26.09.2013 Views

«Alle som likte De andres liv, burde se Barbara» MSN

«Alle som likte De andres liv, burde se Barbara» MSN

«Alle som likte De andres liv, burde se Barbara» MSN

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

Om kjærleik og mistru i DDR

I Barbaras opningsscene sit ei vakker blond kvinne på ein kvit benk. Uttrykket

i andletet hennar er bistert. Ho kjederøykjer. Frå eit vindauge ser to

menn ned på henne. Den eine er kledd i kvit legefrakk, den andre i svart.

«Har ho venner?», spør mannen i kvitt. «Nei, fengselsopphaldet hadde ein

øydeleggjande verknad på vennekretsen» svarar den svartkledde.

Kvinna på benken er Barbara. I det filmen startar er ho på veg til sin første

dag i ny jobb som lege på eit provinssjukehus. Barbara er på ein stad ho ikkje

vil vere, i eit land ho ønskjer å forlate. Problemet er at tryggingspolitiet Stasi

er fullstendig klar over det. Dei har sett inn store ressursar på å hindre

Barbara i å lukkast.

Barbara er ingen politisk dissident. Men ho blir likevel ein samfunnsfiende

i DDR. Brotsverket hennar er at ho elskar ein mann frå Vest-Tyskland

og ønskjer å leve saman med han.

Det er ikkje plass til Barbaras kjærleik til Jörg i det samfunnet kommunistpartiet

og Stasi vil ha. Kjærleiksforhold til vest-tyske borgarar var

rekna som ein tryggingsrisiko på grunn av den kalde krigen. I Barbaras

tilfelle er saka enno vanskelegare. Då Berlinmuren vart reist på seinsommaren

1961 var eit av hovudmåla å hindre folk som Barbara i å forlate

DDR. Ho er ein svært kompetent barnelege. DDR har brukt mange år på å

utdanne henne. Barbara er ein ressursperson som DDR ikkje vil late Vest-

Tyskland få nytte av.

Barbara held seg unna sine nye kollegaer. Ho smiler ikkje, og ho småpratar

ikkje. André, den nye sjefen, viser ei spesiell interesse for henne. Når han

tilbyr seg å køyre henne heim etter jobb, spør han ikkje om kvar ho bur. «Dei

har vel informert deg» er Barbaras lakoniske kommentar. Men kan det vere

andre grunnar til at André er vennleg enn at han vil vinne Barbaras tillit slik

at han kan tyste på henne?

Tyske aviser har rosa Barbara for å gje eit sjeldant finstemt portrett av DDR.

Skildringar av DDR på film fram til no kan delast opp i to hovudkategoriar.

Den eine viser DDR som eit Stasiland. Det er eit land der dei dystre fargane

dominerer. Det viser nedslitne bygardar, ein betonggrå Berlinmur og uniformskledde

soldatar. Ein viktig eksponent for denne typen skildringar er

den Oscarvinnande filmen De andres liv frå 2006 . I regissør Florian Henckel

von Donnersmarks forteljing er Stasi sjølve kjernen i historia.

Den andre typen DDR-skildringar er prega av ostalgi, eit nostalgisk

svermeri rundt dei enkle tinga i DDR-kvardagen. Ostalgiske filmar viser som

regel eit fargerikt karneval av raude faner, portrett av partiformann Erich

Honecker og typiske DDR-daglegvarer som sylteagurkar frå Spreewald. I

Noreg vart fenomenet særleg kjent gjennom Wolfgang Beckers film Goodbye

Lenin frå 2003. Ostalgien har ofte òg med rette fått mykje tyn i tysk presse

for å skjønnmale diktaturet DDR. Wolfgang Beckers film er ikkje slik. Han

gjev inga rosenraud ostalgisk framstilling av DDR. I Goodbye Lenin er DDRstaten

brutal. Men det er dei lattervekkande sidene av samfunnet som står

i sentrum.

Filmen Barbara ikkje ostalgisk. Han er fri for visuelle DDR-klisjear som

raude faner og Honecker-portrett. Han viser heller ikkje eit blygrått Stasiland.

«Et høydepunkt på Berlin filmfestival … Petzolds fascinerende

stil har ikke ett overflødig bilde eller bevegelse»

The New York Times

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!