunniva Dijana Milicevic Schultze-Florey Saga

Opplærings- Kultur- og ressursutvalet

og helseutvalet

Bergen Odda

Kjartan Haugsnes

Samferdselsutvalet

Vaksdal

Aud Karin Oen

Opplærings- og helseutvalet

Øygarden

Kim Eirik Størksen

Kultur- og ressursutvalet

Bergen

Helge Andre Njåstad

Leiar kultur- og ressursutvalet

Austevoll

Monica Nilsen

Fylkesutvalet

Bergen

Roald Stenseide

Leiar opplærings- og helseutvalet

Askøy

Terje Søviknes

Fylkesutvalet

Os

Arne Havnerås

Kultur- og ressursutvalet

Kvinnherad

Harald Hove

Fylkesutvalet

Bergen

Sammy Olsen

Kultur- og ressursutvalet

Bømlo

Lene Fløysand Sylta

Opplærings- og helseutvalet

Lindås

Bente Bondhus

Samferdselsutvalet

Kvinnherad

Magnar Lussand

Fylkesutvalet

Granvin

Rosalind Fosse

Opplærings- og helseutvalet

Askøy

Bjørn Arne Aakvaag

Opplærings- og helseutvalet

Lindås

Elisabeth Eide Tharaldsen

Samferdselsutvalet

Kvinnherad

Stig Høgholm

Kultur- og ressursutvalet

Bergen

Anita Garlid Johannessen

Kultur- og ressursutvalet

Fjell

Hordaland fylkesting har i perioden 2007-2011

57 medlemer med denne fordelinga:

Arbeiderpartiet ................ 14

Fremskrittspartiet ............ 14

Høgre ............................. 11

Kristeleg Folkeparti........... 5

Senterpartiet ..................... 4

Sosialistisk venstreparti .... 4

Venstre .............................3

Raudt ................................2

Bjørn Magne Hufthammer

Fylkestinget

Austevoll

Anne Beth Njærheim

Samferdselsutvalet

Bømlo

Georg Indrevik

Samferdselsutvalet

Fjell

Petter Kvinge Tvedt

Fylkesutvalet

Bergen

Gunnar Bakke

Fylkestinget

Bergen

Dagfinn Vik

Kontrollutvalet

Kvam

Gustav Bahus

Leiar samferdselsutvalet

Os


Politiske leiarar

Torill

Selsvold

Nyborg

Fylkesordførar

Tom-Christer

Nilsen

Fylkesvaraordførar

Roald

Stenseide

Leiar

opplærings- og

helseutvalet

Helge Andre

Njåstad

Leiar

kultur- og

ressursutvalet

Gustav

Bahus

Leiar

samferdselsutvalet

Terje Olav

Hermansen

Leiar

kontrollutvalet

Fylkesutvalet

DET NORSKE ARBEIDERPARTI

Gisle Handeland, 5947 Fedje

Joril Christensen, Sædalssvingene 36 C,

5098 Bergen

Sigmund Olsnes, Pb 284 Indre Arna,

5888 Bergen

Torill Vebenstad, Bastanesveien 22,

5305 Florvåg

FREMSKRITTSPARTIET

Terje Søviknes, Søvikneset 130,

5215 Lysekloster

Monica Nilsen, Selvikveien 21,

5106 Øvre Ervik

Petter Kvinge Tvedt, Helgesens gt 13 201,

5032 Bergen

HØYRE

Tom-Christer Nilsen, Florvågøen st. 21,

5305 Florvåg

Mona Røsvik Strømme, Øv. Våganeset 18,

5106 Øvre Ervik

Stein Inge Ryssdal, Dortledhaugen 108,

5239 Rådal

KRISTELEG FOLKEPARTI

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg,

Byklettvn. 8, 5353 Straume

Pål Kårbø, Juviknipa 4, 5918 Frekhaug

SENTERPARTIET

Magnar Lussand, 5736 Granvin

SOSIALISTISK VENSTREPARTI

Mette Holmefjord Olsen, Hagen 46,

5640 Eikelandsosen

VENSTRE

Harald Hove, Lyngbøkollen 61, 5164 Laksevåg

Administrasjonsutvalet

Leiar: Tom-Christer Nilsen

Samferdselsutvalet

ARBEIDERPARTIET

Nils-Olav Nøss, Strønevegen 419,

5218 Nordstrøno

Jette Lunemann Hansen, Konsul Børsgt. 11,

5016 Bergen

Anne-Line Innvær, Grutle 11, 5419 Fitjar

FREMSKRITTSPARTIET

Gustav Bahus, Lynghaugen Boks 322,

5203 Os

Elisabeth Eide Tharaldsen, Klubbavikjo 32A,

5454 Sæbøvik

Georg Indrevik, Kolltveit, 5353 Straume

HØYRE

Einar Lutro, Ullensvang, 5781 Lofthus

Torill Eidsheim, Røsvikdalen 16 A,

5451 Valen

Eli Årdal Berland,Vågslia 13, 5363 Ågotnes

KRISTELEG FOLKEPARTI

Gunvor Sønnesyn, Nordrekvålsvegen 22,

5710 Skulestadmo

SENTERPARTIET

Bente Bondhus, Neslia 70, 5470 Rosendal

SOSIALISTISK VENSTREPARTI

Kjartan Haugsnes, Botnavegen 27,

5725 Vaksdal

VENSTRE

Anne Beth Njærheim, Raunevarden 5,

5430 Bremnes

Leiar: Gustav Bahus

Nestleiar: Einar Lutro

Kontrollutvalet

DET NORSKE ARBEIDERPARTI

Terje Olav Hermansen, Langedalen 102,

5212 Søfteland

FREMSKRITTSPARTIET

Dagfinn Vik, Holmatunvegen 22,

5610 Øystese

Sølvi Anita Schei, Sangolt, 5382 Skogsvåg

UTDANNING

Politiske organ 2007-11, medlemer

Kultur- og

ressursutvalet

DET NORSKE ARBEIDERPARTI

Aud Karin Søilen, Nils Langhellesv. 68,

5148 Fyllingsdalen

Liv Oda Dale, 5986 Hosteland

Toralv Mikkelsen, Eidesmoen 4, 5750 Odda

FREMSKRITTSPARTIET

Helge Andre Njåstad, 5392 Storebø

Stig Høgholm, Kjenndalsåsen 26,

5225 Nesttun

Anita Garlid Johannessen, Trengereidvegen

64, 5382 Skogsvåg

HØYRE

Berit W. Eldøy, Høylandsv. 3, 5412 Stord

Arne Havnerås, Neslia 90, 5470 Rosendal

Haakon A Sundve Thuestad, Fosswinckelsgt.

32A, 5008 Bergen

KRISTELEG FOLKEPARTI

Ola Johan Settem, Haukedalen 132,

5121 Ulset

RAUDT

Dijana Milicevic Saga, Ragdevegen 113,

5750 Odda

SENTERPARTIET

Sammy Olsen, Tverravegen 101, 5430 Bremnes

SOSIALISTISK VENSTREPARTI

Kim Eirik Størksen,Michael Krohnsgt. 105,

5057 Bergen

Leiar: Helge Andre Njåstad

Nestleiar: Berit W. Eldøy

Opplærings- og

helseutvalet

DET NORSKE ARBEIDERPARTI

Hans Otto Robberstad, 5427 Urangsvåg

Guro Fosse Haraldsen, Stubsgt. 5A,

5006 Bergen

Jan Johnson, Austre Sagstadvegen 66,

5243 Fana

FREMSKRITTSPARTIET

Roald Stenseide, Postboks 96,

5327 Hauglandshella

Rosalind Fosse , Ramsøy,

5310 Hauglandshella

Bjørn Arne Aakvaag, Oterhaugane 5 A,

5914 Isdalstø

HØYRE

Eivind Nævdal-Bolstad, Øvre Sandviksv. 15,

5034 Bergen

Cathrine E. Schjelderup, Hatleberg studenthj.,

Hatlev. 5b B716, 5041 Bergen

Dan Stian Femoen, Nordåsbrotet 113,

5235 Rådal

KRISTELEG FOLKEPARTI

Aslaug Hellesøy, 5474 Løfallstrand

RAUDT

Even Olesen Sørland, Christinegård 58,

5037 Bergen

SENTERPARTIET

Lene Fløysand Sylta, Bruvoll, 5956 Vågseidet

SOSIALISTISK VENSTREPARTI

Aud Karin Oen, Skrubbenakken 2022,

5337 Rong

Leiar: Roald Stenseide

Nestleiar: Eivind Nævdal-Bolstad

KRISTELEG FOLKEPARTI

Rolf Sandstad, Høgeberget 29,

5943 Austrheim

VENSTRE

Grete Line Simonsen, Dragefjellstrappen 3,

5010 Bergen

Leiar: Terje Olav Hermansen

Nestleiar: Grete Line Simonsen


Fakta om Hordaland

HØYANGER YA YAN

GULEN

SOGN G OG FJORDANE

FJORD FJOOR

RD

Fedje

FEDJE

AUSTRHEIM

Tjeldstø

ØYGARDEN

FJELL

Store Sotra

Skogsvåg

Bømlo

Stord

Masfjorden

Alversund

Dale

Knarvik

Frekhaug

Steinst

Salhus

Lonevåg

ASKØY Valestrandsfossen

Breistein

Hausvik

Vaksdal

Yt

Arna

Kleppestø In

Knarrevik

Storebø

Rubbestadneset

Bremnes

BØMLO

Langevåg

Austrheim

Manger

FITJAR

Fitjar

HAUGESUN UGESUND

UGG ND N

RADØY

SUND

AUSTEVOLL

MELAND

Sveio

Hjellestad

Lindås

BERGEN

Fana

Syfteland

OS

Os

Uggdalseidet

STORD Husnes

Valen

Sagvåg

Leirvik

Sunde

SVEIO ØLEN

Førde

MASFJORDEN

LINDÅS

Espeland Tysse

BERGEN

Nesttun

TYSNES

OSTERØY

Eikelandsosen

FUSA

Skånevik

Etne

Mo

Sunnhordland

VINDAFJORD

V ND NDAFJ DA

Folketal 1.1. 2010: TYSV T ÆR

(9,8% av innbyggjarane i Noreg.)

477 175

Folkeauke 2008-2009 (pr. 31.12.): 7 494

Fødselsoverskot 2009: 2 724

Netto tilflytting 2009: 4 749

Kommunar med høgast folketal (1.1.2010):

Bergen 256 600

Askøy 24 993

Fjell 21 823

Kommune med lågast folketal (1.1.2010):

Modalen 344

Kommunar pr. 1.1. 2010: 33

Vegnettet:

Riksvegar 1.1. 2010: 749 km

Fylkesveglengd 1.1. 2010: 2 905 km

Kommuneveglengd 1.1. 2009: 3 111 km

Offentleg vegnett totalt 1.1. 2009: 6 754 km

Lengste bru: Nordhordlandsbrua 1 610 m

Lengeste hengebruspenn: Askøybrua 850 m

Lengste vegtunnelar:

Folgefonntunnelen 11 150 m

Bømlafjordtunnelen (undersjøisk) 7 888 m

Vallaviktunnelen 7 513 m

SAMNANGER

Rosendal

Stølsheimen

MODALEN

VAKSDAL

Øystese

Norheimsund

KVINNHERAD

ETNE

KVAM

H a r d a n g e r f j o rd e n

Folgefonni

Jondal

Røldals-

SAUDA

Voss

Ålvik

JONDAL

fjellet

VOSS

Tyssedal

Odda

VIK

Granvin

Lofthus

Kinsarvik

ODDA

Årsmelding 2009 Hordaland fylkeskommune

Haukelifjell

SULDAL AL

Ulvik

ULLENSVANG

OM HORDALAND

AURLAND L

GRANVIN ULVIK

Hardanger

jøkule

Eidfjord

EIDFJORD

Hardanger

Hardangervidda

nasjonalpark

vidda

HOL

NOREE

OG

UVDAL UVDA

BUSKE BUS B E

RUD

VINJE

TELEMARK

TE

Klimagassar: ROGALAND

CO2-utslepp til luft 2008: 3 823 000 tonn

NOX-utslepp til luft 2007: 8 720 tonn

SO2-utslepp til luft 2007: 1 707 tonn

CH4-utslepp til luft 2008: 16 552 tonn

Hordaland

Geografiske data:

Areal (total) 15 460 km

0

50 km

2

Tot. areal inkll. terretorialfarvatn 22 633 km2 Fastland og øyar utan ferskvatn 14 551 km2 Ferskvatn (areal) 909 km2 Isbrear (areal) 340 km2 Største kommune, areal: Voss 1 815,6 km2 Minste kommune, areal: Fedje 9,4 km2 Jordbruksareal i drift (09) 416 569 da

Skogareal, produktivt (05) 1 908 579 da

6 482 øyar i saltvatn

2 645 øyar i ferskvatn

15 529 ferskvatn

Lengd kystline på fastland 2 237 km

Lengd kystline på øyar 6 504 km

Lengd kystline totalt 8 740 km

Største øy: Osterøy 329 km2 Største innsjø: Hamlagrøvatnet 10,3 km2 Høgaste fjell: Hardangerjøkulen 1 863 m

Høgaste fossefall (tilnærma loddrett fall):

Skykkjedalsfossen (Eidfjord) 300 m

Tyssestrengene (Odda) 300 m

Høgaste uregulerte fossefall,

(tilnærma loddrett fall):

Vedalsfossen i Eidfjord 200 m

Lengste fjord:

Hardangerfjorden 179 km

(Den nest lengste fjorden i Noreg,

etter Sognefjorden - 204 km.)

Største isbre: Folgefonna 212 km2 (Den tredje største isbreen i Noreg,

Jostedalsbreen og Svartisen er større.)

Klima:

Mest nedbør på eitt år:

Haukeland i Masfjorden (1990) 5 303 mm

Mest nedbør på eitt døger:

Matre i Sunnhordland (1940) 229,6 mm

Høgast målte temperatur:

Voss stasjon (5. juli 1889) + 34,0° C

Lågast målte temperatur:

Finse (7. januar 1982) – 39.6° C

Dagar med nedbør i Bergen 2005: 248

© Statens kartverk 1998

47


HORDALAND

FYLKESKOMMUNE

Nøkkeltal 2009

Fylkesøkonomien

Driftsinntekter: 5 142,4 mill. kr

Driftsutgifter: 4 942,3 mill. kr

Renteutgifter: 107,0 mill. kr

Avdrag lån: 120,1 mill. kr

Netto driftsresultat 16,5 mill. kr

Årsresultat: 0,0 mill. kr

Investeringar (inkl. aksjar, utlån, avset.) 1 197,7 mill. kr

Lånegjeld pr. 31.12.2009: 3 662,9 mill. kr

Opplæring

Brutto driftsutgifter 2 582,6 mill. kr

Kostnad per elev 129 026 kr

Kostnad per lærling 52 550 kr

Elevar i fylkesk. vidaregåande skular 17 570

Elevar i private vidaregåande skular 2 198

Prosent 16-18 åringar i vidareg. opplæring 93,0

Løpande lærekontraktar 4 169

Nye lærekontraktar 2009 1 956

Tal fylkeskommunale vidaregåande skular 45

Elevar per fylkesk. vidaregåande skule 390

Tannhelse

Brutto driftsutgifter 256,4 mill. kr

Undersøkt og behandla:

Prioriterte grupper 62,2 %

Born og unge 3-18 år 65,6 %

5-åringar utan hol i tennene 79,4 %

Regional utvikling

Regionalt utviklingsprogram(RUP) 77,9 mill. kr

Kompensasjonsmidlar

for arbeidsgjevaravgift 42,6 mill. kr

Utviklingsmidlar til

strategiske prosjekt 15,0 mill. kr

Næringssatsing og tilskot, utanom RUP 12,9 mill. kr

Fakta om Hordaland

Areal 15 460 km 2

Folketal 1.1. 2010 477 175

Folkeauke 2008-2009 (pr. 31.12.) 7 494

Fødselsoverskot 2009 2 724

Netto tilflytting 2009 4 749

Netto tilflytting frå utlandet 2009 4 153

Folketal Bergen 1.1.2010 256 600

Heilt arbeidsledige pr. 28.02.10 7 122 (2,8 %)

Sysselsette på tiltak pr.28.02.10 1 974 (0,8 %)

Kultur og idrett

Brutto driftsutgifter 259,1 mill. kr

Spelemidlar utbetalt 86,7 mill. kr

Spelemidar idrett, fordelt 73,2 mill. kr

Spelemidlar kulturbygg, fordelt 4,4 mill. kr

Br. driftsutg. kulturvern og museum 79,3 mill. kr

Samferdsel

Brutto driftsutgifter 1 186,3 mill. kr

Transport funksjonshemma 44,3 mill. kr

Fylkesvegvedlikehald 135,3 mill. kr

Busspassasjerar i fylket 38,96 mill.

Båtpassasjerar i fylket 714 000

Flypassasjerar Bergen lufthamn 4 862 869

Flypassasjerar Sunnhordland lufthamn 22 732

Togpassasjerar over Finse 697 000

Passasjerar lokaltog Bergen-Myrdal 1 386 000

Tal drosjeløyve/løyvehavarar 867/594

Bompengeinntekter 673,4 mill. kr

Tilsette i fylkeskommunen

Årsverk fast tilsette 3 923

Utdanningssektoren 3 144

Tannhelsetenesta 291

Fylkesadministrasjonen/andre 488

Personar fast tilsette 4 374

Kvinner (56,1 %) 2 452

Menn (43,9 %) 1 922

Tilsette i deltidsstillingar

Kvinner 1 067 (43,5 %)

Menn 410 (21,3 %)

Gjennomsnittsalder alle tilsette 48,4 år

Kvinner 47,7 år

Menn 49,4 år

Sjukefråvær fast tilsette 6,3 %

Kvinner 7,4 %

Menn 5,0 %

Opplæring 6,3 %

Tannhelse 7,6 %

Fylkesadministrasjonen/andre 5,5 %

Gjennomsnittleg årsløn

Alle tilsette 422 536 kr

Kvinner 405 252 kr

Menn 438 459 kr

More magazines by this user
Similar magazines