2011 - Hordaland fylkeskommune

hordaland.no

2011 - Hordaland fylkeskommune

4

Internasjonalt engasjement 2011

Danseshow på aktivitetshuset Fysak under Europeisk ungdomsveke i mai

1 Internasjonale

organisasjonar

Assembly of European Regions – AER:

Fylkeskommunen brukte òg i 2011 medlemskapen i

AER til å gi ungdom internasjonal erfaring gjennom å

invitere Ungdommens fylkesutval med på AER sin sommarskule

i august. Fylkesutvalet vedtok i møte 23. juni

2011 å avslutte Hordaland fylkeskommune sin medlemskap

i AER

Committee of Peripheral Maritime

Regions – CPMR: Hordaland fylkeskommune

var representert på generalforsamlinga til CPMR i

Århus i september. Fylkeskommunen sitt engasjementet

i CPMR er konsentrert om den geografiske underorganisasjonen

Nordsjøkommisjonen der fylkesordførar

Tom-Christer Nilsen er norsk styremedlem. Nordsjøkommisjonen

utarbeidde i 2011 strategidokumentet

”North Sea Region 2020”

Ungdom (…) var engasjerte i same tema

som oss men hadde både like og heilt ulike problemstillingar

enn dei me har i Hordaland. Det

er lærerikt å sjå korleis dei møter utfordringane

og kva løysingar som har fungert for dei.

Lisbeth Saksvik og Andrea Trengereid Gjerde, Ungdomens fylkesutval

i Hordaland i rapport frå AER sumarskule i Nederland 2011

2 Samarbeidsregionar

Nedre-Normandie: Opninga av den felles utstillinga

”Meeting Point Wood”, som tar for seg tradisjonell og

moderne bruk av tre, var ein av fleire sentrale aktivitetar.

Det var vidare stor deltaking under kulturfestivalen

”les Boréales” med publikumsrekord for utstillinga

med Munch-bilete utlånt av Kunstmuseene i Bergen, og

oppstart for dei første elevane i opplegget med eit fullt

skuleår i Normandie.

Cardiff: Den norske kyrkja i Cardiff var ferdig

oppussa og vart offisielt opna på nytt 17. mai 2011 av

daverande fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. I 2011

var det òg 15-års jubileum for ”Hordalandsklassen i

Cardiff”. Under den tradisjonelle tenninga av julelysa

i november vart det òg planta eit tre utanfor kyrkja til

minne om ofra etter 22. juli.

Orknøyane: I tilegg til dei ordinære aktivitetane som

elevutvekslinga og vinterfestivalen med juletretenningar,

var Hordaland fylkeskommune òg representert under

17. mai- markeringane på Orknøyane.

Kaunas: Hovudaktiviteten var deltaking under International

Hansa Days in Kaunas i mai. Folkemusikkgruppa

”Bociai” frå Kaunas spelte i mai på alders- og

sjukeheimar i Bergen. Fylkeskommunen, saman med

Tide, donerte for 25. gong ein buss til skulane i Kaunas.

Thüringen: Opplæringssamarbeidet har vore aktivt,

med ny elektroklasse i Erfurt frå august og utveksling

av lærlingar under programmet ”Gjør det!”. Fleire samarbeidsprosjekt

har vorte utvikla med støtte frå både

Leonardo-programmet, Interreg, Sosialfonda, Thüringenfonda

og Regionalt utviklingsprogram (RUP) for

Hordaland.

More magazines by this user
Similar magazines