VI DELER - Tyde

tyde.no

VI DELER - Tyde

VI DELER

Trusopplæring i Den norske kyrkja


Vi deler tru og undring

Vi deler kristne tradisjonar og verdiar

Vi deler opplevingar og fellesskap

Vi deler håp og kjærleik

2


Gjennom eit år skjer det om lag 42 000 gonger i

Den norske kyrkja.

Somme søv, somme går dit sjølve … somme græt

iltert, medan andre ser undrande på presten som

tre gonger slår vatn over hovudet … i namnet åt

Faderen … og Sonen … og Den heilage ande.

Unike og ulike deler vi den same gåva. Gud gir oss

ei fullverdig tru – uavhengig av evna til å forstå eller

uttrykkje den.

Trua kan utforskast gjennom handlingar, ord og fellesskap.

Dette deler foreldre, fadderar og kyrkjelyd

ansvaret for.

3


KYRKJE OG ANSVAR

Alle skal få lære å kjenne den trua dei er døypte til. For å ta

vare på dette ansvaret trengst ei nasjonal satsing som fornyar

og styrker trusopplæringa.

Dette var ein grunnleggjande føresetnad for at Stortinget i

2003 vedtok ei reform for trusopplæring som alle døypte born

og unge kjem til å merke at dei er ein del av.

Trusopplæringsreforma skal no gjennomførast over heile

landet.

«… Dersom det fi nst kyrkjer

i Noreg som ikkje har gudsteneste

for borna, så burde

dei ta til med det, for det er

veldig gøy. »

Live Tronstad 10 år

4


BAKGRUNN

Ein av grunnane til reforma er at undervisninga i skulen er

endra. Fram til siste del av 1900-talet var skulen ein viktig

arena for dåpsopplæringa i kyrkja. I RLE-faget (religion,

livssyn og etikk) får elevane kunnskap om kristendom

og andre religionar, men ikkje opplæring til tru og religiøs

praksis.

5


TOLERANSE OG RESPEKT

FNs barnekonvensjon framhevar borna sin rett til åndeleg

utvikling. Samfunnet er blitt meir mangfaldig. Det at born

kjenner den norske kulturarven og har kjennskap og tryggleik

i forhold til eige livssyn, er ein god føresetnad for toleranse

og respekt for andre sin ståstad.

«Eg ser gleda i fjeset til Karoline

når vi kjem til kyrkja på babysong.

Det har endra mitt forhold til kyrkja

på den måten at eg går dit oftare.»

Lene Gramstad, mor til Karoline 1 år

6


FRÅ 0 TIL 18 ÅR

Reforma inneber at kyrkjelyden skal gi tilbod om trusopplæring

til alle døypte frå 0 til 18 år. Det vil seie at dei døypte

langt oftare enn tidlegare vil få tilbod frå kyrkjelyden som gir

dei høve til å erfare og oppdage kva det vil seie å vere døypt.

NYTT OG BREIARE

Tilboda skal rette seg mot alle

døypte i aldersgruppa og supplere

dei meir tradisjonelle formene

for trusopplæring som dei

fleste kyrkjelydar alt tilbyr.

Når trusopplæringa no blir styrka

og fornya, er det understreka

at den skal rette seg mot ALLE

døypte, uavhengig av funksjonsevne.

7


ALLE døypte

Jenter og gutar.

Dei rolege – og dei rampete.

Dei som er glade i å synge – og dei som absolutt

ikkje er det.

Dei sjenerte – og dei frimodige.

Dei som kjenner seg heime i kyrkja – og dei som

aldri har merka at dei høyrer til ein kyrkjelyd.

Dei som har behov for litt tilrettelegging –

og dei som har behov for mykje.

Alle skal få oppleve, lære og erfare, og alle skal

kjenne at dei høyrer til.

9


«Det var gøy å vere

saman med vener på

leir og sjå ein annan

personlegdom hos

venene mine!»

Leirdeltakar

10


RAUS OG TYDELEG KYRKJE

Gjennom trusopplæringsreforma ønskjer kyrkja at born og

unge skal oppleve å høyre til i ei raus og tydeleg kyrkje. Ei

kyrkje der det viktigaste er at Gud er kjærleik og born og

unge får erfare at dei er skapte av Gud, elska av Gud og har

uendeleg verdi.

11


Kunnskap, oppleving

og samkjensle

Trusopplæring er meir enn kunnskap – det er

å få kjennskap om og tru på Gud, Jesus og

Den heilage ande.

Trusopplæring er meir enn eit tilbod –

det er deltaking.

Trusopplæring er meir enn oppleving – det er

innleving.

Trusopplæring er meir enn å besøke kyrkja –

det er å kome ein stad der ein høyrer heime.

Trusopplæring er meir enn å gi ferdige

svar – den har rom for spørsmål,

undring og tvil.

12


TRU SOM BLIR DELT

Tanken om å dele går som ein raud tråd gjennom reforma.

Både born og vaksne deler dåpen og trua. Det er ikkje berre

dei vaksne som har noko å lære dei yngre om tru, men også

omvendt. Heile kyrkjelyden er ein lærande fellesskap der perspektivet

til både born, unge og vaksne utfyller kvarandre.

Kyrkjelyden, foreldre og fadderar står saman om oppdraget

som oppfølgjing av dåpen inneber.

Det er lagt stor vekt på medverknad av både born og ungdom.

Dei skal vere med å prege og evaluere det som blir gjort.

«I kyrkja mi er det

sånn at Jesus

liksom har blitt

venen min.»

Aksel 12 år

14


«Til den første

konfi rmantkafeen

måtte eg nærmast

tvinge han! Sidan

trur eg han vart

med på alle!»

Ei mor

SAMLA ERFARINGAR

Det er kvar einskild kyrkjelyd

som legg opp sitt trusopplæringstilbod,

og opplæringa skal

ha lokal utforming. Kyrkjelydane

er ikkje åleine om å løyse utfordringa.

Om lag 500 kyrkjelydar

har i fem år gjennomført ein

forsøks- og utviklingsfase. Erfaringane

er samla og evaluerte, og

dei skal delast med andre.

Alle kyrkjelydar i landet vil få

tilført ekstra ressursar til trusopplæring.

15


KREATIV FORNYING

Kyrkjelydane som alt er i gong med fornya trusopplæring,

er entusiastiske over å vere med på noko nytt.

Kreativiteten blomstrar! Kyrkja er tatt i bruk på nye måtar.

Born og unge set sitt preg på gudstenestene, utforskar høgtidene

og opplever samhald og omsorg.

EIN UNIK SJANSE!

Eit så stort løft treng folk som er villige

til å ta i eit tak. Når dei ulike tilboda

skal gjennomførast, vil det utfordre

alle – også foreldre og føresette – til å

delta som frivillige medarbeidarar.

Det gir høve til fellesskap – og ein

sjanse til å dele opplevingar med born

og unge.

16


Formålet for trusopplæringa:

Å bidra til ei systematisk og samanhengande

trusopplæring som

• fremjar kristen tru

• gir kjennskap til den treeinige Gud

• bidrar til livstolking og livsmeistring

• utfordrar til engasjement og deltaking

i kyrkje og samfunnsliv

for alle døypte i alderen 0–18 år,

uavhengig av funksjonsevne

18


Nettstader vi tilrår:

www.kyrkja.no

www.storstavalt.no

«Vi deler» Plan for trusopplæring:

www.storstavalt.no/plan

Nettstad for samisk trusopplæring:

www.osko.no

Abonner på nyhetsbrevet:

www.kyrkja.no/storstavalt

Bruk menyvalg: Aktuelt

Foto:

Side 1:

Side 2:

Side 5:

Side 6:

Side 7:

Side 8:

Inger Marie Jakobsen Sylte,

Jon Veflingstad og Njord Wegge

Esko Jämsä og Erik Thallhaug

Helge Grønmo

Øivind Haug

Marit Hommedal

Torstein Ihle

Side 10: Jon Arne Jenssen

Side 11: Dag-Eirik Lannem

Side 13: Øivind Haug

Side 14: NMS og Vardeneset kyrkjelyd.

Aud Ingeborg Haldaas

Side 15: Dag-Eirik Lannem

Side 17: Tom Riis

Side 18: Cathrine Møystad

Side 20: Anbjørg Holm Varsi

241

Kan tingast gratis frå

www.kirken.no/materiell

Artikkel nr 4234 Bokmål

Artikkel nr 4235 Nynorsk

Design: Tank Design as

Trykk: Møklegaards Trykkeri as

MILJØMERKET

Trykksak

723

19


«På same måte som

nyfødde må lære livet

å kjenne, må dei døypte

lære å kjenne den trua

dei er døypte til»

Trusopplæring i ei ny tid.

Stortingsmelding 7/2002–2003

Finn informasjon om din kyrkjelyd via kyrkja.no

More magazines by this user
Similar magazines