12.01.2014 Views

Næravisa - Høgskulen i Volda

Næravisa - Høgskulen i Volda

Næravisa - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

VEKAS VESLE

Næravisa

SISTE

Julesommar og

Næravisa - Fredag 21.02.2003

Hva synes du

om at det ikke er

snø?

Hilde

Kristin

Strand

Vår i februar

Skodda som kjem og vert

liggjande før vårsmyss får du

under skorne, seier mi gamle

farmor. Og skodda er rapportert,

i alle fall litt lenger sør på

Vestlandet. Så med andre ord:

alpinfantastane treng ikkje å

pakka saman utstyret for i år

enno. Og søndagsskuleborna

som sist helg måtte spela fotball

i staden for å ha akedag, får nok

nye sjansar. Men kva med oss

andre? Nokre av oss likar

faktisk at bakkane grønkar, at

fuglane syng, og ikkje minst at

varmen kjem tilbake. ”Vil ut og

sitte i sola”, sa kollega Hanna

ein dag.

Greitt nok at me har busett oss i

vinterlandet Norge. Men det gir

endå betre grunn til å nyta dei

få soldagane som er i

vinterhalvåret. Skia kan

overnatta i garasjen så lenge.

Og tenk berre på alle gruppene i

samfunnet som nyt godt av at

det faktisk er tørre vegar! Eg

skal berre kort nemna to av dei.

Legevakta: Det er ikkje så stor

fare for at gamle damer skal

detta på isen og bryta lårhalsen.

Og sjølv om det no er oppfunne

spesielle truser som skal verna

denne kroppsdelen, er det

likevel skummelt for dei å røra

seg utandørs på glatten. No

sparar helsevesenet pengar,

sidan venteromma ikkje er fylte

av gamle damer med øydelagd

lårhals.

Brøytebilmannskapa: No slepp

dei for det første å verta vekt

midt på natta fordi det har kome

noko som liknar på snøfnugg.

Og for det andre slepp dei å få

kjeft for dårleg brøyting. Buset

ein seg oppi bakkane i Volda, får

ein svi for det.

Brøytemannskapa er glade i å

tømma snøen øverst, dessverre.

No har eg kome meg på skulen

utan at halebeinet verker, og

med ei bukse som er tørr

nederst fleire dagar på rad.

Men ein svale åleine gir ingen

sommar. Det er eit anna gamalt

ordtak. Og eg er redd for at det

kan visa seg å verta rett. For sjølv

om fuglane kvitrar denne

februardagen, og sjølv om det

sist veke vart drukke utepils i

Molde, så spørs det om me gler

oss for tidleg. Kanskje det var lurt

at eg fekk ulltrøye hos mamma til

jul? Det er ikkje så lenge til

sommaren, hugs det.

Næravisa

tips oss om det som skjer i Ørsta

og Volda!

telefon: 70 07 51 89

0204avis@student.hivolda.no

påskevinter?

Snøklokkene er i ferd med å karra seg opp or jorda. Snøfonnene smeltar og

legg att grushaugar. Vegvesenet må ha gjort jobben sin, same kva folk har

sagt tidlegare i vinter. Barnehageborna har funne fram syklane, og folk sit

i solveggen. Men framleis er det berre februar!

HILDE KRISTIN STRAND

- Det er uvanleg at det er så lite

snø, fortel Sivert Heltne (80).

Det er òg tidleg at snøklokkene

er sprotne ut. Men attmed

husveggen til Sivert finn me dei,

tett i tett. På nedsida av huset må

dei få nokre soldagar til. Julesommar

og påskevinter snakka dei om i gamle

dagar. Då var det snøfritt rundt jul,

men snøen kom seinare, og det

vart ei kald, snøfylt påske.

- Mykje rognebær om hausten

gir ein snøfattig vinter, kan

Sivert fortelja.

Det har stemt til no i vinter,

men ein veit jo aldri. For det store

spørsmålet no er: vert det meir

snø?

Månen står i nord

- Eg trur nok det kan koma meir

snø i vinter, men ikkje så mykje.

Sola er så varm at han vert ikkje

liggjande så lenge, seier Sivert.

Men han fortel òg at mars kan

vera ein kald månad, så kanskje er

det for tidleg å gle seg?

Ein gamal mann i Ørsta

fortalde Sivert at dersom det ikkje

var snø den månaden månen står

i nord, vert det ikkje snø heile vinteren.

Dette hadde mannen lært

SNØKLOKKER: Attmed husveggen i

Granlida byrjar snøklokkene å koma fram.

av sin far. Denne vinteren var det

nordamåne i november. Den

månaden var snøfri, og sjølv om

det har vore eit par snøfall seinare,

meiner Sivert at dette

vêrmerket kan stemma.

- Eg trur nok folk trudde meir

på slike merke før i tida. Det fanst

ikkje så mykje vêrvarslingar.

Nokre hadde barometer, men det

dei ikkje visste var at barometeret

viste kanskje ein dag fram i tid.

Det var nok dei som brente seg

Nærnett

nernett.hivolda.no

sport, nyhende og

kulturstoff kvar vekedag

telefon: 70 07 51 80

LITE SNØ: Sivert Heltne har ikkje hatt mykje bruk for snømåka i

februar!

på å stola på barometeret som

steig, for så å gå ut og brøya høy.

Og så kom regnet, smiler Sivert.

Kva veg smeltar

isen?

Rotsethornet og

Rotevatnet er viktige

for å spå korleis vêret

vert. Dersom det kjem

skodde på Rotsethornet,

er dette eit dårleg

teikn. Då vert det regn.

- Dersom isen på

Rotevatnet løsnar mot

demningen, altså utover,

vert det

ein fin

sommar. Men dersom

isen driv

innover vert sommaren

dårleg. I

fjor sommar stemte

dette, fortel Sivert.

Då såg han at

isen dreiv mot

demningen. Og

ingen kan vel klaga

på den sommaren

som kom? Det

same skal gjelda

Neste utgåve av

Næravisa kjem fredag

28. februar.

Vatnevatnet i Ørsta.

Isen på Rotevatnet plar byrja

å smelta i februar eller mars månad.

Han har begynt å losna frå kantane,

har Sivert sett.

- Så dersom eg spør deg neste

veke om kva sommar me får, kan

du svara meg på det?

- Kanskje…

I mellomtida får me berre

venta. Og hugs å sjå mot månen.

For kjem det ring rundt han, vert

det snø.

stranhi@student.hivolda.no

TIDLEG VÅR: Nedanfor ungdomsskulen

blomstrar det i bakkane.

(Alle foto:Hilde Kristin Strand)

Radio Volda

FM 105,5

mån, tys, tors og fre: 0830-0900

tys og tors: 1600-1700

Selma Cero

Veldig greit. Det gjør ikke noe

at det er så varmt. Dessuten er

det så vanskelig å komme seg

på skolen når det er mye is.

Rolf Einar Ørstavik

Det er bra. Det er så fint med

sommer. Det er jo egentlig ikke

sommer nå, men man får jo følelsen

av det. Hvis det hadde

vært snø nå, hadde den bare

vært råtten likevel.

Hans Kvammen

– Næhei, det passer jo ikke til

årstiden akkurat. Men det er jo

snø på fjellet, selv om det selvfølgelig

burde vært mer snø.

Det er ikke godt å si om det

kommer mer. Joa, snøen kommer

nok.

Audhild Kleppe

- Det er fantastisk bra. Helt

topp. Nå er det vår. Og sånn er

det.

Nærsynet

mån, tys og og tors:1530 og 1730

tors: magasin 1740

reprise: 1930

nersynet@student.hivolda.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!