03.02.2014 Views

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

Norsk Svømming nr 2 - Norges Svømmeforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

– Hadde vore drøymesituasjon

å få pappa som sjef på landslaget

Marte Løvberg er dotter til

landslagssjef Petter Løvberg

og landets beste

1999-modell, men noko

press om å bli god å

svømme merkar ho ikkje.

SANDER ENGLUND SMØRDAL [TEKST]

ØYVIND THORSEN [FOTO]

Det å ha foreldre som trenarar er ikkje

uvanlig i norsk svømming, i alle fall ikkje

i meir grisgrendte strøk, men at faren din

er landslagssjef er noko litt annleis. For

Marte Løvberg er det ikkje noko ho tenker

på i kvardagen, men ho vedgår at ho

drøymer om å slå seg inn på seniorlandslaget.

– Eg syns berre det er stas at pappa er

landslagssjef, og det ville vore ein drøymesituasjon

for meg å få han som trenar

på landslaget, seier Marte til Norsk

Svømming under ÅM i Fauske.

Persa på alle øvingar

Der var 13-åringen suveren i kampen om

sammenlagtseieren for jenter fødd i

1999. Marte vant alle øvingane så nær

som ein. 200m rygg tapte ho for klubbvenninne

Emma Sofie Augustsson.

Ho sette likevel personlig rekord på alle

øvingar, og avslutta like godt ÅM med ein

årsklasserekord på 200 meter medley -

to hundredelar betre enn Lise Sand Syversens

rekord frå 2009.

Marte Løvberg har allereie markert seg

både i junior-NM og senior-NM-samanheng

og har sett norske rekordar med

Lambertseters stafettjenter. Ho er i tillegg

allereie kvalifisert for europeisk ungdoms-OL

(EYOF) i sommar.

Ingen ville heva mange augebryn om ho

ikkje tok eit Årsklassemesterskap så høgtidelig,

men det var ingen grunn til å tvile

på seriøsiteten til Marte.

– For fleire av våre beste svømmerar er

ikkje ÅM hovudmål og det merkar vi litt

på resultata, men ikkje med Marte. Ho

Marte Løvberg Landslagssjefens dotter var suveren i kampen om sammenlagtseieren

for jenter fødd i 1999.

elskar dette og gjer verkelig sitt ytterste

for å prestere bra, seier trenar i Lambertseter

SK, Beda Leirvaag.

– ÅM er kjempeartig. Det er mange øvingar

eg likar å svømme her, og då blir

stemnet kjekt. I tillegg får eg møte heile

99-kullet igjen, noko eg set stor pris på,

seier Marte.

Svømmefamilien Løvberg

Til dagleg trenar Marte sju svømmeøkter

i veka. Om lag halvparten er med Leirvaags

ungdomsgruppe, medan den andre

halvparten er i hospitering i treningsgruppene

til Thomas Hjers og Joacim Lilleåsen,

som hovudsaklig er for eldre og

meir etablerte utøvarar.

I tillegg trenar Løvberg handball to gongar

i veka. Bror Fredrik Løvberg har valt å

prioritere handball over svømming, og

startar på handball-gymnas til hausten.

Den vegen kjem ikkje Marte til å gå, forsikrar

ho. Marte drøymer om OL, og drar

god nytte av familien sin i den samanhengen.

Mor Merete er masters-svømmar i verdsklasse,

og held framleis nivået til ein stafett

eller to på NM. Søster Line studerer i

USA, men kjem heim til norske meisterskap

og held mykje kontakt heimover.

– Det er noko av det eg syns er mest

moro med svømminga. Å kunne svømme

på lag med dei for eksempel. I tillegg har

vi jo et voldsomt konkurranseinstinkt, så

vi vil jo gjerne slå kvarandre, smiler

yngste blad Løvberg.

Vore med på

fleire landslagsleirar

Eit anna gode med å ha pappa som

landslagssjef er at han får ta med seg familien

på ein av landslaget sine treningsleirar

i året. Det betyr at Marte har vore

med på landslagsleirar sidan ho var veldig

ung, men det er først no ho kan dra

noko nytte av det, trur ho.

Nylig var familien med på landslaget sin

treningsleir i Florida.

– No får eg eit godt utbytte av å vere

med landslaget på leir. Landslagssvømmerane

svømmer sjølvsagt fortare enn

meg, men no klarar eg bedre å halde

følge. Det pushar meg å vere med der!

26 [NORSK SVØMMING 2/2013]

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!